POSTED IN Diverse

Tysk virolog om Korona:

Frisk luft og sol er tingen – ikke portforbud.

0
Print Friendly, PDF & Email
Renommert virolog om korona-krisa:

«Portforbod er feil metode»

av Tilo Gräser

for Sputniknews den 20. mars, 2020

Den internasjonalt anerkjente virologen Karin Mölling åtvarar mot skjerpa tiltak som følge av Korona-krisa. Til Sputniknews forklarer ho korleis ho vurderer situasjonen, kva ho meiner om eit mogleg portforbod og kva den einskilde kan gjere.

Prof. Dr. Karin Mölling, fødd i 1943, er ein internasjonalt kjend virolog og AIDS-forskar.

Professor Mölling, du er ein respektert virolog som har vunne prisar for arbeidet ditt. Du har publisert ei bok om virus. Korleis vurderer du situasjonen vi no har med viruset SARS-Cov 2 (Covid-19)? Kor farleg er dette koronaviruset?

Dette viruset har ført til ein pandemi, det vil seie at det er svært smittefarleg og finst i mange land. Men viruset forårsakar ikkje alvorleg sjukdom. Det finst eit søskenbarn av dette viruset, Mers-korona, hos kamelar. 37 prosent av infiserte kamelar døyr. Og så har vi Ebola-viruset: dei som er infiserte har opptil 90 prosent sjanse for å døy. Desse storleiksordenane er ikkje tilfellet her! Talet på infiserte menneske og eksakt dødsrate er ikkje heilt kjent. Derfor svingar dødsraten, men den er låg.

Eg har ei kjensle av at det som skjer akkurat no, er det same som vi opplever meir eller mindre kvar vinter. Det opplevde vi særleg med influensaen for to år sidan. Då var ikkje enno testen for SARS-Korona 2 kjent. Det kan godt vere at dette viruset spelte ei rolle. Ingen veit. Vi har no ein vintersesong som er noko forseinka. Influensaen er allereie avtakande og SARS-Korona 2 er framleis stigande. Smittefaren er høg. Men sjukdommen er, etter mitt syn, ikkje så lei som influensa; då eg hadde det, trudde eg eg skulle døy. Alle eg har treft som har hatt infeksjon av SARS-Korona 2, seier at den ikkje er slik.

  • Du har også i tidlegare intervju appellert til å sette hendingane kring SARS-Cov 2 i proporsjon. Du viste også til dei rundt 25 000 dødsfalla [i Tyskland] frå influensabølga i 2017/18. Korleis skal vi forstå det? Korleis skal dette plasserast i ein kontekst?

Eg trur ein faktisk berre selektivt ser på éin ting her, og fyller denne med ein viss panikk. Du blir no fortalt kvar morgon talet på SARS-Korona 2-dødsfall. Men dei fortel ikkje kor mange som allereie er infiserte med influensa denne vinteren, eller kor mange dødsfall dét har forårsaka.

Flere dør av multiresistente bakterier uten at det reageres på det

Denne vinteren er influensaen ikkje alvorleg, men kring 80 000 er infiserte. Slike tal får du ikkje i det heile. Noko liknande hende for to år sidan. Dette er ikkje sett inn i rett kontekst. Kvar veke døyr ein person i Berlin av multiresistente bakteriar. Det er i året rundt 35 000 i Tyskland. Dette blir ikkje nemnt i det heile. Eg trur vi har hatt liknande situasjonar mange gongar, og at tiltaka no går for langt.

  • Politikarane viser til virologar som t.d. Professor Christian Drosten når dei set i verk tiltaka som no blir implementerte, og som kraftig innskrenkar livet til folk. Men du synst desse tiltaka er blåste ut av proporsjonar. Korfor?

Dei er overdrivne! Herr Drosten er ein svært dugande vitskapsmann. Han kjenner også tala betre enn andre. Og han utvikla testen. Testen fekk oss til å skjøne at folk ikkje berre har influensa, men også eit anna virus. Men herr Drosten tar ikkje avgjerdene. Han seier: kanskje, kanskje ikkje! Og han held seg unna spådommar. Han var, i det minste i byrjinga, ikkje for å raskt stenge skulane. Sidan skal han ha sagt seg positivt innstilt til det, og at det ville vere passande. Også blant virologar rår det ulike meiningar. Blant desse finst fanatikarar; dei kan vi her sjå bort ifrå. Robert Koch Institute pressar litt sterkare på. Det er ein helseautoritet med annleis struktur enn vitskapen sin.

