Trumps Last Stand



President Trump blei bestemt slått, om ikkje ærleg og reieleg. Håpa til millionar av amerikanske veljarar blei knuste og utrydda. Sagaen om Den orange mannen er over. Sigersherrane brukte ein gambit [opning i sjakkspel der det blir ofra brikke(r) for å få ei god stilling, mrk.]: dei ofra ukrenkelegheita og tryggleiken til parlamentsbygget Capitol, lét inntrengarar sleppe inn, lét dei ta selfiar i kontoret til Speaker’en, og simulerte deretter redsel og raseri. Forsøka på å be om transparens blei sleppte lufta ut av i sanntid når svære folkemassar blei spreidde for alle vindar, valmenn blei stadfesta, Biden si oppstigning sikra, medan Trump sine tilhengarar fekk stempelet ‘innanlandske terroristar’.
Donald Trump fordømde dei folka han sjølv hadde bede om å protestere. Hans nære politiske allierte trekte tilbake støtta si. På få timar, eller til og med minutt, blei denne verdsherskaren, beundra av millionar, til ein ikkje-person. Likt ein gut som postar obskøne innlegg, blei han utestengt frå Twitter og Facebook. Tida vil vise om han blir sendt i fengsel, slik mange Demokratar ber om, men det ser ut som hans politiske liv har fått sin ende, sjølv om saka hans kanskje lever. Kortstokken var rigga imot president Trump allereie frå dag éin. Ordrane hans blei ignorerte. Domstolar, dommarar, politi, heile rettsvesenet var imot han; ordrane hans blei blokkerte eller kollkasta, samstundes som media gjorde narr av han, og opposisjonen nådelaust delegitimerte han. Han blei til og med blokkert av Fox News. Demokrat-drivne delstatar justerte på lovene sine for å sikre valresultata. Trump var ein ‘lame duck’ heilt frå han starta som president til den bitre enden. Han blei halden i stramme tyglar av den allmektige Djupstaten, og når han prøvde å fri seg, trekte dei strammare til.



Den 6. januar samla det seg ein massiv demonstrasjon til støtte for han i Washington, DC. Hundretusentals amerikanarar kom til hovudstaden for å kreve rettferd etter at valjukset hadde blitt openlyst. Dei håpa at dei Republikanske representantane ville nekte å sertifisere jukset og utnemne ein kommisjon til å kontrollere og telje om att stemmene. Nokre av dei som protesterte greidde å bryte seg gjennom og inn i Capitol, eller blei letne inn av politiet. Denne fredelege Occupy Capitol-aksjonen, utøvinga av ein naturleg rett til å protestere, blei møtt med dødeleg skotløysing, og ein ung, kvinneleg protestmakar frå San Diego, Ashli Babbitt, blei myrda av dei uuniformerte politifolka. Republikanar-representantane blei motlause og overgav seg; Biden vart stadfesta som ny president.
Redsla og raseriet til Demokrat-politikarane og media var like tilgjord som nyheitene deira. Under fjoråret blei mange regjeringsbygg tatt over av Demokrat-sponsa BLM-aktivistar [Black Lives Matter, svarte liv tel], og ikkje i eit einaste tilfelle brukte politiet dødelege våpen eller ein gong jaga protestmakarar ut av bygg.
“Kort etter klokka 8 onsdag kveld samla hundretals demonstrantar seg utanfor den stengde King Street-inngangen til Capitol og ropte «Riv ned døra!» og «Generalstreik!». Kort etter oppgav politiet kontrollen over State Street-dørene og lét folkemengda velte inn og slå seg saman med tusentals som allereie hadde samla seg i Capitol for å protestere mot stemmetala. Området utanfor Assembly, der dei skulle ta opp lovforslaget klokka 11 i dag, var pakka med protestmakarar som ropte «Vi blir her. Ikkje denne gongen.» …



Administrasjonsdepartementet-talsmann Tim Donovan sa at sjølv om protestmakarane blei oppmoda til å dra, kunne ingen fjernast med makt. …
«Mayor Dave» Cieslewicz sa han hadde instruert … politisjef Noble Wray om å ikkje la politifolka sine delta i fjerning av demonstrantar frå bygget.»
