POSTED IN Krig-fred, USA

USA vil ikke fornye Start-avtalen:

Kan føre til kjernefysisk ragnarok.

0
Print Friendly, PDF & Email

Ved å nekte å forlenge Nye START, set USA heile verda på stien til kollektivt sjølvmord

av Scott Ritter

Scott Ritter er tidlegare etterretningsoffiser for US Marine Corps og forfattar av boka ‘SCORPION KING: America’s Suicidal Embrace of Nuclear Weapons from FDR to Trump.’ Han tenestegjorde som våpeninspektør i Sovjetunionen då INF-avtalen vart implementert, i general Schwarzkopf sin stab under Golf-krigen, og som FN-våpeninspektør frå 1991 til 1998. Følg han på Twitter: @RealScottRitter

Ytringar frå USA sin sjefsrepresentant for våpenkontroll gjer det tydeleg at USA vil engasjere seg i eit kjernefysisk våpenkappløp utan å la Den nye START-avtalen vere til hinder. Men det er eit kappløp som USA ikkje kan vinne, og som verda ikkje vil overleve.

I ein fabel ein meiner er skriven av den oldtids-greske fabel- og historiefortellaren Æsop, møtest ein skorpion og ein frosk på ei elvebreidd. Skorpionen ber frosken om å ta han med over til den andre sida. Frosken avslår skorpionen si bøn; han meiner skorpionen kjem til å stikke han på halvvegen og drepe han. Skorpionen svarar at dét ville bety at dei begge døydde, og at det derfor ville vere ulogisk. Frosken går med på å frakte skorpionen over. Slik han hadde frykta, blir han stukken av skorpionen, og begge blir sendt i døden. Før han går under, spør frosken skorpionen korfor han hadde gjort det. Til dét svara skorpionen «Det er min natur.»

Eg brukar denne fabelen i innleiinga til boka mi Scorpion King: America’s Suicidal Embrace of Nuclear Weapons from FDR to Trump (Skorpionkongen: USAs suicidale omfamning av atomvåpen frå Franklin D. Roosevelt til Trump). Den vart publisert no i vår, då det framleis fanst håp om at administrasjonen kanskje ville ta til fornuft og gå med på ei femårig forlenging av den siste gjenståande våpenkontrollavtalen, Nye START, som la band på dei kjernefysiske ambisjonane til USA og Russland.

Marshall Billingslea

Nylege ytringar av Marshall Billingslea, USAs presidensielle spesialutsending for våpenkontroll, i eit intervju med den russiske avisa Kommersant, har tydeleg vist at Trump-administrasjonen ikkje har nokon intensjon om å prøve å få i stand ei forlenging av Nye START, som går ut i februar 2021.

Først slo Billingslea fast at USA ikkje er ute etter den automatiske femårige utvidinga som avtalen gir, men heller eit «memorandum of intent» som skal vare kortare enn fem år, og som presenterer eit «take it or leave it»-forslag: aksepter ein avtale som ikkje legg noka avgrensing på NATO-kjernevåpen, elles vil USA framover arbeide med eit kjernefysisk moderniseringsprogram som ikkje er bunde av våpenkontrollavtalar. Vidare skal Russland akseptere avtalen før presidentvalet i november, for – som Billingslea trua med – «etter at Trump er blitt gjenvald, vil ‘inngangsbillettprisen’, som vi seier det i USA, auke.»

Ikkje overraskande vart USA sitt ultimatum blankt avvist av Russland, med viseutanriksminister Sergej Rybakov sine ord: «Vi [Russland] kan ikkje samtale på denne måten,». Han sa og at USA si haldning ikkje var stort meir enn eit ultimatum som til sjuande og sist forringa sjansen for at dei to nasjonane skulle kunne kome til einigheit om å utvide Nye START.

I tillegg til å stille uakseptable vilkår kring NATO sitt kjernefysiske arsenal, var USA si insistering på trilaterale forhandlingar likeeins daudfødd etter både Russland og Kina sitt syn. Forsøka på å gjere den bilaterale Nye START-avtalen om til ein trilateral avtale har avliva utsiktene til ei forlenging av Nye START, og opna dørene til eit nytt rustingskappløp i ei tid når både USA og Russland er ute etter avanserte strategiske kjernefysiske våpen. Denne realiteten såg ikkje ut til å bringe Billingslea ut av fatning; han sa «Russland har stort sett fullført moderniseringa av det kjernefysiske arsenalet sitt.»

«Vi har berre nett byrja vår [modernisering]. Og vi vil bli ekstremt glade for å halde fram med den utan START-restriksjonane,» la han til.

