POSTED IN Klima

Svein Grødaland:

Politikk eller eventyr?

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email
Svein Grødaland:

Eg noterer meg at eg nok ein gong er meir samd med FrP enn dei andre partia. Klassekampen har eit intervju med Sylvi Listhaug, der ho set den sunne fornuften opp mot politisk fiksfakseri utan effekt.

Det store spørsmålet er dette: Kvifor skal Norge bruka milliardar av kroner på å flytta utslepp av CO2  frå vår eigen sokkel og eigne installasjonar til kontinentet? For Norge er dette netto tap, for miljøsaka betyr det ingenting. Som dei fleste veit, er kloden global, og flytting av problem løyser ingen problem.

Nok ein gong er det to forteljingar.

Kloden har snekra saman eit avtaleverk der kvar nasjon får ansvar for sine utslepp. Oppgåva er å rekna som utført, dersom me klarer å få skyfla utsleppet over ei landegrense. Dette er kjernen i FN sin klimaavtale. Den er ikkje verd noko som helst, sjølv om ein trur på mytene om menneskeskapt global oppvarming.

Eg har slutta å tru på desse mytene. Kvifor?
Vatn og vanndamp er ein langt viktigare klimaregulator. CO2 sitt bidrag er knapt registrerbart.

Det fins ikkje presise verktøy til å rekna ut ein middelverdi på klima over eit heilt år. Kva er middeltemperaturen på gard nr 14 i kommune nr 1119? Området er rundt 1250 mål, med fleire hundre meter kystlinje, strekker seg eit par kilometer inni landet, vekslar mellom skog og opne sletter. Som dei fleste andre stader på vår breiddegrad, har me tre til fire årsider. Vinter kan vera ein illusjon ein del år. Kan klimaet her definerast med eit tal?

Historikken talar mot teorien. Al Gore sine fantasier om kva som skulle skje innan ti år, skjedde ikkje. Det har framleis ikkje hendt noko av det han varsla.

Det har til alle tider vore vekslande klima på jorda. Kjøligare klima har alltid ført til dårlegare tider. Boka Septemberfrost av Alfred Hauge handlar om tidleg vinter og tapte avlingar tidleg på 1800-talet.

Kanskje klimasaka er den daude katten på bordet, som tek fokus vekk frå dei verkelege problema? Tusenvis av skadelege kjemikalier som vert pøst ut i naturen. Eksponering av desse kan få katastrofale verknadar både på naturen og på oss som art.

Karbon er sjølve grunnlaget for liv, ikkje eit miljøproblem. Det fins andre problem, ofte rett framfor nasen vår.

Er det nokon som har fordel av situasjonen? Dei snakkar om eit grønt skifte. Kva meiner dei med det? Elektrifisering er ein av ingrediensene. Kor skal den straumen koma frå? Vatn, vind, bølgekraft? Det er neppe nok. Atomkraft?

Kjernen i det såkalla grøne skiftet er business as usual. Ingen tanke på eit faktisk skifte. Skal me snakka om skifte, må me slutta med ein del ting, kanskje stilla kalenderen tilbake ein generasjon eller to? Ta ein kikk på bruken av energi. Kva er nødvendig, kva er nyttig, og kva er det reine tøvet?

Her har eg litt tru på Industripartiet. Ta ein del funksjonar heim att. Reformer landbruket, fleire bønder, fleire bruk. Prioritera norske produkt og norsk mat. Ta tilbake dei praktiske faga, snekker, smed, murar.

Foto: Svein Grødaland. Bildetekst: Klimafaktor i vest

Innlegget har Svein Grødaland lagt ut på Facebook,
og er gjengitt på Politikus med hans tillatelse.
Uthevinger i teksten er lagt til av Politikus.



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 214 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Det har til alle tider vore vekslande klima på jorda. Kjøligare klima har alltid ført til dårlegare tider.»

    Og værforandringer og værkatasrofer har det alltid vært. Også krefter som vi regner lite med. F.eks. månefaser sin betydning for orkaner, og tilogmed stein/fjellras og snøras.
    ( Steinhoggere vet at det er lettere å splitte stein ved voksende måne.)

    I 1185 var det så mildt om vinteren at trea blomstra i januar. ( I Norge)
    I 1218, da Håkon Håkonsen var konge, bar trærne frukt og fuglene la egg to ganger.
    I 1224 var det derimot sprengkulde.
    I 1275 falt det hagl som veide 400g. i august.
    I 1300 var det hungersnød i norden, og 1315 det samme over det meste av verden pga. kulde.
    I 1677 var det sprengkaldt og så store snømengder at snøen var 7 alen dyp helt nede ved sjøkantene.
    I 1901 var det varmesommer igjen.
    I 1917 var det kaldt igjen.
    For 1000 år siden var temperaturen en grad høyere enn i dag, med korndyrking på Grønland.
    For 4-5000 år siden var Hardangervidda skogkledd og alle isbreene i Norge smeltet bort. Sahara var dekket av Savanne.
    For 1500 år siden falt temperaturen med 2-3 grader. Som førte til 100 år med ekstremvær , tørke og avlingssvikt.

    I 1931 knuste en tyfon en demning i Kina som førte til 3, 7 millioner døde.
    I 1670 i Norge slo store bølger innover Sunmøre og rev med seg flere gårder.
    I 1938 oppstod en nærmest uforklarlig flodbølge på 10 m. opp fra havet ved Smøla og tok bort det meste som var av bosetting langs kysten..

    Naturkreftene er ustoppelige. Bare historieløse vil hevde at tida vi nå er inne i er spesiell når det gjelder naturkatastrofer.

    Men:

    «Elektrifisering er ein av ingrediensene. Kor skal den straumen koma frå? Vatn, vind, bølgekraft? Det er neppe nok. Atomkraft?»

    Nå gynger det bølger og tidevann på alle verdens hav, så dette er jo en evig fornybar energikilde når vi greier å utnytte dette på en effektiv og sikker måte.
    Atomkraft burde også være en tryggere mulighet etterhvert, – men er ikke nødvendig for Norge, vi har nok vannkraft til hele nasjonens behov, også transport. Vannkraften vår kan også kan oppgraderes hvis vi vil – og de politiske penge- myndighetene ikke ødelegger med en stoppende avgifts-politikk.
    Og elektrisk kraft til både maskiner og oppvarming er mer effektivt enn oljeforbrenning. Så med en stadig elektrisk utvikling vil vi bruke mindre energi til samme velstand enn i dag. .

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Frykt for det nye?

Vi har eksempler på oppfinnelser som har blitt suksesser etter hvert.

Previous Post

Oppstått fra de døde?

NKP stiller liste i Bergen.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.