POSTED IN Midt-Østen

Thierry Meyssan:

Korleis Dei to store kan etablere fred i Større Midtausten

0
Print Friendly, PDF & Email

Voltaire Network | Damaskus (Syria) | 30. juni 2020

Dette er del 2 av artikkelen: «How Washington intends to triumph» [1], av Thierry Meyssan, Voltaire Network, 23. juni, 2020

I Helsinki, Finland, den 16. juli, 2018, starta presidentane Trump og Putin direkte forhandlingar om globalt samstyre. Den vestlege pressa danna straks ein polemikk om russisk innblanding i vala i USA, for å maskere framstega som vart gjort på møtet.

Å skape fred er lett: ein må berre slutte å krige mot kvarandre. Men i Større Midtausten er det mykje meir komplisert, for der er det eit mangfald av aktørar med motstridande interesser og kvar sine krav til korleis løysinga skal sjå ut. Under slike tilhøve kan ingen fred bli heilt rettvis, men den kan i det minste garantere tryggleiken for alle.

Gjennom 2011 og første halvdel av 2012 diskuterte USA og Russland i løynd planane sine for Det større Midtausten. Pentagon følgde Rumsfeld/Cebrowski-strategien, d.v.s. Planen om å øydelegge alle statsstrukturar (Afghanistan, Irak, Libya, Syria…), men president Barack Obama leita etter ein måte å trekke militæret ut av regionen, slik at han kunne overføre troppane til Stillehavet, rundt Kina («Pivot to Asia»). Russland, for sin del, håpa på å gjenvinne innverknaden sin i regionen ved hjelp av dei russisktalande i Israel og Syria.

Vi kjenner ikkje innhaldet i desse diskusjonane som var vanskelege. Under heile juni var dei to maktene skilde av ein kontrovers, og begge skulda den andre for å «stå på feil side av historia»». Men både Washington og Moskva var til stades på ein internasjonal konferanse i Geneve om Syria, men utan syrarar, den 30. juni, 2012. Begge, vel vitande om at krigen i Syria ikkje var nokon borgarkrig, skreiv under ein fredsavtale, med sine respektive allierte som vitne. Alle trudde, trass i stor militær ulikskap mellom dei to protagonistane, at eit nytt Jalta, ei ny deling av verda, hadde skjedd, og at denne avtalen var den første manifestasjonen på at så var tilfelle.

Men ei veke seinare organiserte Frankrikes president François Hollande eit møte for «Vener av Syria» i Paris for å blåse nytt liv i konflikten. NATO-allierte, i nærværet av og medskuldige med utanriksminister Hillary Clinton, gjorde til at Obama/Putin-forhandlingane stranda. Sermonimeister for Geneve-konferansen, og tidlegare generalsekretær for FN, Kofi Annan fordømde den eine protagonisten sitt dobbeltspel, og trekte seg med stor fanfare frå stillinga si som FN-spesialutsending for Syria den 2. august. Nokre bekymra delegatar frå dei blokkfrie landa, og deretter Kina, føreslo å gjenoppta forhandlingane, men utan suksess.

Ni år med krig følgde.

I 2020, medan Pentagon standhaftig følger Rumsfeld/Cebrowski-strategien, forhandlar president Donald Trump i løynd – ikkje berre med motpartane Vladimir Putin, Basjar el-Assad, Benjamin Netanyahu & Benny Gantz – men sannsynlegvis med mange andre og.

Den 20. februar, 2019 avduka president Putin sine nye våpen for folkeforsamlinga til Den russiske føderasjonen. Russland hadde gjenvunne sin status som stormakt.

Tvert imot det folk flest trur, er ikkje motsetningane på USA-sida nye, for dei eksisterte allereie for 9 år sidan, under Barack Obama. Dei oppstod derfor ikkje på grunn av Donald Trump, men på grunn av ei djup og langvarig krise i USA som Vesten nektar å rekne med. I motsetning til forgjengaren sin ønsker han ikkje å dra bøndene sine vekk ifrå éin del av verdssjakkbrettet for å flytte dei over til ein annan, men å bringe troppane heim. Russiske krav har, for sin del, auka betydeleg. Moskva har investert militært i Syria, og har der vist fram makta til landets gjenoppståtte militærindustri og den nye hæren. Russland, som ein gong låg i ruinar etter Sovjetunionens kollaps og Boris Jeltsin si plyndring av landet  [2], har atter blitt ei stormakt med kapasitet til å forsvare seg, men også, som einaste stat i verda, til å øydelegge rivalen USA. Vi talar om globalt styre, det handlar om maktbalanse.

