POSTED IN USA

Styrkeforholdet i verden skiftar no raskt:

Vesten treng sjelegransking!

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Til tross for at denne artikkelen kan virke noe utdatert hvis en tar i betraktning det som nå skjer i verdensøkonomien er hovedretningen på utviklingen den samme. Kina vokser frem på bekostning av USA. Og endringen av styrkeforholdet vil antakelig ikke endres av en global økonomisk krise.

USA er et imperium i forfall og dette merkes på mange måter. Demokratens nominasjonsprosess med Biden som kandidat er bare et tegn, helt synlig for alle på den politiske overflaten. At de nominerte en mann som forlengst skulle vært pensjonert og som er korrupt viser bare hvor langt forfallet er kommet.

Knut Lindtner

USA mistar Asia-Stillehavet

stadig fleire nederlag for fullspektrumsdominansen

av Matthew Ehret

den 3. september 2019

Verdshistoria har tatt ei ny vending, bort ifrå krig og økonomisk kollaps, når prosjektet Den Nye Silkevegen no har vakse til proporsjonar ein før ikkje trudde var mogleg.

For ein mann som alltid jobbar litt hardare enn dei fleste for å halde seg eit steg under sanninga, uttalte USAs forsvarsminister Mark Esper seg denne veka særs openhjarta, då han sa at USA si utdraging frå INF-avtalen var taima for ei styrkeoppbygging mot Kina.

På TV-kanalen Fox den 21. august sa Esper: «Vi ønsker å forvisse oss om at vi, som vi treng, evnar å avskrekke kinesisk dårleg åtferd … Kina er prioritet nummer éin for dette departementet. Det står i den nasjonale forsvarsstrategien korfor vi meiner dei er ein langsiktig strategisk konkurrent, og ein som går for ein maksimeringskampanje, om du vil, i indo-stillehavsteateret, enten det er politisk, økonomisk eller militært…»

Peter Sellers som «Dr. Stangelove» eller Merkwürdichliebe som han het da han tjenestegjorde under Hitler før USA tok ferdighetene hans i bruk etter 2. verdenskrig.

Som eit ekko av vesle dr. Strangelove (Frå ein anti-krigsfilm på 1960-talet, red.) slo Esper fast at det er «eit komande skifte» frå «lågintensitetskonflikt som varar 18 år til høgintensitetskonfliktar mot konkurrentar som Russland og Kina.»

Medan US-amerikanske militærøvingar i Stillehavet har utspelt seg på Kinas dørstokk i ein akselererande grad sidan Pivot to Asia vart annonsert i 2011, med dei nylege halvårsøvingane Talisman Sabre (med USA og Australia) og krigsspela Ulchi Freedom (med USA og Sør-Korea) denne månaden, har Kina ikkje halde seg uverksame.

Som svar på USA si veldige oppstilling av militær infrastruktur på grensa til Kina, har Kina avduka høgavansert antiballistisk missilteknologi, inkludert hypersoniske våpen, til å stå imot trusselen frå USA. Ein stor del av Kina sin defensive respons inkluderer det russiske antimissilsystemet S-400, som også blir tatt inn av India, Tyrkia, Syria og Dei sameinte arabiske emirata, som eit sameint systen som gjer USA sine THAAD og ABM-system impotente og utrangerte. Sjølv om det ikkje er stadfesta, skal amerikanske generalar ha gått av skaftet over at Kina, i samarbeid med Kambodsja, bygger ein marinebase i Preah Sihanouk-provinsen som gir Kina lett tilgang til farvatna i Thailand-golfen og til Sørkinahavet.

USA sin militære impotens i møte med den høgavanserte teknologien som Russland og Kina har avdekka, vart omtalt i ein ny rapport frå US Studies Center ved University of Sydney, der det stod at «USA har ikkje lenger den militære førsteplassen i Indo-Stillehavet, og kapasiteten deira til å halde oppe ein gunstig maktbalanse blir stadig meir uviss.» Rapporten viser til Kina sine avanserte antiluftskytsvåpen, og seier: «Kinesiske mot-intervensjonssystem har underminert USA si evne til å vise makt i Indo-Stillehavsregionen,» som rapportforfattarane seier kunne bli gjort impotent innan dei første 8 timane av ein konflikt.

Dialog, samarbeid og nedrustning er umulig for USA i og med at det er rustningsindustrien som i stor grad bestemmer politikken.

Heller enn å bruke denne informasjonen til å legge fram ei ny sikkerheitsdoktrine basert på samarbeid og dialog – som Kina har tilbydd seg eit utal gongar – slår rapportforfattarane seg i hop med Espers fantasiverd og ber i staden om ein strategi med eit «kollektivt forsvar», likt eit Stillehavs-NATO, der alle USA sine Stillehavsallierte kunne slå seg saman i ein anti-kinesisk militærallianse og la USA sleppe byrda med å føre Tredje verdskrig på eiga hand.

Vi veit at eit slikt Stillehavs-NATO har vore diskutert ei stund og stod sentralt i den nylege marineøvinga Pacific Vanguard som USA, Australia, Japan og Sør-Korea gjennomførte i mai 2019, og der 3000 soldatar deltok saman med to japanske jagarar, ein sør-koreansk jagar og to australske frigattar i sin første felles krigsleik. Denne utsikta låg også bak marineøvinga i august i Guam, der deltakarane var Malaysia, USA, New Zealand og Australia. USA hadde 54 000 soldatar i Japan og 28 000 i Sør-Korea.

