POSTED IN Endring av politikken

USAs drap på general Soleimani ga et signal:

USAs tid som eneste stormakt er forbi.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Korleis general Soleimani kick-starta den multipolare verda

av Pepe Escobar for PressTV 11. jan 2023

Framtidas historikarar vil måtte vere einige om dette: 2020-talet starta med eit diabolsk mord.

Baghdad airport den 3. januar, 2020, 00:52 på natta lokal tid. Drapet på general Qassem Soleimani, kommandant for Quds-styrken til Den islamske revolusjonsgarden, side om side med Abu Mahdi al-Muhandis, nestkommandant for Iraks Hashd al-Sha’abi, av laser-styrte AGM-114 Hellfire-missil utskotne frå to MQ-9 Reaper-droner, var eigentleg eit krigserklærande mord.

Krigserklæringa sette tonen for det nye tiåret og inspirerte til boka mi Raging Twenties: Great Power Politics Meets Techno-Feudalism, publisert tidleg i 2021.

Drone-angrepa på flyplassen i Baghdad – direkte godkjent av den populære entertaineren/entreprenøren, den gong herskande Overherren, Donald Trump – var ei imperialistisk gjerning i form av ein rein og skjær provokasjon, kapabel til å avle ein iransk reaksjon som så ville bli kontra med «sjølv-forsvar», innpakka som «avskrekking».

Qasem Soleimani var generalmajor i den iranske Revolusjonsgarden og mellom 1998 og 2020 sjef for Quds-styrken, en divisjon primært ansvarlig for internasjonale militære og hemmelige operasjoner. Wikipedia

Den verbale, narrative sperreelden hadde dommen klar: det var eit «målretta drap», ein føre-var-operasjon som knuste general Soleimanis planar om «nært føreståande angrep» mot US-amerikanske diplomatar og troppar. Det vart ikkje lagt fram eit einaste bevis til støtte for påstanden.

Alle – ikkje berre langs Resistans-aksen Teheran/Baghdad/Damaskus/Hezbollah, men over heile den sørlege halvkula – hadde høyrt om korleis general Soleimani leidde kampen mot ISIS i Irak frå 2014 til 2015, og kor mykje han bidrog under gjenerobringa av Tikrit i 2015.

Dette var hans sanne rolle – ein ekte krigar i krigen mot terror, ikkje terrorkrigen. For Imperiet var det bannlyst å innrømme at auraen hans gløda sjølv i – vasalliserte – sunni-islamske land.

Det vart opp til Adil Abdul-Mahdi, som då var statsminister for Irak, å forklare samanhengen. Framfor parlamentsbygget i Baghdad fortalde han at general Soleimani, på diplomatisk oppdrag, hadde boarda eit vanleg rutefly (Cham Wings Airbus A320) frå Damaskus til Baghdad. Han var involvert i komplekse, av president Trump etterspurde, forhandlingar mellom Teheran og Riyadh, med den irakiske statsministeren som meklar.

Så den imperialistiske maskina – i tråd med sin vanlege forakt for folkeretten – myrda ein diplomatisk utsending.

Faktisk to, for al-Muhandis la for dagen dei same leiarskapskvalitetane som general Soleimani. Han promoterte aktivt synergi mellom slagmarka og diplomatiet, og var i Irak sett på som ein heilt uerstatteleg politisk talar og koordinator.

Drapet på general Soleimani hadde det sidan 2007 blitt «oppmuntra til» av ein giftig mikstur av Straussianske neo-konservative og neoliberalske konservative – overordentleg uvitande om sørvest-asiatisk historie, kultur og politikk – i tandem med israelske og saudi-arabiske lobbyist-grupper i Washington.

Trump, lykkeleg uvitande om internasjonale relasjonar og utanrikspolitiske saker, mangla føresetnadar for å forstå Det store bildet og dets skrekkelege forgreiningar, sidan han berre hadde Israel-først-folk av typen Jared «of Arabia» Kushner til å kviskre seg i øyret.

Keisaren er no naken

Men så gjekk alt ad undas.

Teherans direkte respons på drapet på general Soleimani – faktisk ganske så avmålt, med tanke på omstenda – vart porsjonert ut med varsemd for å unngå å sleppe laus ei uavmålt «avskrekking» frå Imperiet.

Etter angrepet på basen. Iran viste da at de hadde presisjonsmissiler. Det var samtidig en melding til Israel.

