POSTED IN Norge

Thierry Meyssan:

Mange verdensledere ser nå på USA som et såret rovdyr.

5 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Slutten på Vestens dominans

av Thierry Meyssan

Dei vestlege sanksjonane mot Russland, bestemt einsidig av Washington, blir presenterte som ei rettvis straff for aggresjonen mot Ukraina. Men, bortsett frå at dei er folkerettsleg illegale, kan alle også sjå at dei ikkje treff målet. I praksis isolerer USA Vesten, i håp om å oppretthalde overherredømmet over sine allierte.

VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 19. APRIL 2022

For Thukydid hadde Sparta og Athens same ambisjonar, og det kunne berre føre til krig. Dei russiske og kinesiske leiarane, derimot, ser føre seg ei multipolar verd der kvar og ein kan ha ulike ambisjonar. Ingenting ville presse dei til å gå til krig.

Denne artikkelen er oppfølgar til:
 1. «Russia wants to force the US to respect the UN Charter,» 4. januar 2022.
 2. «Washington pursues RAND plan in Kazakhstan, then Transnistria,» 11. januar 2022.
 3. «Washington refuses to hear Russia and China,» 18. januar 2022.
 4. «Washington and London, deafened«, 1. februar 2022.
 5. «Washington and London try to preserve their domination over Europe«, 8. februar, 2022.
 6. “Two interpretations of the Ukrainian affair”, 16. februar 2022.
 7. “Washington sounds the alarm, while its allies withdraw”, 22. februar 2022.
 8. “Russia declares war on the Straussians”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 5. mars 2022.
 9. «A gang of drug addicts and neo-nazis”, 5. mars 2022.
 10 “Israel stunned by Ukrainian neo-Nazis”, 8. mars 2022.
 11. «Ukraine: the great manipulation«, 22. mars 2022.
 12. «The New World Order being prepared under the pretext of war in Ukraine«, 29. mars 2022.
 13. “The war propaganda changes its shape”, 5. april 2022.
 14. «The alliance of MI6, the CIA and the banditry«, 12. april 2022.

USA, som kom seint inn i Verdskrigane og ikkje leid tap på eige territorium, kom sigrande ut av verdskonfliktane. Som arving av dei europeiske imperia, utvikla landet eit dominans-system som gjorde det til «verdspoliti». Men overherredømmet var skjørt og kunne ikkje stå imot utviklinga til store nasjonar. Så tidleg som i 2012 byrja politikk-vitskapsfolk å tale om «Thykidids felle», i analogi med den greske strategens forklaring på krigane mellom Sparta og Aten. Ifølge dei har Kina si oppstigning til makt også gjort ein konfrontasjon med USA uunngåeleg. Med Kina som verdsleiande økonomisk makt og Russland som den nye verdsleiande militærmakta, bestemde Washington seg for å gå til kamp mot dei, ein etter ein.

Det var i denne konteksten at krigen i Ukraina fann stad. Washington presenterer det som «russisk aggresjon», innfører sanksjonar og tvingar sine allierte til å innføre dei og. Det første som slår meg, er at USA – medviten om sitt militære mindreverd, men økonomisk overlegen – valde si slagmark. Men ein analyse av dei involverte kreftene og tiltaka som er sette i verk, motbeviser ei slik tolking av hendingane.

Washington myrda Iraks president Saddam Hussein og Libyas leiar Muamar Gaddafi fordi dei våga å stille spørsmål ved dollarens dominans. Deretter plyndra dei sentralbankane deira.

DET VERDSØKONOMISKE SYSTEMET

Det globale økonomiske systemet vart til gjennom Bretton Woods-avtalen i 1944. Målet var å etablere eit rammeverk for kapitalismen etter krisa i 1928, som nazismen ikkje hadde vore løysinga på. USA tvang fram sin valuta som gull-konvertibel referanse. Verken Sovjetunionen eller Folkerepublikken Kina deltok på konferansen.

I 1971 tok president Richard Nixon avgjerda om å uoffisielt ende dollarens paritet med gull. Det gjorde at han kunne finansiere krigen i Vietnam. I praksis fanst det ikkje lenger nokon fast omsetningskurs. Tiltaket vart ikkje gjort formelt før etter krigen, i 1976. Det var også på denne tida at Kina forma ein allianse med dei anglo-saksiske multinasjonale selskapa. Dei europeiske fellesskapa (EF, forgjengaren til Den europeiske unionen, EU) tilpassa seg ved å regulere dei no flytande omsetningskursane i 1972 («valutaslangen»), og deretter ved å opprette euroen.

