POSTED IN Endring av politikken, Olje-Energi

Tilnærming mellom Russland og Saudi-Arabia?

Verdens største oljeprodusenter samordner energipolitikken.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

OPEC+ lever i beste velgåande

av M. K. BHADRAKUMAR

Indian Punchline, 2. juni, 2022

Det faktum at medlemsstatane i Rådet for Golf-samarbeid (Gulf Cooperation Council, GCC) heldt eit felles minister-møte saman med sin russiske motpart, utanriksminister Sergey Lavrov, i den saudiske hovudstaden Riyadh på dette tidspunktet i den globale politikken, uttrykker eit kraftig bodskap i seg sjølv.

For å få igjennom bodskapen tydeleg og kraftfullt, sa den saudiske utanriksministeren, prins Faisal bin Farhan Al Saud, på ein pressekonferanse etter møtet på onsdag at GCC-medlemslanda (De arabiske gulfstatene) deler eit felles standpunkt når det gjeld krisa i Ukraina. (Nyheitskonferansen vart kringkasta i ei direktesending på TV-kanalen Al-Arabiya.)

Faisal bin Farhan Al Saud - Wikipedia
Faisal bin Farhan Al Saud

«Landa rundt den persiske golfen deler eit felles standpunkt når det gjeld den ukrainske krisa og dei negative konsekvensane den har, særleg med tanke på mat-tryggleiken til andre land,» sa Al Saud.

Russlands utanriksminister Sergey Lavrov, for sin del, fortalde media at «GCC-landa skjøner naturen til konflikten mellom Russland og Vesten.» Tidlegare, under eit bilateralt møte med Lavrov, som var på eit todagars besøk, sa Al Saud at «kongedømet sitt standpunkt på krisa i Ukraina er basert på prinsippa i internasjonal lovgivning og støtte til engasjement for å få til ei politisk løysing på krisa.»

Etter møtet sa Lavrov at GCC-landa ikkje vil slutte seg til Vesten sine sanksjonar mot Moskva for konflikten i Ukraina. Med hans ord: «Aspekt av den internasjonale situationen, som har samband med hendingane framstilt av Vesten omUkraina, blir godt forståtte av partnarane våre frå statane i Gulf Cooperation Council states.» Lavrov la til: «Vi set pris på og fekk i dag endå ein gong stadfesta den balanserte posisjonen dei tar i denne saka ved internasjonale forum, og i praksis, når dei nektar å gå med på dei illegitime, unilaterale Vestlege sanksjonane som vart introduserte mot Russland.»

Lavrov sa Moskva og Golf-landa ville vidareutvikle partnarskapen i skarp kontrast til dei stigande spenningane mellom Russland og USA og deira europeiske allierte. Etter å ha møtt topp-diplomatane frå UAE, Kuwait, Qatar, Bahrain og Oman i Riyadh, sa Lavrov: «Vi stadfesta igjen vårt fokus på den omfattande utviklinga av partnarskapen vår, inkludert under dei nye tilhøva som no veks fram i verdsøkonomien i kontekst av politikken våre Vestlege kollegaar fører.» 

Timinga til ministermøtet mellom GCC og Russland og Lavrovs besøk i Riyadh er svært viktig på det kritiske tidspunktet når Biden-administrasjonen no legg seg i selane for å reparere USA sin brotne relasjon til Saudi-Arabia etter at kandidat Biden døypte kongedømmet ein «Paria-stat», og Washington-etablissementet sette igang ein organisert kampanje for å bakvaske kronprins Mohammed bin Salman personleg for drapet på eks-CIA-konsulenten Jamal Khashoggi.

Dei siste reportasjane i media i USA har talt om Biden si interesse for å personleg skvære opp med Saudi-prinsen ved å besøke Riyadh og møte han. Dette kjem etter at Biden så langt har nekta å snakke med prinsen, eller å ha noko som helst å gjere med han!

Heilomvendinga i Biden si tilnærming til Saudi-Arabia må tilskrivast at Washington har forstått at dersom dei skal greie å isolere Russland og svekke landet permanent, så er dei heilt nøydde til å vinne kontrollen over verdsmarknaden for olje, noko som igjen gjer det nødvendig å bryte opp samhaldet mellom Russland og Saudi-Arabia som har regulert oljeforsyninga i verda dei siste åra.

six persons riding camels on desert
Kongeriket Saudi-Arabia, vanligvis omtalt som Saudi-Arabia, er et land med geografisk beliggenhet i Midtøsten, og det største landet på Den arabiske halvøy. Landet grenser mot Jordan i nordvest, Irak i nord og nordøst, Kuwait, Qatar, Bahrain og De forente arabiske emirater i øst, Oman i sørøst og Jemen i sør. Wikipedia Landet har rundt 35 millioner innbyggere og er verdens 13. største stat med et areal på 2,15 millioner kvadratkilometer og er dermed ca. 5,6 ganger større enn Norge.

Kort sagt har Saudi-Arabia over natta blitt ein «vippestat» i USA sine strategiske kalkulasjonar, der standpunktet til Ukraina-konflikten kjem til å få avgjerande konsekvensar for Biden-administrasjonen sin agenda for å svekke Russland.

