POSTED IN Endring av politikken, Ukraina

Støtten i vest til Zelenskyregjeringen faller.

Krisen mellom Polen og Ukraina utdypes.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Ingenting går bra mellom Polen og Ukraina

av Thierry Meyssan

Polen, som til no har vore ein lojal alliert av Ukraina, innser brått kven leiarane av landet eigentleg er. Yaroslav Hunk-saka i det kanadiske parlamentet tende krutet. Heile den politiske klassen fordømde dei ukrainske «integrale nasjonalistane». Ei rekke disputtar hopar seg opp. Denne heilomvendinga kjem samtidig med at den Republikanske majoriteten i Representantanes hus i USA helst vil distansere seg frå den ukrainske konflikten.

Tidlegare statsminister Jarosław Kaczyński, president for partiet PiS, drar framleis i trådane i polsk politikk.

Polen er styrt av det konservative Partiet for lov og rettferd (PiS). Denne politiske grupperinga er djupt imot Den europeiske unionen (EU), ikkje berre som eit overnasjonalt prosjekt, men også som kontinentsunion. Faktisk har Polen oppigjennom historia fullstendig forsvunne fire gongar. Landets mektige russiske og tyske naboar har ofte delt territoriet. Så polakkane ønsker seg ikkje noka kontinental sameining som allereie fleire gonger har slavebunde dei. Tvert imot hugsar dei nostalgisk den perioden då dei var i allianse med Litauen. Dei fremjar difor ein tredje veg, mellom Moskva og Berlin: «Prometheismen». [Prometheus var i gresk mytologi kjend som beskyttar mot gudane]. Det handlar om å fri seg frå både russisk og tysk påverknad og utvikle seg med sine mellomeuropeiske naboar. Dette er «Intermarium-prosjektet», kjend sidan 2016 som «Dei tre havs initiativ»: å sameine alle statane frå Baltikum til Middelhavet og Svartehavet. Når vi veit at, for Warszawa, dette initiativet til sist vil erstatte EU, så kan ikkje Polen stole på Brussel. Dei har funne ein ny alliert i USA, ei stormakt langt borte og derfor, a priori, ufarleg.

Denne alliansen vart illustrert under krigen mot Irak. Polen gav alt dei hadde, av lojalitet med sin nye allierte. Dei brukte midla som EU stilte til disposisjon for oppgradering av økonomien, til å kjøpe … US-amerikanske kampfly.

Polakkane sin mistillit til russarane bør ikkje skjule det dei kjenner for tyskarane. Sist veke prøvde Tysklands forbundskanslar, Olaf Scholz, å blande seg inn i den polske valkampen ved å sørge for at visumskandalen heldt fram. Viseutanriksminister Piotr Wawryk har allereie trekt seg etter at det vart kjent at administrasjonen hans selde visum for 5000 euro. Den nye anklagen har ikkje grunnlag i fakta, men den skulle stille spørsmål ved PiS-leiinga. Zbigniew Rau, Polens utanriksminister, tok det svært dårleg. Han minna Tyskland krast om prinsippet om å respektere suvereniteten.

Medan fleirtalet av polakkane støttar nasjonalismen til PiS, er opposisjonen organisert rundt eks-presidenten for Det europeiske råd (2014-19), Donald Tusk, sin Borgarplattform (PO). Som barn leika Tusk med Tysklands eks-kanslar Angela Merkel. Dei to familiane kjende kvarandre og hadde privilegiet å reise innanfor aust-blokka. Donald Tusk hadde håp om å denne gongen vinne mot PiS. Han overtok Brussel sine skuldingar mot Mateusz Morawiecki si regjering og PiS’ oppfatningar om fridom. Han sette sin lit til det faktum at Brussel enno ikkje hadde betalt ut subsidiane som var allokerte via Recovery and Resilience Fund (FRR). Men det som no skjer, er ikkje til fordel for verken han eller EU.