Den tok form av ei rekke presisjonsangrep med missil på den USA-kontrollerte flybasen Ain al-Assad i Irak. Pentagon vart åtvara på førehand.

Og det var nettopp denne presist tilmålte responsen som skulle vise seg å endre spelet.

Bodskapen frå Teheran var soleklar – for heile den sørlege halvkula – at det var slutt på den tida då Imperiet kunne sleppe straff for brotsverka sine.

Eksepsjonalistar med fungerande hjernar kunne ikkje unngå å oppfatte bodskapen: vi kan når som helst råke tilgangane dykkar kor som helst i Den persiske golfen.

Så dette var første gong general Soleimani, sjølv post mortem, bidrog til fødselen til den multipolare verda.

Presisjonsangrepa på Ain al-Assad-basen fortalde historia om ei middels rangert makt, svekka av tiår med sanksjonar og midt oppe i ei massiv økonomisk/finansiell krise, som svarte på eit unilateralt angrep med å angripe ein av dei over 800 basane Imperiet har spreidd utover planeten.

Det var verdas første, historisk sett. Aldri har ein sett noko liknande sidan Andre verdskrig tok slutt.

Og det vart tydeleg tolka rundt om i sørvest-Asia – så vel som store delar av det globale sør – for det det var: Keisaren er no naken.

Inspeksjon av det skiftande sjakkbrettet

Tre år etter mordet kan vi no sjå mange andre førekomstar av general Soleimanis banebrytande innsats på vegen mot multipolaritet.

Det var eit regimeskifte ved Overherren – med Trump som vart erstatta av ein giftig neoliberal-konservativ klikk, infiltrert av Straussianske neokonservative, som fjernstyrer ein senil, krigshissande figur som knapt er i stand til å lese frå ein tele-prompter.

Denne klikkens utanrikspolitikk skulle vise seg å vere ekstremt paranoid. Dei gjorde ikkje berre den islamske republikken, men også den russisk/kinesiske strategiske partnarskapen til fiendar.

Desse tre aktørane er tilfeldigvis dei tre toppane som avgjer kursen i den eurasiatiske integrasjonsprosessen som no er på gang.

General Soleimani føresåg kanskje – før alle andre, bortsett frå leiaren for Den islamske revolusjonen, Ayatollah Seyyed Ali Khamenei – at JCPOA (eller den iranske atomavtalen) låg definitivt under torva  , ettersom den nylege farsen desse siste månadane i Wien hadde gjort dei tydeleg.

Så han kunne truleg ha føresett at Teheran med ein ny administrasjon under president Ebrahim Raisi, endeleg ville gi opp alt håp om å bli «akseptert» av det samla Vesten og heilhjarta gå inn for sin eurasiatiske lagnad.

Fleire år før drapet hadde general Soleimani allereie visjonar om ei «normalisering» mellom det israelske regimet og monarkia i Den persiske golfen.

Samtidig var han også svært obs på haldninga til Den arabiske ligaen i 2002, delt av mellom andre Irak, Syria og Libanon: ei «normalisering» kjem ikkje på tale utan ein uavhengig – og levedyktig – palestinsk stat innanfor 1967-grensene, med aust-Jerusalem som hovudstad.

General Soleimani såg det store bildet over heile vest-Asia, frå Kairo til Teheran og frå Bosporos-sundet til Bab-al-Mandeb. Han føresåg absolutt den uunngåelege «normaliseringa» av Syria i den arabiske verda – og sjølv i Tyrkia, ein prosess som no pågår.

Nederlaget i Afghanistan har hatt store negative geopolitiske følger for USA.

Kanskje hadde han innprenta i hjernen den moglege tidslinja som enda med at Kaos-imperiet kvitta seg med Afghanistan – om enn ikkje det fulle omfanget av den fornedrande tilbaketrekkinga – og korleis det ville omskrive alle veddemål frå vest-Asia til sentral-Asia.

Det han heilt sikkert ikkje visste, var at Imperiet skulle forlate Afghanistan for å konsentrere alle sine splitt-og-hersk-strategiske kaosveddemål på Ukraina, i ein dødeleg stråmannskrig mot Russland.

Det er lett å sjå at general Soleimani føresåg Abu Dhabis Mohammad bin Zayed (MbZ), MbS sin mentor, plassere sine veddemål samtidig på ein frihandelsavtale mellom Israel og Emirata og ei politisk avspenning med Iran.

