POSTED IN USA

Thierry Meyssan:

Blir Joe Biden USAs Gorbatsjov?

0
Print Friendly, PDF & Email

Jeg er ikke alltid enig i alt Thierry Meyssan skriver, men det han kommer med er forfriskende lesning fordi han tvinger oss til å betrakte det som skjer fra en annen vinkel. Og da oppdager vi noe nytt som ikke var synlig fra vår egen posisjon.

Knut Lindtner

Presidentvalet i USA: Opne auga!

av Thierry Meyssan

Joe Biden, den 46. presidenten i USA.

Resultatet av presidentvalet i USA markerer ein triumf – ikkje for Demokratane og ein senil senator, men for den puritanske straumen over Jacksonianarane. Det reflekterer ikkje det amerikanske folkets politiske syn, og det maskerer sivilisasjonskrisa som landet no søkk ned i.

Voltaire Network | Paris (Frankrike) | 10. november 2020

USAs presidentval i 2020 stadfestar den generelle trenden sidan oppløysinga av Sovjetunionen: det US-amerikanske folket går igjennom ei sivilisasjonskrise og er ubønnhøyrleg på veg mot ein ny borgarkrig som logisk sett bør føre til ei oppstykking av landet. Denne ustabiliteten bør resultere i ein ende på Vesten som hypermakt.

For å skjøne kva som skjer, må ein overkome frykta til dei europeiske elitane i møte med dødskampen til den makta som har verna dei i tre kvart av eit hundreår; og ein må sjå ærleg på verdshistoria over dei siste tretti åra. Det er også nødvendig å studere USAs historie og lese om att Grunnlova deira.

Hypotesen om oppløysing av NATO og USA

Då Sovjetunionen kollapsa, etter tre kvart hundreår med udelt diktatur, kom det som ei overrasking på alle dei som ønska det bort. I eit årtal hadde CIA organisert systematisk sabotasje mot økonomien der og rakka ned på alle deira bragder, men dei såg ikkje at det skulle bli folket i Sovjet som ville styrte regimet i sine ideals namn.

Det heile starta med ei katastrofe som staten feila i å respondere på (Tsjernobyl, 1986). Ein kvart million menneske måtte flykte frå jorda si for godt. Denne inkompetansen markerte enden på diktaturets legitimitet. I dei neste fem åra fekk dei allierte i Warszawapakta tilbake si uavhengigheit, og Samveldet av sovjetiske statar vart brote opp. Denne prosessen var frå byrjing til slutt leidd av den kommunistiske ungdomsunionen, men vart i siste augneblink kuppa av Moskvas borgarmeister, Boris Jeltsin, og hans Washington-opplærte team. Den påfølgande plyndringa av folkeeigedom og den økonomiske kollapsen den forårsaka, sette det nye Russland eit hundreår tilbake i utvikling.

På same måte bør også USA forsvinne. Dei vil miste sin sentripetale styrke og bli overgitt av sine vasallar, før kollapsen. Dei som allereie har forlatt skuta før den søkk, vil ha ein betre sjanse for å kunne flykte. NATO bør døy før USA, på same måte som Warszawapakta døydde før SSSR.

Sentrifugalkrafta til USA

USA er eit svært ungt land, med berre to hundre år av eiga historie. Folketalet held fram med å vekse, med stadig nye immigrantar frå dei mest ulike delar av verda. I følge den britiske modellen held kvar av desse gruppene på sin eigen kultur og blandar seg ikkje med dei andre. Konseptet «smeltedigel» eksisterte berre då dei svarte soldatane returnerte etter Andre verdskrig og rasesegregeringa vart avskaffa, under Eisenhower og Kennedy, men forsvann deretter.

USAs befolkning flyttar ofte over delstatsgrensene. Frå Første verdskrig til slutten av Vietnamkrigen førekom det forsøk på å leve saman i nokre bydelar. Det tok slutt for tjue år sidan. Og frå oppløysinga av Sovjetunionen til i dag har det skjedd ei gettoisering igjen, ikkje lenger langs «rasemessige» linjer, men langs kulturelle. Landet er faktisk allereie splitta.

USA er ikkje lenger éin nasjon, men allereie elleve separate samfunn.

