POSTED IN Russland, Ukraina

Ukraina skyter på svær demning og forbereder motangrep i Kherson.

Russland innfører unntakstilstand og evakuerer innbyggere.

0
Print Friendly, PDF & Email

Vi er foret med en så ensidig og tildels villedende og løgnaktig dekning av krigen i Ukraina at det er fristende og nødvendig å presentere fra motpartens standpunkter. Vi har hele tiden hevdet at krigen kunne vært unngått, men det er en krig USA i svært lang tid har forberedt og har ønsket. Deres mål er å stykke opp Russland som motstander på det globale sjakkbrettet slik der framgår av både boka til Bill Clintons sikkerhetsrådgiver Zbigniew Kazimierz Brzeziński i boka «The grand chessboard» (Det store sjakkbrettet) og fra Rand-dokumenter som klart uttaler denne målsettingen.

Begge deler ser for seg og signaliserer et verdensdominerende USA, men forutsetningen er at de største motstanderne svekkes og det er Russland og Kina. Uten dette som bakgrunn er det umulig å forstå det som nå skjer i Ukraina. I praksis er dette nå en krig mellom Nato og Russland i Ukraina med ukrainske soldater, men alt annet stort sett fra Nato.

Knut Lindtner
Redaktør

Fort Kherson – kva er i vente for byen og innbyggarane der?

War on fakes.com  20.10.2022

Kherson er i ferd med å bli gjort om til eit fort. For å forhindre at dei lokale innbyggarane skal miste livet i krysselden, vil dei bli evakuerte til tryggare område eller til andre regionar av Russland. Vladimir Saldo, regionens guvernør, snakka om dette i går, og Sergei Surovikin, kommandant for den russiske grupperinga i spesialoperasjonssona, stadfesta at dette var eit nødvendig steg for å lykkast i å avverge angrepet frå Kiev og forsvare byen. Vladimir Putin innførte i dag unntakstilstand både i Kherson-regionen, Saporosje, Folkerepublikken Lugansk (LPR) og Folkerepublikken Donetsk (DPR), og gav leiarane for desse territoria tilleggsfullmakter til å innføre tryggingstiltak. Vi kjem med fleire detaljar om situasjonen.

Russland venter ukrainsk angrep mot Kherson

Den ukrainske regjeringa brukar terroristiske metodar i krigføringa si, skyt mot sivile og bombar reint sivile mål. Vladimir Putin sa det i dag då han talte til FNs Tryggingsråd. Han sa også at det ville bli innført unntakstilstand der for å auke tryggleiken til territoria i grenseområda mot Ukraina, og at leiarane for desse regionane vil bli løyvde ekstraordinære fullmakter. Presidentdekretet vil stipulere fleire nivå av respons på sikkerheitsrisiko som måtte oppstå. Det vil også bli oppretta eit særråd, leia av statsminister Mikhail Misjustin, til å koordinere alt arbeidet.

Dagen før sa Sergei Surovikin i eit intervju på russiske TV-kanalar at Kiev heller ville føre krig med forbodne metodar. Det russiske forsvarsdepartementet ser ikkje bort ifrå at Ukrainas væpna styrkar vil prøve å øydelegge vasskraftsverket i Kakhovskaja.

Dei ukrainske væpna styrkane skyt med jamne mellomrom mot Antonov-brua og den hydroelektriske demninga, og gjer alt dei kan for å skjere av forsyningane til regionen. Samtidig manglar dei ukrainske militære kommandantane alt som minner om bekymringar om sivile tap.

Ifølge generalen er situasjonen i Kherson farleg for innbyggarane der no, der er vanskar med matforsyning, og der er problem med vatn og elektrisitet.

Putin innfører unntakstilstand i Kherson

Det er grunnen til at ein tok avgjerda om å evakuere innbyggarar frå territoria som er i risikosona. Ifølge Sergei Surovikin vil dei russiske væpna styrkane sikre trygg transport til temporære opphaldssenter, og deretter vil folk kunne bruke programmet for omplassering til å kome til ro igjen. Det vil bli bygd defensive forsvarsverk i områda folk blir evakuerte frå.