Han kunne ha deltatt i diplomatgruppa då sikkerheitsrådgivaren til MbZ, Sheikh Tahnoon, møtte president Raisi i Teheran for over eit år sidan, og til og med diskutert krigen i Jemen.

Han kunne og ha føresett det som skjedde førre helg i Brasilia, på sidelinja av Lulas dramatiske retur til presidentskapen i Brasil: Saudiske og iranske tenestemenn diskuterte på nøytral grunn ei mogleg avspenning mellom sine land.

Medan heile sjakkbrettet over vest-Asia blir rekonfigurert i halsbrekkande fart, er det kanskje éi utvikling general Soleimani ikkje ville ha føresett: at petro-yuan skulle erstatte petrodollar «innan tre til fem år», ifølge Kinas president Xi Jinping på det nylege milepæls-toppmøtet med (Golf-samarbeidsrådet) GCC.

Eg har ein draum

Den djupe ærefrykta for general Soleimani, som alle lag av det iranske samfunnet – frå grasrot til leiarskap – har uttrykt, har manifestert seg som ei hylling av livsverket hans ved å finne Irans fortente plass i multipolariteten.

Iran har no festa seg som eit av dei viktigaste knutepunkta i Den nye silkevegen i sørvest-Asia. Den strategiske partnarskapen mellom Iran og Kina, boosta av Teherans tilgang til Shanghai Cooperation Organization (SCO) i 2002, er geoøkonomisk og geopolitisk sett like sterk som partnarskapen med to andre BRICS-medlemmar, Russland og India. I 2023 er det bestemt at Iran skal bli medlem av BRICS+.

Paralelt vil triaden Iran/Russland/Kina vere djupt involvert i gjenoppbygginga av Syria – ferdigstille BRI-prosjekt innan alt frå Aust-Middelhavstoglinja til Iran-Irak-Syria til, i nær framtid, gassrøyrleidninga til Iran-Irak-Syria, kanskje nøkkelfaktoren som provoserte fram USAs stråmannskrig mot Damaskus.

Soleimani-tilhengarar hylla i dag den store helten ved heilagdommen Imam Reza i Masjhad, ved al-Aqsa-moskéen i Palestina, ved blendande, sein-barokke Duomo i Ragusa på søraust-Sicilia, i ein stupa høgt oppe i Himalaya eller med eit veggmåleri i ei gate i Caracas.

Over heile det globale sør er det ei kjensle i lufta: den nye verda som blir fødd – ei meir likestilt og rettferdig verd, får vi håpe – var ein draum hos mordofferet som sleppte fri det ville tjuetalet.

Omsett og avkorta: Monica Sortland

Forsidebilde: Jordan Ladikos

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 512 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Det store spørsmålet er kun om skyggefolket har så mange hjerneceller til sammen at de forstår at det finnes ingen måte for dem å holde «imperiet» deres sammen og levende lenger.
    Et «imperie» uten energi, uten råvarer og ressurser, uten industriell kapasitet, blir et svært «avstumpet» imperie, uten makt og ære.
    85% av verden samler seg nå om BRICS+, skal Usrael krige mot disse for å forsøke å tvinge dem inn i «folden» igjen? Det er kun en utradering av verdens befolkning som kan besørge dette, problemet deres er at da vil det ikke være hverken folk til å «regjere», eller noe igjen å «herske» over.
    Som slangehodet i City of London har vist nå sist i Ukraina, deres militære arm, NATO har ikke den slagkraft og de våpen som skal til for å «ta ut» Russland, hva da med en krig mot 85% av verden? Tvert i mot er nå NATO fri for våpen og ammunisjon, men «pengene» de har spart på kistebunn ved produksjonen av overprisede, elendige våpen har de jo fortsatt, og de kan jo brukes til å kjøpe seg fri fra galgen, eller? Kanskje vi skal snu litt på mottoet til K. Schwab i WEF? «Vi skyggefolket skal bli fattige, men lykkelige for at vi sparte livet», i stedet for verdens befolkning.
    Personlig er jeg imot å la noen som helst av dem få kjøpe seg fri, hva med de som «fulgte ordre» og injiserte tusenvis med covid-vx og derved indirekte myrdet for fote? Har de råd til å «kjøpe seg fri», eller må de ta sin straff? Derfor, riktig straff bør utdeles for alle, uavhengig av «gull og glitter» i deres kjellere.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Demokrati i USA?

I dag er det pengene som styrer i Washington.

Previous Post

2022 var året det ble tydelig.

Nå kommer en ny verdensorden.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.