POSTED IN Bokomtale, Media

Tidligere CIA-agent John Kiriakou:

Gravende journalisme- ikke mye igjen av det i USA.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Robert Parry avslørte CIA-kriminalitet og sette gullstandarden for undersøkande journalistikk

Parrys journalistikk bør inn som pensum på høgskulane

av John Kiriakou

Bio: John Kiriakou - Government Accountability Project

Global Research, 23. juli, 2022

CovertAction Magazine

Det finst ikkje mykje journalistikk for folket i USA å sjå opp til i desse dagar; særleg ikkje i mainstream-media. Edward R. Murrow og «gutane hans» er borte for lenge sidan. USA har ingen Walter Cronkite til å stille uroa. Sjølv ærverdige 60 Minutes har hatt ein karusell med mediokre ’talking heads’ etter at Mike Wallace, Morley Safer og Harry Reasoner gjekk av med pensjon.

I staden får mange (dei fleste, kanskje?) av amerikanarane sine nyhende frå «nyheits»-kanalar som fell under nettverka sine underhaldningsavdelingar. Dei får nyhenda frå slike som Ken Dilanian, etterretningsjournalisten frå NBC News og MSNBC som i 2014 vart avslørt i å sende historiene sine til CIA for kommentar og godkjenning før han sende dei til sin eigen redaktør. (I ei e-post-utveksling skreiv ein ny CIA-PR-mann: «Eg ser fram til å samarbeide med deg, Ken!» Dilanian svarte: «Hurra! Glad eg har dykk, guys.»)

Ken Dilanian Wiki Bio: Age, Birthday, Married, Wife, Education, Salary, Net  Worth, Nationality - Edailybuzz.com
Ken Dilanian,

Det er det som gjer den nye boka til Nat Parry så kjærkomen. “American Dispatches: A Robert Parry Reader” er eit kompendium av dei mest hardtslåande og viktigaste stykka undersøkande journalistikk til Nat Parrys far Robert, den eminente reporteren frå Associated Press, Newsweek og PBS, og grunnleggaren av Consortium News.

Robert Parry er mest kjend for avsløringa si av at CIA hadde forsynt Contras-opprørarane i Nicaragua med ein kopi av si berykta «handbok i dreping», og at CIA hjelpte Contras med å sende laster med kokain til USA, og deretter bruke profitten til å kjøpe våpen. Parry vann prisane George Polk Award for sine Contra-historier, I. F. Stone Medal for Journalistic Independence, og Martha Gellhorn Prize for Journalism. Han var også finalist til Pulitzer-prisen.

Bob-Polk-Award-1517665716
Robert Parry saman med AP-redaktør Louis Boccardi medan han mottar George Polk-prisen  for utmerkt journalistikk i 1984.

Ein av dei tinga som gjorde Bob Parry så vellykka som undersøkande journalist, var det faktum at han brukte så mykje tid og energi på å kultivere kjelder. I motsetning til all verdas Ken Dilanian-typar, så tok han ikkje berre kontakt med CIAs PR-kontor for å få ei pressemelding frå CIA. Han søkte opp kjelder, etablerte relasjonar med dei, og rapporterte deretter om sanningane dei forsynte han med.

American Dispatches minner oss om at han ein gong var den første journalisten som skreiv om at CIA i løynd opna posten til borgarar av USA. Det skjedde sjølvsagt utan løyve eller noko slags juridisk godkjenning i det heile. Parry skreiv historia i den modne alder av 26.

iUniverse

American Dispatches er som ein tur gjennom moderne US-amerikansk historie med ein tur-guide som verkeleg veit kva han snakkar om, som bryr seg om at historia blir korrekt gjengitt, og som veit at den verkelege rolla hans er lærarrolla. Over nesten 700 sider får lesaren eit friskt, fakta-basert, objektivt og apolitisk syn på kva som skjedde då nokre av dei viktigaste hendingane i moderne historie utspelte seg. I fire delar går han i djubden på saker som busstrafikk, organisert kriminalitet, narkotika, politikk og rolla til media.

Men for dei lesarane som ser seg som studentar av CIAs historie, finst det mykje her. Boka dekker nær sagt heile historia til CIA – frå tida med Church-komitéen, via 11. september-angrepa og den ulovlege torturen, dei hemmelege fengsela og utleveringsprogram. Parry la ikkje band på seg i arbeidet sitt.