Dette skjedde i Madison, Wisconsin i mars 2011, som Steve Sailer minna oss på. [Det var protestar mot ei anti-fagforeiningslov som skulle vedtakast, mrk.]. Og det var dette dei protesterande hadde venta seg; nokre var utkledde i prangande karnevalsdrakter; dei tedde seg godt og fredeleg, innanfor grensene for det akseptable. Det var ikkje eit opprør; dei prøvde ikkje å ta over Kongressen på nokon måte som gir meining. For dei var det ein ærleg og morosam måte å uttrykke indignasjonen sin på. Men dei verkelege gambit-komplottmakarane hadde til hensikt å lure dei i ei felle. Dei til og med myrda fire demonstrantar i håp om at dei ville svare med vald, men forgjeves.
Kvite amerikanske demonstrantar er eksepsjonelt ikkje-valdelege; som med Occupy Wall Street for nokre år sidan, var 6. januar-Capitol-demonstrantane redde og lydige som lam. Av den grunn blei BLM oppfunne, for svarte er i stand til valdeleg opprør, i motsetning til vel-dresserte kvite. Det er ikkje ein rase-ting: liljekvite franske Gule vestar og ukrainske nasjonalistar har hatt harde kampar med politiet. Men kvite i USA er ikkje tilbøyelege til opprør, ikkje sidan borgarkrigen. Som utlending skjøner eg ikkje korfor amerikanarane så gjerne vil behalde våpena sine viss dei aldri brukar dei, men det er slik dei er.



Uansett, ikkje-valden deira hjalp dei ikkje. Den valde presidenten, Biden, misunte dei til og med nemninga ‘protestmakarar’: «Våg ikkje å kalle dei protestmakarar. Dei var ein oppviglersk mobb, opprørarar, innanlandske terroristar.» Ja, nemninga burde vere reservert for djupstatsautoriserte plyndrarar og deira likesinna over heile verda, enten det er i Hong Kong eller Minsk, i Seattle eller Portland.
Russiske sosiale nettverk samanlikna hendingane i Washington DC med dei nærare heime og klaga på ‘doble standardar’. Media i USA uttrykte ingen indignasjon då deira utnemnde Boris Jeltsin bombarderte det russiske parlamentet i 1993. Avisa New York Times og utanriksdepartementet oppmoda i 2014 den nasjonalistiske mobben til å storme den ukrainske regjeringa sine kontor. Dei heia på at opposisjonen i Minsk [Kviterussland] skulle ta over parlamentet der etter at dei hadde mislykkast i å vinne valet. Dei kviterussiske protestmakarane hevda at valresultatet i landet deira var rigga, nett slik Trump-supporterane gjorde for valet i USA, men Biden kalla dei ikkje for «innanlandske terroristar». (Det gjorde faktisk ikkje president Lukasjenko heller: han kalla dei ‘protestmakarar’, og dei valdelege demonstrasjonane deira vart oppløyste utan at eit einaste skot vart avfyrt.) I slike tilfelle svarar jødar med: «Korleis kan du samanlikne dei?!»



