POSTED IN Endring av politikken, Helse

Thierry Meyssan:

To strategiske feil i møte med Covid-19.

3 kommentarer

av Thierry Meyssan

Vestlege land har gitt etter for panikken i møte med Covid-19-epidemien. Irrasjonelt har dei gjort to strategiske feil: å isolere si friske befolkning med fare for å øydelegge økonomien sin, og å satse alt på mRNA-vaksinar på bekostning av helsetenestene, eller til og med med fare for å forårsake spesielle sjukdommar på grunn av den nye vaksineteknikken.

Den franske presidenten, Emmanuel Macron, var den første politiske lederen som beskrev Covid-epidemien som en krig (16. mars, 2020). Talen hans hadde til hensikt å dramatisere situasjonen og gi han status som krigsherre. Han forårsaket stor uro i befolkningen som øyeblikkelig ble panisk. Etter dette har en form for kollektiv hysteri erstattet en demokratisk debatt.

Kommunikasjon: Covid og krig

Covid-19 er ein virussjukdom som i verste fall fører til døden for 0,001% av befolkninga. Gjennomsnittsalderen til dei som døyr av Covid-19 i industriland er kring 80 år, med medianalder kring 83 år. 

Til samanlikning har land som er i krig ein ekstra mortalitet, på grunn av krigen, som er 5 til 8 gongar høgare, men hovudsakleg råkar menn i alderen 18 til 30. På toppen av dette talet kjem ein emigrasjon på opptil 50% av befolkninga.

Covid-epidemien og krig er altså to heilt ulike og usamanliknbare situasjonar, trass i den apokalyptiske retorikken som blandar dei i hop. Vidare har responsen frå dei som våga seg på denne dramatiske sammenlikninga med omsyn til mobilisering, ingenting å gjere med ein krigssituasjon. På det meste vart eit mobilt militærsjukehus bede om å ta nokre bilde av uniformar i aksjon. Den einaste verkelege effekten var å gi folk panikk, og dermed ta ifrå dei deira kritiske sans.

Opphavet til kommunikasjonsfeilen

Denne samanlikninga vart gjort på grunnlag av feilaktig informasjon. Ein britisk statistikar, opphavet til matematiske modellar som vart brukte til å rettferdiggjere den europeiske sjukehusreduksjonspolitikken, Neil Ferguson, føresåg meir enn ein halv million dødsfall i sitt eige land, og like mange i Frankrike.

Neil Morris Ferguson er en britisk epidemiolog og professor i matematisk biologi, som spesialiserer seg på spredningsmøstre av smittsomme sykdommer blant mennesker og dyr. Wikipedia

Vitskapsmannen visste ikkje at viruset er eit levande vesen som ikkje prøver å ta livet av verten sin, men å busette seg i han som ein parasitt. Viss det drep personen det har infisert, døyr det med han. Dette er grunnen til at alle virusepidemiar i starten er svært dødelege, og deretter mindre og mindre etterkvart som viruset endrar seg og tilpassar seg til menneske. Det er derfor fullstendig latterleg å utleie dødelegheita til viruset utifrå herjingane det forårsakar under dei første vekene av epidemien.

Politiske leiarar er ikkje allvitande. Dei treng ei allmenndanning som lar dei sjå skilnad på kvaliteten til sine ekspertar på ulike felt. Neil Ferguson er ein av dei vitskapsmennene som gjer det han får beskjed om å gjere, ikkje ein som prøver å forstå uforklarte fenomen. Livsløpet hans er berre ei einaste rekke av feil som oppdragsgivarane hans har bestilt og som har blitt motsagte av fakta [2]. Han fekk til slutt sparken frå British Cobra Council (Cabinet Office Briefing Rooms), men ein av disiplane hans, Simon Cauchemez frå Institut Pasteur, sit framleis i det franske Vitskapsrådet.

Tomm gater i Paris som følge av nedstengningen av befolkningen.

Første strategiske feil: lockdown, ein variabel for justering av helsepolitikken

I møte med Covid-plaga, har industriland reagert med grensestenging, portforbod, administrativ nedstenging av forretningar og til og med generalisert nedstenging (lockdown) av befolkninga.