Frå 1981 og framover byrja USA å la gjelda si gli av garde. Den gjekk frå 40% av BNP til 130% i dag. Dei prøvde å globalisere verdsøkonomien, dvs. tvinge sine reglar på dei solvente landa og øydelegge statsstrukturane til dei andre (Rumsfeld/Cebrowski-strategien). For å betale gjelda si, trykte dei opp dollar, spionerte på selskapa til dei allierte og stal alle reservane til to store oljestatar, Irak og Libya. Ingen våga å seie noko, men frå 2003 og framover var ikkje det økonomiske systemet til USA lenger det det gjorde krav på å vere. Offisielt var dei framleis liberale, men alle kunne sjå at dei ikkje lenger produserte sin eigen mat eller andre nødvendige varer, og at dei levde av røvartokt.

USA sin økonomi, som utgjorde ein tredel av verdsøkonomien då Sovjetunionen gjekk i oppløysing, utgjer no berre ein tidel.

Mange statar spådde slutten på Bretton Woods-styret og tenkte ut eit nytt system. I 2009 oppretta Brasil, Russland, India og Kina BRICS, snart med tilslutning av Sør-Afrika, for Afrika. Desse landa har danna finansinstitusjonar som, i motsetning til IMF og Verdsbanken, ikkje gir lån på vilkår av strukturelle reformar eller politiske lovnadar om å rette seg etter Washington. Dei investerer heller på leasing-basis, der vertslandet blir eigaren av investeringa når den blir profitabel.

I 2010 danna Kviterussland, Kazakhstan og Russland Den eurasiatiske økonomiske unionen, og fekk snart følge med Armenia. Desse grenselanda etablerte ei frihandelssone med Egypt, Kina, Iran, Serbia, Singapore og Vietnam. Døra står også opa for Sør-Korea, India, Tyrkia og Syria.

I 2013 starta Kina på sitt gigantiske prosjekt «Den nye silkvegen». Året etter, då landets BNP oversteig USA sitt på kjøpekraftsparitet, oppretta Kina Den asiatiske infrastrukturinvesteringsbanken (AIIB), og i 2020 regulerte den utlandsk kapital.

I 2021 utvikla EU sitt «Global Gateway», som skulle konkurrere med Kina og sette igjennom EU sin politiske modell. Men dette kravet vart oppfatta som kolonialistisk narreri og avvist en masse.

Gradvis har dei russiske og kinesiske blokkene kome kvarandre nærare, takka vere fellesprosjektet «Great Eurasian Global Partnership» (2016) innanfor rammeverket til Shanghai Cooperation Organization. Målet er å utvikle heile området ved å skape balanserte kommunikasjonskanalar på det ideologiske grunnlaget definert av kazakhiske Nursultan Nazerbayev: inklusivitet, suverent likeverd, respekt for kulturell og sosio-politisk identitet, openheit og å vere budd på å integrere andre ensemble.

Washington sitt forsøk på å øydelegge denne framveksande eininga har ikkje ein sjanse. Det er slåande at: 

  • – det økonomiske angrepet starta ikkje med invasjonen av Ukraina, men to dagar før;
  • – angrepet er primært retta mot russiske bankar, russiske milliardærar og den russiske gassindustrien, og ikkje i det heile tatt mot det nye eurasiatiske kommunikasjonssystemet;
  • – det har som mål å ekskludere Russland frå internasjonale organisasjonar, men omfattar ikkje statane som nektar å fordømme Russland. Derfor vil det dytte dei inn i armane på Beijing.

Med andre ord: USA isolerer ikkje Russland, men dei isolerer Vesten (10% av menneskeslekta) frå resten av verda (90% av menneskeslekta).

USAs president Joe Biden var i praksis den som styrte møtet den 24. mars i Europarådet, der USA ikkje er medlem. Ifølge dei europeiske avtalane, er det NATO som sikrar tryggleiken til EU.

