Slike uttalelser som de som gjengis under forteller at de tyske kapitalkreftene ikke har den tyske befolkningens velferd som utgangspunkt for virksomheten sin. Det er vel heller slik at de har egne behov for maksimal profitt som første prioritet. Og om deres politikk fører til oppløsning av tysk identitet og til store sosiale konflikter, slik vi ser det i Frankrike i dag, er det underordnet behovet til kapitalkreftene sitt behov for ekspansjon.
Kapitalismens jernlov er slik: Ekspander eller dø!
Knut Lindtner
Redaktør
Leiar i det tyske ekspertrådet hevdar at Tyskland «treng» halvannan million innvandrarar per år – og dei treng ikkje kunne tysk!
Innlegget er henta frå Saksyndig
ReMix News rapporterer: Leiar i ekspertrådet til den tyske regjeringa, Monika Schnitzer, hevdar at Tyskland treng 1,5 millionar innvandrarar per år for å motverke mangelen på arbeidsfolk. Ho slår òg fast at faglærde arbeidarar ikkje treng å kunne tysk. I staden er det viktigare at tilsette på Tysklands statlege immigrasjonskontor snakkar engelsk.
Som økonomen fortalde til Süddeutsche Zeitung:
«Tyskland treng 1,5 millionar innvandrarar i året dersom vi skal få 400 000 nye borgarar kvart år, minus den betydelege utvandringa, og dermed oppretthalde arbeidsstyrken […].»
Ho er derimot skeptisk til at dette vil kunne bli oppnådd. Ho sa at nye lover om faglært arbeidskraft går i riktig retning, men at det ikkje var nok. Tyskland må leggje til rette for endå meir innvandring. Ho meiner landet sporenstreks treng ein «velkomande» kultur.
Hovudstraumsøkonomar som Schnitzer ber om meir innvandring, trass at Tyskland står overfor ei innvandringskrise som kostar landet svimlande 36 milliardar euro (!) i form av bustader, utdanning og velferdsytingar for innvandrarar. Fleirtalet av tyskarar er imot dette, og partiet Alternative für Deutschland (AfD), som er imot innvandring, blir støtta av vel 21% ifølgje spørjeundersøkingar – og 30% av tyskarane seier dei vil vurdere å stemme på partiet.



Medan Tyskland har ein påstått mangel på tyskspråkleg arbeidskraft, kjem eit anna moment inn i biletet: den teknologiske utviklinga, spesielt AI (kunstig intelligens, artificial intelligence på engelsk). Goldman Sachs estimerer at 300 millionar jobbar vil gå tapt i Nord-Amerika og Europa på grunn av AI. Om eit slikt scenario blir aktuelt, vil innvandrarar og innfødde dermed måtte konkurrere om dei få jobbane som framleis finst.
Ifølgje Schnitzer kan ein av fire fjerdeklassingar ikkje lese skikkeleg. ReMix News antydar at dette kan kome av at 38% av elevane no har framandspråkleg bakgrunn. Ifølgje rektor Norma Grube ved to skular i Chemnitz, førekjem det språkvanskar og åtak på dei to skulane, og møte mellom lærarar og foreldre krev rutinemessig tolk. Dei faktiske forholda står i dårleg samsvar med innvandringsforkjemparar sine påstandar om at aukande mangfald vil gje Tyskland ei lysare framtid.
Kommunikasjonsproblem og fiendtlege elevar har gjort læraryrket psykologisk stressande og dermed mindre attraktivt, seier rektor Grube til Die Welt. Ho meir enn antydar at den auka innvandringa har ført til at samhaldet og den sosiale strukturen er i ferd med å gå i oppløysing på dei to skulane ho er rektor ved.
«Løysinga» til økonomen Schnitzer er altso å pøse på med endå meir innvandring, og til og med lempe på kravet at dei nye landsmennene skal lære seg tysk.
Ein liknande prosess går openbert føre seg òg i andre europeiske land, mellom anna Noreg. Resultatet av denne ukritiske masseinnvandringa gjenspeglar seg allereie no i til dømes kriminalstatistikken. Visse kulturar utviser ikkje berre manglande respekt for våre vestlege verdiar, dei demonstrerer eit regelrett hat mot dei.
Forsidebilde: UNHCR
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 434 ganger.
1 kommentar. Leave new
Sion vises protokoll…bit for bit. Ingen tilfeldigheter her.