Dette var historisk sett noko nytt: aldri før hadde generalisert nedstenging – d.v.s. innelukking av friske folk – blitt brukt til å motkjempe ein epidemi. Denne politiske metoden er svært dyr, sett frå eit pedagogisk, psykologisk, medisinsk, sosialt og økonomisk perspektiv. Verknadsgraden er avgrensa til å avbryte spreiinga av sjukdommen i friske familiar under innesperringa, på kostnad av spreiing innan familiar der ein person allereie er infisert. Når dei lettar på lockdown-tiltaka, vil virusspreiinga straks ta til att i friske familiar.

Ettersom alle industriland sidan oppløysinga av Sovjetunionen gradvis har redusert sjukehuskapasiteten sin, har dei fleste regjeringer vedtatt innelukkingstiltak, ikkje for å kontrollere sjukdommen – det klarer dei ikkje – men for å hindre sprengd kapasitet på sjukehusa sine. Med andre ord: for å kunne oppretthalde systemet med offentlege helsetenester, ser regjeringar lockdown som einaste moglege justeringsvariabel. Men prisen for lockdown er mykje høgare enn dyrare administrasjon av sjukehusa. Framfor alt vil aldringa av populasjonen i utvikla statar gjere at ein kan føreseie same krise for sjukehusbelastninga kvart tredje til fjerde år, den vanlege syklusen for allslags epidemiar. I praksis vil bruken av lockdown døme dei berørte landa til å bruke det oftare og oftare under epidemiar av Covid, influensa eller mange andre dødelege sjukdommar.

Ein komparativ studie gjort ved Stanford University, publisert den 12. januar, 2021, viser at land som har praktisert utbreidd stenging av anlegg, portforbod og innelukking til sjuande og sist ikkje har påverka spreiinga av sjukdommen. Dei har berre utsett den, samanlikna med land som har respektert fridommen til innbyggarane sine.

Tvert imot kva folk flest trur, stod ikkje valet mellom sprenging av kapasiteten til sjukehusa og lockdown, men mellom det å mobilisere – eller til og med ta over – privatklinikkar og lockdown. Alle industriland har eit privat helsevesensystem som til stor grad er i stand til å handsame dei overskytande pasientane.

Opphavet til strategifeilen

Kjelda som står bak lockdown-strategien er CEPI (Coalition for Epidemic Preparedness Innovations). Denne koalisjonen vart danna i Davos under 2015-samlinga til Verdsøkonomisk forum. Den er leidd av dr. Richard J. Hatchett. Du vil ikkje finne biografien hans på Wikipedia, ikkje ein gong på nettsidene til CEPI. Han har sørga for å få det fjerna.

Denne mannen var designeren av det såkalla Healthy Person Containment for USAs forsvarsminister Donald Rumsfeld. I 2005 fekk denne medlemmen av president George W. Bush sitt National Security Council i oppgåve å tilpasse USAs militære prosedyrar til sivilbefolkninga som ein del av ein plan om å militarisere det US-amerikanske samfunnet. Sidan fotsoldatane som var utstasjonerte i utlandet hadde instruksar om å isolere seg på basane sine under eit eventuelt biologisk terroristangrep mot dei, så argumenterte han med å isolere heile sivilbefolkninga i heimane sine i tilfelle biologiske angrep på amerikansk jord. Denne militære planen vart unisont forkasta av legar i USA, leidde av professor Donald Henderson frå Johns Hopkins University. Dei påpeika at legar aldri før hadde isolert friske folkegrupper.

Professor Richard J. Hatchett var den første som samanlikna Covid-19-epidemien med krig, i eit intervju på Channel 4 nokre dagar før president Macron. Hans første CEPI-donasjon gjekk sjølvsagt til Imperial College London. Direktøren for denne ærverdige institusjonen er ikkje britisk, men amerikansk, Alice Gast. I tillegg til å vere direktør for det transnasjonale oljeselskapet Chevron, arbeidde ho saman med dr. Richard J. Hatchett i USA med mobilisering av vitskapsfolk mot terrorisme. Ho støtta propagandaarbeid med å diskreditere det eg hadde skrive om angrepa den 11. september. I tillegg er ein av dei mest vidkjende professorane på Imperial College, Neil Ferguson, forfattaren av eventyr-kurvene for spreiing av epidemien.

Messenger RNA»-vaksiner har bare navnet «vaksine» til felles med konvensjonelle vaksiner. Tanken er ikke lenger å injisere en liten mengde av viruset for å frembringe dannelsen av antistoffer, men å manipulere det genetiske materialet slik at en ikke lenger er mottakelig for viruset.