Saudi-Arabia sitt potensiale som «vippestat» har vore på trappene heilt sidan 2006, då den no avlidne kong Abdullah brukte sin første tur utanfor Midtausten, etter at han vart herskaren over Saudi-Arabia, til å vitje Kina og India. Det var første gong ein saudisk konge vitja Kina sidan dei to landa etablerte diplomatiske relasjonar i 1990, og det første til India sidan 1955. Observante observatørar såg turneen til den saudiske monarken som eit bod om ein æra med redusert påverknadsmakt frå USA i Riyadh, og om saudisk venskap med eit utvida spektrum av nasjonar i Asia.

Dette skiftet, som hadde sitt utspring i ønsket om å distansere seg frå ein monokulturell situasjon – med éin stor ven (USA), eitt stort produkt (olje) og basert på éin stor idé (den islamske) – gjekk framover med sneglefart gjennom det neste tiåret, heilt til prins Mohammed bin Salman i juni 2017 vart utnemnd til kronprins og presumptiv arving til trona.

Under Prins Mohammeds leiarskap tok kongedømmets trasformasjon fart, og fekk ei ideologisk forankring i saudisk nasjonalisme. Styrkinga av relasjonane til Russland, og signeringa av ein avtale i 2016 om samarbeid med Russland i globale oljemarknadar i ein struktur som seinare skulle bli kjend som OPEC+, var ein tidleg manifestasjon av det skiftet.

Dette fell saman med lanseringa av Vision 2030, godkjent av kronprinsen, som manifesterte landets strategiske orientering for dei komande 15 åra. Frå eit historisk perspektiv kan ein sjå Vision 2030 som planen som markerte at Saudi-Arabia gav opp avhengigheita si av ein rentierøkonomi. I den utanrikspolitiske sfæren skulle verknaden kjennast i eit stødig forsvar av kongedømmets strategiske autonomi.

Mot slike opprørte geopolitiske kulissar, kjem det ikkje som noka overrasking at USA sin konfrontasjon med Russland finn Saudi-Arabia i stormens auge. Lavrov si reise til Saudi-Arabia fekk alarmklokkene til å ringe i Washington. Same kveld som Lavrov kom til Riyadh, hadde USAs utanriksminister Antony Blinken ein telefonsamtale med Al Saud, sannsynlegvis for å diskutere Jemen og andre regionale saker.

I ei pressemeldingmelding frå utanriksdepartementet stod det mellom anna: «Ministeren (Blinken) understreka viktigheita av internasjonal støtte til Ukraina når dei forsvarer sin suverenitet og territoriale integritet og la særskilt trykk på behovet for ein global respons på matsikkerheitskrisa som er resultatet av president Putin sin brutale krig.»

Enkelt sagt: Blinken agiterte for Golf-statane si støtte til den USA-leidde «globale responsen» på den temporære matkrisa, som har til hensikt å plassere skulda for å ha skapt den noverande kveitemangelen på Russlands dørstokk. Rimelegvis har ikkje den saudiske leiarskapen falle for fella. Uansett, under FNs auspisiar (vern, leiing) har Russland og Tyrkia starta arbeidet med å arrangere humanitære korridorar gjennom farvatna i Svartehavet, som har blitt minelagt av Ukraina. FNs generalsekretær har appellert til USA om å lette på sanksjonane for å la russisk eksport av matkorn sleppe ut til verdsmarknaden.

For å avleie mersemda frå Lavrovs suksessrike tur til Riyadh, har den USA-førte «informasjonskrigen» kokt ihop dei falske nyhenda om at Saudi-Arabia «angiveleg vurderer» å kaste Russland ut av OPEC+. Lavrov sine samtalar i Riyadh understrekar, tvert imot, at Russland og Saudi-Arabia signaliserer at OPEC+ er ein suksess. Washington kan ikkje unngå å få med seg bodskapen.

M. K. Bhadrakumar har gjennom tretti år vore diplomat for India i land som Sovjetunionen, Pakistan, Iran, Afghanistan, Sør-Korea, Sri Lanka, Tyskland og Tyrkia. Han driv nettstaden Indian Punchline, og skriv hovudsakteg om indisk utanrikspolitikk og saker som handlar om Midtausten, Eurasia, Sentral-Asia og Asia-Stillehavet.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Zbynek Burival

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    18 juni 2022 9:23

    Når skal norske politikarar innsjå kor lite lurt det er å satsa alt på ein døyande hest (USA)?

    Når finn dei ut at me treng eit normalt tilhøve til Russland og andre land utanfor Nato?

    Svar
    • Lavrovs besøk i Riyadh er suksess og perlevennene Putin & Ping ringer og gratulerer hverandre med bursdagen. Vesten er ferdig.
      Etter at Biden blir så åpenbart senil at det ikke kan fornektes kan Kamala Harris bli «den frie verdens» leder, Nancy Pelosi (82) er nummer tre. Trøstesløst. «Ein døyande hest» er en passende beskrivelse.

      Svar
      • Grøss og gru, jeg ser for meg den «krenkede» Kamelen Harris med fingeren på «knappen». Takk og farvel gamle moder jord.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Har vil et selvstendig forsvar?

Eller er det norske forsvaret i praksis nå styrt av USA?

Forrige innlegg

Overvåkningsprogrammer:

USA vil kontrollere dem.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.