POSTED IN Demokrati, Ukraina, Ytringsfrihet

USA-borger arrestert i Ukraina for sine meninger.

USAs regjering er helt taus.

0
Print Friendly, PDF & Email

USA vs Gonzalo Lira

av  Andrew Korybko

Gonzalo Lira, med US-amerikansk/chilensk statsborgarskap, vart nyleg arrestert av Ukrainas hemmelege politi (SBU), tiltalt for å drive «propaganda i krigstid», noko han risikerer 5-8 år i fengsel for. At USAs regjering ikkje seier eitt ord om hendinga, står i full kontrast til hysteriet deira over arrestasjonen til Wall Street Journal-tilsette Evan Gershkovich i Russland førre månad, sikta for spionasje etter at han vart tatt på fersken medan han prøvde å skaffe seg hemmelegstempla informasjon frå ein regional lovgivar.

Dette er eit svik mot amerikanske prinsipp, sidan ytringsfridommen blir sett på som ein heilag rett for alle statsborgarane, uansett kor i verda dei måtte opphalde seg til ei kvar tid. Same kva ein måtte meine om Liras synspunkt og den spesielle ukrainske lova som vart brukt som grunnlag for å arrestere han, så har USA plikt til å støtte rettane til sine statsborgarar utanlands. Dette gjeld særleg når dei blir arresterte for å uttrykke ei meining og/eller praktisere journalisme, slik han gjorde.

Våre medier fremstiller det som skjer i Ukraina som en kamp for å forsvare demokratiske verdier. Det er det motsatte som er tilfellet.

Stilla deira i møte med denne skandaløse hendinga, tyder på ein grad av medverknad i – eller i det minste stillteiande aksept for – arrestasjonen av Lira, ettersom det ikkje fins noka anna overbevisande forklaring på den slåande mangelen på respons. Desse mistankane blir forsterka av det faktum at ein av regjeringas leiande tilgangar innan informasjonskrigføring i Ukraina, den transkjønna leigesoldaten Michael John Cirillo, innrømde til  Daily Beast at han samarbeidde med SBU om saka deira mot Lira, og til og med har planar om å vitne mot han.

Hans nøyaktige ord var: «Eg avleverte eidsvore vitnemål til SBU om Gonzalo Lira allereie for fleire månadar sidan, og ventar å bli kalla inn som vitne i rettssaka mot han.» Cirillo la til på Twitter at «Når eg er på Capitol Hill om 10 dagar, vil arrestasjonen avGonzalo Lira utan tvil vere eit heitt samtaleemne». I staden for å be om å få han sleppt fri, set US Government sin lit til at ein av deira topp-propagandistar i landet skal få Lira dømd, noko proksyen deira frekt planlegg å skryte av framfor Kongressen først.

Gonzalo Lira

Ein bør også merke seg at Cirillo fortalde dette til Julia Davis, som er fordømd av Russland på grunnlag av at ho har motarbeidd landets nasjonale interesser på oppdrag frå fiendtlege makter, altså regjeringa i USA i denne samanhengen. Artikkelen hennar nemner og at ho fekk eineretten til filmopptak frå arrestasjonen av Lira, noko ho berre kan ha fått frå SBU. Dei SBU-tilsette delte opptaka med ho nettopp fordi dei veit at ho er ein av velyndaren deira sine mest pålitelege agentar, og såleis ville bruke opptaka i artikkelen sin til å fornedre Lira.

Desse kjensgjerningane fører til den konklusjonen at US Government verkeleg er medskuldig i Ukrainias arrestasjon av denne dobbelt-amerikanske statsborgaren. Dei skjuler ikkje ein gong heller medverknaden sin i forfølginga av Lira etter at ein av informasjonskrig-tilgangane deira i Ukraina innrømde samarbeid med det hemmelege politiet på saka, fortalde media at han planlegg å vitne mot han, og til og med planlegg å skryte av det i Kongressen. Regjeringa er perverst stolt av det, for dei prøver å presse kritikarar av proksy– war sin til sjølv-sensur.

Dette angrepsmålet inkluderer også openbert USAs eigne medborgarar, som Lira, som USAs regjering hatar inderleg etter at reportasjane hans frå Kharkov har diskreditert mange av påstandane deira om denne konflikten. Dei kunne enkelt og greitt ha kravd at Kiev skulle utlevere han for å minske skadane han påførte informasjonskrigsoperasjonane deira, men dei føretrekte å få han stilt for retten til skrekk og åtvaring for andre journalistar. Cirillo si rolle i denne hendinga, og planane hans om å skryte om det i Kongressen, viser at USAs regjering utan tvil var medverkande.

Andrew Korybko, 7. mai, 2023

Andrew Korybko, politisk analytikar, journalist og fast skribent i mange nett-tidsskrifter, så vel som medlem av ekspertrådet forInstitute of Strategic Studies and Predictions at the People’s Friendship University of Russia. Først publisert på Automatic Earth.

Fritt omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: niu niu

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Florida går ett skritt videre:

Alle Corona-påbudte tvangstiltak forbys.

Forrige innlegg

17. mai-feiringa tilslører Norge som EUs og USAs lydrike

Støre og Solberg:
EUs stattholdere

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.