POSTED IN Helse

USA er ikke helt som Norge:

I Norge har ikke helsepersonell lov til dette.

0
Print Friendly, PDF & Email

Den største helsepersonellstreiken i amerikansk historie er i gang – og helseomsorgssystemet er nær kollaps

For tida streikar no meir enn 75 000 helsearbeidarar tilknytt helsekonsernet Kaiser Permanente. Dei får støtte frå Kaiser Permanente sin eigen koalisjon av fagforeiningar, Coalition of Kaiser Permanente Unions, som representerer rundt 85 000 helsearbeidarar i sju delstatar. Til samanlikning er 400 000 arbeidstakarar organisert i Fagforbundet her i Noreg. Til no har demonstrasjonar byrja i California, Oregon, Washington, Colorado, Virginia og Washington D.C., rapporterer Natural News.

Innlegget er hentet fra Saksyndig.

Stridens kjerne er denne (mi omsetjing):

«I 2019 forhandla Kaiser ein kontrakt med fagforeininga. Den kontrakten gjekk ut 30.september 2023. Kaiser føreslo ein lønnsauke på to til fire prosent, men fagforeininga såg på tilbodet som eit ‘fornærmande lønnsaukeforslag’ som ikkje tek med i reknestykket dei noverande inflasjonsrentene. Fagforeininga påstår at Kaiser utfører ‘urettferdig arbeidspraksis’ og åtvarar at arbeidarane er førebudde på å ta del i ein annan ‘lengre, sterkare streik i november’.

Kaiser-arbeidarar insisterer på ei minstelønn på 25 dollar i timen [274,65 i timen jamfør gjeldande valutakurs; oms.an.], med ein auke på sju prosent i året for dei fyrste to åra, følgt av ein auke på 6,25% for tredje og fjerde året. Kaiser-leiarar kan berre garantere minstetimeslønn frå 21 til 23 dollar, avhengig av staden. Dette var ikkje godt nok. I ei melding 22.september kalla fagforeininga tilbodet til Kaiser for ‘eit fornærmande lønnsaukeforslag som mislykkast i å halde tritt med levekostnadene til alle’.»

Fagforeininga sendte same dag (22.september) eit tidagarsvarsel til leiarar i Kaiser, der dei åtvara om storstreik innan 4.oktober dersom dei ikkje fekk tilbod om og kom til einigheit om ein betre kontrakt. Sidan partane ikkje kom fram til ein formell avtale, byrja denne historiske helsearbeidarstreiken 4.oktober som lovt. Streiken skal etter planen vare fire dagar, og ta slutt klokka seks om morgonen 7.oktober. Denne artikkelen vart skriven 6.oktober. Streiken vil påverke hundrevis av helseføretak og mest sannsynleg føre til driftsforstyrringar, spesielt på sjukehus i California. Kaiser styrer 39 sjukehus og 600 legekontor og tilbyr tenester til om lag 13 millionar pasientar, i tillegg til å sysselsetje over 305 000 menneske. Det er den største private helseomsorgsorganisasjonen i USA – dei har hovudkontor i California.

Streiken involverer livsviktige grupper av helsepersonell, slik som ambulansearbeidarar, sjukepleiarar, luftvegsekspertar, radiologar, sjukepleiarar i heimetenesta og røntgenteknikarar, blant andre. Det plutselege fråværet til desse gruppene vil utan tvil forårsake alvorlege forstyrringar i mange helseføretak. Kaiser-leiinga har reagert med å setje inn vikarar for dei streikande, men desse har ikkje alltid det same nivået av opplæring eller erfaring som dei streikande kollegaene.

Alle dei råka sjukehusa vil framleis ha legar der, seier ein talsperson frå Kaiser til CNN. Vedkomande lèt elegant vere å nemne at sjukehus allereie lid av alvorleg personalmangel etter at ho mange helsearbeidarar vart usakleg oppsagte fordi dei ikkje ville ta covid-19-«vaksine». Dei som faktisk lét seg injisere, vart i mange tilfelle ute av stand til å jobbe, medan dei som beheldt helsa, naturleg nok vegra seg for å vende tilbake til ein arbeidsgjevar som hadde drive med mobbing og psykisk terror. Det siste gjeld spesielt uvaksinert helsepersonell som har fått tilbake jobbane sine.

Den alvorlege mangelen på helsepersonell har ført til lang ventetid og dårleg prognose for pasientar med alvorlege diagnosar. Personalmangelen har ført til drastisk auka arbeidsbør for gjenverande personell, og ført til medisinske feilvurderingar og dødsfall som under normale omstende ikkje ville ha funne stad.

Redaksjonen har lagt til bilde

Forsidebilde: Claudio Schwarz



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 248 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Krigsutgiftene eksploderer.

Fredsprisen gikk heller ikke i år til fred, avspenning og nedrustning.

Previous Post

Hamas kom med overraskelses-angrep:

Israel har fått problemer! Hvordan bør vi reagere?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.