Då Kina og Russland gjennomførte si første felles langdistanse-luftpatruljering i det asiatiske Stillehavet i juli 2019, rykka sør-koreanske og japanske kampfly ut for å avskjere dei kinesiske og russiske flya, og Sør-Korea fyrte av hundretals varselskot. Med USA i ryggen skreik begge dei asiatiske landa høgt (og utan bevis) om at luftrommet deira hadde blitt krenka.

Det er en voksende økonomisk og politisk konflikt mellom Japan og Sør-Korea som nå kommer til overflaten.

Som svar på dei krigerske kommentarane til Esper og den australske rapporten, sa Kinas utanriksdepartement at «Kina held fast ved vegen med fredeleg utvikling, og vår nasjonale forsvarspolitikk er av natur defensiv.» Kina har tatt eit steg vidare ved å sørge for eit kooperativt rammeverk for Silkevegsprosjektet, som er bygd rundt ein strålande politisk agenda som gir diplomatiske løysingar på geopolitiske spenningspunkt gjennom strategiar for økonomisk utvikling som alle partar tener på. Denne tilnærminga har gitt Kina stor forteneste i form av avspenningar i forhold til andre nasjonar som krev territorium i Sørkinahavet, spesielt under pro-Silkeveg-innstillinga til Malaysias dr. Mahathir Mohammed og Filippinanes president Duterte.

Noko bekymra for å hamne i ein kjernefysisk sperreeld, har Japan og Sør-Korea også gått så langt at dei saman med Kina har laga ein ny trilateral samarbeidsavtale den 21. august basert på «neste generasjons utvekslingsprosjekt i tre land. … Vi håpar å diskutere framtidsorienterte partnarskap og regionale samband som inkluderer Nord-Korea.» Avtalen mogleggjer også internasjonale fellesinvesteringar i alle land som opererer under rammeverket til Den nye Silkevegen. Saman står dei tre landa for over ein firedel av verdas produktivitet, og dei har alt å vinne på eit samarbeid.

Dette er ryggraden i USAs verdensdominans. De ser imponerende ut, men de er nå utdaterte som følge av Russlands nye hypersoniske missiler.

Dei US-amerikanske militære tenestemennene som framsnakkar den utdaterte doktrina om fullspektrumsdominans dansar til tonane av ein song som har stoppa for lenge sidan. Både Russland og Kina har endra spelereglane på eit mangfald nivå, og kan svare på angrep med fatal styrke ved hjelp av nestegenerasjons-våpen som sprenger rekkevidda for kva spel-teoretikarane i sine elfenbeinstårn i Vesten nokon gong har kunna førestille seg.

Skipet «Verdshistoria» har endra kurs, bort ifrå elvestryka av krig og økonomisk kollaps, etterkvart som prosjektet med Den Nye Silkevegen har vakse til proporsjonar ein for berre få år sidan ikkje trudde var mogleg, og dei komande månadane vil bli avgjerande når Vesten får gjort litt sjelegransking og får bestemt seg for kva framtid dei ønsker seg.

Omsett av Monica Sortland

Tidligere publisert i Derimot.no

Forsidebilde av Jon McNaughton

Kjelde: https://theduran.com/america-loses-asia-pacific-as-full-spectrum-dominance-continues-to-fail/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Ola Henriksen
    6 september 2019 8:19

    «Dei US-amerikanske militære tenestemennene som framsnakkar den utdaterte doktrina om fullspektrumsdominans dansar til tonane av ein song som har stoppa for lenge sidan.»

    I lys av denne politikken ( – For tiden utført med base i USA/Israel ) , siden minst tidlig 1900-tallet – men spesielt siden 1940, bør man gjennomgå verdenshistorien og årsaken til de to verdenskrigene/verdensdelingene på ny.
    – Og se at våre vestlige historiefortellinger i all hovedsak er løgn. Vår moderne kultur er bygd på løgn!
    Og Kina vet nok dette; de har vært i sølvdollar & Opiumskriger med «vesten» tidligere.

    Svar
  • Hva villle skjedd hvis Kina startet på en politikk der all/det meste av prouksjonen i Kina (endelig) skulle gå til den kineske befolkningen. Med kinesiske råvarer, og etterhvert god kinesisk teknologi. ( Der forbruket/behovet for energi/råvarer i Kina ville bli betydelig mindre enn i dag. Og Kinas bidrag til verdens forurensning betydelig mindre selvfølgelig. Det måtte vesten så ta på egen kappe.)
    Kina ville antagelig få den høyeste materielle levestandarden i verden. Og vesten, som måtte produsere sine egne leketøy ville få en lavere.

    Eller ville dette skje ( igjen)?:
    «Tysklands utilgivelige forbrytelse i tiden før den 2. verdenskrig var å trekke sin store økonomiske virksomhet vekk fra verdens handelssystem og utvikle sine egne vekslingssystemer for utenlandsk valuta slik at de som kontrollerer verdens finanser ikke lenger fikk tjene penger på den tyske handel». Kilde: Churchill til lord Robert Boothby i Winston Churchill «The Second World War,» Scherz, München 1960.

    Svar
    • Frikar. Du må også ta med i beregningen at «fredsavtalen» i Versailles i 1919 ble fordømt av (nesten) alle de impliserte parter, med tydelig beskjed om at hvis denne «avtalen» ville føre til en ny krig i løpet av 20 år. Bangsterne tvang «avtalen» i gjennom, og historien kjenner vi.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Professor i mikrobiologi:

Hvorfor lærer vi ikke av historien?

Previous Post

Dag 17 i rettssaken mot Julian Assange.

Assanges helsetilstand i fokus. Meget partisk dommer.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.