POSTED IN Miljøpolitikk

UKs Utarmet uran-gave til Ukraina ble en gave til land i vest.

Økning av radioaktiv stråling gjennom vind og regn.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Den britiske gåva som held fram med å gje – uraniumstrålt vind og regn til Polen, Tyskland, Danmark, Nederland og London òg

Av John Helmer, busett i Moskva. Henta frå nettsida hans. Omsett av og henta frå saksyndig.

Dette er ein målestokk for måten vinden har blåse på sidan det ukrainske ammunisjonslageret vart sprengt i lufta ved Khmelnitsky i dei tidlege morgontimane 13.mai.

Målingar av stråling i den vest-ukrainske byen ser ut til å ha auka kraftig 13. og 14.mai, noko som indikerer at britisk-forsynt uran-ammunisjon for antistridsvogn-krigføring hadde blitt detonert. Strålingsnivåauken forårsaka av det utarma uranet (UR) har blitt nekta av ukrainske tenestepersonar.

Amerikanske media rapporterte 15.mai at «medan ikkje alle fakta og informasjon om dei mange åtaka på vestlege regionar i Ukraina har blitt fullstendig etablerte, er der fleire element til det virale konspirasjonsnarrativet som beviseleg er feil, villeiande eller manglar bevis.» Medan Newsweek ikkje kunne utelukke moglegheita for at den «utarma uran»-ammunisjonen som kom frå Storbritannia hadde blitt lagra der, stiller tidlegare rapportar om naturen til denne ammunisjonen store spørsmålsteikn ved den påstanden.»

Newsweek støtta påstandar frå det ukrainske statlege byrået. «Energoatom, Det nasjonale kjernekraftselskapet i Ukraina, sa på sin offisielle Telegram-kanal at «strålingsnivået på den industrielle staden [i Khmelnitsky] og i dei omkringliggjande regionane er på eit nivå som samsvarer med den normale operasjonen til krafteiningar, og går ikkje over naturlege bakgrunnsverdiar.»

Ei melding frå Det internasjonale atomenergibyrået [engelsk International Atomic Energy Agency] (IAEA) har gjenteke påstanden frå den ukrainske regjeringa utan å publisere uavhengige strålingsmålingar sjølv. IAEA vart rapportert av Newsweek som å ha «helt kaldt vatn over påstandane». Det statlege kjernekraftreguleringsinspektoratet i Ukraina har informert det internasjonale atomenergibyrået i dag at der ikkje har vore nokre målingar av forhøga nivå av gammastråling i landets vestlege regionar dei siste dagane,» sa ein representant for det internasjonale organet til Newsweek i ein e-post.

Sosiale media frå regionen har indikert ein rask utvandring av befolkninga i området som ligg nær eksplosjonen. Anti-strålingstiltak har blitt innført for innbyggjarar i Ternopol-regionen, som ligg vest for Khmelnitsky.

Vinden har blåse i nordvestleg retning inn i Polen, og det er regn. Det polske statlege Atomenergibyrået (PAA) har rapportert høg auke i strålingsnivå sidan 15.mai. Dei høgste målingane har blitt rapportert i Lublin og Kraków i sør, i tillegg til Gdynia, ein hamneby på den polske nordkysten.

19.mai i Moskva sa Nikolai Patrushev, sekretæren for Tryggleiksrådet, at «eliminasjonen [av Khmelnitsky-lageret] har forårsaka ei radioaktiv sky som no bevegar seg mot Vest-Europa. Ein auke i strålingsnivå har allereie blitt registrert i Polen». Patrushev gjentok det som PAA allereie hadde bekrefta.

For uavhengig evidens for strålingsnivåauke i Europa og deira årsaker i Ukraina, har Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA), leia av Rafael Grossi i Wien, ikkje vore verken uavhengig eller truverdig sidan krigen byrja; for arkivet som dokumenterer krigføringspartiskheita til Grossi og IAEA, klikk her.

Til venstre: Rafael Grossi, director-general of the International Atomic Energy Agency. For more, read this: https://johnhelmer.net/

For ein gjennomgang av beviset for at dei internasjonale og europeiske statlege modellane for trygg eksponering overfor stråling av utarma uran er feilaktige, og at den informasjonen frå Ukraina og IAEA rundt Khmelnistky-detoneringa er villeiande, les denne artikkelen, publisert i 2022 av Christopher Busby, ein engelsk kjemi-fysikar og ekspert på radioaktivitet.