«Denne avgjerda vart framskunda av opprettinga av defensive forsvarsverk i stor skala, slik at alle angrep kan avvergast. Det er ikkje plass til sivile der militæret opererer. La den russiske arméen gjere jobben sin,» seier sjefen for Kherson-regionen.

Han seier og at vasskraftsverket Kakhovskaja har byrja sleppe ut vatn for å hindre oversvømming.

Bekymringane til Forsvarsdepartementet og dei regionale autoritetane var ikkje forgjeves. I dag bomba dei ukrainske væpna styrkane området. Fem missilar vart skotne ned av russiske luftforsvarssystem. I tillegg starta den ukrainske arméen ein offensiv nær Berislav med to infanteribataljonar og ein stridsvognsbataljon.

Militærekspertar er einige om at dei rette tiltaka er gjort av dei sivile og militære autoritetane, og meiner hovudproblemet for Kherson-regionen er at den kan bli avskoren frå den andre delen av Russland.

Hovudproblemet med å forsvare Kherson-regionen er at byen er avskoren frå forsyningsruter. Med alle dei skadde bruene dit, blir alle forsyningane dit – både til befolkninga og grupperinga – avhengige av ferjer som den ukrainske arméen også prøver å råke.

Evakueringa av befolkninga vil ikkje berre verne dei mot skytsen, men også gjere at ein kan prioritere militære forsyningar og betre førebu eit forsvar. Kherson vil ikkje bli overgitt; det finst ikkje tvil om. Og sjølv om ukrainarane skulle lykkast i nokre av prærie-områda til regionen no, vil det ha vore temporære suksessar etter at utplasseringa av dei mobiliserte reservane til den russiske arméen er fullført,» fortalde militæreksperten Dmitriy Boltenkov avisa Izvestia.

Sergei Surovikin sa det same dagen før. Han sa og at den russiske arméen ikkje strebar etter raske framsteg, sidan dei tar omsyn til kvar soldat, og metodisk «kvernar ned» den framrykkande fienden, og med det minimerer tapa av krigarar og hindrar sivile tap.

Det vi veit om relokasjonen

Sidan i dag tidleg har ferjene starta opp att i Khersons elvehamn, og transporterer innbyggarar av Berislav, Belozersk, Snigiryov og Aleksandrovsk til andre sida av elva Dnepr, der ein fasilitet for temporært opphald har blitt opna. SMS-varsling for tiltak er sett i verk i regionen.

Personale frå Det russiske departementet for krisesituasjonar er på vakt ved dette senteret for å hjelpe dei som kjem for å puste ut og bestemme seg for kor dei vil slå seg til ro. Det er planar for transport av 50-60 tusen menneske.

Lokale styresmakter seier Kherson-innbyggarane har tatt situasjonen med mot, og at alt går normalt. Mange menn uttrykker eit ønske om å gå inn i ein frivillig bataljon og forsvare heimlandet sitt.

Ifølge Jevgeny Melnikov, sjefen for det regionale ONF i Kherson-regionen, blir nokre folk frakta til byen Alesjki og andre til Golaja Pristan. Bussar for over tusen personar ventar på dei der. Kan spesifiserer at det i framtida vil bli ein flyt til Krim, Rostov, Krasnodar og Stavropol-regionane.

Som visestatsminister Marat Khusnullin tidlegare har sagt, vil folk motta flyttehjelp, men óg hjelp med innkvartering i andre regionar av landet, dersom dei ønsker å delta i omplasseringsprogrammet.

Ifølge Vladimir Saldo vart slike tiltak gjort på grunn av den spente situasjonen på kontaktlinja og ein auka trussel om eit massivt missil- og artilleriangrep frå dei ukrainske styrkane. Restriksjonane vil vare i ei veke.

Omsett, og noko avkorta, av Monica Sortland. Linker i originalsrtikkelen

Forsidebilde: Wikipedia

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Kroatisk medlem av Europaparlamentet:

EUs vaksinekjøp – verdens største korrupsjonssak.

Forrige innlegg

Illusjons-tenkningen fortsetter.

EU/USA på full fart i luftig svev mot bunnen av Grand Canyon.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.