POSTED IN Norge

Tørke i USA.

Står landet overfor en matkrise?

10 kommentarer

Skummel agenda bak vasskrisa i California?

av F. William Engdahl
10. juni 2021

F. William Engdahl: Gull, olje, dollars, Russland og Kina - Derimot

Dei siste månadane har det vakse fram ein krisesituasjon for matforsyninga i USA som er i ferd med å få alarmerande dimensjonar og kan bli katastrofal. På toppen av koronapandemiens nedstengingar og arbeidsløyse, vil ei opptårnande jordbrukskrise i tillegg kunne velte inflasjonstiltak og forårsake ei finanskrise når rentene stig. Ingrediensane er mange, men sentralt er ein alvorleg tørke i dei viktige delstatane Nord- og Sør-Dakota og sørveststatane, inkludert jordbruksintensive California. Så langt har Washington gjort skremmande lite for å ta tak i krisa, og tenestemenn ved delstatens vassverk, California Water Board, har gjort krisa endå mykje verre ved å tappe offentlege vassreservoar … ut i havet.

Så langt er det jordbruksstaten Nord-Dakota, som dyrkar mesteparten av nasjonens kveite av typen Red Spring. I øvre Midtvesten og flatmarksområda i nord-USA og sør-Canada gav vinteren altfor lite snø etter ein svært tørr sommar i 2020. Resultatet er tørke frå Manitouba i Canada til slettelandstatane i nord-USA. Dette råka bønder i regionen berre fire år etter ein brå tørke i 2017 oppstod utan varsel og øydela regionen US Northern Great Plains, som omfattar Montana, Nord-Dakota, Sør-Dakota og det tilgrensande Canadian Prairies.

Test your geography knowledge - Western USA states | Lizard Point Quizzes

Den 27. mai, seier statsklimatologen Adnan Akyuz, var 93% av delstaten Nord-Dakota i kategorien «Alvorleg tørke» og 77% av den i kategorien «Ekstrem tørke». Landbruksorganisasjonar føreseier at viss ikkje nedbøren endrar seg dramatisk dei komande vekene, så vil avlinga av kveite – breitt brukt i pasta og mjøl – bli katastrofal. Dei ekstremt tørre forholda strekk seg nordover frå Dakota inn i Manitoba, Canada, ein annan stor korn- og jordbruksregion, særleg for kveite og mais. Der er avlingane trua av mangelen på regn og varmare-enn-normale temperaturar, sjølv om det framleis er tidleg for desse avlingane. Nord-Dakota og Great Plains er avhengige av snø og regn for å få vatn til jordbruket sitt.

Sørveststatane i alvorleg tørke

Ikkje like alvorleg, men «unormalt tørre» forhold, har dei i delstatane Iowa og Illinois. Det gjeld 64% av Iowa og 27% av Illinois. Kring 55% av Minnesota var unormalt tørt i slutten av mai. Tørke blir målt på ein skala frå D1 [sic. D0 i følge NOAA, mrk.] « unormalt tørt», til D3 «alvorleg tørke» og D4 «eksepsjonell tørke».

Dei alvorleg tørre forholda er dessverre ikkje avgrensa til Nord-Dakota eller andre landbruksstatar i Midtvesten. Ein annan region med svært alvorleg tørke strekk seg frå vest-Texas over New Mexico, Colorado, Arizona, Nevada og djupt inn i California. I Texas har 20% av delstaten «alvorleg tørke» og 12% «ekstrem tørke». Nesten 6% av delstaten opplever «eksepsjonell tørke», den verste. New Mexico har 96% «alvorleg tørke», og av den er 47% «eksepsjonell tørke».

California-landbruket er livsviktig

Situasjonen i California er klart mest alvorleg, med omsyn til den potensielle innverknaden på forsyninga av landbruksprodukt til nasjonen. Eit sofistikert vasslagringssystem her forsyner vatn til vatning av jordene og til bruk i byane under periodisk tørre sesongar. Her er ein langt større katastrofe i emning. Ein syklisk tørkesesong kombinerer seg med ein beint fram kriminell statleg miljøpolitikk for å øydelegge landbruket i nasjonens viktigaste gardsproduksjonsstat. Det er ein del av ein radikal Grøn agenda som guvernør Gavin Newsom og med-Demokratar fremjar for å rive ned det tradisjonelle jordbruket, endå så sinnsjukt det høyrest ut.

brown trees on brown field during daytime

Få utanfor California innser at delstaten, som er mest kjent for Silicon Valley og nydelege strender, er ei så nødvendig kjelde for landbruksprodukt. California sin landbrukssektor er den viktigaste i heile USA. Dei er den største produsenten av over 77 ulike produkt, inkludert meierivarer og eit stort tal frukt- og grønsaksspesialitetar. Staten er nasjonens einaste produsent av slikt som mandlar, artisjokk, svart daddel, rosiner og valnøtter. California odlar ein tredel av landets grønsaker og to tredelar av landets frukt og nøtter. Dei ligg føre alle andre statar i landbruksinntekter, med 77 500 gardsbruk og ranchar. Dei ligg også på andreplass i buskapsproduksjon, bak Texas, og meierinæringa er Californias største handelsvare for kontantinntekter. Totalt er 43 prosent av statens omlag 400 millionar dekar landareal via til jordbruk. Kort sagt er det som skjer her livsviktig for nasjonen si matforsyning.

