POSTED IN Endring av politikken, Globalisering

Store geopolitiske endringer underveis.

BRICS og SCO fungerer som en magnet for en rekke land som vil ut av USAs favntak.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Alle vil hoppe på BRICS-ekspressen: «Gå utanom den amerikanske dollaren»

Av Pepe Escobar.

Henta frå Global Research, men opphavleg publisert på The Cradle. Omsett av og henta frå saksyndig.

Eurasia er i ferd med å bli langt større når land stiller seg i kø for å slutte seg til det kinesisk- og russiskstyrte BRICS og SCO, til skade og tap for Vesten.

Lat oss byrje med det som faktisk er ei forteljing om det globale sør-handel mellom to medlemmer av Shanghai Cooperation Organization (SCO). I kjernen er den allereie berykta Shahed-136-dronen – eller Geranium-2 i sin russiske denominasjon: AK-47-en til postmoderne luftkrigsføring.

USA, i nok eit karakteristisk hysterianfall spekka med ironi, skulda Teheran for å bruke russiske væpna styrkar som våpen. For både Teheran og Moskva er den verdifulle og uhyrleg effektive superstjerne-dronen som er sleppt laus på den ukrainske slagmarka ei statshemmelegheit: utsendinga av den gav opphav til myriadar av fornektingar frå begge sider. Om desse dronane er laga i Iran, eller om designet vart kjøpt og produksjonen finn stad i Russland (det realistiske alternativet), er immaterielt.

Dokumentasjonen viser at USA væpnar Ukraina til tennene mot Russland. Imperiet er ein de facto krigsdeltakar via ei rekkje «konsulentar», rådgjevarar, trenarar, leigesoldatar, tunge våpen, forsyningar, satellitt-etterretning og elektronisk krigføring. Og likevel sver imperie-funksjonærar at dei ikkje er del i krigen. Nok ein gong lyg dei.

selective focus photography of USA flaglet
USA deltar i Ukraina-krigen for fullt men uten frontsoldater.

Velkomen til nok eit grafisk tilfelle av den «regelbaserte internasjonale ordenen» i aksjon. Hegemonen bestemmer alltid kva slags reglar som skal gjelde, og når. Alle som opponerer mot dette er ein fiende av «fridom», «demokrati», eller kva enn slags dagens plattheiter, og burde bli – kva elles – straffa av vilkårlege sanksjonar.

I tilfellet Iran, som har blitt sanksjonert i stykke i fleire tiår no, har resultatet føreseieleg nok vore nok ein runde med sanksjonar. Det er irrelevant. Det som speler noka rolle er at, ifølgje Irans Islamske revolusjonære vaktkorps (IRGC), sluttar ikkje mindre enn 22 nasjonar – og talet er veksande – seg til køa fordi dei òg ønskjer å kome inn i Shahed-sporet.

Sjølv leiar i Den islamske revolusjon, Ayatollah Ali Khamenei, slutta seg muntert til flokken, og kommenterte rundt korleis Shahed-136 ikkje er bilettriks.

Kappløpet mot BRICS+

Det den nye sanksjonspakken mot Iran verkeleg «oppnådde», er å levere nok eit slag mot den stadig meir problematiske underskrivinga av den gjenoppliva kjernevåpenavtalen i Wien. Meir iransk olje på marknaden vil faktisk lette Washington si kattepine etter den nylege episke avvisinga frå OPEC+.

barrels with oil, a calculator, a neftechka, a schedule of sales stock photo
OPEC+ har nettopp redusert oljeproduksjonen stikk i strid med USAs ønsker. (Foto: iStock.)

Eit kategorisk imperativ gjenstår derimot. Iranofobi – akkurat som russofobi – blir alltid trumfa av dei straussiske/neokonservative krigsforkjemparane som styrer amerikansk utanrikspolitikk og deira europeiske vasallar.

So her har vi nok ei fiendtleg eskalering i både Iran-USA og Iran-EU-relasjonar, sidan den ikkje-valde juntaen i Brüssel òg sanksjonerte produsent Shaded Aviation Industries og tre iranske generalar.

Samanlikn dette no med lagnaden til den tyrkiske Bayraktar TB2-dronen – som ulikt «blomane på himmelen» (Russlands Geranium-ar) har gjort ein elendig innsats på slagmarka.

Kiev prøvde å overbevise tyrkarane om å bruke ein Motor Sich våpenfabrikk i Ukraina, eller kome med eit nytt selskap i Transkarpatia/Lviv for å byggje Bayraktar-ar. Motor Sich sin oligark-president Vyacheslav Boguslayev, 84 år gammal, har blitt tiltala for landssvik på grunn av sambandet sitt til Russland, og kan bli utlevert for ukrainske krigsfangar.

Til slutt ebba avtalen ut i ingenting på grunn av Ankara sin eksepsjonelle entusiasme i å arbeide med å etablere eit nytt gassknutepunkt i Tyrkia – eit personleg forslag frå den russiske presidenten Vladimir Putin til sitt tyrkiske motstykke Recep Tayyip Erdogan.

Og det fører oss til det progredierande samanknytinga mellom BRICS og dei ni medlemmene av SCO – som dette russisk-iranske tilfellet av militærhandel er intrikat knytt til.

SCO, styrt av Kina og Russland, er ein pan-europeisk institusjon med opphavleg fokus på kontraterrorisme, men som no i aukande grad er retta mot geoøkonomisk – og geopolitisk – samarbeid. BRICS, styrt av triaden Russland, India og Kina overlappar med SCO-agendaen geoøkonomisk og geopolitisk, og utvidar det til Afrika, Latin-Amerika og vidare: det er konseptet til BRICS+, analysert i detalj i ein nyleg rapport frå Valdai Club, og fullt omfamna av den russisk-kinesiske strategiske partnarskapen.

