POSTED IN USA, Virkelighetsforståelse

Tidligere CIA-sjef og forsvarsminister om Biden:

Han har bomma politisk i nesten alt de siste 40 åra.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

G-7 går inn for ein sinnsforvirra Ukraina-politikk

av Larry Johnson, 13. Juni 2024

X-CIA-analytiker

Eg klyp meg i armen for å forvisse meg om at eg ikkje har mareritt når eg ser på Biden og resten av pudlane i G7, som tumlar mot krig med Russland sjølv om dei manglar kapasitet til faktisk å utkjempe og vinne ein slik krig. Joe Biden dukka opp på scenen i dag (torsdag) i Italia med Ukrainas pseudo-president (presidentperioden hans gjekk ut, og han bestemde seg for å berre bli i stillinga), Kokain-cowboyen frå Kiev, for å signere ein tiårig sikkerheitsavtale. Eitt er sikkert, verken Biden eller Zelensky vil vere der om ti år. Dette er politisk teater og bedrag. Biden, støtta av G-7, insisterer på at Ukraina har den militære kapasiteten, med NATO-support, til å kjempe mot Russland til stillstand. For å vere uhøfleg: det er sludder!

Biden kjem med tomme løfte. USA er ikkje i stand til å levere luftvernet, artilleriet og panservåpensystema som Ukraina påstår dei treng for å stoppe russarane. Dei ignorerer glatt det faktum at sjølv om USA faktisk hadde kunna levere desse våpena, så har Ukraina verken mannskapet eller evna til å trene opp ein armé som er i stand til å stoppe russarane. Nyheitene frå slagmarka i Ukraina blir verre for kvar dag som går. Russland øydelegg metodisk dei ukrainske styrkane og Ukrainas evne til å levere elektrisitet til ikkje-eksisterande fabrikkar. Ukraina liknar ein degenerert narkoman, totalt avhengig av det USA vel å forsyne dei med.

Gløym Europa. Trass i alle store lovnadar om å forsyne Ukraina, sviktar NATO Zelensky. Hugsar du Stoltenbergs klage i april?

NATO-land har ikkje levert slik dei lova, USA brukte månadar på å ikkje vere einige om ein pakke til Ukraina, europeiske allierte har ikkje halde løfta sine, og dette hadde ein alvorleg konsekvens på slagmarka,” sa Stoltenberg på ein pressekonferanse under eit overraskande besøk i Kyiv.

Tyskland og Polen la eit utropsteikn til dette i dag, då dei erklærte at dei ikkje ville gi Ukraina noko frå Patriot-luftvernsystema sine. Og USA har ikkje ein haug på lager som dei kan sende Kiev i ein fei. Det einaste dei kan sende Ukraina er pengar, og det er vel greit for Zelensky og gjengen hans av småsvindlarar. Dei vil stele det dei kan før heile denne farsen kollapsar totalt.

Ein gong i tida hadde G-7 faktisk ei viss politisk gjennomslagskraft. Men den tida er forbi. Sjå berre på dei dødeleg såra politiske dvergane på scena – Olaf Scholz, Rishi Sunak og Emmanuel Macron – sannsynlegvis sit ingen av dei framleis i stillingane sine når sommaren er over. Bortsett frå å vere politiske impotente, er G-7 like slappe når det gjeld komparativt BNP. BRICS-nasjonane representerer meir økonomisk gjennomslagskraft enn G-7, og den kløfta vil truleg utvide seg i åra som kjem, heller enn å krympe.

I tandem med G-7 sitt desperate forsøk på å redde Ukraina-kaoset, har Biden-administrasjonen annonsert ein ny runde med sanksjonar som angiveleg er retta mot Russland. Men det er eit bedrag. Det eigentlege målet er Kina:

«USA har utvida sanksjonane sine mot Russland, inkludert å no og slå ned på bankar som handlar med sanksjonerte einingar.

Dei utvidar eit desember-program for å råke utlandske bankar dei meiner hjelper Russland sin krigsinnsats i Ukraina.

USA la også sanksjonar på Moskva-børsen, noko som førte til at denne stoppa handelen med dollar og euro.

Dei prøvde også å innskrenke Russland sin bruk av teknologi, inkludert mikro-kretskort (chip’ar) og dataprogramvare.

USAs president Joe Biden signerte ein eksekutivordre i desember som la sanksjonar på bankar som handla med omlag 1200 personar og selskap ein meinte støtta Russlands krigsmaskin.

Desse tiltaka, som eksponerer bankar for risikoen for å bli avskorne frå det US-amerikanske finanssystemet, har no blitt utvida til omlag 4500 einingar.»

Nei, desse sanksjonane nemner ikkje Kina spesifikt, men det er dei bankane USA er ute etter å ta. I staden for å svekke Russland, vil dette siste trekket styrke banda mellom Russland og Kina og gjere dei allereie bedritne relasjonane mellom Beijing og Washington endå meir betente. Dette er berre endå eit bevis for at den tidlegare CIA-direktøren og forsvarsminister Robert Gates traff midt i blinken då han vurderte Bidens utanrikspolitiske ordskifte:

Eg meiner han har tatt feil i nesten samtlege store utanrikspolitiske og rikssikkerheitsspørsmål dei siste fire tiåra.”

Danny Davis og eg diskuterte den siste utviklinga om G7-toppmøtet og Ukraina i dag: 

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/g-7-embraces-a-delusional-ukrainian-policy

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Steinar Nodland
    18 juni 2024 20:45

    «Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis http://www.derimot.no sin.» Jeg håper inderlig at forfatteren ikke støttes av Derimot. Han har ikke engang forsøkt å begrunne sine hysteriske argumenter.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Saudi-Arabia skjønner det, men ikke i Norge.

Ingen fred i Ukraina uten Russland.

Forrige innlegg

Kan vaner endres ved viljens kraft?

I Norge bygges motorveier. Er det klimatiltak?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.