Nesten alle våpenkontrollekspertar er einige om at ei utviding av Nye START-avtalen er eit essensielt viktig steg på vegen til å skape berre eit minstemål av stabilitet når det gjeld USA og Russland sine haldningar til strategiske kjernefysiske våpen, særleg i ei tid når relasjonane mellom dei to landa har forverra seg over heile linja. Trump-administrasjonen si avgjerd i august 2019 om å trekke seg ut av INF-avtalen (Intermediate Nuclear Forces, kjernefysiske mellomdistansevåpen) gjorde den strategiske balansen mellom USA og Russland endå vanskelegare. Ved å eliminere mellomdistansevåpen, som kunne nå Russland på få minutt etter utskyting, frå Europa, hjalp INF-avtalen til med å senke terskelen (sic) for ein fullskala kjernefysisk konflikt mellom USA og Russland.

Den russiske interkontinentale raketten Sarmat

Den nye START-avtalen er det siste som står att av hinder for US-amerikanske og russiske strategiske atomvåpen, både når det gjeld talet på våpen og kva dei kan gjere. Dersom den skulle gå ut, ville både USA og Russland byrje utplassere avanserte nye system, inkludert nye hypersoniske rakettar til atomvåpen. Det ville berre forverre haldningane kring atomvåpen til begge landa, som allereie opererer med hårfine grenser i alarmsystema sine.

Historia vil nok vise at vendepunktet for livsdugleiken til USA sitt demokrati-eksperiment kom då dei prøvde å betale for eit unødvendig atomvåpenkappløp på eit tidspunkt når USAs økonomi og samfunn – svekka av år med neglisjering, og vidare svekka av stresset frå Covid-19-pandemien – allereie vakla på grensa til kollaps. Allereie har Trump-administrasjonen blitt nøydd til å skjere ned på forsvarsbudsjettet for 2021, på grunn av krava som pandemien har lagt på statsbudsjettet. Billingslea si hovne haldning til finansieringa av det komande våpenkappløpet – «vi har råd til det» – er temmeleg verkelegheitsfjernt.

USA sin økonomi er inne i ei fundamental omstilling, både når det gjeld korleis dei agerer internt og korleis dei samverkar med resten av verda. Dei sosiale behova – skapte av ein økonomi som berre kan fungere ved hjelp av massive stimulus-innsprøytingar frå det offentlege og eit helsevesen som for mange amerikanarar berre eksisterer i namnet – kan ikkje finansierast av endelaus låntaking, særleg ikkje når ein av dei største konsumentane av US-amerikansk gjeld, Kina, er engasjert i ein handelskrig der dumping av US-amerikansk gjeld er høgaktuelt.

I svært nær framtid vil politikarane i USA bli konfronterte med den typen eksistensielle krise som alle imperium i nedgang til sist møter, der ingenting kan gjerast – uansett kva slags avgjerder ein tar – for å kome seg på beina igjen etter alt rotet ein sjølv har stelt i stand. Ideen om at Kongressen skal halde fram med å finansiere ein ny generasjon med strategiske atomvåpen under slike forhold, er absurd. Men det betyr ikkje at krisa har blitt forhindra – på ingen måte.

Som eg skreiv i konklusjonen i Scorpion King:

Verda arbeider ut ifrå den vilskeleidde trua på at USA er ein rasjonell aktør, og derfor ikkje tilbøyeleg til den typen irrasjonelle handlingar som ville føre til ein verdsendande kjernefysisk krig. Men dei tilgjengelege fakta støttar ikkje ein slik konklusjon. Med den vyrdlause måten som USA har skjerma seg mot hindringane ved ein bindande avtale om kontroll med kjernefysiske våpen på, medan dei samstundes involverer seg i eit kjernefysisk våpenkappløp der våpena ein skaffar seg blir sett på som livsdyktige komponentar i USA sin militærmaktsprojeksjon, passar USA godt i rolla som Æsops skorpion.

At ein har omfamna den tanken at USA sin tryggleik baserer seg på ein ny generasjon kjernefysiske våpen uhindra av avgrensingane til våpenkontrollavtalar, at ein har evna til å tilverke desse våpena på grunn av sosial og økonomisk kollaps, berre forverrar den trusselen som desse våpena var meint å avskrekke. At det ikkje eksisterer ein slik trussel, er likegyldig. Persepsjonen skapar sin eigen realitet, og persepsjonen til slike som Marshal Billingslea, som talar varmt for atomvåpen, er at ein slik trusset eksisterer.

På same måten som Æsops frosk, vil resten av verda høgst sannsynleg ønske å hjelpe USA med å navigere seg gjennom dei tøffe tidene som kjem. Og som Æsops skorpion, vil USA sannsynlegvis løne denne godheita med å gi seg i kast med uansvarleg militærpolitikk designa for å starte sosiale og økonomiske mistak for seg sjølv, og starte ein kjernefysisk konflikt som øydelegg både seg sjølv og resten av verda.

For det er vår natur.

Omsett av Monica Sortland

Bilder m/tekst: Knut Lindtner

https://www.rt.com/op-ed/501313-new-start-treaty-us-billingslea/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Professor i mikrobiologi:

Hvorfor lærer vi ikke av historien?

Forrige innlegg

Dag 17 i rettssaken mot Julian Assange.

Assanges helsetilstand i fokus. Meget partisk dommer.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.