Kven har ansvaret for landets giftigaste stad?
AV JOSHUA FRANK



Counterpunch, 26. mai, 202
I delstaten Washington på USAs vestkyst, berre nokre få kilometer frå den store elva Columbia River, sivar det ut kokande, radioaktivt slam frå ein gigantisk underjordisk tank kjend som B-109. Tilbake i 2011 vart det oppdaga ein lekkasje av ei slik usunn suppe i ein annan tank, B-111, som sidan den gong har forureina jorda og grunnvatnet der. Energidepartementet i USA (DoE), som har det øvste ansvaret for problemet, gjer ingenting med det. Ikkje at dei ikkje vil, dei får det berre ikkje til. Så lekkasjane held berre fram med å lekke.



Slik er det fatt i Hanford, heimstaden til den største sumpen av særs radioaktivt avfall i landet: over 200 millionar liter, fordelt på 177 undergrunnstankar som oversteig levetida si for snart seksti år sidan. Med oppstart under Manhattan-prosjektet på 1940-talet og opptrapping under Den kalde krigen, har Hanford produsert nesten alt av plutonium som har fylt opp USAs massive kjernefysiske arsenal, inkludert drivstoffet til bomba som vart sleppt over Nagasaki. Men det var ikkje berre moro og krigsbrotsverk – det radioaktive etterspelet av denne militære kolossen vil følge oss i hundretusentals år framover.
Sjølv om den offisielle oppryddinga av Hanford starta på slutten av 1980-talet, har det vore veldig lite framsteg i reinsinga av staden, som breier seg over femten hundre kvadratkilometer. Det er no den dyraste miljøoppryddinga i historia, og kanskje den giftigaste plassen på Jorda.
Om du ikkje alt var klar over det: atomavfall er ikkje bra for deg. Det er ikkje bra for miljøet heller. Sjølv forkjemparar for kjernefysisk teknologi aksepterer desse grunnleggande kjensgjerningane, og det er grunnen til at både Republikanarane og Demokratane er innstilte på å betale rekninga for å reinske opp i det. I tilfellet Hanford blir rekninga stadig høgare. Government Accountability Office estimerer no prislappen til 677 milliardar dollar, med 177 milliardar allereie brukt.



Alle desse pengane, som Kongressen tildeler kvart år i budsjettet sitt for energidepartementet, fyller no lommene til nokre få store kontraktørar. Bechtel, eit selskap som har profittert på mange av USAs mest lukrative risikoprosjekt, har i tolv år sete med ansvaret for Hanfords viktigaste føretak: bygginga av ein gigantisk fasilitet kjend som Waste Treatment Plant (WTP, avfallshandteringsverk), som ein dag skal omdanne alt det radioaktive avfallet i Hanford til glas-stavar, slik at det trygt kan lagrast dei neste 250 000 åra (levetida til plutonium). Verket skulle vore ferdigstilt og i drift for fleire år sidan, men sjølv om det har vore mange lovnadar og forlengingar av tidsfristar, har enno ikkje ein einaste dråpe av Hanfords høg-giftige avfall blitt gjort om til glas. Ifølge nokre estimat vil oppføringa av verket koste 20 milliardar dollar og driftskostnadane kome på over 60 milliardar dollar. Der er mykje pengar å tene.
Å seie at Bechtel har gjort ein elendig jobb ute i Hanford, er ikkje å overdrive, og dei har fått mange reprimandar for det. I 2018 sende energidepartementet dei eit brev, der dei kjefta på selskapet for «manglande korreksjonstiltak» og problem med kvalitet og design som resulterte i «potensielt ugjenopprettelege kvalitetsproblem» under selskapets arbeid med avfallshandteringsverket.
Så er det saka med Bechtels storsvindel. I september 2020 vart Bechtel og AECOM Energy & Construction Inc. einige om å betale den føderale regjeringa nesten 58 millionar dollar i bøter. Frå 2009 til 2019 dreiv Bechtel og AECOM med overprising av tenestene sine, og kravde betalt for «urimeleg og utillateleg fritid» for arbeidarane sine. Fire varslarar avslørte i 2016 plottet, og selskapa måtte betale ei bot på 125 millionar dollar etter at dei hadde «medvite brote kvalitetsstandardane ved Hanford og brukt material som ikkje held måla for standard kvalitet». Denne kraftige bota var ikkje nok til å avskrekke desse Bechtel-skurkane, så dei heldt fram med å robbe skattebetalarane i tre år til, og dei laut aldri offentleg innrømme skuld.