Andre strategifeil: Det einsidige fokuset på vaksineforskning

I møte med denne nye epidemien hadde ikkje legane behandling. Vestlege regjeringar dirigerte straks den medisinske forskinga mot å finne passande vaksinar.

Med dei involverte summane for auga, dirigerte dei alle budsjett mot genetiske vaksinar og la ned forskning på patologi og pleie.

Bruken av den RNA-baserte vaksineteknikken, vald av Moderna/NIAID, Pfizer/BioNTech/FosunPharma og CureVac, er ikkje venta å gi klassiske biverknadar, men den er ikkje utan fare. Hittil har denne teknikken vore sett på med stor varsemd fordi den påverkar dei genetiske arvestoffa til pasientane. Det er og derfor, i fråværet av tilrekkeleg med studiar, at desse selskapa har kravd at statsklientane deira frådømer dei alt juridisk ansvar.

Legar som prøver praktisere kunsten sin ved å behandle pasientane sine i samsvar med den hippokratiske eiden, har blitt forfølgde av sine disiplinærorgan. Behandlingsformene deira har blitt latterleggjorte, til og med forbodne, heller enn å bli evaluerte.

Dette er den andre strategiske feilen.

Vestlege legar, som med få unntak aldri har blitt konfronterte med krava som følger med krig og katastrofar, fekk iblant panikk. I byrjinga av epidemien var det fleire som ikkje gjorde noko ved dei første symptoma; dei venta på ein cytokinstorm, på ein brutal inflammasjon, før dei styrta pasientane inn i kunstig koma. Som resultat var det oftare upassande pleie enn sjukdommen sjølv som tok livet av dei første pasientane. Dei katastrofale resultata til nokre sjukehus, samanlikna med andre i same region, vitnar om dette, ikkje det broderlege kritikkforbodet mot inkompetente legar.

Dei gigantiske budsjetta som er øyremerkta vaksinar gjer det nødvendig å ikkje oppdage ei behandling, for då kunne ein risikere konkurs for multinasjonale farmasøytiske selskap.

Av denne grunn har all forsking på feltet blitt offer for streng sensur. Men ein cocktail av blodtynnande, immunstimulerande, antivirale og anti-inflammatoriske legemiddel blir likevel testa ut i Asia, som lækjer nesten alle pasientar dersom dei får hjelp ved første teikn på symptom. Det same gjeld for Venezuela, der medisinske og farmasøytiske styresmakter har godkjent ein medisin, Carvativir, som i følge dei kurerer nesten alle pasientar dersom den blir gitt ved første teikn på symptom [5].

Sidan eg ikkje er kompetent på dette området, vil eg ikkje kommentere desse behandlingane, men det er skremmande at vestlege legar ikkje er informerte om dei og ikkje har fått moglegheit til å evaluere dei.

Institute Pasteur i Lille og selskapet APTEEUS identifiserte i september 2020 eit legemiddel som hadde gått ut av bruk, klofoktol , som i stand til å hindre replikasjon av viruset. Dei var varsame med å snakke for høgt om det, så dei skulle sleppe rivalisering frå vaksineindustrien. Eksperimenta deira er no i ferd med å fullførast. Produksjonen av denne medisinen, opprinneleg ei stikkpille for barn, har blitt gjenopptatt i Frankrike, så den kan snart kome på marknaden [6].

Vidare er sensur av ikkje-vestlege medisinar uakseptabelt, ikkje berre fordi det er skadeleg for menneske si helse, men også fordi den blir utført av uvalde makter (Google, Facebook, Twitter osv). Problemet her er ikkje om desse behandlingane er effektive eller ikkje, men å sleppe fri ein del av forskningsressursane så dei kan studere desse molekyla før dei eventuelt avviser, godkjenner eller forbetrar dei.

Opphavet til den andre strategifeilen

Vi observerer forresten at der finst ei strategisk motsetning mellom det å redusere smittespreiinga gjennom isolering av friske menneske, og det å framskunde den gjennom allmennvaksinering med levande eller inaktiverte vaksinestoff. Men denne observasjonen gjeld ikkje for RNA-vaksinar, som vil bli dominerande i Vesten.

Den andre strategiske feilen er eit resultat av gruppetenkning. Politikarar trur at berre teknisk framsteg vil gi løysingar på problem som ikkje kan løysast. Så om vi kan finne vaksinar ved hjelp av ein ny teknikk som ikkje lenger er basert på virus, men på «messenger RNA», så bør vi kunne nedkjempe epidemien. Det fell ikkje lenger nokon inn at vi kan kurere Covid, og dét utan tunge investeringar.