Den anglosaksiske subkulturen sin indre konflikt

Amerikansk mytologi knyter landets eksistens til dei 67 «Pilegrimsfedrane», immigrantane som kom med Mayflower. Dei var ei gruppe fanatiske engelske kristne som levde i eit «fellesskap» i Nederland. Dei fekk av det engelske kongehuset i misjon å slå seg ned i «Den nye verda» for å kjempe mot det spanske imperiet. Ei av gruppene deira landa i Massachusetts og bygde opp eit sekterisk samfunn, Plymouth-kolonien (1620). Dei sette slør på konene sine og brukte hard kroppsleg straff for dei som synda og veik av frå «den reine vegen», difor namnet «Puritanarar».

US-amerikanarar ignorerer både den politiske misjonen og sekterismen til Pilegrimsfedrane. Men dei feirar dei på takkefesten (Thanksgiving Day, siste torsdag i november). Desse 67 fanatikarane hadde betydeleg påverknad på eit land som i dag tel 328 millionar innbyggarar. 8 presidentar av 46 er direkte etterkomarar av dei, inkludert president Franklin Roosevelt og presidentane George Bush.

Puritanarane organiserte ein revolusjon i England med lord Oliver Cromwell. Dei halshøgde kongen, grunnla ein intolerant republikk, the Commonwealth, og massakrerte «dei kjetterske» (papistiske) irane. Desse hendingane blir av britiske historikarar referert til som «Den første borgarkrigen» (1642-51).

Over eit hundreår seinare gjorde settlarane i Den nye verda opprør mot det knusande skatteåket til det britiske monarkiet (1775-83). Desse hendingane er for historikarane i USA kjende som «Uavhengigheitskrigen», men britiske historikarar omtalar dei som «Den andre borgarkrigen». Om settlarane som kjempa i denne krigen var fattige, hardtarbeidande folk, så var dei som organiserte den etterkomarar av Pilegrimsfedrane som ønska hevde sitt sekteriske ideal imot det gjenoppretta britiske monarkiet.

Åtti år seinare vart USA sundriven av Borgarkrigen (1861-65), som einskilde historikarar i USA kallar Den anglosaksiske «Tredje borgarkrigen». Den stilte opp imot kvarandre delstatar som, tru mot den opprinnelege Grunnlova, ville oppretthalde tollsonene seg imellom, og andre delstatar som ville skifte til ein føderal toll og såleis skape ein større indre marknad. Men krigen stilte også dei puritanske elitane i Nord opp imot dei katolske elitane i Sør, slik at spaltinga som var i dei to tidlegare krigane vart gjentatt.

Den anglosaksiske «Fjerde borgarkrigen» som er i ferd med å danne seg no, er det framleis dei puritanske elitane som står bak. Det som maskerer denne kontinuiteten, er transformasjonen til desse elitane som ikkje lenger trur på Gud, men held på den same fanatismen. Det er dei som no er dedikerte til å omskrive historia til landet. I følge dei er USA eit europearskapt rasistisk prosjekt som «Pilegrimsfedrane» ikkje har greidd å korrigere. Dei er overtydde om at det er nødvendig å gjenetablere «Den reine vegen» ved å øydelegge alle symbola på Vondskap, slike som statuane av monarkane, dei engelske og dei konføderale. Dei talar «politisk korrekt», hevdar at det finst mange «rasar» blant menneska, skriv «Svart» med stor B og «kvit» med liten k, og dei les gjerne dei tunge bilaga til New York Times.

Inngangen til hovedkvarteret til Pilgrimmenes samfunn. England og USA holder sammen fakkelen som opplyser verden.

Nyare US-amerikansk historie

Alle land har sine demonar. President Richard Nixon var overtydd om at den første faren som USA måtte verne seg mot ikkje var ein kjernefysisk krig med Sovjetunionen, men derimot den moglege anglosaksiske Fjerde borgarkrigen. Han omgav seg med spesialisten på emnet, historikaren Kevin Phillips, som var valrådgivaren hans og lot han innta presidentembetet to gongar. Men arvingane etter Pilegrimsfedrane aksepterte ikkje kampen hans og lot han falle i Watergate-skandalen (1972).