På onsdag høyrde eg at herr Wieler frå Robert Koch Institute ventar at ti millionar menneske vil bli smitta. Eg må seie: dei infiserte er ikkje det store problemet. Ein må verne om dei gamle! Og dei store infeksjonsknutepunkta. I tvilstilfelle seier virologien isolasjon, avskjerming. Vi gjer det på flyplassar. Men kor langt det må gå i privatlivet, på restaurant, i familien, i barnehagen og, framfor alt, på leikeplassar – der ser eg ikkje ei slik nødvendigheit som kollegaene mine kanskje gjer.

Immunitet bygges opp ved at folk smittes. Det er eldre og utsatte syke som må vernes.

Eg set grensa ved dei eldre. Eg er også rekna blant dei. Eg meiner at ein kanskje ikkje burde gjere så mykje mot unge folk som festar i hop og infiserer kvarandre. Vi lyt bygge immunitet på eitt eller anna vis. Korleis skulle det gå til utan kontakt? Dei yngre taklar infeksjonen mykje betre. Men vi lyt verne dei eldre, og verne dei på ein måte som tålar gransking; er det fornuftig det vi no gjer, å strekke ut epidemien på ein måte som paralyserer heile verdsøkonomien?

  • Betyr det også at barnehagar, skular og restaurantar ikkje hadde trengt nedstenging, slik som no er tilfellet? Det snakkast no om eit mogleg portforbod.

Det kjem like sikkert som amen i kyrkja. Vi blir no mjuka opp for det. [Ministerpresident for Bayern] Söder sa det på torsdag. Kansler Merkel ville heller ikkje utelukke det, men ho brukte ikkje det ordet. Ho snakka om «augnemål». Augnemål er i mine auge noko anna. Tala blir leverte av Robert Koch Institute. Så sit du der som lyttar eller tilskodar: 20 daude igjen, kor skrekkeleg! Veit du når eg byrjar få panikk? Om det blir 20 000. Då kjem vi i nærleiken av det som skjedde heilt i det stille for to år sidan. Influensaepidemien i 2018, med 25 000 dødsfall, uroa aldri pressa. Klinikkane laut takle 60 000 pasientar ekstra, men det var heller ikkje noko problem for klinikkane!

  • Men det blir brukt som eit argument. Politikarane seier: Vi vil hindre 20 000 dødsfall. Det er derfor vi no lyt intervenere drastisk i samfunnslivet.

Eg seier deg: Ingen gjorde det for to år sidan. Kor er nødvendigheita no? Er det berre ein imitasjonseffekt på det som skjedde i Kina? Eg ser det som no skjer i forhold til andre situasjonar. Eg veit folk fortel meg: influensa er noko anna enn denne sjukdommen. Men influensa er ein veldig alvorleg sjukdom, la det vere klart. 25 000 dødsfall er ei tung byrde som vi helst ville sleppe. Men klinikkane takla det. Og no er dei redde for at klinikkane ikkje skal takle det, vi treng fleire pustemaskiner, men har kvitta oss med 4 700 sjukepleiarar. Det vil bli komplisert nok, produsentane greier ikkje levere så raskt.

Helsepersonell og utstyr er en nøkkelfaktor. Effektiviseres systemet (gjennom reduksjoner i personell og utstyr) får en kortsiktig gevinst, men akuttberedskapen svekkes samtidig.

Dei ønsker strekke det heile ut i tid. Håpet mitt no kvilar på dei raske testane til Hoffmann-La Roche. Dei har alltid hatt dei raskaste og beste testane. Eg hjelpte til med utviklinga av den raske influensatesten i Zürich, og testa den på pasientane mine. Når den testen kjem, vil lufta snart gå ut av ballongen. Utvikling av vaksinar vil ta minst eit år. Det første som må gjerast er ein rask test. Eg var HIV-forskar og svært involvert i desse tinga. Raske testar hjalp mykje. Om alle veit at det berre er ikkje-infiserte folk på flyet eller toget, så kan du sitte i fred, trygg på at du ikkje vil bli ringt opp i morgon med beskjed om 14 dagars karantene kor som helst i verda.

