POSTED IN Demokrati, USA

USA et demokrati?

Nei, tvert imot et diktatur!

7 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Etter valget i høst og begivenhetene i etterkant fram til utnevnelsen av Joe Biden som ny president har stadig flere mennesker, også i Norge, fått øynene opp for at USA kanskje ikke er det demokratiske fyrtårnet som mange har trodd. Det er derfor helt på sin plass å republisere dette innlegget.

Knut Lindtner

Korfor det er både feil og farleg å kalle USA eit ‘demokrati’

Eric Zuesse

Det er feil fordi det er definitivt usant, og det er ikkje berre fordi USA har ein høgare prosentdel av sine innbyggarar i fengsel enn noko anna land på planeten, men også fordi dei einaste vitskapelege studia som er gjort på saka viser – dei gir vitskapeleg prov på – at USA er diktaturet til dei aller rikaste innbyggarane i landet, imot heile resten av folket. Tradisjonelt har ein kalla slikt for eit «aristokrati», ikkje eit demokrati, men sidan Mussolini på 1920-talet har det blitt kalla «fascisme», som er etterfølgaren til «føydalisme», og såleis berre ei modernisert form for føydalisme.
I USA kan ingen velges uten støtte fra storkapitalen-

Det som før vart kalla «monarki» eller «aristokrati» er altså no kalla «fascisme», men leoparden er den same uansett kva for merkelapp ein set på han, og det det verkeleg er, er eit diktatur. Mussolini kalla iblant fascismen for «korporativisme» i staden, og det er visseleg det USA si regjering av i dag er, sjølv om det finst dei som veljer å kalle det «demokrati». Det er det det US-amerikanske styresettet er vitskapeleg bevist å vere: diktatur, ved dei rikaste få (dei kontrollhavande eigarane av dei internasjonale korporasjonane), imot heile folket.

Men endå verre enn å berre vere feil, er det ekstremt farleg for heile verda å kalle USA eit «demokrati», og grunnen er som følger:

Kvar gong USA set i verk eit kupp (slik som dei no prøver å gjere i Venezuela) eller ein militær invasjon (slik dei gjorde mot Irak i 2003 og Libya i 2011 og Syria i 2012 og Jemen i 2015, og mange andre), blir det av regimet og propagandistane deira kalla for ein «humanitær operasjon», og at eit regimeskifte skal «bringe demokrati og menneskerettar» til gjeldande land, og det er alltid løgner som ingen som veit at USA sjølv er eit diktatur – som det er – vil tru på. Så den løgna det er å kalle USA eit «demokrati» – som dei vel å kalle seg sjølve, av PR-grunnar – set faktisk godkjent-stempel på eit lygande diktatur.

Ingen av verdens land har gjennomført så mange kriger som USA.

Å kalle USA eit «demokrati» er å støtte den regjeringa som heile verda (i dei einaste meinigsmålingane som har blitt gjort om saka) ser er det farlegaste og mest aggressive regimet på jorda. Å smusse til det gode namnet «demokrati» på den måten, ved å kalle verdas mest rovgriske regjering eit «demokrati», er å assistere i å hule ut det ærefulle omgrepet og i staden vende det til eit krenkande ord, som passar til det som faktisk er den farlegaste og mest aggressive nasjonen på denne planeten.

USA var ein gong delvis demokratisk, men no er dei ikkje lenger det ein gong, og å kalle det eit «demokrati» i det heile er ikkje berre feil, men det oppmuntrar verdas farlegaste og mest skadelege regime og set det som førebilete for andre nasjonar. Å oppmuntre vondskap ved å lyge og seie den ikkje er vond, men god, er i seg sjølv vondskap, eller i det minste riv ruskande ignorant og indoktrinert; men det er uansett veldig feil å gjere det.

George Orwells kjente postulater: Krig er fred, frihet er slaveri, uvitenhet er styrke. Vi kan føye til enda et: Oligarki er demokrati.

