POSTED IN Endring av politikken, Økonomi

Tyveriene av russiske verdier slår nå tilbake.

Stadig flere land flytter gullet hjem igjen.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Sentralbankar hamstrar gull etter frysing av russiske eigedelar

Anti-Russland-sanksjonane held fram med å slå tilbake på Vesten.

Av Ahmed Adel, Kairo-basert geopolitikk og politisk økonomi-forskar

Etter dei Vestlege sanksjonane som fraus russiske eigedelar i utlandet på grunn av den spesielle militæroperasjonen i Ukraina, føretrekker suverene investorar no å hamstre fysisk gull framfor derivat eller aksjeindeksar (ETF, exchange traded fund, børshandla fond som har «fleksibiliteten til aksjar og risikospreiinga til indeksfond»). 

Ifølge ein inspeksjon av sentralbankar publisert den 9. juli, ønsker mange land å bringe sine fysiske gullreservar heim att for å unngå sanksjonar på sin utlandskapital av den typen Russland fekk.

I 2022 aleine gjorde sentralbankar verda over rekordstore innkjøp av gull, ein trend som vart repetert under første kvartal av dette året, ifølge ei gransking utført av kapitalforvaltaren Invesco. Kina og Tyrkia stod til saman for nesten ein femtedel av desse oppkjøpa.

Åtvaringa frå USA og andre land i Vesten som bestemde seg for å fryse russiske eigedelar – og framleis ser etter juridiske metodar til å rettferdiggjere ranet sitt – fekk finansinstitusjonar til å kjøpe fysisk gull i staden for derivat eller fond.

Invesco-granskinga fann at 68% av sentralbankane heldt delar av gullreservane sine i heimlandet, opp frå 50% i 2020. Granskinga viste at det talet er venta å ha stige til 74% om fem år.

Gull regnes som et av de sikrete betalingsmidler.

Kort tid etter at Moskvas spesielle militæroperasjon starta, annonserte Den europeiske unionen, USA og andre G7-land at dei ville legge sanksjonar på Russlands sentralbank og hindre den i å få tilgang til rundt 300 milliardar dollar den hadde i utlandsreservar. 

Mot dette bakteppet nådde den globale etterspurnaden etter gull på 4741 tonn i 2022, det høgaste sidan 2011, og opp frå 3678 tonn i 2020. Ifølge World Gold Council, dreiv dette sentralbankar til å kjøpe og auka interessa til investorar. Men medan det har vore ein sterk etterspurnad etter fysisk gull, har det vore ein kombinert utgåande straum av gull-ETF’ar på nesten 300 tonn i 2021 og 2022.

Dette er viktig særleg for land som prøver å lausrive seg frå Washingtons pengeutpressing, spesielt med tanke på dei hundretals milliardane dollar av russisk eigedom som vart utilgjengeleg i utlandet i 2022, etter at Ukraina-krisa gjekk over i ein proksykrig mellom NATO og Russland.

Belgias statsminister, for sin del, annonserte den 30. juni planar om å sanke inn 3 milliardar euro årleg i valutagåver (windfall revenues) frå frosen russisk eigedom i landets pengeskrin, for å gi dei til Ukraina til «gjenoppbygging».

«Vi arbeider med ein valulagåve-skatt,» fortalde Alexander de Croo til reporterar etter eit møte med andre EU-leiarar under blokkas toppmøte i Brussel.

Dagen før toppmøtet forklarte De Croo at Belgia var «veldig involvert» i saka, fordi meir enn 90% av den russiske eigedommen som er frosen under EUs jurisdiksjon er plassert i belgiske bankar.

Dobbelt tyveri

Europakommisjonen anslo i mai at blokka hadde frose eigedom for meir enn 200 milliardar euro som tilhøyrer Sentralbanken i Russland, i tillegg til 24,1 milliardar euro som tilhøyrer selskap og finansfyrstar og andre russiske einskildpersonar.

Dersom dei går vidare med denne planen, vil det utgjere eit dobbelt ran – først ved å legge beslag på pengane, og deretter ved å hindre Russland i å samle sine renteinntekter av dei. Ranet blir forverra med fornærming, sidan pengane skal givast til å finansiere Kiev sin krig mot Russland; og dersom pengane såleis blir overførte etter ordre frå EU-medlemsstaten, vil det vere ei krigshandling, ettersom eit land som gir finansiell støtte til eit anna land [som er i krig] etter Folkeretten kan oppfattast som ein part involvert i krigen.

Eit slikt ran ville utgjere eit openbert brot på FN-pakta, og for EU-medlemsstatar ville det underminere retttsveldet i Europa, for om dei kan gjere det mot Russland, så kan dei gjere det mot eigedelane til kven som helst. Planen viser at i praksis er ingen beskytta, og at kontraktar mellom kundar og bankar i Vestleg jurisdiksjon i prasis ikkje betyr noko, fordi dei fritt kan brytast, av kva grunn som helst.

Det truar i sin tur openbert med å underminere truverdet til Vestlege bankar blant utlandske innskytarar. Som Invesco rapporterte, kjenner ein no etterverknadane av denne typen politikk når fleire land no i staden vel å sjølv ta vare på gullreservane sine.

«Vi har no overført gullreservane våre tilbake til vårt eige land for å halde dei trygge – rolla dei no speler, er å vere ein trygg-hamn-eigedel,» fortalde ein ikkje namngitt sentralbank i Vesten til Invesco, og la til at dei auka gullbehaldninga si for åtte-ti år sidan, den dei brukte å oppbevare i London.

Dette var dei langsiktige etterverknadane av sanksjonane mot Russland og frysinga av eigedelane deira som mange ekspertar hadde åtvara om. Men det var venta at det berre ville vere ikkje-Vestlege land og -institusjonar som ville bli mistenksame mot Washington, London og Brussel, så det demonstrerer kortsyntheita til politikken deira når sjølv institusjonar i Vesten har blitt mistenksame.

Omsett av Monica Sortland

http://infobrics.org/post/38825/



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 830 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • «Stadig flere land flytter gullet hjem igjen»

    Det gjorde jo også Gadaffi/Libya. – For å understøtte den nye valutaen for det afrikanske kontinentet; Libyske Gulldinarer. Som en konkurent til de amerikanske bankene/FED, som hadde røvet på dette kontinentet i tiår etter tiår.
    Hjalp det?
    Nei.
    Nato-Stoltenberg/Norge tok oppdraget. ( For å bli Nato-sekretær)
    600 bomber ( med Norges ‘forsvars’-fly !) fra 10 000 fot gjorde susen.
    30 000 sivile og den enorme gullmengden som Libya hadde hentet hjem forsvant.

    Hva skrev media i Norge om røveriet?
    Stort sett INGEN TING.
    Protesterte norske politikere?
    Mistet Norge retten til å dele ut Nobels Fredspris?
    Ble Stoltenberg arrestert for å bryte norsk Grunnlov?
    Ble terroristpartiet Ap forbudt?

    😉

    Svar
    • Dessverre forsvant porten til Middelhavet også. Med de tusenvis av døde i skrøpelige farkoster over Middelavet dette innebar. Tillat av USA sine nye makthavere i Libya.
      Og Norges dyd forsvant.
      ( Nå er det lettere å bli med på USA sine økonomiske & miliære kriger w.w. )
      Og dyden til en del skandinaviske jenter.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Vladimir og Volodymyr:

Kanskje de bør skjerpe seg og bære navnet sitt med rette?

Previous Post

Er skolen en propaganda-institusjon?

Grove feil i lærebok om klima.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.