PROSESSEN SOM SEPARERER VESTEN FRÅ RESTEN AV VERDA

 0. Allereie dagen etter at Moskva anerkjende uavhengigheita til folkerepublikkane Donetsk og Lugansk (21. februar, 2022), starta USA eit økonomisk angrep på Russland (22. februar). EU følgde opp dagen etter (23. februar). Vnesheconombank og Promsvyazbank vart ekskluderte frå det globale finanssystemet.

Vnesheconombank (VEB.RF) er ein regional utviklingsbank. Den kunne ha hjelpt Donbas. Promsvyazbank (PSB) investerer hovudsakleg i forsvarssektoren. Den kunne ha spelt ei rolle for avtalen om gjensidig assistanse, Mutual Assistance Treaty.

 1. Då Russland starta ein militær spesialoperasjon i Ukraina (24. februar), utvida USA ekskluderinga av dei første to bankane frå det globale finanssystemet til alle russiske bankar (25. februar). EU følgde opp (25. februar).

 2. For å hindre så mange statar som mogleg i å slutte seg til Russland, utvida Washington handelsembargoen til også å gjelde Kviterussland. EU byrja å nekte russiske bankar tilgang til SWIFT-systemet – slik USA tidlegare hadde instruert dei i – og dei utvida sanksjonane mot Kviterussland og sensurerte dei russiske statsmedia Russia Today og Sputnik (2. mars).

 3. Washington retta skytset mot rike russiske borgarar (feilaktig kalla «oligarkar») med dårlege relasjonar til Kreml (3. mars) og mot import frå russiske energikjelder (8. mars). EU følgde opp, men motsette seg eit forbod mot import av den sårt tiltrengde russiske gassen (9. mars).

 4. Washington utvida finansielle sanksjonar i regi av IMF og Verdsbanken, utvida lista over oligarkar og forbaud eksport av luksusvarer til Russland (11. mars). EU følgde opp (15. mars).

 5. Washington slo fast at medlemmar av det russiske parlamentet Dumaen og oligarkar ikkje lenger har nokre rettar i Vesten; at Russland ikkje lenger ville greie å bruke sine tilgangar i USA til å betale ned gjeld til USA; og at dei ikkje lenger ville greie å bruke gullet sitt til å betale ned utlandsgjeld (24. mars). EU følgde opp desse forboda. Dei erklærte eit forbod mot import av russisk kol og olje, men enno ikkje mot gass.

Tabellen under summerer opp kommunikasjonen frå Det kvite hus og Brussel:

USAEU
«United States Imposes First Tranche of Swift and Severe Costs on Russia» (Feb. 22)EU innfører ein sanksjonspakke som svar på anerkjenninga av dei ukrainske områda Donetsk og Lugansk, utanfor regjeringskontroll. (23. feb.)
«United States and Allies and Partners Impose Additional Costs on Russia» (Feb. 24)Første sett med EU-sanksjonar (25.februar 25)
«The United States Continues to Impose Costs on Russia and Belarus for Putin’s War of Choice» (March 2)Andre sett med EU-sanksjonar (2. mars)
«The United States Continues to Target Russian Oligarchs Enabling Putin’s War of Choice» (March 3)«United States Bans Imports of Russian Oil, Liquefied Natural Gas, and Coal» (March 8)Tredje sett med EU-sanksjonar (9. mars)
«United States, European Union, and G7 to Announce Further Economic Costs on Russia» (March 11)Fjerde sett med EU-sanksjonar (15 mars)
«United States and Allies and Partners Impose Additional Costs on Russia» (Mar. 24)«United States, G7 and EU Impose Severe and Immediate Costs on Russia» (Apr 6)Femte runde med EU-sanksjonar (8. april)
Den 4. februar 2022 signerte presidentane for Russland og Kina, Vladimir Putin og Xi Jinping ei sams erklæring om visjonen dei har for berekraftig økonomisk utvikling. Dagen etter at den russiske arméen gjekk inn i Ukraina, den 25. februar, stadfesta dei i telefonsamtale at USA sin reaksjon ikkje ville endre noko på avtalen deira.

RESPONSEN TIL RESTEN AV VERDA

Det er eit ekstremt overraskande fenomen å observere: USA har greidd å svinge ein majoritet av statane i verda over til si side, men desse statane er dei minst befolka i verda. Det er som om landet manglar metodar for å legge press på land som har kapasitet til sjølvstyre.