California-krisa menneskeskapt: kor vart det av vatnet?

Vasskrisa i California er den desidert viktigaste faktoren når det gjeld konsekvensar for matforsyninga, i ein periode når USA står i møte med store forstyrringar i forsyningskjedene på grunn av absurde koronanedstengingar kombinert med høgst mistenkelege datainnbrot i viktig infrastruktur. Den 31. mai vart infrastrukturen til verdas største aktør innan kjøtprosesseringsindustrien, JBS SA, hacka. Det tvinga fram ei nedstenging av alle kjøtfabrikkane til selskapet i USA, anlegg som forsyner nesten ein firedel av USAs kjøtforbruk.

black windmill near bare trees under blue sky during daytime
Skyldes tørken CO2 utslipp?

Den grøne lobbyen hevdar, utan å presentere faktiske bevis, at Global oppvarming, dvs. auka menneskeskapte utslepp av CO2, er årsaka til tørken. NOAA (National Oceanic and Atmospheric Administration) granska saka og fann ingen bevis. Men media repeterer narrativet for å fremje agendaen Grøn ny deal med skremmande påstandar som t.d. å hevde at tørken «kan samanliknast med dei verste mega-tørkane sidan år 800 etter vår tidsrekning.»

Etter 2011 har California gjennomgått ein alvorleg sju-årig tørke. Tørken enda i 2019, då store regnfall fylte California sitt reservoarsystem til randa. I følge statens vassekspertar heldt reservoara nok vatn til at dei lett kunne klare ein fem-års-tørke. Men likevel erklærer guvernør Newsom-administrasjonen to år seinare ein ny tørke og truande krisetiltak. Det administrasjonen hans ikkje seier, er at delstatens vassverk (Water Board) og relevante statsautoritetar innan vatn med vilje har late vatn strøyme ut i Stillehavet. Korfor? Dei seier det var for å redde to utrydningstrua fiskeartar som slett ikkje er utrydda – den eine ein sjeldan type laks, den andre ein Delta-smelt (Hypomesus Pacificus), ein bitteliten ørekyte-fisk i rundt 5 centimeters storleik som slett ikkje er forsvunnen.

I juni 2019 var Shasta-demningen, ein av dei viktigaste i det gigantiske Central Valley Water-prosjektet med delstatens største vassreservoar, fylt opp til 98% av kapasiteten sin. Berre to år seinare, i mai 2021, hadde reservoaret berre 42% av kapasiteten med vatn, nesten 60% ned. På same måte var Oroville-demningen, delstatens nest-største, i juni 2019 98% full, og var i mai 2021 nede på berre 37%. Andre mindre reservoar hadde liknande fall. Kor hadde det blitt av alt vatnet?

File:Shasta dam 2.jpg - Wikimedia Commons
Shasta-demningen.

Med den påståtte hensikten å «redde» desse fiskesortane, gjekk på berre 14 dagar i mai «90% av (Bay Area) Delta-vatnet rett til havs,» seier Kristi Diener, ein californisk vassekspert og bonde. «Det er ekvivalent med eitt års vassforsyning for 1 million menneske.» Diener har gjentatte gonger dei siste åra åtvara om at vatnet unødvendig blir sleppt ut i havet når delstaten har eit normalt tørt år. Ho spør: «Burde vi ha vassmangel på starten av vårt andre tørre år? Nei. Reservoara våre er designa for å stabilt forsyne alle brukarane med vatn i fem år, og dei var fylte til toppen i juni 2019.»

I 2008, etter krav frå miljøverngrupper som NRDC, gav ein californisk dommar ordre om at Central Valley Water Project skulle sende 50% av vassreservoara ut i Stillehavet for å «redde» ein utrydningstrua lakseart, sjølv om miljøorganisasjonen vedgjekk at sannsynlegvis ikkje fleire enn 1000 laks ville bli redda av det ekstreme tiltaket. I åra 1998-2005 gjekk eit estimert gjennomsnitt på 49% av Californias styrte vassforsyningar til kategorien «miljø», inkludert vassutslepp til bekkar og elvar, elvemunningar og Bay Area-deltaet. Berre 28% gjekk direkte til å vedlikehalde vassforsyninga til jordbruket.

