POSTED IN Krig-fred, Ukraina

Ukraina taper. Det er nå klart.

Men hvordan blir slutten i Ukraina?

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Helmholtz Smith: Kva skjer vidare i Ukraina?

Av Helmholtz Smith, 28.januar 2023. Henta frå Sonar21.com. Omsett av og henta frå saksyndig.

Eg veit ikkje kva russarane kjem til å gjere i Ukraina, og det veit heller ingen andre utanfor sin høge kommando. Men der har visseleg vore mange feile spådommar. Når ein ser vekk frå den vestlege propagandamølla (meir om dette nedanfor), ser seriøse observatørar ut til å ta feil av timinga. Vi veit at korrelasjonen av styrkar favoriserer Russland, men vi fortentar at ting skal skje raskare. Vi er einige om at Mosvka forventa noko meir kortvarig, mindre blodig og raskare i byrjinga, og vart truleg overraska over motstanden frå Kiev-regimet og NATO si høgst urovekkjande støtte. Difor fann der stad ein oppatt-gjennomgang og tilkallinga av meir styrkar. So langt er vi einige – det er timinga til det neste steget som vi ser ut til å ta feil av.

Eg har tenkt over kvifor det er slik, og har kome med følgjande konklusjonar. Men no veit alle som følgjer med at den ukrainske slagmarka er del i ein verdskrig der dei som kontrollerer det amerikanske imperiet prøver å halde på dominansen sin. For dei som står utanfor NATO si propagandaboble er det generell einigheit om at:

  1. Russland vinn både på den ukrainske slagmarka og i det breiare teateret.
  2. Tida er på Russlands side.

Fyrst den ukrainske slagmarka. Det fyrste målet i krig er å øydeleggje makta til fienden, og det gjer Russland, spesielt i Bakhmut-slakteriet. Kiev er so bestemte på å stå og kjempe her og russarane lèt dei med glede drive på slik – «artilleri erobrar og infanteri okkuperer» – og det er det vi ser her. Sakte, men sikkert avanserer dei russiske styrkane over fjell av ukrainske lik. I den siste veka har russiske styrkar byrja å avansere på andre frontar òg. Denne nedslipinga kan halde fram heilt til Ukraina kollapsar, fordi det er lettare for russarane å late fienden kome til dei enn å gå etter dei. I mellomtida øydelegg russiske missil den infrastrukturen som Kiev treng for å halde fram krigen. Tid og utviklingar favoriserer Russland, og det er ingen incentiv for å gjere «Big Arrow»-rørsler. [det obskure engelske idiomet «Big Arrow» («stor pil») tydar at alle einingar i ei gruppe er fokuserte på eitt mål; oms.komm.]

Nato går mot et kjempenederlag i Ukraina.

I den større krigen har sanskjonane som var meint å knuse Russland slege tilbake, og vi har overskrifter slik som «Inflasjon i Europa fell, men matprisar stig», og folk som frys i hel i England. Inflasjonen fell fordi behova fell, og behova fell fordi forretningar stoppar opp på grunn av prisen på drivstoffTyskland sitt PMI er i tilbakegang. [PMI = Purchasing Manager’s Index; ei oversikt over rådande trendar i produksjons- og service-sektorar; oms.an.].

Ingen (bortsett frå dei som bur i bobler i NATO) burde vere overraska – de sanksjonerte den største energieksportøren, den største korneksportøren og ein stor eksportør av kalium; forventa de at prisane skulle gå ned? Alt treng energi og alle treng mat. NATO-sameininga er på gyngande grunn med Tyrkia, Sverige og Finland. Ungarn legg offisielt merke til lidingane til ungararar i Ukraina. Ein vurderte å dele opp Ukraina. Macron mistenkjer at USA bevisst svekkjer sine europeiske allierte.

Lurte nettopp Washington Berlin til å gå inn fyrst – nøyaktig når vil Abrams gå der? NATO byrjar no å ta av sine aktive lager (Estland sluttar seg til Danmark i å sende alt artilleriet sitt). (Og, ikkje det at nokon spør, men kven sprenge Nord Stream i lufta?) Opprør og protestar over heile Europa. Kva skjer i Kiev? Dess lenger dette held fram, dess svakare blir Russlands fiendar. So i den store krigen favoriserer tid og utviklingar Russland, og der er ingen incentiv til å gjere «Big Arrow-rørsler.

Difor burde Russland halde fram med å gjere det dei gjer og halde den store styrken som reserve – ingen grunn til å endre nokon ting – det svekkjer og reduserer fiendane deira.

Men.

Kor galne vil NATO bli? Strategien deira er totalt mislykka. «Øydeleggjande sanksjonar» har ikkje fått den russiske økonomien til å kollapse, ei heller har dei styrta Putin eller fått befolkninga til å reise seg. Berre det motsette – når til og med The Economist må innrømme at Russland «klarte seg betre enn forventa», veit de at dei faktisk har det som plomma i egget. Mirakelvåpena – Bayraktar-ar, Javelin-ar, M777-ar, HIMARS, Gepardar, Patriotar og no stridsvogner – har ikkje gjort anna enn å forlenge Ukraina sine lidingar og gjere Wagner og Akhtmat Sila til dei beste urbane kjemparane i verda.