Det er jo den største frykta: sjukdommen blir presentert som ein frykteleg sjukdom. Sjukdommen i seg sjølv er som influensa ein normal vinter. Den er til og med svakare den første veka. Problemet med denne SARS-Korona 2-epidemien, er at den dei første fjorten dagane ikkje har merkbare symptom: folk merkar ikkje at dei har viruset og infiserer andre.

  • Ein viser alltid til Italia som døme, der mortaliteten seiest å vere signifikant høgare i forhold til andre land. Korleis ser du på det?
Lombardia er den mest luftforurensete regionen i Italia

Du sa det rett. Vi veit ikkje! Tala skal vere større, men vi veit ikkje sikkert. Der er to virus i Italia. Ein journalist frå avisa La Repubblica viste til eit svært forskjellig familieliv i Italia, der folk brukar mykje tid i lag og såleis infiserer kvarandre lettare. Kanskje er heller ikkje helsesystemet i landet like godt som vårt. Eg veit ikkje. Lombardia står på listene som ein av dei verste industrielle regionane når det kjem til luftforureining, anna ureining og andre parametrar. Eg har publisert studiar om luftforureining i Kina. I dei studiane vert det alltid trekt samanlikningar mellom Kina og T-bana i New York og [den italienske provinsen] Lombardia. No kan ein spørje: Er tala feil i Italia, er dei ni dagar før oss i epidemien? Kva veit vi om kor mange som er testa? Kor lenge har testane vore tilgjengelege? Du kan sjå på vekstkurvene og finne ut kor du står. Det er framleis i vekst hos oss. Men kor store er mørketala på infiserte i Italia? Om talet er hundre gongar høgare, er dødsraten den same som til vanleg.

  • Korleis vil du vurdere situasjonen i Kina, der viruset kom frå og sjukdommen det forårsaka oppstod? Dette blir no ofte brukt som døme på kor godt ein kan takle slikt.

Slike infeksjonar, også influensa, kjem ofte frå Kina. Det har, når det gjeld influensa, sine bestemte årsaker. Viruset oppstår av ein eksplosiv miks av virus frå svin, fuglar og menneske. Det er ikkje tilfellet denne gongen, men likevel kjem det nye viruset frå Kina fordi virus oppstår i befolkningstette område. Ebola heldt seg alltid i jungelen før den auka mobiliteten: reising, skip, tog, reiser til vekentlege marknadsplassar og skular. Og så vart Ebola plutseleg funne i tre land. Mobilitet er årsaka. Ved nyttår måtte Kina reagere den, ettersom hundretusentals ville ha reist dit for nyttårsfeiring [Den 31.desember, 2019 melde dei inn 44 tilfelle av lungebetennelse med ukjend årsak til WHO, mrk.]. Det var eit problem.

Forurensingen i Kina fører til svekkete lunger hos mange

Der er to infeksjonsratar: i Wuhan City er den ti gongar høgare enn i dei kringliggande områda. Der er skilnadar mellom by og land. Korfor? Det kjem av populasjonstettleiken, luftforureininga, tettbygdheita. I Kina sitt tilfelle nemnast aldri luftforureininga frå industrien, som framleis delvis finst i byane. Då eg var i Beijing for to år sidan var det også avhengig av tidspunktet på dagen, og vinden, kor sterk luftforureininga var. Folk i Kina har alle hoste. Dette kallast for Beijing-hosten. Det er ein hoste dei har fordi lungene deira er skadde av luftforureining. Men den er ikkje forårsaka av virus, men av støvpartiklar. Dét er ein faktor eg aldri har lese om nokon plass. Men eg var i Kina, og eg skreiv ei avhandling om det. I tillegg må ein seie: der er tusentals menneske som bur i skyskraparar, og skyskraparane står tett på kvarandre. Det er som ein landsby med 10 000 menneske i éi lita blokk. Om dei alle går ut, er det ein risk for smitte. Men inne er sjølvsagt risikoen for infeksjon i romma gigantisk. Interiør er mykje meir smittefarleg enn frisk luft ute. Portforbodet kan faktisk ha negativ effekt. Vi kan ikkje samanlikne oss med Kina. Smog, befolkningstettleik og liknande. Kina har ein forskjellig struktur. Den liknar ikkje den vi har.