Felicia Marcus to Present Keynote at Smart H20 Summit | Water Finance &  Management
Felicia Marcus

No i januar slutta Felicia Marcus i stillinga si som styreleiar for California State Water Resources Control Board, som hadde overoppsyn med den kontroversielle vasspolitikken sidan 2018, for å bli advokat for Natural Resources Defense Council (råd for vern av naturressursane, NRDC), ein av dei mektigaste grøne frivillige organisasjonane med sine 400 millionar dollar i innrapporterte ressursar til å føre juridiske kampar til forsvar for «utryddingstrua artar» som t.d. California-laksen og Delta-smelten.

Sidan ho vart utnemnd til styreleiar av delstatens vassverk i 2018 av guvernør Jerry Brown, er Marcus direkte ansvarleg for at reservoarvatnet vart tappa ut i havet – etter at reservoara var heilt fylte i 2019 – under påskott av å verne om utrydningstrua artar. I mars 2021, med Marcus som advokat, bad NRDC om at delstatens Water Resources Control Board (som Marcus nyleg var styreleiar for) skulle kome med strakstiltak for å gripe fatt i oppfatta truslar mot listeført laks i elva Sacramento River frå Central Valley Prject-operasjonar. Dette no når delstaten står i møte med ei ny tørkekrise?

I 2020 signerte guvernør Gavin Newsom, ein protesjé av Jerry Brown, senatslovforslaget California Environmental, Public Health and Workers Defense Act, som ville sende milliardar liter med vatn ut i Stillehavet, angiveleg for å redde meir fisk. Det var eit dekke for fabrikkeringa av den noverande vasskrisa og angrepet på landbruket, kor utruleg det enn kan høyrest ut.

Landbruket som målskive

Den sanne agendaen til Newsom- og den tidlegare Brown-administrasjonen er å radikalt underminere den høgproduktive landbrukssektoren til California. Guvernør Newsom har no introdusert ein imponerande lydande «Drought Relief»-redningspakke på 5,1 milliardar dollar.Trass tittelen vil ingenting gå til å utbetre tilgangen til reservoarvatn for byane og gardsbruka. Av den totale summen skal $500 millionar brukast på incentiv til bønder for at dei skal revurdere hensikten med jordarealet sitt («re-purpose» their land), d.v.s. slutte med jordbruk. Forslaga inkluderer naturreservat for ville dyr, rekreasjon eller solpanel! $230 millionar skal brukast på «korridorar for villmarksdyr og fiskepassasje-prosjekt for å betre villdyra si evne til å migrere trygt.» «Fiskepassasjeprosjekt» er eit smartare ord for dam-fjerning, å øydelegge nasjonens mest effektive reservoarnettverk.

Jerry Brown - Wikipedia
Edmund Gerald «Jerry» Brown jr. er en amerikansk politiker. Han var mellom januar 2011 og januar 2019 guvernør i California. (Fra Wikipedia.)

Så allokerer Newsom-pakken $300 millionar til implementering av lova Sustainable Groundwater Management Act (lov om berekraftig grunnvatn-styring), ei lov som Jerry Brown signerte i 2014, midt under den alvorlege tørken, som hindra bønder i å trygge vassforsyninga si med brønnboring. Effekten blir å drive fleire bønder bort frå jorda si. Og $200 millionar vil gå til «habitat-gjenoppretting» til støtte for tidevatnsoverfløymde våtmarker, «flaumsletter» (floodplains) og prosjekt for reduksjon av flaumrisiko – ein tørke-pakke som finansierer flaum? Dette handlar om å gjenskape våtmarker rundt elvene, slik at vatnet har ein plass å gå når dei riv demningane. Den største delen av dei $500 milliardane skal gå til tilbakebetalingar til vasskundane som fekk høgare vassavgifter under tørken i 2011-19 – eit trekk som utan tvil speglar ei von hos Newsom om at veljarane vil hugse når det kjem til val i november.

Den systematiske nedbygginga av ein av verdas mest produktive jordbruksregionar, ved hjelp av forførande mantra om «miljøvern», passar rett inn i den større agendaen til Davos, Great Reset, og deira planar om å radikalt transformere jordbruket i verda til det som FNs Agenda 2030 kallar «berekraftig jordbruk» – aldri meir kjøtproteinar. Det grøne argumentet er at kyr er store kjelder til utslepp av metangass når dei rapar. Korleis det påverkar det globale klimaet, har ingen seriøst bevist. I staden bør vi ete laboratorieskapt falskt kjøt som t.d. den genmanipulerte Bill Gates’ og Googles «Impossible Burger», eller til og med makkar. Ja. I januar godkjente EU sin mattryggleiksmyndigheit European Food Safety Agency (EFSA) makkmåltid, eller larver av mjølbilla, som første «nymat» («novel food») klarert for sal i EU-landa.