I 2019 nedgraderte generalinspektørens kontor ved energidepartementet selskapets prestasjonsrangering (Contractor Performance Assessment Ratings) for 2018–tidleg 2019, med henvisning til granskingane av Bechtel som var i gang, frå «tilfredsstillande» til «marginal». Likevel har Bechtel framleis Hanford-jobben og flyttar framleis på deadline for måloppnåing, samtidig som dei hovar inn eit fjell av pengar. Kontraktane deira med energidepartementet blir stadig fornya.
Ingenting av dette har hindra Republikanarar og Demokratar i Kongressen i å arbeide for å sikre at Bechtel får halde fram med jobben. No blir 2 milliardar dollar slusa inn i oppreinsingstiltak kvart år, og Bechtel mottar størsteparten av pengane. Washington states representant Dan Newhouse (R), som representerer sentrale Washington, og Washington-senator Patty Murray (D), signerte nyleg eit brev til president Biden, der dei insisterte på at det trengdest meir pengar i Hanford til å halde dampen oppe, nærare bestemt 191 milliardar dollar. Senator Murray sit i Senatets Appropriations Committee og Newhouse i Husets Appropriations Committee, der begge er iherdige forkjemparar for å auke Hanford-budsjettet. «… eg vil fortsette å arbeide tverrpolitisk for å få levert ressursane vi treng i Hanford,» seier Murray.
Eg seier ikkje at Hanford ikkje treng oppreinsking. Det trengst verkeleg. Eg seier heller ikkje at det blir brukt for mykje pengar. Dei fleste vil vere einige om at ingen pris er for høg om ein skal sikre at Hanford ein dag blir trygt å ferdast i – fri for høg-radioaktivt avfall. Men det Kongressen bør be om, særleg dei som representerer staten Washington, er ikkje berre meir finansiering, men også meir ansvarlegheit og meir transparens.
Alle Hanford-kontraktane til energidepartementet bør offentleggjerast. Kvar einaste dollar bør gjerast greie for. Det burde vore offentlege høyringar og meir tilsyn frå styresmaktene. I tillegg har fleire vitskapsfolk og tenestemenn ved energidepartementet fortald meg at det manglar ein skikkeleg teknisk stab i Hanford, at dei ikkje greier ei så kompleks arbeidsoppgåve med så få arbeidarar. Resultatet blir at det er Bechtel som styrer showet. Energidepartementet treng hjelp.
Farane ved å ikkje få Hanford under kontroll, er rett og slett for store. Ved sidan av lekkande tankar og den radioaktive sumpen som forureinar grunnvatnet og sakte men sikkert nærmar seg Columbia River, er tankane, som produserer hydrogen, også ei tidsinnstilt, tikkande bombe som, dersom den blir tend, kan skape ein Tsjerbyl-liknande radioaktiv eksplosjon som overgår alt dette landet nokon gong har opplevd, med tusentals drepne, heile byar øydelagde og ei rasering av økonomien. Det er eit veldig realistisk og skremmande scenario.
Dette er berre nokre av grunnane til at Hanford-farsen ikkje bør få halde fram som før med forretningane sine. Kongressen lyt sette ned foten og kreve ei radikal endring, med langt meir av offentlege innspel og tilreknelegheit frå selskapa si side. Det står rett og slett altfor mykje på spel til at ein kan la Hanford styre skuta.
*
JOSHUA FRANK er managing redaktør for CounterPunch. Han har nett gitt ut boka Atomic Days: The Untold Story of the Most Toxic Place in America, publisert på forlaget Haymarket Books. Han kan kontaktast på epost-adressajoshua@counterpunch.org. Ein kan også trolle han på Twitter-adressa @joshua__frank.
Fritt omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: iStock
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 590 ganger.
1 kommentar. Leave new
«Er dette kapitalismen i et nøtteskall? Det offentlige betaler, private tjener.»
Dette er ikke kapitalisme, det er fasisme: det sataniske samarbeidet mellom statlig voldsmonopol og privat kapital. De eneste som tjener på dette er private kapitaleiere og korrupte politikere og byråkrater. Løsningen bør være åpenbare: frata staten mye av dens makt.