Utklippet nedanfor er tatt frå Hufvudstadsbladet i Helsingfors, hovudorganet for ‘Svenskfinland’.
Det interessante her er ikkje berre innhaldet, men sjølve det faktum at i Finland kjem kritiske røyster til orde i dei største avisene, i motsetnad til t.d. Aftenposten og Klassekampen.
Men vi ser frå lesarinnlegget det same som vi ofte ser i Norge, at klimaaktivistar ikkje tør å stille til debatt mot spesialistar frå ‘den andre leiren’.

Nei til EU’s klimakonferanse 30. oktober
Nyleg såg vi dette i den store klimakonferansen som Oslo Nei til EU, Grünerløkka NtEU og Ungdom mot EU arrangerte i lag på Thon Hotel Slottsparken den 30. oktober.
Emnet var ikkje menneskeskapt oppvarming eller CO2-hypotesen, langt ifrå, den vil ikkje Nei til EU rokke ved (i denne omgangen). Emnet var det såkalla grøne skiftet, med tittelen «Vel EU falske grøne løysingar for sin klimapolitikk, og kva vil skje med den norske vasskrafta?»
Vi som var til stades, fekk høyre ein rad grundige førelesingar av spesialistar på sine område; mellom anna tala Aina Bartmann om GMO, EU og agroindustrien; Frida Kieninger frå Food and Water Europe om ‘The Hydrogen Hype’ og sivilingeniør Ole Kristian Setnes om ‘Blir EU’s klimaplan ein trussel mot naturen?’ Setnes er òg styremedlem i Nei til EU og leiar av Grünerløkka NtEU.
Her er ikkje plass til å gå inn på det konkrete innhaldet i alle desse studiane, og det torde vera vel kjent for faste lesarar av derimot.no. Men det vart veldig greitt og grundig vist, at sol, vind og hydrogen, med teknologien i dag, aldri kan erstatte dei tradisjonelle energikjeldene. Dei er rett og slett dårleg propaganda, for å roe ein oppskremd opinion, så dei politiske leiarane kan posere som handlingskraftige, at dei ‘gjer noko’!
Dette er for så vidt også kjent nok, men det som vekte meir oppsikt, var at miljørørsla glimra med sitt fråvær. (Det var berre éin ungdom i salen, men laurdag morgon er kanskje eit dårleg tidspunkt for miljøungdommen?) Absolutt alle miljøorganisasjonar i Norge var inviterte, men ingen, zero, null, av dei turte å møte opp, for å drøfte den harde, konkrete røynda bak krava deira.
Edvard Mogstad, nestleiar i Østfold NtEU
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 384 ganger.
1 kommentar. Leave new
Nei klimaaktivistene er ikke feige. De er bare fornuftige! For de VET at dersom de stiller til debatt mot klimarealister så er det de selv som blir uten svar og taper debatten.
Hvordan kan jeg vite det? Jo enkel logikk! Først av alt, klimaaktivistene ville nok mer enn gjerne ha knust argumentene til realistene. De hevder selv at de kan dokumentere sitt syn vitenskapelig med 99,99% og at de har 97% av alle forskere på sin side. Men hvis dette var sant så er det jo totalt ulogisk at de ikke vil delta I en debatt. Tenk på en advokat, lege, politiker osv som var sikker på å knuse en motstanders argumenter. Klart at vedkommende ville gjerne stilt opp i debatt. Ja gjerne filmet hele debatten også så den kunne legges ut så flere fikk se den. Logisk, ikke sant?
Klimaaktivistene vet de vil tape en debatt mot klimarealistene. Alt annet er bortforklaringer!