Thelma og Louise i et siste selvmords-stunt ned i Grand Canyon

Kva skjer vidare? Kan NATO reversere seg sjølv? Kan dei overleve nok eit nederlag? Eller, som Larry [Johnson] lurer på, køyre rett ut i Grand Canyon? Kva ny galskap vil dei kome med når stridsvognene mislykkast? (Kan de førestille dykk kor mykje av skaftet kjøleskap-bablarane vil gå dersom desse tinga fungerer? CNN bekymrar seg – «Tenk på propaganda-sigeren for den russiske presidenten Vladimir Putin dersom bilete dukkar opp av handikappa amerikanske stridsvogner på ei ukrainsk slagmark».)

Difor trur eg at den russiske høgstekommandoen står i ei vedvarande avgjerdsløkke. Kvar morgon vurderer dei om dei skal halde fram den noverande strategien eller byrje «Big Arrow»-rørsla for å gjere slutt på den før NATO gjer noko ugjenkalleleg dumt. Det er ein varsam balansegang.

Kort fortalt vil den russiske høgstekommandoen gjere det dei gjer, og halde tilbake reserven til dei bestemmer seg for at no er det på tid å gjere slutt på det. Og det er ei avgjerd som berre dei kan gjere basert på informasjon som berre dei kan vete.

So kanskje startar «Big Arrow»-offensiven i morgon, eller kanskje den aldri nokosinne treng å bli starta.


Forsidebilde: 13on



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 964 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Wasan Totland
    31 januar 2023 10:36

    Ukraina har/hadde nærmere 1000 stridsvogner, sies det. Hvor mye av dette er solgt?
    https://steigan.no/2015/12/ukrainsk-uppladdning-med-277-tanks-och-tungt-artilerri/

    Kan du endre tekstformatet?

    Svar
  • Henning Nielsen
    1 februar 2023 16:56

    Man hører ikke lenger så mye fra de som hevdet at russerne aldri ville skade sivilbefolkningen ved å angripe ukrainsk infrastruktur. og det er vel snart 1-års jubileum for påstandene om at russerne vinner. igjen og igjen vinner de. og så leser vi her at russerne kanskje ikke en gang trenger å starte en stor offensiv! den var ny. dersom den russiske hæren er så overlegen, hvofor klarer de ikke å åpne andre frontavsnitt? når kommer den akk så lenge annonserte offensiven i nord via Belarus? og når kommer de russiske supervåpnene til slagmarken? T-14 Armata stridsvogne for eksempel? eier Su-57 luftrommet over Ukraina? ser ikke sånn ut.

    Russerne kommer sikkert til å få en viss fremgang, skulle bare mangle, så mye motbør de har møtt de siste månedene. men de må nok over Dnjepr på bred front og okkupere hele Svartehavskysten for å kunne erklære seier. Det virker ærlig talt lite sannsynlig. Vi så jo hvordan det gikk i Kherson.

    Svar
    • Wasan Totland
      1 februar 2023 22:03

      For det første: Russlad har ikke som mål å ta Ukraina. Da hadde de gjort det for flere år siden. Det er en ting å erobre områder men en annen ting å holde på dem, det har vi sett i flere kriger. Det har vært en langvarig operasjon der en har søkt å skade færrest mulig sivile
      For det Andre: Kherson var en taktisk greie. Jeg sier ikke at russerne ikke har støtt på problemer, men jeg sier at det er vanskelig å holde en lomme på den andre siden av en barriere.
      For det tredje: Hvilke våpen og hvilke kostnader de har balansert opp imot nytteverdien ved å bruke dem er også en faktor. Hvis man ser at man maler fienden i stykker så bruker man tid og gjør akkurat det i stedet for å risikere egne styrker. Et helt annet moment er nok at en slu ringrev som lavrov har lyst til å gjøre som Erdogan ofte gjør. La Europeerne smake på en bølge av asylanter etter hvert som infrastrukturen i landet tas ut. Som en hevn for krigføring med sanksjoner. Det er vi også med på.
      Hvilke taktiske disposisjoner de gjør på slagmarken kan bunne i noe av dette men sikkert og mange flere ting. Deriblant en opprustning av våpen som vesten ikke har maken til samtidig som NATO-landene svekker sine lagre dag for dag og mangler råstoffer til å produsere nye. De har jo ikke 155mm granater igjen en gang.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Nytt RAND-dokument anbefaler USA å avslutte krigen.

«Vi må unngå en langvarig krig».

Previous Post

Hvorfor er ikke det et journalistisk tema?

Overdødelighet i land etter land.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.