Dette er ideologien til World Economic Forum i Davos og CEPI. Det er derfor normalt at regjeringar ikkje reagerer når transnasjonale selskap sensurerer arbeidet til asiatiske eller venezuelanske legar, og blokkerer fridommen til den vitskapelege forskninga.

Omsett av

Monica Sortland

https://www.voltairenet.org/article212113.html

[1] « Seconde allocution d’Emmanuel Macron sur l’épidémie », par Emmanuel Macron, Réseau Voltaire, 16 mars 2020.

[2] “Covid-19: Neil Ferguson, the Liberal Lyssenko”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 20 April 2020.

[3] «Empirical assessment of mandatory stay-at-home and business closure effects on the spread of Covid-19», Eran Bendavid, Christopher Oh, Jay Bhattacharya, John P.A. Ioannidis, University of Stanford, January 12, 2021.

[4] “Covid-19 and The Red Dawn Emails”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 28 April 2020.

[5] “Venezuela reportedly found drug against Covid-19”, “Google, Facebook and Twitter black out information on Carvativir”, Voltaire Network, 26 and 28 January 2021.

[6] «La recherche sur la COVID-19 : l’Institut Pasteur de Lille mobilisé face à la pandémie», Institut Pasteur de Lille, mise à jour du 26 janvier 2021.



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 301 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Wasan Totland
    8 februar 2021 10:02

    «I byrjinga av epidemien var det fleire som ikkje gjorde noko ved dei første symptoma; dei venta på ein cytokinstorm, på ein brutal inflammasjon, før dei styrta pasientane inn i kunstig koma. Som resultat var det oftare upassande pleie enn sjukdommen sjølv som tok livet av dei første pasientane. Dei katastrofale resultata til nokre sjukehus, samanlikna med andre i same region, vitnar om dette, ikkje det broderlege kritikkforbodet mot inkompetente legar.»
    Det var akkurat dette forholdet Doktor Lars Bern ville ha en gransking av i Sverige.

    Svar
  • ”Vaksiner som inneholder ikke formeringsdyktige organismer, er som regel lite immunstimulerende.
    For å oppnå en noenlunde tilfredsstillende immunrespons må det tilsettes stoffer som skal forsterke virkningen (hjelpestoffer)
    Når det gjelder vaksiner som brukes på mennesker, er bare aluminiumssalter tillatt som
    hjelpestoffer. Men måten disse hjelpestoffene virker på, er komplekse og pr. i dag ennå ikke kjent i alle detaljer. Tidligere antok man (…).
    I dag har man tro på at (…)”
    (fra) https://politisksnusk.files.wordpress.com/2020/01/vaksinasjon-hva-er-sannheten-om-vaksiner-2020.pdf
    Dette sitatet sier vel det meste om ALLE typer vaksiner, (dog kanskje kun for oppegående, selvtenkende mennesker?) som «de» prøver å selge oss mot alle sykdommer, også de som kroppen enkelt klarer av på egen hånd.

    Svar
    • «må det tilsettes stoffer som skal forsterke virkningen (hjelpestoffer)
      Når det gjelder vaksiner som brukes på mennesker, er bare aluminiumssalter tillatt somhjelpestoffer. »

      Vaksiner tidligere har jo brukt bl.a. kvikksølv som forsterker/ adjuvans , – aluminium er muligens bedre? Vaksinen er jo «sikker», den er blitt testet i 6 måneder. 😉
      Men ellers fører disse «hjelpestoffene», som skal hjelpe/frakte medisinen inn i cellene uten å bli avvist, ofte til allergiske reaksjoner som gjør at kroppen får reaksjoner mot stoffet resten av livet.
      Pandemrix-vaksinen mot svineinfluensa i 2009 inneholdt en egen «forsterker», en adjuvans, som skulle øke kroppens immunrespons.
      Den samme adjuvansen planlegges nå brukt i covid-19-vaksiner.
      Adjuvansen AS03 i vaksinen kan ha vært medvirkende til at den autoimmune sykdommen narkolepsi ble trigget etter vaksinen. Dette var en sjelden, men alvorlig bivirkning.
      Lykke til.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Uten lov og dom. Internert i snart 20 år.

USAs store skam: Guantanamo.

Previous Post

Ny britisk studie:

Tiltakene mot Covid 19 dreper flere enn sykdommen.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.