POSTED IN Afghanistan, USA

USA ødela landet i 20 år med krigen sin og stjal pengene til nasjonalbanken.

Nå kommer Taliban til Norge for forhindre hungersnød.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Bad cop, good cop

Av Hans Olav Brendberg

Kvifor er ein stor Taliban-delegasjon i Oslo? Grunnen til at dei er der, er at NATOs nederlag i Afghanistan no fører til fare for omfattande hungersnaud. So lenge NATO og heile NGO-svermen var i landet vart forsyningar floge inn, og kontoane i bankane i Emiratane fyllt opp.

Når det regnar på presten, so dryp det på klokkaren. Mange afghanarar fekk til livets opphald for å gjera ein jobb for okkupasjonsstyrkane. Når denne pengeflaumen tek slutt, kjem faren for svolt. Millionar søkk under sveltegrensa.

Men kan ikkje afghanarane betala for maten sin sjølve? Nei – for då USA for, tok dei med seg heile valutareserven i den afghanske nasjonalbanken. 85 milliardar kroner.

Desse pengane har ikkje USA tenkt å levera tilbake – USA har stort budsjettunderskot, og treng dei småslantane dei får tak i. Men dette bankranet på høglys dag tek seg dårleg ut om nokre hundre tusen svelt i hel i Afghanistan.

Taliban delegation begins talks in Oslo | Taliban News | Al Jazeera
Får de tilbake pengene som USA har tatt?

Kva kan USA gjera då? Vel, Washington veit at dei har ein alliert med velfyllt pengebinge, som har lang tradisjon på å spela »good cop» når USA er «bad cop».

Kan norske pengar brukast som kamuflasje, for å få merksemda bort frå det store bankranet?

Det kan dei. Og både dei som synest det er greit at afghanarar svelt i hel, og dei som synest det er forferdeleg, kan krangla om Noreg skal vera gåvmilde.

Men i dette tilfellet vil problemet bli løyst om 85 milliardar kroner blir levert tilbake til eigaren. Og vi bør ikkje la oss lura til å diskutera alt anna enn desse 85 milliardane.

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

Forsidebilde: Anastasiia Krutota



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 733 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Hvordan har utviklingen av jordbruket og småindustrien vært i Afghanistan i løpet av de siste 20 årene?
    Det kan høres ut som det kan ha vært en katastrofe. Men ingen sier noe om det.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    25 januar 2022 14:57

    USA og Nato øydelegg eit land, vert jaga og stel med seg sentralbanken. Nato sin generalsekretær har medansvar både for krigar og bankran. Ein del bankfolk er krigshissarar. Men det er temmeleg spesielt at ein bankranar no kan verta sentralbanksjef i Noreg.

    22. juli-terroristen svara svevande på spørsmål om anger. Der var Stoltenberg krystallklår: Han angra ingen ting etter Libya-terroren, og ville gjort det same igjen.

    22. juli-terroristen har fått si fortente straff. Libya-terroristen er so langt ustraffa for eit mykje større brotsverk.

    Svar
    • Fra Nato’s generalsekretær og bankraner til sentralbanksjef er som hånd i hanske for hans kontrollere. Når de har sentralbanksjefen har de også oljefondssjefen. Det sikrer videre miliarder til USA’s krigsindustri.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Når en forlater vitenskapen:

Driver Meteorologisk Institutt nå klimaskremsel?

Previous Post

Mitt svar til sjefsredaktøren i fvn

Jeg skammer meg ikke!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.