På grunn av dei unilaterale tiltaka til anglo-saksarane og EU, blir verda no delt opp i to heterogene sfærer. Æraen med økonomisk globalisering er no over. Dei økonomiske og finansielle bruene blir brende, den eine etter den andre.

Med rask reaksjon har Russland overtydd sine BRICS-partnarar om å slutte å handle med dollar og arbeide for å skape ein felles virtuell valuta til bruk i transaksjonane sine. Før det kjem på plass vil dei halde fram med gull. Denne valutaen bør baserast på BRICS-valutaene, vekta etter kvart medlemsland sitt BNP, og på ei gruppe varer lista opp på børsen. Eit slikt system bør bli meir stabilt enn det ein no har.

Framfor alt verkar Russland og Kina vise partnarane sine mykje meir respekt enn Vesten gjer med sine. Dei krev aldri strukturelle reformar, verken økonomiske eller politiske. Ukraina-affæren viser at Moskva ikkje prøver å ta makta i Kiev og okkupere Ukraina, men å presse tilbake NATO og slå ned banderittane («nynazistane» ifølge Kreml-terminologi). Ingenting som ikkje er legitimt, sjølv om metoden er brutal.

I praksis er vi no vitne til enden på fire hundreår med dominansen til vestlege og imperia deira. Det er ein konfrontasjon mellom ulike sett å tenke på: 

– Vesten tenker no berre veker framover. Med denne kortsyntheita kan dei få inntrykket av at USA har rett og russarane feil. Resten av verda, derimot, tenker i tiår eller til og med hundreår. Då er det liten tvil om at russarane har rett og Vesten generelt tar feil.
  – Vidare avviser Vesten internasjonal folkerett. Dei angreip Jugoslavia og Libya utan løyve frå Tryggingsrådet, og dei laug for å angripe Afghanistan og Irak. Dei aksepterer berre reglane dei sjølve lagar. Dei andre statane, derimot, traktar etter ei multipolar verd der kvar aktør får tenke i samsvar med sin eigen kultur. Dei er klare over at berre internasjonal folkerett kan gjere det mogleg å bevare verdsfreden som dei drøymer om.

Heller enn å konfrontere Russland og Kina, har USA vald å trekke seg tilbake inn i imperiet sitt: å isolere Vesten for å oppretthalde overherredømmet sitt.

Sidan 2001 har alle verdsleiarane sett på Vesten, og særleg USA, som eit såra rovdyr. Dei tør ikkje konfrontere dei, og dei ser etter måtar å følge dei roleg til kyrkjegarden på. Ingen trudde nokon gong at dei skulle isolere seg sjølve for å døy.

Thierry Meyssan

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Pablo Heimplatz

Tidligere publisert på derimot.no



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 2 122 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

5 kommentarer. Leave new

  • Ja det er nok riktig at ikke bare er USA et såret rovdyr, men det er veldig mange som vet om det. Alle seriøse etterretningsorganer – også i Norge – vet hva USA har holdt på med siden siste verdenskrig, og hvorfor, likeså vet de politikere som har tilgang til etterretning dette.

    Alle krigene basert på løgn og bedrag og fusk og fanteri, alle de falske operasjonene og all tildekkingen, alle løgnene i media og ensrettingen og all desinformasjonen er kjent for makteliten.

    Ikke bare sto USA ledet av Dick Cheney bak 9/11, men de dekket over det hele med en serie røverhistorier myntet på «vanlige folk». Også her vet norsk etterretning, i likhet med de fleste andre etterretningene, hva som skjedde, og hvorfor det skjedde. Og de vet også at USA jobbet aktivt for regimeskifte i Ukraina frem til kuppet i 2014, de vet at USA investerte 5 milliarder US$ i regimeskifte, og de vet at Ukrainas president Zelensky ikke år lov av USA og NATO til å inngå fredsavtale med russerne, denne krigen har bare såvidt begynt.

    Putins krig er ikke mindre forferdelig av den grunn, men likevel ser vi en dreining av fokus og følelser som er resultatet av en glitrende dyktig kampanje regissert av USA og NATO.

    Svar
    • «Washington myrda Iraks president Saddam Hussein og Libyas leiar Muamar Gaddafi fordi dei våga å stille spørsmål ved dollarens dominans. Deretter plyndra dei sentralbankane deira.»