Den 7. mars var den liberale US-amerikanske milliardæren som eig Bloomberg News så lei av dei umåteleg forvaksne og altfor openlyst fascistiske milliardærane som no kontrollerer landet, at Bloomberg News sende ein reportasje med headline «Pence bad Merkel provosere Russland ved å sende krigsskip til Krim», og reporteren opna med:

«USA prøvde førre månad å presse Tysklands kansler Angela Merkel til å gjere ein marinemanøver i Russlands bakgard for å provosere president Vladimir Putin, ifølge tre personar med nær kjennskap til samtalane. På eit møte den 16. februar under München Sikkerheitskonferanse, la USAs visepresident Mike Pence press på Merkel om å sende tyske krigsskip gjennom ein smal kanal mellom Krim-halvøya og Russlands fastland for å vise Putin at vestlege makter ikkje vil overgi sin tilgang til dei farvatna, i følge tenestemennene som berre snakka ut på vilkår av at dei fekk vere anonyme. Den tyske leiaren nekta, sa dei.»

Den 8. mars publiserte RT  headlinen «Underkastar dei seg USA? Brussel slettar si pengevaskingssvarteliste etter kritikk frå Washington», og rapporterte at regimet i USA hadde klaga på at EUs Europakommisjon inkluderte fire US-amerikanske territorier på listeforslaget for kvitvasking av pengar. Deretter vart forslaget avvist av EU-rådet, som består av ministrane som representerer alle dei 28 medlemslanda.Dei begrunna avgjerda med argument som var slåande like dei som USAs finansdepartement hadde brukt. 

Skatteparadiser

På side 11 i Europakommisjonen si 36-siders detaljerte forklaring til si føreslåtte liste står det: «Basert på gjennomgang av nye informasjonskjelder, har Kommisjonens analyse konkludert med at 11 fleire rettsområde har strategiske manglar i høve til paragraf 9 i EU-direktiv 2015/849. Desse rettsområda er følgande: Afghanistan, Amerikansk Samoa, Guam, Irak, Libya, Nigeria, Panama, Puerto Rico, Saudi Arabia, US Virgin Islands, Samoa.”

Hensikten med tillegga var å gjere det vanskelegare å kvitvaske vinningar frå kriminelle gjerningar. Ein juridisk rådgivar frå eit advokatfirma som representerer US-amerikanske internasjonale korporasjonar forklarte at: «USAs finansdepartement har protestert mot inkluderinga av Amerikansk Samoa, Guam, Puerto Rico og US Virgin Islands, med den grunngivinga at Europakommisjonen ikkje har følgt framgangsmåten som FATF brukar når dei lagar sine eigne lister over høgriskland, og at FATF sine standardar gjeld for alle US-amerikanske territorier.»

Erfaringen til nå er at om USA setter tommeskruene på gir EU etter.

FATF sine metodar var visst meir «transparente» enn dei som var lagt til grunn i Europakommisjonen si 36-siders forklaring til sine føreslåtte 11 tillegg. EU-rådet landa på avslag av dei 11 tillegga til lista. » EU-rådet aksepterte såleis, utan spørsmål, USA-regimet sine udokumenterte påstandar om at USA sin valde metodikk er meir «transparent» enn den til Europakommisjonen. I ei pressemelding rettferdiggjer EU-rådet si avgjerd med at dei «kan ikkje støtte det gjeldande forslaget, som ikkje vart etablert i ein transparent og elastisk prosess som aktivt gir påverka land insentiv til å ta aksjon og samtidig respekterer deira rett til å bli høyrde.» Kort sagt: skitsnakk. 

Korleis kan det US-amerikanske regimet, eller EU sitt, med nokon rett hevde å vere «transparente»? Det er latterleg. Det er berre eit forhold mellom imperiumsnasjonen og dennes vasallstatar. Dei er alle diktatur, dei er eit hierarki av diktatur. Men berre USA sitt diktatur har blitt vitskapleg bevist [https://washingtonsblog.com/2018/11/america-is-one-dollar-one-vote-not-really-one-person-one-vote.html].

Alle som opponerer mot USA sitt diktatur over verda, vil kalle det US-amerikanske regimet for det det er: eit diktatur. Denne katten er no ute av sekken og vandrar vilt rundt om, nesten overalt, no prøver den seg til og med i Venezuela, Kertsjsundet og Sørkinahavet. (Å kalle Sørkinahavet og Kertsjsundet for «omstridde farvatn», er som å kalle havet rundt USA for «omstridde farvatn»; men berre det internasjonale bølleregimet prøver med vilje å «provosere» andre nasjonar for å få dei til å krøke seg for regimets internasjonale diktatur – som er USA-regimet, regimet som Obama har kalla «den eine uunnverlege nasjonen», noko som betyr at alle andre er «unnverlege». Det er heilt tydeleg ikkje berre Trump som er problemet. Det er regimet, som er diktaturet, og det varar lenger enn ein særskilt herskar.)

