POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Sykepleier i USA:

Behandlingsregimet vi ble pålagt av myndighetene førte til mange dødsfall.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Sjukepleiar bekreftar at behandlingsprotokollar for covid på amerikanske sjukehus drap mange pasientar under «pandemien»

Sjå òg «Tidlegare sjukepleiar skildrar covid-19-protokollane på sjukehus som ‘medisinsk mord’», publisert 24.april 2023, og «Covid-protokollar på sjukehus øydela tusenvis av amerikanske familiar», publisert 5.mai 2023.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Natural News melder om eit intervju som fann stad mellom Steve Kirsch og ein sjukepleiar, der temaet var den sokalla «behandlingsprotokollen» som vart brukt på dei fleste amerikanske sjukehus. Sjølv reknar Kirsch dette som det viktigaste intervjuet han nokosinne har gjort. Natural News skriv (mi omsetjing):

«Under covid-19-pandemien rapporterte hovudstraumsmedia aukande dødstal kvar dag. Etter kvart som talet døde steig, vart mange stadig reddare, noko som innebar at dei var meir enn viljuge til å brette opp erma då dei fyrste vaksinane vart rulla ut. Derimot blir det stadig tydelegare at det var responsen på viruset – nemleg sjukehus-behandlingsprotokollane og sjølve vaksinane – som var dei ekte årsakene til dødsfalla, og no har ein sjukepleiar tappert bekrefta dette.

Gail Macrae, ein sjukepleiar ved Kaiser Permanente Santa Rosa, sette seg nyleg ned med Steve Kirsch for å dele alt det fryktelege ho såg under pandemien, og ein av dei mest urovekkjande tinga ho nemnde var det faktum at so mange menneske døydde av behandlingsprotokollane som CDC tvinga sjukehus og legar å rette seg etter.

Kirsch rapporterer at både Macrae og akuttmottakslegar han snakka med etter intervjuet estimerte at rundt 90% av dei som døydde, faktisk vart drepne av covid-19-behandlingsprotokollar enn av sjølve viruset.

Dette talet vart støtta av dr. Paul Marik, ein erfaren lege og tidlegare professor i medisin, som er styremedlem i Front Line COVID-19 Critical Care Alliance. Han sa til Kirsch at han følte 90% var eit rimeleg estimat. Dr. Marik jobba i akuttmottaket under pandemien og hadde ein særs høg suksessrate i å redde pasientar med covid; han rapporterer å ha redda nesten 100% av dei med sin eigen protokoll. Derimot, etter å ha blitt instruert av sine overordna til å gå over til ‘sjukehusprotokollen’ i samsvar med retningslinjer frå CDC, gjekk sju av hans neste sju pasientar bort, inkludert ein 22-åring. Han sa opp stillinga si fordi sjukehuset ikkje ville late han redde liva til pasientane.»

Eg vil her skyte inn og seie at dette illustrerer kor farleg denne «behandlingsprotokollen» er. Dr. Marik hadde nesten 100% suksessrate med sin eigen protokoll; den protokollen CDC påla han, førde til ein suksessrate på 0% (sju av dei neste sju pasientane døydde). Tenk litt på den. Stoda på sjukehusa var ikkje noko betre i Storbritannia, noko denne historia vitnar om.

Artikkelen skriv vidare:

«Macrae kom med ei forklaring på kvifor so mange sjukehus hevda at covid-19 var ‘dei uvaksinerte sin pandemi’. Ho sa at sjukehusa sine rapporteringssystem slik som EPIC var sette opp på ein slik måte at alle pasientar som vart lagt inn med covid-19, automatisk vart merkte som ‘uvaksinerte’, og sjukepleiarane fekk ikkje instruksar om korleis ein skulle endre dette. Sjølv om dei skreiv kommentarar om kvar pasient sin eigentlege [vaksinasjons]status på sine eigne rapportark, var statistikken som sjukehusa rapporterte inn, basert på vaksinasjonsstatusfeltet i det elektroniske registeret, heller enn dei handskrivne notata tilknytt kvar pasient. Dette spesifikke scenarioet fann visstnok stad ved Kaiser; det er ikkje kjent kor mange EPIC-klientar som hadde det same oppsettet [at dei automatisk vart registrerte som uvaksinerte; oms.komm.].