      Og dette er våre allierte!
      Og vår tidligere statsminister brukte våre forsvarsfly til å drepe 30 000 sivile i et land som ikke var en trussel mot noen andre nasjoner, men dollarens ødeleggende dominans.
      Stoltenberg går fortsatt rundt som et fritt vesen. Og hans parti ‘ Arbeiderpartiet’ er fortsatt ikke forbudt!
      Vi kaller oss en rettstat!

      Kaarbø; nei, Putins krig er ikke mindre forferdelig av den grunn.
      Men at Russland ikke har noen grunn til å stole på en slik stormakt, og måtte være føre var når de har fått slike folk på dørstokken, er fullt forståelig.
      Det som er mer underlig og tragisk er ‘vår’ medias patalogisk reduserte korttidshukommelse, – når de blir moralsk forarget over Ukrainakrigen.
      Som nasjon har vi ikke råd til å fø slike folk. Hverken på Løvebakken eller i Akersgata.
      De får be om bidrag fra private folk i Norge , ikke over statsbudsjettet. Så vi får vi en mulighet til å få slutt på galskapen.

      ‘ Det er uklart hvordan beløpet for våpen til Ukraina skal dekkes inn. ‘
      nettavisen.no/nyheter/utenriks/uklart-hvem-som-far-regninga-for-norsk-vapenstotte-til-ukraina/s/12-95-3424268011

      Det er jo norske skattebetalere/arbeidere som må betale dette, uansett, Støre. Du er pussig nok statsminister, – men hva kan du egentlig om en nasjons makro-økonomi? Og hvem betalte Libyakrigen? ‘Forsvars’- budsjette vårt? 😉
      Eller har dere tenkt å selge stortingsgarasjen? – Det blir jo over en milliard. Kanskje den kan bygges om til horehus, så trenger dere ingen bruksendringstillatelse.

      Ap og Sp har ellers ‘tjent’ nok gjennom mafia- avgifter fra norske strømkunder, så dere har jo ‘penger på bok’.
      – Som ikke innbyggerne lengre har.
      Men dere kan jo også ta det fra kreftmedisinkjøp , – som ‘er for dyre’ for de dødende ?
      Så blir det dobbelt antall døde i denne politiske leken.
      Jeg tror vi bør gå for horehus.

      Svar
  • Northern Light.
    23 april 2022 16:54

    Dr. Paul Craig Roberts om Julian Assanges utlevering til USA.
    De korrupte amerikanske og britiske regjeringene støttet av vestlige presstituterte, har ødelagt journalistikken. Julian Assanges utlevering til USA for å stilles for retten for spionasje markerer slutten på en fri presse som metode for å holde regimer ansvarlige. Fra nå av kan enhver journalist som publiserer en historie som er ugunstig for regimet bli tiltalt som spion.

    Under Vietnamkrigen brukte den amerikanske regjeringen dette på Daniel Ellsberg og New York Times, men uten suksess. Men tidene har endret seg. Dagens Ellsberg, Julian Assange, og dagens New York Times, Wikileaks demoniseres som spioner som tjener utenlandsk etterretning.

    New York Times og The Guardian som begge publiserte noe av Wikileaks-materialet lekket av Chelsea Manning, slapp rettsforfølgelse i saken ved å snu angående Assange og hjalp Washington med å sverte ham. Resten av de presstituerte mediene fulgte etter, også Wikipedia, som feilaktig beskriver saken slik de gjør med de fleste saker som har blitt kontroversielle. I dag er det knapt noen som kjenner den sanne historien om Assange.

    Assanges problemer begynte da to svenske kvinner tiltrukket av han, tok ham med seg hjem. En av kvinnene ble bekymret etter en episode med ubeskyttet sex og ba Assange om å ta en aids-test. Uklokt nektet han. Kvinnen spurte politiet om han kunne bli pålagt å ta testen. Det var dette men ikke en voldtektsanklage som feilaktig ledet til politiets etterforskning av det som voldtekt. Påtalemyndigheten startet etterforskning, og siden det ikke var bevis for voldtekt, avsluttet de saken. Assange var fri og kunne forlate Sverige.

