POSTED IN Virkelighetsforståelse

USA: Fengsel, vald, drap og kjønn

Klassekampen viktigere enn rasismen

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

I etterkant av drapet på George Floyd i Minneapolis diskuterer ein rasisme, politivald og mykje anna. USAs grunnleggjande problem er klassemotsetningane, ikkje rasismen. 

Innlegg på Facebook av Hans Olav Brendberg

I etterkant av drapet på George Floyd i Minneapolis diskuterer ein rasisme, politivald og mykje anna. Det er interessant nok – men berre ein liten del av biletet.

Handsaminga av svarte i amerikansk historie har – med god grunn – vore eit viktig tema, og ein viktig del av USAs omdømeproblem. Og det som skjer no i Minneapolis og andre større byar går ut over USAs omdøme.

Svarte i USA etter slavetida arva dysfunksjonelle familiar
Det grunnleggjande problemet det svarte USA arva etter slavetida og Jim Crow-perioden var dysfunksjonelle familiar. Den svarte familien er ein familie med fråverande far – ein far det går dårleg med, som sit i fengsel eller har rusproblem. I perioden frå produksjonsmobiliseringa under første verdskrig til midten av sekstitalet hadde ein positive trendar – avdi svarte menn flytta frå raseskiljet i sør til industribyane i nord, og vart ein del av arbeidarkollektiva i storindustrien. Den same perioden var ogso ei kulturell blømingstid for det svarte USA.

Frå den økonomiske stagnasjonen sette inn kring 1970 har trendane gått motsett veg, og statistikkane for forventa livsløp for svarte menn er nitrist lesnad.

Store grupper svarte amerikanarar er fanga i ein ghetto prega av rus, vald, arbeidsløyse og planløyse. Medan svarte på femti- og sekstitalet utvikla ein politisk leiarskap på nasjonalt nivå, er dagens «black caucus» mellom dei meir korrupte delane av amerikansk politikk – og dei er heilt i lomma på israellobbyen. Kjøpt og betalt.

H Zinn USA
 Oktober forlag 2006

Fleire kvite blir drepne av svarte enn motsett 
Dette tyder at svarte blir drepne langt oftare enn andre – men vanlegvis blir svarte amerikanarar drepne av andre svarte. Fleire kvite blir drepne av svarte enn motsett. Medan 12% av amerikanarane er svarte, er 33% av dei innsette i amerikanske fengsel svarte. Det er fleire svarte i amerikanske fengsel enn kvite.

USA har altso løyst eit sosialt problem ved å setja det i fengsel. Det er 2,1 millionar i fengsel i USA – litt mindre enn det var i fangeleirane i Sovjet under Stalin (mange i fangeleirane var krigsfangar).

USAs «dirty secret» er ikkje rasisme, men klasse.
Den store mengda med valdeleg kriminalitet knytt til den svarte befolkninga gjer at kvite amerikanarar ikkje kjøper forteljinga om at dette drapet handlar om rasisme. Det finst rasisme i amerikanske politikorps, men dette er ikkje gjennomgåande. Ein hardhendt kriminalpolitikk har dei siste tiåra fått ned mengda med drap og anna valdeleg kriminalitet, og du vil neppe vinna val i USA på eit program for mindre politi og mindre straff.

Sjølv om politiet i USA ikkje er gjennomgåande rasistisk, er det veldig ofte valdeleg, og vil ofte bruka maktdemonstrasjonar der politi i Noreg vil roa ned situasjonen og snakka med folk. Fengselssystemet i USA er ille – mellom anna er valdtekt i stor grad institusjonalisert i amerikanske fengsel. Kring 200 000 menn blir valdtekne i amerikanske fengsel kvart år. Langt fleire kvite menn blir valdtekne av svarte enn motsett.

Skal USA koma seg ut av dette elendet, må begge sidane i kulturkrigen diskutera andre ting enn dei favorittemaene dei plar gripa til i tider som dette. USAs «dirty secret» er ikkje rasisme, men klasse

(Utheva av politikus, som óg har laga mellomtitlar og sett inn lenke til Jim Crow).

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Det er interessant nok – men berre ein liten del av biletet.»

    ‘Det har resultert i flere skadde på begge sider, tusenvis arresterte, plyndrede butikker og brente bygg.’
    https://www.nrk.no/urix/i-retten-for-drapet-pa-george-floyd-1.15045471

    Det har ikke»resultert i». Det er utført.Av folk som hverken er menneske eller dyr, tydligvis, og deres bakmenn.
    Når man plyndrer ( eller motsetter seg arrestasjon etter å ha forsøkt å svindle, og så oppfører seg rabiat) så bør man stoppes. Er man voldelig må man stopes med vold.
    Opprøret mot dette er ikke empati, men politikk. Trist, fordi det ødelegger for nødvendig mot-reaksjon. F.eks. mot Norges drap i Libya eller ødeleggelse av Syria.
    En besvisst poltitikk, der følelser skal styre over fornuft? Så bakmennene får full kontroll?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Biden-familien og andres demokrates plyndringstokt i Ukraina:

Korrupsjon, korrupsjon og atter korrupsjon.

Previous Post

Kristjánsson vil vinne ytre høyres velgere.

Ved å godta innvandringspolitikken til det danske Ap?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.