Russarane samanlikna ‘kuppforsøket’ på Capitol med sitt eige semi-iscenesette ‘kupp’ i 1991, ein delvis planlagt provokasjon. I 1991 greidde ikkje dei svake kupp-organisatorane å arrestere Jeltsin, og dei overgav seg som på befaling; bølga av indignasjon fjerna Gorbatsjov og Kommunistpartiet frå makta. Også i Capitol vinka politiet «dei invaderande» inn, som du kan sjå av denne videoen som BBC har delt vidare: https://www.instagram.com/p/CJwxYf1Jcj1/. Fleire videoar som tyder på at Capitol-politiet var involvert i den tilsynelatande provokasjonen er presenterte her: http://themostimportantnews.com. Den orkestrerte indignasjonen lét dei sigrande sensurere og reinske ut den nedkjempa Trump og hans følgarar. På same måte som Sovjetunionen gjekk under i august 1991, gjekk Trumps USA under i januar 2021, og dei liberale elitane som representerer dei store korporasjonane kom til makta. Det blei oppnådd ved hjelp av ein provokasjon, men ordinære Trump-følgarar var verkeleg forbanna på Valranet (‘the Election Steal’). På same måte var 1991 ein provokasjon, men ordinære russarar var forbanna på Gorbatsjovs perestroika, medan dei liberale elitane brukte den til å løyse opp den sovjetiske staten og overføre alle dens verdiar til sine oligarkar.



Folk med god kjennskap til historia refererer til Riksdagsbrannen februar 1933, eldspåsettinga som den nydanna Nazi-regjeringa sjølv pønska ut for å vende folkeopinionen imot opponentane sine og urettmessig skaffe seg krisesituasjonsmakt. Alternativt har andre granskarar påstått at det ikkje fanst bevis for Nazi-medverknad i brotsverket, men at Hitler berre skodde seg den uavhengige gjerninga til den nederlandske kommunisten van der Lubbe. Brannen er framleis emne for debatt og gransking, seier Encyclopaedia Britannica. Sannsynlegvis vil det same bli sagt om Capitol-«invasjonen», og granskarar vil diskutere om Biden sine dobbeltspelande minionfigurar organiserte den eller berre skodde seg på Trumpistane sine oppriktig meinte protestar.
Det finst ikkje tvil om 2020-valet, for ein objektiv observatør, var djupt urettvist. Eg skal ikkje bry deg med altfor mange publiserte detaljar om dei statistisk sett umoglege resultata, men her er eitt døme på valfusk: Byen Detroit gav 95 prosent av stemmene sine til Biden/Kamala, eit tal som herr Kim Jong-Un ville ha sett på med mild misunning, medan herr Lukasjenko ville murre «Korleis kan det gjerast?» Det er svært sannsynleg at dette ufattelege resultatet blei oppnådd på følgande måte:
Detroit-Demokratane leigde inn lokale narkobaronar til å drive såkalla stemmehausting (‘ballot harvesting’), med forretningslisensar på medisinsk marihuana som løn. Desse lisensane er det beste sidan lisensen til å trykke opp pengar. Å eige ein slik lisens er som å eige ein minibank. Her kan du lese om lønsamheita og kor langt kriminelle er villige til å gå for å skaffe seg slike lisensar: https://www.politico.com/amp/news/2020/12/27/marijuana-legalization-corruption-450529. Detroit-Demokratane har endra lokale lover som no tillèt sal av marihuana i den fine byen sin (det var forbode inntil november 2020). Dei endra lokale lover, og kan no utstade lisensar til narkoleverandørar med tidlegare straffedom for narkohandel. Dei slapp narkobaronar ut av fengsel. Dei endra lokale lover til å tillate stemmehausting, det vil seie samle inn post-stemmer og assistere med utfylling av stemmesetlar. Etter dét drog narkobaronane rundt og samla inn post-stemmer og fylte dei straks ut om dei var samvitsfulle, eller berre fylte dei ut på fritida om dei kjende seg late. Dei hadde ein dommar til disposisjon, Cynthia Stephens, som eigenhendig endra vallovene for Michigan, og deretter avviste Trump sine anklager om valfusk.



Ja, Virginia, det føregjekk valfusk i mange av USA sine delstatar. «Dei er vane med å spele; dei blir ikkje overraska over ei vakker hand med fire essar,» som Mark Twain skreiv. Vanlegvis byter dei to partia på å dele ut korta, og byter på å jukse. Det var berre dét at denne gongen overbeviste Trump mange folk om at det no var forskjellig; at dette var deira siste sjanse.