USA er ikkje noko demokrati. Det er klart og tydeleg eit diktatur, ved sine rikaste. Å kalle det eit «demokrati» er å fornærme demokratiet sjølv. Kanskje USA sine faktiske herskarar derfor skulle like det.

Omsett og noke nedkorta av Monica Sortland

Tidligere publisert på derimot.no

https://www.strategic-culture.org/news/2019/03/15/why-calling-us-democracy-both-false-dangerous-do.html?fbclid=IwAR1_PuzDS-oTopdD6J6cRciR-A-DNCBFI4cnNZT3QEV8ArkRteQl5WRRxYA



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 306 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

7 kommentarer. Leave new

  • Ingen av oss lever i et demokrati, Det er kun de lykkeligste slavene og de uintelligente som tror på det. Hadde vi levd i et demokrati så ville politikerne hørt på flertallet av befolkningen, ikke særinteresser som idag. Vi ville også kunne fått politikere oppsagt, tiltalt og dømt. I et demokrati så «frykter» politikerne befolkningen. I totalitære stater tar eliten valg på tvers av befolkningens ønsker da eliten egentlig ser ned på befolkningene og er mer til bryderi, nesten forpester dem.

    Svar
    • Ondskapen i slaveriet,det er at slavene febrilsk klatrer på slavestigen for å bli lykkelige,altså i regi av slavedriverne,vi samarbeider ikke,men motarbeider hverandre,vi lager regler for å befeste posisjoner.Vi er slaver av bedre posisjonerte slaver,vi spenner ben på oss selv.Og de på toppen ler,de gjør som de vil.Hvordan vekke slavene ?.Django unchained.

      Svar
      • Vi er jo alle naglet fast til denne samfunnskontrakten,denne mystiske kontrakten som ingen har sett,men alle tror at vi er bundet til,denne kontrakten som er slaveriets fundament.Vi med norsk personnummer er nå i ferd med å overføres til EU,må ikke da en ny samfunnskontrakt fornyes ?.Eller selges vi uten samtykke ?.

        Svar
    • «Hadde vi levd i et demokrati så ville politikerne hørt på flertallet av befolkningen»

      ‘Nei, en leder må styre ved å følge folket, mente Mussolini. Han sa det selv: «Jeg er mannen som kommer etter, ikke før». ‘

      https://www.nrk.no/urix/_-donald-trump-minner-om-mussolini-1.15245112

      Da er det jo fascisme som ER demokrati/folkestyre?
      Da hadde vi ikke blitt snikinmeldt i EU/EØS.
      Da hadde ikke våre «ledere» solgt folkets energi ut av landet.
      Da hadde ikke «lederen» Stoltenberg og kostebinderiet fått bruke våre forsvar-krefter til angripe Libya.

      Svar
  • Kollektivismens ulike brands er fasisme, nazisme, marxisme, hvor staten, flertallet bestemmer alt. Motstandere blir fjernet. Staten eier alt. Staten er alt.
    På motsatt side står individualisme .Individualisme er troen på menneskets frihet. Frihet til eiendom, rett til helse , rett til arbeid , rett til å skape seg et godt og tryggt liv. Kort sagt de naturlige lovene som skaperen har implementert i de fleste av oss. Kolletivismens to ansikter er ; Marxistleninisme og Fabianisme. Sistnevnte har skillpadde som symbol ,og jobber sent og trutt for å svekke den vestlige sivilisasjon , ved å infiltrere alle samfunnets maktorganer., for deretter innføre en totalitær stat, uten at befolkningen(slavene) er klar over det.

    Svar
  • Reidar Kaarbø
    12 januar 2020 9:21

    En dag vil komme når vi ser på USA og sier som barnet i eventyret: ”Jammen han har jo ingen klær på!”

    Svar
  • USA er et oligarkisk demokratur.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Rand Paul sitt sterke innlegg om riksrettstiltalen mot Trump:

Demokratenes bidrag til ytterligere oppsplitting av landet.

Previous Post

Labour ønsker nedstengninger:

De rammer fattige i UK hardt.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.