I starten av Russlands spesielle militæroperasjon i Ukraina, erklærte Warszawa solidaritet med Kiev fordi Washington bad om mobilisering mot Moskva. Det verka normalt å gi asyl til 1,5 millionar ukrainarar og å integrere dette tidlegare Sovjet-landet inn i «Dei tre havs initiativ». Men polakkane visste ikkje meir enn andre visste om kva som eigentleg skjedde i Ukraina. Dei hugsa frå historia at ukrainske «integrale nasjonalistar» hadde støtta nazistane og massakrert 120 000 polakkar på ordre frå desse. Men sidan oppløysinga av Sovjetunionen hadde dei akseptert mange ukrainarar som framandarbeidarar. Dei tok derfor på seg å veldedig ta imot konene og barna til sine fattige naboar.

PiS-regjeringa forbaud då all kritikk av Volodymyr Zelenskys Ukraina, som dei tolka som «russisk propaganda». Heilt frå starten av krigen forbaud det polske Forsvarsrådet internett-operatørar å sleppe gjennom Voltairenet.org og Voltaire Network sine artiklar i landet. Denne militære sensuren hindra den herskande klassen i Polen i å forstå kva Zelensky-regjeringa eigentleg var.

Den 22. september, 2023 heldt president Volodymyr Zelensky ein høgtideleg tale for Underhuset i Canada. Etter talen introduserte sesjonsleiaren, Anthony Rota, ein medlem av publikum som «ein ukrainsk-kanadisk Andre verdskrigsveteran som kjempa mot russarane for ukrainsk uavhengigheit» og som både «ein ukrainsk helt og ein kanadisk helt», ein medlem av «1. ukrainske divisjon». Statsminister Justin Trudeau, parliamentarikarar og publikum applauderte vilt. Men rasande jødiske foreiningar protesterte straks: den «1. ukrainske divisjon» er SS Galicja! Etter tre dagar med kontroversar, orsaka Anthony Rota til jødane og ende opp med å trekke seg. Men den polske ambassadøren, Witold Dzielski, var ikkje nøgd. Han kravde ei orsaking for krenkinga av 120 000 polakkar som vart massakrerte av ukrainske integrale nasjonalistar. Przemyslaw Czarnek, Polens utdanningsminister, har starta ei utleveringssak for den tidlegare SS-offiseren.

På ein blunk vart den ukrainske løgna oppklart for polakkane. Som påpeika av den tidlegare PiS-statsministeren og no medlem av EU-parlamentet Beata Szydło: problemet er ikkje uvitenheita til Anthony Rota, men haldninga til den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky, og Canadas visestatsminister Chrystia Freeland (med-redaktør av Encyclopedia of Ukraine). Ingen av dei kan hevde at dei ikkje visste kva «1. ukrainske divisjon», med sitt fordømde minne, var. Likevel viste ingen av dei det minste teikn på at dei var flaue, eller åtvara statsminister Justin Trudeau om kva som var i ferd med å skje. Tvert imot så applauderte dei stolt.

Den ukrainske helten var forøvrig ikkje medlem av SS sine kamp-troppar. Han tilhøyrde ei straffeavdeling som hadde i oppgåve å myrde folk som gjorde motstand mot Det tredje riket.

Så korfor hugsar vi ikkje at dei to viktigaste kampane i den ukrainske krigen vart utkjempa i Mariupol og Bakhmut? Begge vart utkjempa under kommandoen til den militære leiaren for Dei integrale nasjonalistane, Andriy Biletsky, alias «Den kvite føraren», som president Zelensky vart filma saman med for ein månad sidan.

Brått skjøner polakkane at dei reagerte overilt då dei løyvde Ukraina observatør-status i «Dei tre havs initiativ». Det er openlyst at Volodymyr Zelensky, sjølv om han er jøde, lener seg på «massakrerarane av jødar», som den israelske generalen Benny Gantz uttrykte det.

Hendinga i Canada kjem på eit tidspunkt når polske bønder rustar seg mot den urettvise konkurransen frå matindustrien til USA/Ukraina. Tre USA-amerikanske multinasjonale selskap innan landbruksnæringa, Cargill, Dupont og Monsanto, har kjøpt opp ein fjerdedel av Ukrainas territorium. Dei importerer korn og kylling til EU til uslåelege prisar. Dei betaler ikkje for sine GMO-frø, som USAs utanriksdepartement har donert. EU-kommisjonen forbaud først importen deira, vel vitande om at desse produkta ikkje levde opp til EU sine standardar, men bøygde seg for presset frå USA. Tre statar, inkludert Polen, innførte lover som forbaud dei. Men president Zelensky har kunngjort at sidan desse statane er medlemmar av EU, så vil han gå til Verdshandelsorganisasjonen (WTO) og klage på dei.