Då dampen byrja ebbe ut for USA si makt, plasserte den imperialistiske lobbyen, dominert av Puritanarane, ein av dei direkte etterkomarane av dei 67 Pilegrimsfedrane ved makta, Republikanaren George Bush Jr.. Han organiserte eit emosjonelt sjokk (angrepa den 11. september, 2001; «9/11») og tilpassa hærstyrkane til den nye finanskapitalismen, under det lamma blikket til sine medborgarar. Etterfølgaren hans, Demokraten Barack Obama, heldt fram arbeidet med å tilpasse økonomien. Til denne jobben valde han majoriteten av teamet sitt under første presidentperiode frå medlemmane av Pilgrim’s Society (the Pilgrim’s Association).

Ei forstyrrande hending tok stad i 2016. Ein TV-figur som hadde utfordra transformasjonen av kapitalismen og 9/11-angrepa, Donald Trump, stilte som presidentkandidat. Han vann først Det republikanske partiet, deretter Det kvite hus. Alle dei som hadde styrta Richard Nixon kom no etter Trump, allereie før han tredde inn i embetet. Dei greidde å hindre at han vart gjenvald ved å klumsete fylle stemmeurnene. Det som er viktig, er at under hans presidentperiode dukka fleire hundreår med usagte ting opp til overflata igjen. Folket i USA har atter splitta seg rundt Puritanarane.

Difor, medan det er openbert at eit fleirtal av US-amerikanarar ikkje gjekk entusiastisk av garde for å stemme på ein senil senator, så verkar det feil for meg å seie at dette 2020-valet var ei folkerøysting for eller imot Trump. Det var faktisk ei folkerøysting for etter imot Puritanarane.

Eit resultat i samsvar med Pilegrimsfedrane sitt prosjekt

Då Uavhengigheitskrigen eller Den andre anglosaksiske borgarkrigen var over, skreiv etterkomarane av Pilegrimsfedrane Grunnlova. Dei skjulte ikkje ønsket sitt om å danne eit aristokratisk system etter engelsk modell, heller ikkje forakten sin for folket. Dette er grunnen til at Grunnlova til USA ikkje anerkjenner suvereniteten til folket, men i staden guvernørane sin.

Folket som hadde kjempa og vunne krigen godtok denne situasjonen, men fekk lagt inn ti lovtillegg, the Bill of Rights, som skulle sørge for at den herskande klassen ikkje på nokon måte ville kunne bryte borgarrettane i namnet til eit påstått «raison d’état». Grunnlovstillegget gjeld framleis.

Om ein er villig til å vedkjenne at USA, konstitusjonelt sett, ikkje er og aldri har vore eit demokrati, finst det ingen grunn til å bli bestyrta over utfallet av valet. Sjølv om det ikkje er belegg for det i Grunnlova, har folkets røyster i presidentvalet gradvis blitt normen i samtlege delstatar dei siste to hundreåra. Guvernørane er nøydde til å følge retningslinjene til folkestemmesetlane når dei utnemner sine 538 delegatar til valmannskollegiet (Presidential Electoral College). Ei av følgene har blitt at nokre av guvernørane har fylt opp stemmeurnene utan særleg ekspertise: i fleire enn ein av ti valkrinsar har talet på stemmer vore høgare enn talet på vaksne innbyggarar. Enten kommentatorane likar det eller ei, så er det difor heilt umogleg å seie kor mange som faktisk stemte og kven dei helst ville hatt som president.

Ei dyster framtid

Under desse tilhøva vil ikkje valvinnaren Joe Biden kunne ignorere det rettmessige raseriet til utfordraren sine supporterar. Han vil ikkje greie å gjensameine folket sitt. Eg skreiv for fire år sidan at Trump ville bli USAs Gorbatsjov. Eg tok feil; han har greidd å blåse nytt liv inn i landet sitt. Til sist vil det bli Joe Biden som vil måtte ta skulda for å mislykkast i å halde landet sitt territorielt sameint.

Dei allierte som ikkje ser katastrofen som er under oppsegling, kjem til å betale ein høg pris.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Eric Muhr

https://www.voltairenet.org/article211579.html

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Koronatiltak

Uten logikk, uten dokumentasjon og uten kritiske medier. Et varsel om diktaturet?

Forrige innlegg

Vil Trump ha tropper hjem før han går av?

Er det derfor forsvarministeren avsettes?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.