POSTED IN Endring av politikken, USA

USA fungerer ikke lenger:

Det nyeste hangarskipet er så langt ikke brukbart til krigsoppdrag.

0

Grunnen til at vi presenterer denne artikkelen er flerdelt. For det første leveres ikke slike betraktninger i våre store medier. Her presenteres bare glansete bilder av vår side (USA) i verdenskonfliktene.

Den andre grunnen er at USA på grunn av hybris (overmot) forsøker å skaffe seg militærtekniske forsprang som fører til at de forstrekker seg teknologisk. Eksempler på dette er F-35-fiaskoen (helt taust i norske medier om dette) og historien og «stealth-skipene». Det blir viktigere å gi krigsindustrien oppdag (penger) enn resultatet av disse oppdragene som i de to foran nevnte eksemplene har vært fiasko.

Også USAs evne til å produsere militært utstyr svekkes, hvis jeg forstår utviklingen rett, som følge av at store deler av industrien er overført til Kina. USA mister arbeidsplasser for fagarbeidere (dermed også fagarbeidere) og kinesere overtar tilgangen på slike avgjørende personer. Dette er en direkte følge av deres (Kinas) stadig økende industrielle kapasitet og behov for slik arbeidskraft.

Over tid vil denne evnen bli avgjørende for utviklingen i et land som USA sml. med Kina. Jeg tror et av resultatene av denne langsiktige prosessen ser vi i dag og det fremgår også av historien under.

Knut Lindtner

Det nyaste hangarskipet til USA er ein fiasko. Marinen har nett innrømt korfor: – det er ein demonstrasjon av eksperimentell teknologi, ikkje eit krigsskip.

Av Kyle Mizokami

anti-empire den 3. august, 2021

Hangarskipet med det passande namnet USS Gerald R. Ford gjekk inn i flåten for fire år sidan. Det har enno til gode å gjere eit einaste oppdrag.

Sjefen for US Navy vedgår at det vart lagt inn altfor mykje utesta teknologi i det siste og største hangarskipet USS Gerald R. Ford.

Då marinen først bygde Ford, bygde dei inn nesten to dusin nye teknologiar. Nokre av desse gir framleis hovudverk – fire år etter at skipet entra flåten.

I ein presentasjon for utstillinga Sea Air Space [USAs største maritime utstilling. I år deltok Noreg med representantar frå ambassaden, Forsvarets Forskingsinstitutt og selskap som ml.a. Nammo og Eker. Utstillinga gjekk av staben 1.–4. august i Fort Washington, Maryland . Mrk.], sa admiral Mike Gilday, sjef for marineoperasjonar, at det å legge til 23 nye moment i Ford var eit «mistak» som marinen ikkje har råd til å gjere igjen.

Den merkverdige sagaen om USS Ford

Gilday sa han treng å ta «ei mykje meir velfundert tilnærming ved introduksjon av nye teknologiar til ein plattform» – helst ei som berre introduserer toppen to teknologiar per skip og testar dei grundig ut på land først.

USS Ford er inauguralskipet i Ford-klassen av hangarskip for flyfartøy, den første nye klassen av hangarskip på 40 år. Marinen var ivrige etter å presse ny teknologi inn i Ford, inkludert ein ny søkeradar, elektromagnetisk drivne luftfartøykatapultar som skal erstatte tradisjonelle dampdrivne katapultar, eit nytt gjenopprettingssystem for luftfartøy og 11 elektromagnetisk drivne heisar designa for å skyfle bomber og rakettar frå skipslageret og over til ventande luftfartøy.

Men tekniske problem med det nye utstyret har ført til kostnadsoverskridingar på 2,8 milliardar dollar og forseinkingar som har resultert i ein total kostnad på 13 milliardar dollar for skipet – og dét inkluderer ikkje dei faktiske flya på hangarskipet.

Desse forseinkingane førte til at marinen ikkje sette Ford i teneste før i 2017, sjølv om sjøsettinga skjedde i 2009. Sjølv då var det problem, særleg med det elektromagnetiske utskytingssystemet for luftfartøy (electromagnetic aircraft launch system, EMALS) og dei avanserte våpenheisane (advanced weapon elevators, AWE).

Skipets første fulle utplassering, som opprinneleg skulle ha skjedd i 2018, er no sett til 2022.

Som resultat av Ford-fiaskoen, bygger marinen kopiar av ny teknologi tiltenkt Constellation-klasse-fregattane på land for å sikre at dei fungerer som dei skal, i følge U.S. Naval Institute News. Marinen gjorde, forbausande nok, ikkje det med mange av delane til nøkkelteknologi som gjekk inn i Ford. Gilday so også at den siste av dei 11 AWE’ane vil bli operasjonell ein eller annan gong i år.

Ford er no i sjokk-testing, ei rekke testar utanfor kysten av Florida som er designa for å sikre at skipet greier å stå i mot sjokk og kampskadar i krigstid. Skipet vil deretter gå inn i ein vedlikehaldsperiode før det blir utplassert til neste år. Forhåpentlegvis.

Kjelde: Popular Mechanics

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Jani Andrade



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 358 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Påbud om ansiktsmasker?

Forskning viser at de ikke virker.

Previous Post

Hviterusslands president uttaler seg:

Vi er utsatt for et samordnet angrep fra Vesten.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.