  • Så portforbodet som blir oftare og oftare nemnd…

Ja, det er det eg snakkar om. Det er det einaste eg er redd for. Det er gale! Det er derfor eg engasjerer meg. Det er det einaste området der ein framleis kan putte ånda tilbake i flaska. Dei andre tinga har allereie skjedd, korfor skal eg øse meg opp? Vi treng luft og sol. Luft tynnar ut virusa, og sola drep dei med UV-lyset sitt. Men berre ikkje portforbod! Du blir ikkje infisert på gata!

Frisk luft og sol er tingen. Hva med hytteforbud i denne sammenhengen?

Elles håpar eg på raske testar. Men dei er vanskelege å lage. Du må gå igjennom ei godkjenning, sjekke om dei tilfredsstiller krava. Så vidt eg veit har ikkje SARS-Korona 2 testane blitt godkjende, ikkje verkeleg uttesta. Kinesarane korrigerte til og med testane sjølve. Det er også ei vanskeleg oppgåve. Personalet må vere kompetente til å gjere det.

  • Du åtvarar også mot skremselpropaganda, som du har sagt i intervju. Kva slags rolle spelar media i alt dette, etter ditt syn?

Eg trur vi har hatt ein ny situasjon i eit par år no. Det var ikkje slik med SARS-Korona 1. Det nye er måten unge får informasjon frå kvarandre på. Det endrar verda vår. No er alle opplærte i virologi. Eg tenker det er fint og godt. Handvask er bra også i framtida. Å nyse inn i armkroken var noko eg introduserte i Zürich for ti år sidan. Alt dette er bra, meiner eg.

Men det at ein utan omsyn rapporterer dei individuelle dødsfalla og talet på infiserte, i dag 16 daude, i dag 1000 fleire smitta, det skapar frykt. Vi vert presenterte for tal som verkar skremmande. Dei set ikkje tala i relasjon til andre tal. Så fortel drosjesjåføren min meg at han vil gå til grunne om han blir nøydd til å stenge ned drosjeverksemda si, og at han like godt kan gå og henge seg. Ein lyt ta det med i rekneskapen og. Eg er ikkje økonom. Eg berre høyrer kva folk seier. Dei seier alle: Gjer noko! Eg ønsker berre hindre portforbodet.

  • Kva går du inn for? Kva slags alternativ ser du, og kva kan den einskilde som ikkje nødvendivis ønsker følge skremselskampanjen, gjere?

Eg fekk spørsmålet på TV om kva eg tenkte om gamle folk som går på tur. Eg kan berre seie: Ja, dei bør gjere det. Frisk luft er bra, det tynnar ut virusbestanden; kven som helst kan skjøne det. Den andre tingen som er bra med det, er sola. Ultrafiolett lys drep virus. Dette er bra på barna sine leikeplassar; det er bra for barna når dei driv utandørssport. Det er bra å vere ute! Å vere meir ute, er det beste.

Det som gjenstår å gjere er ansiktsmasker. Virusa er små og kan penetrere mange ting. Eit munnvern vernar mot dropeinfeksjon. Korfor bør du halde ein avstand på 1,5 meter? Berre av dén grunn. Viruset aleine reiser ikkje så langt. Viruset sit på smådropane av spytt. Når eg går på shopping med eit stilig sjal, legg eg sjalet over munnen og nasa, gjer unna shoppinga, snakkar ikkje for mykje, går deretter ut og drar ned sjalet – alle burde gjere det slik! [Trenaren for landslaget i fotball] Jogi Löw gjorde det på TV for nokre dagar sidan: når han snakka med nokon, drog han eit lite, svart sjal frå halsen til over munnen og deretter tilbake – men ikkje høgt nok. Han skulle ha verna om nasa si og.