Ho delte òg verdifull innsikt i kva som skjedde etter at vaksinane vart rulla ut. Ho sa at der var særs høge tal av rapportar om anafylaksi etter fyrste dosen med covid-19-vaksinen, men folk var særs lite viljuge til å snakke om det fordi dei trudde at dei ville få sparken. Kirsch seier at der var ingen tilfelle av anafylaksi rapportert i Pfizer sitt Fase 3-forsøk blant dei 22 000 personane som fekk sprøyta. Dette tydar at sprøytene burde ha blitt sett på vent umiddelbart, med tanke på det store avviket mellom kva som vart hevda av produsenten av vaksinen og kva som faktisk skjedde få folk byrja å få den.»

(Sjå òg «Ein sjukeheimsbebuars død av Covid-19-‘vaksine’ – ei personleg beretning», publisert 7.juni 2022. Dette er mine personlege opplevingar om dødsfall og sjukdom på ein norsk sjukeheim like etter utrullinga av dei fyrste covid-injeksjonane i januar 2021. Akkurat som i USA, ville ingen i personalgruppa, heller ikkje den som sette sprøytene, vedkjenne seg at «vaksinen» kunne stå bak, sjølv om vedkomande måtte sendast i ambulanse etter å ha fått sprøyta.)

Etter at vaksinane vart rulla ut i mars 2021, rapporterer Macrae at talrike pasientar vart lagt inn med uvanlege symptom slik som nye blodpropp-sjukdommar som ein ikkje hadde møtt før, slag, hjarteabnormalitetar, plutseleg oppstått demens og autoimmune tilstandar. Der var òg mange sjeldne biverknader som fann stad i eit omfang som tidlegare var usett. Til dømes hadde sjukehuset hennar berre sett to tilfelle av personar med Guillain-Barré-syndrom i løpet av dei siste ni åra. Etter vaksineutrullinga såg dei to tilfelle hjå pasientar som hadde blitt vaksinert i løpet av dei siste 24 timane, og totalt fire tilfelle over eit tidsrom på berre seks veker.

Ho la til at yngre menneske byrja å bli innlagt på sjukehuset med uvanlege symptom på same tid som vaksinane vart rulla ut for deira spesifikke aldersgruppe. Ein annan lege frå Macrae sitt sjukehus som Kirsch snakka med, informerte han at sprøytene resulterte i at dødsfall av alle årsaker steig med 80% på sjukehusa.

Ifølgje Macrae vart enkelte medlemmer i personalgruppa åtvara om at det å rapportere om vaksinebiverknader til Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS) kunne resultere i at dei fekk sparken. Mange legar snakkar framleis ikkje ut fordi dei fryktar at dei vil misse jobben, skade ryktet sitt, eller misse legeautorisasjonen som dei har jobba so hardt for å få.»

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «..etter å ha blitt instruert av sine overordna til å gå over til ‘sjukehusprotokollen’ i samsvar med retningslinjer frå CDC, gjekk sju av hans neste sju pasientar bort, inkludert ein 22-åring. Han sa opp stillinga si fordi sjukehuset ikkje ville late han redde liva til pasientane.»

    Dette er jo ikke så ulikt historie-fortellingen til Jens Bjørnebo.
    Nå altså 150 år etter Semmelweis.
    Den ungarsk-østerrikske legen Semmelweis ble jo også tvunget til en behandling, av fødende, som forårsaket død. Selv om han kunne dokumentere årsak til behandlingen som forårsaket død.
    Fordi autoritetstro og feighet hos legene stod over evne og lyst til observasjon og til å tenke sjøl.
    Leger ville ikke gå med på at de selv forårsaket sykdom.

    150 år etterpå !
    Da står vår, denne gangen legene, mentalitet ganske så stille.

    Men hele befolkningen, også i Norge, bør ha denne destruktive autoritets-troen i minne.
    Og dette gjelder på alle områder i samfunnet, enten det er leger eller det politiske systemet med dets politikere.

    Vår mentalitet er vår skjebne.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Eigarskap av media:

Ei av Nordens siste frie aviser fell.

Previous Post

Hva skjer i Norden?

Er Norden nå underlagt USA?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.