Problemet er at Trump var ein dårleg organisator. Han kunne vinne val om han kunne hindre lovgivning à la Cynthia Stephens’, forby poststemmer, påby obligatorisk framvisning av ID ved stemming, mobilisere sine folk til å føre kontroll med vala. Ei formidabel oppgåve, men ikkje umogleg, når ein har med ein motstandar å gjere som er tilbøyeleg til juks. Han kunne til og med ha gjort revolusjon den 6. januar, dersom han hadde sett inn dei rette folka, danna eit revolusjonært hovudkvarter, planlagt ein strategi for overtaking, men han gjorde ikkje noko av dette. Han tenkte sannsynlegvis at Kongressen ville sjå dei svære folkemassane og tillate ein kontroll av valresultata.
Eller også var han så naiv at han trudde revolusjonar berre skjer av seg sjølv, slik som i spelefilmane. Det gjer dei ikkje. Bak kvar vellykka revolusjon ligg det mykje planlegging, væpna styrkar, våpen klare for bruk, forsyningslinjer, logistikk, mediestøtte og kommunikasjonssamband. Trump hadde ikkje noko av dette. Det var nok å stenge av Twitter for å gjere han dauv og stum.
De var ikkje noko kuppforsøk, slik Tyler Durden så korrekt stadfestar: «Trump har aldri hatt konsentrasjonen, det organisatoriske skarpsinnet, eller den ideologiske logikken til å sette i verk eit ‘kupp’ i god tru, og ei mobb-inntrenging som raskt vart splitta opp av væpna agentar for staten endrar ikkje på dét. Kort etter at dei braut igjennom publiserte han ein video der han instruerte følgarane sine om å ikkje ta senator-gislar eller fengsle Mike Pence, men å «gå heim». Ingen frå den føderale regjeringa slo seg i hop med mobben på Trumps ordrar, for han brydde seg ikkje med å gi nokre. Heile episoden hadde aldri nokon sjanse til å hindre sertifiseringa av John Biden, endå mindre styrte regjeringa. Det var berre endå ein tullingfarse, og slik sett eit passande punktum for Trumps presidentperiode.»



Konspirasjonsteoriar spelte si skuffande rolle i oppstyret. Mange Trumpistar trudde på QAnon- og Kayfabekonspirasjonane; dei publiserte rapportar om arrestasjon av dårlege typar, om serverar kverrsette av FBI, om korleis Clinton og Biden venta seg røff rettferd bak gitteret. Denne trua avvæpna folk som elles ville ha kjempa for å oppnå nett dette. Det er problemet med konspirasjonar: fiktive konspirasjonar hindrar reell handling.
Men eg vil ikkje avslutte dette stykket med ein så trist og skuffande merknad. President Trump var ein stor leiar. Han har trass enorme odds imot seg lykkast med å betre lotten til arbeidarane i USA: for første gong sidan 1970-talet har inntektene deira auka i forhold til andre klassar sine. Han stoppa masseimmigrasjon til USA: lovleg innvandring vart redusert til ei drypping. Han unngjekk nye krigar; han prøvde å skape fred med Russland. Han nekta å bombe Iran, sjølv i dei siste dagane av presidentskapen sin, og sjølv om nokre pro-israelske støttespelarar lova han ein periode til om han ville gjere det.
Kampen hans mot korona-galskapen var hans største bragd. Han var imot nedstengingane som er i ferd med å øydelegge verda vår så fullstendig at få ting vil overleve. Den siste store herskaren i USA som ikkje bar ei feig maske, vil bli hugsa. Han kunne ikkje nedkjempe det mektige medisinske komplekset eller FAGMA (Facebook, Apple, Google, Microsoft, Amazon) eller Diskursmeistrane, men han prøvde.
Dagen for nederlaget hans, den 6. januar, var trettandedagen, eller heilagtrekongarsdag då vi heidrar dei tre vismenna som kom for å tilbe Jesus i krybba. Det var også julaftan for den austlege kyrkja. Det er den mørkaste tida på året; frå no av vil dagane lysne, og dét vil også håpet vårt.