Det er framfor alt viktig å isolere og beskytte dei gamle. Så: frisk luft og UV i størst mogleg mengd. Vidare opne barnehagar og skular i staden for å kaste dei unge familiane ut i kaos. Skulen er den beste staden å samle dei alle, og der du veit korleis smittekjeda fungerer. Der kan du kontrollere det, og du kan reagere. Unge menneske går alle ut og et iskrem i dag. Nei, dei må drikke noko varmt! Det trenger jo ikkje igjennom i det heile tatt.

Og under ingen omstende portforbod! Folk bør gå på restaurant, på eigen risiko. Når veret er fint kan du ikkje stenge folk inne. Eg høyrer det i familien: kor kan barna gå i fint ver? Du kan berre gjere det i ei veke, eller høgst to. Immunitet må også byggast opp, berre kontakt lar dét skje.

  • Du skreiv ei bok om virus som «livets supermakt». Er det ei veldig farleg supermakt, slik no somme ser det? Nyleg las eg Richard Preston sin faktabaserte thriller Hot Zone om Ebola-viruset. Kva er eigentleg virus, om du kort kan forklare det?

Boka er ikkje slik meint, den handlar ikkje om store farar. Virus høyrer med til livet vårt, slik også mikroorganismar og bakteriar gjer det. Dei har funnest lenger i verda enn vi har. Virus er så fleksible og tilpassingsdyktige, og så oppfinnsame. Dei hjalp til med å lage oss. Eg plasserer dei på botnen eller veldig tidleg i evoulusjonen. Det vi ser i desse dagar er hurtig-evolusjon. Virus er dei sterkaste og raskast utviklande elementa i verda. Dei utgjer også den største populasjonen i verda: 10 opphøgd i 33 [1 kvintilliard, mrk.]. Talet er mykje større enn talet på stjerner på himmelen go på sandkorn på stranda. Dette kolossale talet på virus gjer deg i prinsippet ikkje sjuk. Det finst berre kring 250 virus som potensielt kan gjere seg sjuk.

Viruset vil ikke forsvinne

Sjukdommen oppstår gjennom menneskelege parametrar. Også i dette tilfellet er det absolutt slik, og det vil skje oftare. Viss du stenger folk inne i stovene sine, vil ikkje viruset gå under, men heller gå over på hundar og kattar. Det finn alltid ein utveg. Det greier vi ikkje stoppe. Viruset er kome for å bli, det kjem ikkje til å forsvinne. Det er min prognose.

Det finst Zika-virus og feberviruset vestnilvirus, som spreidde seg frå New York til San Francisco på fem år, frå ein einskild fugl som fall daud frå himmelen i New York. Virus er svært tilpassingsdyktige og lette å endre. Korona-viruset er ikkje det verste, for det har eit korrektursystem som liknar mennesket sitt, på ein måte som korrekturlakk for genomet. Viruset er så stort at det ville sjølvdestruere dersom det skulle mutere for mykje. Virus er nesten ein art, ikkje berre ein type. Vaksinasjon vil derfor heilt sikkert ikkje bli enkelt. Dei kan også berge oss. Eg skriv for tida på ei ny bok om virus vi kjenner som bakteriofagar, som kan drepe bakteriar. Det gjer dei når dei formeirar seg. Så kanskje vil dei ein dag danne ein allianse med oss for å nedkjempe multi-resistente bakteriar. Dét vil bli vår neste store utfordring.

Omsett av Monica Sortland

Bilder m/kommentarer er lagt ut av Knut Lindtner

Forsidebilde v/Vladimir Kush

Artikkelen (originalen, på tysk) kan lesast her: https://de.sputniknews.com/politik/20200320326645709-virologin-ueber-corona-krise/ eller på engelsk her: https://midtifleisen.wordpress.com/2020/03/21/the-voice-of-reason/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Terror:

Er den som inspireres av Koranen mer akseptabel enn den høyreekstreme?

Forrige innlegg

Kina/Cuba og Venezuela sender helsehjelp til Korona-land.

USA forsterker straffetiltak.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.