Vi veit ikkje meir enn vi visste i 2011 om korleis forhandlane mellom Det kvite hus og Kreml går, men vi kan utifrå hendingar no trekke slutningar om kva som står på spel. Enten får vi eit framhald i krigen som riv sund alle statane i regionen, ein etter ein, eller så vil dei to stormaktene dele opp regionen i separate soner, eller dei vil styre dei saman. Det er openbert mogleg å mikse desse alternativa: bruke eitt av dei overalt, eller fleire, avhengig av kva land det gjeld.

Ein avtale må vere basert på ein realistisk analyse av Det større Midtausten, og ikkje på avisoverskrifter. Media rapporterer ikkje om den reelle maktbalansen i regionen, for dei handsamar konfliktane som om det ikkje fanst samband mellom dei, og dét er absolutt usant. Kvar avtale her vil gi konsekvensar for andre, slik at fred for nokon kan bety katastrofe for andre.

I juni, 2019, vart det halde eit nytt toppmøte om verdsstyre i Jerusalem, denne gongen representert ved nasjonale tryggingsrådgivarar (her Nikolai Patrutsjev og John Bolton).

Tvert imot det folk flest trur, er verken palestinarane eller kurdarane sentrale i dag. Dei har tapt si legitime sak med kravet om å bygge nasjonalstatar utanfor sine historiske territorium. Verken tyrkarane eller iranarane representerer nokon fare; dei er alltid klare for forhandlingar under bordet. Problemet som har fått alt til å mislykkast i førti år, er viljen som nokre anglo-saksarar har til å halde fram med å kolonisere regionen via Israel og motstanden til nokre arabarar via libanesiske Hizbollah. Men Israels koloniseringsfraksjon, leidd av Benjamin Netanjahu, tapar i dag støttespelarar til nasjonalistfraksjonen som Benny Gantz leier. På den andre sida, kan ikkje Hizbollah lenger rekne med pengestøtte frå sine to gudfedre: Syria, som er svært svekka, og Iran, som nett har inngått pakt med britane i Jemen, fått i stand ein avtale med USA i Irak og alliert seg militært med Den muslimske brorskapen i Libya.

Derfor vil ei varig løysing stille to krav:

  at Israel blir styrt av USA og Russland saman, og

  at Libanon og Syria blir styrt av Russland, under USAs tilsyn.

Denne utviklinga vil finne stad før eller seinare, trass i at nokre israelarar, libanesarar og syrarar vil opponere, for det er det einaste som kan garantere tryggleik for alle.

Den russiske sida har allereie omorganisert seg i denne retninga. Den russiske ambassadøren til Levanten, Alexander Zaspikin, konsentrerer seg allereie om Libanon, der han er utplassert, medan den nye russiske ambassadøren i Damaskus, Alexander Efimov, har fått retten til å rapportere direkte til president Putin, utan å gå via ministeriet, der forgjengaren hans i Syria, Alexander Kinsjtsjak, vil halde tilsyn med regionen.

Det som no er på gang, har mislykkast eit utal gonger sidan enden på Andre verdskrig, men regionen har utvikla seg, og dét har også stormaktene. Donald Trump er svært realistisk, og Vladimir Putin har ein godt utvikla sans for internasjonal rett. Om dei begge greier bringe sine standpunkt kring Større Midtausten nærare saman, vil dette straks få positive konsekvensar i Det fjerne Austen.

Omsett av
Monica Sortland

Forsidebilde: Jørgen Håland

https://www.voltairenet.org/en
[1] “On the Right Side of History”, by Sergey Lavrov, Voltaire Network, 16 June 2012.

[2] Alle dei store selskapa i SSSR var offentleg eigde. President Boris Jeltsin samla vener rundt eit bord og delte ut dei industrielle juvelane. Medan presidenten sine vener på ein blunk vart milliardærar, fall forventa levealder på russarane skarpt med 15 år. Det tok president Vladimir Putin eit tiår å gjenopprette levestandarden for sine medborgarar og landet sin status.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Norge på nytt i ærend for en okkupasjonsmakt:

Palestina er ikke okkupert ifølge Norges utenriksminister.

Forrige innlegg

Temperaturutviklingen globalt:

Fortsatt ingen dramatikk.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.