Artikkelen er omsett av Monika Sortland
Knut Lindtner har lagt til bilder m/kommentarer
Forsidebilde: Frida Bredesen
Israel Shamir kan kontaktast på adam@israelshamir.net
Artikkelen vart først publisert på The Unz Review.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 640 ganger.
3 kommentarer. Leave new
«Men dei verkelege gambit-komplottmakarane hadde til hensikt å lure dei i ei felle. Dei til og med myrda fire demonstrantar i håp om at dei ville svare med vald, men forgjeves..»
En fin artikkel. Takk.
Trump har nå det meste av verdens media mot seg. ( I motsetning til Biden, og Obama, som blir /ble hyllet før det var/er noe å hylle)
Men Trump har mesteparten av det amerikanske folket med seg.
Men en president for en stormakt som ikke ønsker å starte kriger, men heller avslutte de, har ikke bakmennene bruk for i sitt arbeid fram mot En verden/En leder.
‘ Vil du ha frihet, vær stolt av landet ditt. Hvis du vil ha demokrati, hold fast ved suvereniteten din. Vil du ha fred, elsk landet ditt, sier Trump. Fremtiden tilhører patrioter, ikke globalister. Fremtiden tilhører suverene, uavhengige nasjoner med ledere som beskytter deres borgeres interesser og respekterer sine naboer. ‘
Med Biden får bakmennene en ny «demokratisk» puddel de kan styre.
😉 :
‘ Det (mest) unike ved Trump, sammenlignet med hans forgjengere, er hans anti-demokratiske sinnelag. ‘
https://forskersonen.no/demokrati-kronikk-meninger/den-politiske-ustabiliteten-i-usa-vil-fortsette/1800017
BNP steg i USA. Trump eller Biden, – gjett hvem som får æren. 😉
https://finansavisen.no/nyheter/finans/2020/12/22/7600532/bruttonasjonalproduktet-i-usa-steg-33-4-prosent
‘ Forrige gang Biden hadde makt sammen med Obama økte gjelden i USA fra 74,6% av BNP til 105,3% av BNP. Hele 30,7% økte den gjelda i forhold til BNP
Aldri før eller etter har noe slikt skjedd i USA , heller ikke noe annet land har sett tilsvarende.
Sammenligningen som gjøres i Norsk media skjuler disse fakta.
Gjelden har steget mye under Trump også, men da har BNP steget tilsvarende og derfor er kun gjelden økt med 1,6% målt mot BNP
Siste år Biden/Obama styrte økte gjelden med 5,2% ‘
https://no.tradingeconomics.com/united-states/government-debt-to-gdp
Er denne mannen gal, som det styrte media i Norge har prøvd å innbille oss?
Mannen som «kun greide å snakke i korte setninger», og der dette ble brukt til å psykliggjøre ham.
‘ – Jeg er særlig stolt over å være den første presidenten på flere tiår som ikke startet noen nye kriger, sa Trump i talen. ‘
https://www.nrk.no/urix/et-privilegium-a-ha-vaert-president_-sier-donald-trump-i-sin-siste-talt-1.15335421
Men nå går vi nok mot en tid der alt blir som det gamle, der små- stormaktene som har mafia-fordelt verden tidligere kan fortsette sin røverpolitikk. Norsk media, og norske politikere, er nok fornøyd. De kan fortsette å være avskrivningsbyråer for amerikansk utenrikspolitikk & krig. Norge kan fortsette med å være leilendinger.
Velkommen til de nye/gamle «fredsapostlene» som skal «redde verden» gjennom krig, og som så blir hyllet i norsk media.
Og Norge kan fortsette å dele ut Nobels Fredspris, -og la være å stille drapsmannen Stoltenberg for retten.
Og dobbeltmoral blir den nye moralen. Igjen.
– Før vi gjør et nødvendig oppgjør.