***

F. William Engdahl er strategisk risk-konsulent og førelesar. Han har ein grad innan politikk frå Princeton-universitetet og er best-seljande forfattar innan emna olje og geopolitikk, eksklusivt for nettmagasinet «New Eastern Outlook»

Litt fritt omsett av Monica Sortland

Merknad: Ei pressemelding frå EU-kommisjonen den 4. mai seier at «Larvene til mjølbilla (Tenebrio molitor) kan etast aleine eller brukast som ein ingrediens, t.d. ved å male den opp og bruke i pasta eller kjeks», melder Nationen/NTB. 

Forsidebilde: Adele Payman



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 560 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

10 kommentarer. Leave new

  • Dette var nesten FOR utrolig til å tro..
    MEN greit å ha i bakhode når media igjen starter klimaKRISE-fortellingene sine.
    – Når » pandemi»-KRISA blir avslørt/dør ut.
    Eller når neste pengeøkonomi-KRISE blir satt i gang( – fordi man setter opp rentene. 😉 )
    Det ser ut som om mange verktøy brukes for å skape en opplevelse av håpløshet og frustrasjon i land etter land, for å legge til rette for en verdensregjering. (?)

    Svar
  • Mener man burde se litt nærmere på HAARP anleggene som er bygget over hele verden. HVA brukes disse «maskinene» egentlig til? Husker det var litt styr omkring dem, men så ble det helt stille, musestille. Det jeg kommer på i farten var at de kunne sende energi-stråler ut i «hytt og pine», og få til flom, tørke, oppheting og nedkjøling, alt etter som frekvensen på «strålen» ble forandret. Vi har 3 eller 4 av disse «anleggene» i Norge, muligens derfor vi får storflom midt på vinteren med -10-15 graders kulde? Disse anleggene skulle visstnok «hjelpe» oss med å styre været, samtidig som de kunne brukes som våpen mot «aggressive» naboer (Russland? De har sine egne HAARP). Har disse «maskinene» blitt tatt i bruk mot befolkningen i «beste mening selvfølgelig, fordi vi ikke forstår vårt eget beste?

    Svar
  • Hva slags sensur er det på dette stedet? Umulig å kommentere noe.

    Svar
  • Engdahl er sjeldent skarp. Takk for en meget god artikkel!

    Dystert, men ser ut som sultkatastrofen eliten planlegger vil få «pandemien» til å blekne i sammenheng. Mest sannsynlig i sammenheng med nullstilling av dollaren.

    Svar
  • Kommentaren over ble slettet da jeg hadd (Great Reset) i parentes.

    Svar
  • Det kan se utrolig ut, men i sammenheng med andre saker begynner det å se skummelt ut.
    USA har nå så mange hjemløse at det begynner å bli på plass å kalle USA for en failed state. Og det største problemet har California. Utflyttingen fra California vil heller ingen ende ta – foreløpig. Mens innvandringen har forandret staten. Man kan lure på om det er noen som ønsker å skifte ut befolkningen der. Slik at det blir litt mere likt fx de karibiske øyer hvor det er etterkommere fra slaver og plantasje eiere?
    I tillegg er det alle de brannene som har herjet California, og som har vært systematisk påsatt. Det har vært mange utrolige bilder derifra, hvor ekstrem varme har smeltet metaller som vanligvis går fri i vanlig skogbrann, det har fått enkelte til å tro at det har vært brukt spesielle våpen, også ettersom enkelte hus har vært tydelig siktet ut og nabosted har vært urørt.
    At bondestanden skal skiftes ut i USA følger ett kjent mønster – Fra Ukrainas Holodomor og også Sør – Afrika, men her ser vi at Biden har lagt opp til ett støtteprogram or å få svarte til å overta jord.

    Svar
  • ¡Hola! Sé que esto está un poco fuera de tema, pero me preguntaba si sabías dónde podría ubicar un complemento de captcha para mi formulario de comentarios. Estoy usando la misma plataforma de blogs que la tuya y tengo dificultades para encontrar uno. ¡Muchas gracias!

    Svar
    • Lo siento. No sé nada sobre esto. Necesita recurrir a alguien que domine la herramienta de edición.

      Svar
    • O complemento pódese atopar no armario de complementos.
      O noruegués.
      O español ou o chinés pódense atopar no seu lugar.
      Non é un sitio web noruegués?
      Pero probablemente sexas un troll «complicado»?

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

De som har hodet i sanden tenker:

Det finnes ingen hemmelige avtaler eller planer.

Previous Post

Faktisk.no.

En norsk underleverandør til USAs etterretningstjeneste?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.