    Han dro til Storbritannia. På uforklarlig vis, men kanskje etter at Washington insisterte, gjenåpnet en annen svensk aktor etterforskningen og sendte ut en utleveringsordre om at Assange skulle returneres til Sverige for avhør, men Assange ble ikke anklaget for noe. Ettersom Assange var ønsket for avhør og ikke siktet eller anklaget, gjaldt ikke utleveringen. Men Washington visste at de britiske domstolene ville gi etter for press fra Washington.

    Assange forsto at han ikke fikk beskyttelse da Washington kan overstyre loven som de vil, og flyktet til Ecuadors ambassade og fikk innvilget asyl. Han bodde i ambassaden fra 2012 til 2019, men et regjeringsskifte i Ecuador tillot Washington å få det nye regimet til å trekke tilbake Assanges asyl. I mellomtiden hadde den svenske aktoren henlagt saken siden det ikke var bevis. Men nå som Assange var i britiske hender, kunne Washington få ham overført til USA.

    Siden 2019 har Assange blitt holdt under forhold i Storbritannia som menneskerettighetsaktivister beskriver som tortur, mens det pågikk høringer om utlevering. I går etter tiår med forfølgelse og fengsling fulgte Storbritannia, en amerikansk marionettstat, sin herres ordre og gikk med på å utlevere Assange til USA for å bli stilt for retten som spion fordi han brukte rettighetene til en fri presse.

    Saken har selvsagt ingenting med spionasje å gjøre. Washington er ute etter hevn og har overkjørt alle kjent lover for å få det. I USAs øyne utfordret Wikileaks publisering av offisielle dokumenter som viste amerikanske krigsforbrytelser Washingtons fremstilling. Washington konkluderte med at den ikke kunne gjøre som den ville i en verden med pressefrihet, og valgte å fjerne forfatningens beskyttelse av journalistikk.

    Amerikanske og vestlige medier deltok villig i ødeleggelsen av deres rett til å drive journalistikk. Muligens vil Assange leve lenge nok etter domfellelse til at saken hans kan nå USAs høyesterett og dommen blir omgjort på konstitusjonelt grunnlag. Men akkurat som britiske domstoler gir etter på press fra Washingtons, gjør også amerikanske domstoler det.

    Akkurat som korporasjonene har gjort at den amerikanske kongressen lystrer dem, har den føderale regjeringen redusert rettsvesenets frie stilling. Selv Høyesterett blir politisert som den siste utnevnelsen av dommere viser. De som skrev grunnloven stolte på at en fri presse beskyttet av det første grunnlovstillegget skulle holde regjeringen ansvarlig like mye som de stolte på maktfordelingen. Alle dette blir nå uthulet. Konsekvensen er at vi nå står overfor tyranniet til regjering som ikke kan holdes ansvarlig for noe og som kan diktere fortellingen som den vil.

    Fra Dr. Paul Craig Roberts blogg, publisert 21 April 2022.
    Oversatt fra engelsk, noe forkortet og redigert.
    Orginal artikkel: Assange’s Extradition Is Another Building Block of The Controlled Explanation.

    Svar
    • Hele overgrepet/voldektsanklagen er antagelig en honningfelle, N.L.
      Assange MÅTTE stoppes. Når USA ble tatt med buksa nede og med dritt på leggen, etter å ha beskyldt Kina og Russland for at dritten var produsert at dem, – måtte pressen stoppes.
      Pressen, – som BURDE ha dette som en STOR sak, hva gjorde de ?
      La ned penn & papir/laptop, hentet halsbåndet og klikket det sjøl på.
      Og kjøpte inn nye hundeposer til politisk bruk, – hvis eierne fortsatt dreit seg ut og skyldte på puddelen.
      Så mye for vår frie presse.
      Dette er ikke bare tragisk-komisk. Dette er farlig.
      Et demokrati uten en fri presse er intet demokrati.

      Svar
  • Og hvordan fjøsnisser tror på «klimakrisen», kjøper svindyre elektrobiler , tror på en autistisk, svensk jentunge og AOC, så flaut å dele kloden med sånn toskesksp til medmennesker!
    Vitenskapelig bevist: men betalte duster prater og og folk tror det. !!!!!

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Åpent brev til Camilla Stoltenberg:

Min penn mot dine sprøytespisser.

Previous Post

Klima for globalisme

World Economic Forums mørke opphav

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.