Jordbruk er Polens primære inntektskjelde. Midt oppe i valkampen til parlamentet, står spørsmålet om ukrainsk import i sentrum av debatten. Høgrepartiet Konføderasjonen (for fridom og uavhengigheit) har vakse på dette. PiS vil då bli tvinga til å danne ein allianse med dei for å halde på makta. Jordbruksministeren adresserte det ukrainske folket. Han fortalde dei at å ta Polen til WTO alvorleg ville skade relasjonane mellom dei to landa. Men ingenting skjedde.

Samtidig byrjar det polske folket generelt å ergre seg over den stadige straumen av ukrainske flyktningar. Den polske presidenten, Andrzej Duda, har snakka om å midlertidig stoppe hjelpa til ukrainske flyktningar, på grunn av motstanden dei no møter i folkeopinionen. Han samanlikna Ukraina med eit druknande land som utgjer ein fare for redningsmannen sin: iblant strittar ein druknande imot og drar redningsmannen med seg under.

Til sjuande og sist er det berre éin stat Polen har ærefrykt for: Den heilage stol [Vatikanstaten]. Men Ukraina har nyleg uttrykt motstand mot Den heilage far [Paven], som dei anklagar for å ikkje hate russisk kultur. Med dét løyste dei Polen frå skuldnadane sine.

PiS-regjeringa bestemde seg då for å blåse nytt liv i Przewodów-saka. Den 15. november 2022 fell det ned missil i denne polske landsbyen, ikkje langt frå grensa til Ukraina, som drap to menneske og øydela jorbruksfasilitetar. Først vart ansvaret lagt på Russland, men i frykt for at Polen kunne provosere fram ein verdskrig, avslørte USA at missila var ukrainske. Saka vart hysja ned. Det ukrainske rettsvesenet har nett sleppt etterforskingsrapporten sin. Den stadfestar det Washington sa. Polen burde difor kreve erstatning frå Ukraina.

Den kanadiske hendinga er ikkje over. Akkurat no har verken slovakane eller slovenarane, som var offer for SS Galicja, mottatt noka orsaking. Dessutan vil den polsk-ukrainske krangelen få konsekvensar. For det første fordi polsk territorium i dag er den viktigaste transittruta for Vestleg bistand til Ukraina. For det andre fordi striden vil få konsekvensar for dei baltiske statane, spesielt Litauen.

Thierry Meyssan

Omsett av Monica Sortland

https://www.voltairenet.org/article219772.html

Forsidebilde: iStock



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 790 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Av alle ting i verden som kunne få polakkene til å endre standpunkt så er det pedofilpaven og det pill råtne Vatikanet (!) som har plyndret folket helt fra sin opprinnelse så de har mer gull og juveler enn noen annen fyrste. Ganske latterlig å gi sin tillit der, men hvis det unntaksvis tjener til noe godt, okay. Jeg har hørt at Frans med det ekle oppsynet er verdens siste pave, håper det stemmer.
    For få år siden oppdaterte vestlige stater den seksuelle lavalder, og hvem hadde den laveste?
    Laveste seksuell lavalder 12 år? TOLV år, i guds navn, fysjåfysj.
    Vatikanstaten.
    Spania som nummer to, opp fra 13 til 16.

    Svar
  • wasan Totland
    8 oktober 2023 9:26

    Det siste vi så av kamikaze false flag operasjoner fra Zelinsky var mens han nylig vår på pengeinnsamling . De hadde dratt fram noen gamle lik og hevdet at russerne hadde skutt en missil mot sivile. Samtidig drepes stadig flere av våre NATO våpen i Donbass.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Reduserer verdien av prisen:

Nobelkomiteen ignorerer testamentets instruks.

Previous Post

Nå skal det WHOs pandemitraktat vedtas.

Nesten ingen har lest den.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.