POSTED IN NATO, Norge, Norsk politikk

Tidligere utenriksminister Petersen:

NATO skal bare beskytte.

0
Print Friendly, PDF & Email

«NATO er ikke rettet mot noen»

(Tidligere utenriksminister Jan Petersen:«Nato er ikke rettet mot noen, men skal ivareta vår egen sikkerhet.»)

Av Hans Olav Brendberg

Alle som følgjer so nokolunde med, veit kvifor tilhøvet til Russland er elendig. Det er avdi NATO er retta mot nokon.  Kvifor bomba vi Serbia i 1999? For å slita laus eit Kossovo som sidan er styrt av albanske klanar i eit rimeleg lovlaust land. NATO-bombene mot Serbia var retta mot nokon.

Kvifor leidde NATO bombinga av Libya i 2011? Om ikkje intervensjonen var retta mot nokon – kunne dei ikkje då like godt ha slept bombene i Middelhavet?  Norsk debatt minnar om dei radiostudioa som vart bygt rundt på dei mange titals nærradioane som byrja senda etter at nærradio vart slept fri av Langslet. Totalt lydtett, og med ein merkeleg, innestengt atmosfære.

Svært mange veit jo at NATO er retta mot nokon – det er faktisk grenser for kor uinformerte og dumme folk er, sjølv om det ser ut til at Petersen ikkje heilt har fått det med seg dette.  Ein av som forstod dette var George F. Kennan, forfattar av det sokalla «lange telegrammet» i 1947og ein av dei som starta den kalde krigen – og utforma USAs oppdemmingsstrategi etter andre verdskrig.

 Og følgjene av det Kennan kalla ein lagnadsfull feil – og som udugelege utanrikspolitikarar av Petersens type påførte oss, er for lengst grundig analysert. Ei kløft har opna seg i Europa, og kjem neppe til å bli lukka i mi levetid. Sjansen vi hadde til å byggja kollektive tryggleiksordningar vart kasta bort i ei blanding av overmot og groupthink. Dei som vil forstå meir, kan td. lesa Richard Sakwa. 

For eit par dagar sidan vart krigen mellom Armenia og Azerbaijan avslutta. Resultatet er at Russland har oppretta ei tryggleikssone rundt landet sitt – og denne tryggleikssona er ein realitet ingen av naboane har råd til å sjå bort frå. Russland har ei evne til å projisera makt i nærområda sine som NATO er ute av stand til å møta – militært, politisk, økonomisk. Om nokon gjev meg eit kart, skal eg skravera denne interessesona – som no er ein geopolitisk realitet.

Russland opprettar denne tryggleikssona avdi NATO er retta mot nokon.  Dei som sit med skjegget i postkassa er NATO, som har skaffa seg nokre botnlause pengesluk og nokre uløyselege problem. Sjølvsagt vil ikkje desse bløma opp i noko krise no – USA har eit enormt militærbudsjett, og vesten har førebels økonomisk ryggrad til å halda oppe ein vindskeiv og sjølvmotseiande konstruksjon.  

Men dei uløyselege problema vil vera der, og vil bli meir og meir synlege. 

Men heldigvis står NATO-land som Tyrkia, Polen og Noreg saman om dei grunnleggjande verdiane. Så det går sikkert bra.(NB: Skru på sarkasmedetektor). 

Forsidebilde: Gary Bendig

https://www.aftenposten.no/…/var-det-vestens-skyld-at…

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Koronatiltak

Uten logikk, uten dokumentasjon og uten kritiske medier. Et varsel om diktaturet?

Previous Post

Vil Trump ha tropper hjem før han går av?

Er det derfor forsvarministeren avsettes?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.