Der er dekking av CIA og Iran, CIA og Mujahedin, CIA og narkotika, CIA og Contras, og CIA og Irak. Han skriv om samtlege CIA-sjefar over nesten to generasjonar, feila dei gjorde, løfta dei gav og braut og brotsverka deira i namnet til medborgarane dei var meint å jobbe for.

In honor of Robert Parry, read a collection of his work curated by the CIA • MuckRockWashington Post-artikkel frå 1986: ‘CIA gav politisk støtte til Contras’. Kjelde: muckrock.com

Eg sette meg ned for å skumlese boka, og eg la den ned to dagar seinare, etter å ha lest det heile. Dusintals av folka Parry skreiv om, var tidlegare sjefar eller kollegaar av meg ved CIA. Nokre av dei har vore vener. I kvart tilfelle gjekk Parry til kjerna av kven dei var. For det meste var dei folk som oppfatta seg sjølve som patriotar. Men dei var også sosiopatar som ikkje greidde sjå grensa mellom å tene landet sitt og å gjere brotsverk mot menneskeslekta.

American Dispatches minner meg mykje om “The Untold History of the United States”, eit stykke sanning, sjølv om den sanninga er ukomfortabel og ikkje slik vi skulle like å hugse den. Eg håpar at boka dei komande månadane vil finne sin veg inn i klasseromma for politisk vitskap ved USAs høgskular.

*

Omsett av Monica Sortland

John Kiriakou  var analytikar hos CIA og offiser frå 1990 til 2004. Kiriakou er den einaste CIA-agenten som har fått fengselsstraff i samband med USAs torturprogram, trass i at han aldri torturerte nokon. Han varsla faktisk om desse skrekkelege ugjerningane. Ein kan kontakte John på: jkiriakou@mac.com.

Framsidebildet er frå Joël de Vriend

Original-artikkelen er frå CovertAction Magazine

Copyright © John KiriakouCovertAction Magazine, 2022



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 173 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Artig at ingressen bruker begrepet «journalisme» istedenfor for «journalistikk».
    Forskjellen på de to begrepene er at journalistikk beskriver faget som journalister driver, med kildekunnskap og formidlingsteknikker.
    Journalisme er den etiske siden: Derfor er jeg journalist.
    Det står detaljert beskrevet i 1. Kapittel i Vær varsomplakaten. Der står det blant annet at journalister «kan ikke gi etter for press fra noen som vil hindre åpen debatt, fri informasjonsformidling og fri adgang til kildene».
    Harde ord: «kan ikke gi etter».
    Jeg vet om bare en journalist i Norge som ikke har gitt etter og det er Pål Steigan.
    I dag er «journalister» bare tekstforfattere og vandrende mikrofonstativ uten snev av journalisme innabords. Unntakene finnes i alternative medier.

    Svar
  • » Det finst ikkje mykje journalistikk for folket i USA å sjå opp til i desse dagar; særleg ikkje i mainstream-media.»

    Det er mørke tider i USA.
    Og de som kjenner lusa på gangen vet at det tetner seg til for alle underbruk, bla. Norge, som slavisk følger ordrene til denne mafiaorganisasjonen. Vi kan vente det verste. De rabisbefengte gale hundene/gnagerne begynner nå å bli desperate.
    Skjedde denne ‘ avsløringen’ med Hillarys private eposter, som ble holdt skjult, fra president-serveren dengang, som nå med en Trump som ikke fulgte de utleverte spillereglene til organisasjonen?
    Var Hillary en trussel? Nei, tydeligvis ikke for det bestående (bakenforliggende) maktapparatet; – for hun var en del av det.

    ‘– Dette skiller seg fra det vi har sett før. Det er svært krevende å få en dommer til å godkjenne en sånn type ransaking, kommenterer USA-ekspert Sofie Høgestøl.
    ….Dette er mørke tider for landet vårt når mitt vakre hjem i Mar-a-Lago nå beleires, ransakes og okkuperes av en stor gruppe FBI-agenter. Dette har aldri før skjedd med en president i USA, skriver Trump i en uttalelse. ‘
    nrk.no/urix/_-en-ny-fase-i-etterforskningen-av-donald-trump-1.16061912

    Ville dette skjedd med JFK ?
    Sannsynligvis; hvis ikke en ‘russer’ hadde fjernet ham.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Serbias innenriksminister ble truet av CIA:

«Vi vil fullstendig tilgrise deg politisk hvis du ikke gjør som vi sier!»

Previous Post

Grønn ødeleggelse

Hvor lenge skal man la den norske energipolitikken preges av selvdestruktiv inkompetanse?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.