«Den lokale absorberte dosen frå interne radioaktive partiklar av uran (til dømes frå utarma uran-våpen) til vevsvolum innan rekkjevidda til alfa-nedfall [engelsk alpha decay] (rundt fire celler) er ikkje liten. Den deponerte dosen til ei enkelt celle frå eit enkelt alfa-nedfallsspor er rundt 500mSv. Likevel fortynnar ICRP [International Commission on Radiation Protection] denne energien til eit kilogram vev og avfeiar dei resulterande nanoSieverts [µSv/h] som irrelevant og ute av stand til å forårsake kreft. Sjølve konseptet Absorbert dose som variabel for intern eksponering har det blitt stilt spørsmål ved…»

«Den noverande strålingsrisikomodellen, som dannar grunnlag for lovlege eksponeringsgrenser for interne radionuklid-kontaminantar har gjennom av mekanistiske og epidemiologiske studiar vist seg å vere utrygg… Evidensen frå Tsjernobyl, og frå våpennedfallet frå andre kjernekraftstader, og frå cellebiologi, og enkle mekanistiske vurderingar viser at modellen er utrygg. Men på grunn av økonomi og makt, universitetsmidlar og partiskheit rundt publisering i tidsskrift, førekjem der inga endring. Forsøk på å trekkje merksemd til problemet blir blokkert i kvar sving. Kritikarar og redaktørar i tidsskrift avviser artiklar og brev. I rettssaker om kreft blir det jamleg inngått forlik for å hindre at temaet går til ein domstol… Europeisk lov, Direktiv for grunnleggjande tryggleiksstandardar i EU har ein klausul som krev rettferdiggjering av all praksis, og desse må bli endra dersom ny og viktig evidens dukkar opp. ICRP sa òg i sine tidlegare rapportar (1977, 1990) tydeleg at skulle der kome ny evidens, ville dei adressere den. Det gjorde dei aldri. Og klausulen forsvann i seinare ICRP-rapportar. I realiteten nektar alle strålingsvernbyråa å adressere nokon som helst ny evidens.»

Den vitskaplege og politiske debatten rundt Busby sine forskingsfunn kan følgjast her.

Ifølgje Busby sin forskingsrapport, publisert i mars 2023, vart «data som dekkjer perioden november 2017 til november 2022 henta frå Atomic Weapons Establishment [AWE] Aldermaston, for å finne ut om der var ein auke i uran assosiert med Ukraina-krigen. Resultat frå ni høgvolumsluftprøve-innsamlarar som var installert på og utanfor staden av AWE, viste at der var betydeleg forhøga nivå av uran på alle dei ni innsamlarane frå og med februar 2022 då krigen byrja. Resultatet har betydelege folkehelseimplikasjonar for Storbritannia og Europa.»

Datainnsamling, målingar og dataskjema burde ikkje vere kontroversielle – med mindre dataa sjølve blir svartsladda eller feilrapportert, noko som har skjedd i nyleg tid. Debatten blant vitskapsfolk rundt Busby sin analyse har fokusert primært på kreftpåverknaden av eksponering for utarma uran og andre strålingskjelder på abnormale nivå som no blir registrert i Ukraina og Polen, og som er forventa i Danmark, Nederland og England.

denne rapporten av Busby, henta frå det russiske statlege nyheitsbyrået Sputnik, utløyste den nordvestlege vinden, som blæs i rundt fem kilometer i timen frå Khmelnitsky, strålingsauke i Polen 15.mai.

Polske universitetskjelder og Det polske atomenergibyrået (PAA) bekreftar auken. Dei høgaste nivåa som vart rapporterte offentleg har vore i Gdynia (0,103 µSv/h), Lublin (0,100 µSv/h) og Kraków (0,115 µSv/h).

Den offisielle polske reaksjonen har vore å akseptere dei rapporterte datamålingane, men nekte for dei biologiske farane. Marie Curie Skłodowska universitet (UMCS), det statlege etablissementet i Lublin nær den ukrainske grensa, har bekrefta den skarpe auken i strålingsnivå frå 15.mai. Derimot legg universitetet til følgjande: «Auken i strålingsintensitet observert 15.mai 2023 er eit naturleg fenomen som er forårsaka av regn. Isotopen Bi-214 (danna som eit resultat av nedfall av radongass som stig frå bakken) er fanga av fallande vassdropar, som resulterer i ain auke i strålingsintensitet nær jordsmonnoverflata registrert av MR. Dette fenomenet har alltid lege side om side med menneskeheita, og den aukande intensiteten av stråling som eit resultat har inga betydning for helse.»

Rapporten inkluderer dei fyrste to illustrasjonane som er brukt i overskrifta til denne historia.

Universitetet legg til: «På grunn av den meldte regnet, ventar vi nok ein auke 17.mai. Den vil truleg vere mindre fordi lufta allereie har klarna i går, men det er avhengig av mange faktorar, til dømes å mette jordsmonnet med vatn, vindretning, etc.»

Dette er universitetet sitt nylegaste diagram over strålingsnivå, som bekreftar auken 15.mai og igjen 17. og 18.mai, og har auka sidan.

Blue line=metered radiation levels; red line=above normal. Source: https://www.umcs.pl/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Så UK får resultatet av sine DU-granater tilbake, det må da kalles Karma (is a bitch).
    Jeg vet dog om noen som nå koser seg, da resultatet er som det store «overordnede» målet, utrydning av mesteparten av kveget/insektene (menneskeheten) slik at «de» kan sitte igjen alene uten å måtte se alle disse b-menneskene hele tiden.

    Svar
  • Jean Valjaen
    28 mai 2023 15:01

    Fint at du kunne korrigere dette, men problemet er reelt fortsatt.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Bakhmut var et strategisk nederlag.

Ukraina står foran oppløsning.

Forrige innlegg

Fingermat for russiske langtrekkende missiler?

F-16 til Ukraina vil bli en flopp.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.