Det opprinnelige BRICS (Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika)

Rapporten veg opp mot kvarandre for og imot av tre scenario som involverer moglege, komande BRICS+-kandidatar:

Ein, nasjonar som vart invitert av Beijing til å bli del av 2017 BRICS-toppmøtet (Egypt, Kenya, Mexico, Thailand, Tajikistan).

To, nasjonar som var del av BRICS-møtet for utanlandske ministrar i år (Argentia, Egypt, Indonesia, Kazakhstan, Nigeria, UAE [Foreinte arabiske emirat; oms.an.], Saudi-Arabia, Senegal, Thailand).

Tre, nøkkel-G20-økonomiar (Argentina, Indonesia, Mexico, Saudi-Arabia, Tyrkia).

Og so har vi Iran, som allereie har vist interesse i å bli med i BRICS.

Den sørafrikanske presidenten Cyril Ramaphosa har nyleg bekrefta at «fleire land» er absolutt desperate etter å bli med i BRICS. Blant dei finn vi ein kritisk viktig vest-asiatisk spelar: Saudi-Arabia.

Det som gjer alt endå meir forbløffande er at for berre tre år sidan, under den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trumps administrasjon, var kronprins Huhammad bin Salman (MbS) – kongedømmet sin de facto herskar – fast bestemt på å bli med i eit slags arabisk NATO som ein privilegert imperie-alliert.

Diplomatiske kjelder bekreftar at dagen etter at USA trekte seg ut av Afghanistan, byrja MbS sine utsendingar å seriøst diskutere med både Moskva og Beijing.

Om ein går utifrå at BRICS godkjenner Riyadh sitt kandidatur i 2023 gjennom den naudsynte konsensus, kan ein knapt førestille seg kva slags jordbivrande konsekvensar dette vil ha for petrodollaren. På same tid er det viktig å ikkje undervurdere kapasiteten som amerikanske utanrikspolitikk-kontrollørar har til å skape kaos.

Den einaste grunnen til at Washington tolererer Riyhad-regimet er petrodollaren. Saudiane kan ikkje få lov til å følgje ein uavhengig, genuint suveren utanrikspolitikk. Dersom det skjer, vil den geopolitiske omstillinga ikkje gjelde berre Saudi-Arabia, men heile den persiske golfen.

Likevel er det stadig meir sannsynleg etter at OPEC+ i praksis valde BRICS/SCO-vegen styrt av Russland-Kina – i det som kan bli tolka som ei «mjuk» byrjing på slutten på petrodollaren.

Petro-Dollar System Crumbles: US Dollar Could Collapse from the World's Oil  Wars – Featured Bitcoin News

Riyadh-Teheran-Ankara-triaden

Iran gjorde kjent sine interesser om å bli med i BRICS sjølv før Saudi-Arabia. Ifølgje diplomatiske kjelder i Persiagolfen, er dei allereie engasjerte i ein ganske so hemmeleg kanal via Irak som prøver å ta seg saman. Tyrkia vil snart følgje etter – visseleg når det gjeld BRICS og kanskje òg SCO, der Ankara for tida har status av ekstremt interessert observatør.

No, førestill dykk denne triaden – Riyadh, Teheran, Ankara – nært tilknytt Russland, India, Kina (den faktiske kjernen til BRICS), og til sist i SCO, der Iran no er den einaste vest-asiatiske nasjonen som skal få fullt medlemsskap.

Det strategiske slaget mot Imperiet vil sprengje alle tabellar. Diskusjonane som fører til BRICS+ har fokus på den utfordrande vegen mot ein varestøtta global valuta som er i stand til å gå utanom overlegenheita til den amerikanske dollaren.

Fleire mellomsamanknytte steg peiker mot aukande symbiose mellom BRICS+ og SCO. Sistnemnde sine medlemsstatar har allereie blitt einige om eit vegkart for gradvis aukande handel med nasjonale valutaer i gjensidige avtalar.

India sin statsbank – topputlånaren i nasjonen – opnar spesielle rupi-kontoar for russisk-relatert handel.

Russisk naturgass til Tyrkia vil bli betalt 25% i rublar og tyrkiske lira, komplett med 25% rabatt som Erdogan personleg bad Putin om.

Den russiske banken VTB har lansert pengeoverføringar til Kina i yuan, som går utanom SWIFT, medan Sberbank har byrja å låne ut pengar i yuan. Den russiske energigiganten Gazprom vart einige med Kina om at betaling av gassforsyningar skulle skifte over til rublar og yuan, halvparten i kvar av dei to valutaene.

Iran og Russland sameiner banksystema sine for handel med rublar/rial.

Den egyptiske sentralbanken tek steg for å etablere ein indeks for pundet – gjennom ei gruppe av valutaer pluss gull – for å flytte den nasjonale valutaen vekk frå den amerikanske dollaren.

Og so har vi TurkStream-sagaen.

TurkStream: Europe needs gas and Russia has it - the story behind that new  pipeline | Euronews

Den gassknutepunkt-gåva

Ankara har i årevis prøvd å posisjonere seg sjølv som eit privilegert gassknutepunkt mellom Austen og Vesten. Etter sabotasjen på Nord Stream-leidningane, har Putin gjeve det på eit gullfat ved å tilby Tyrkia den moglegheita for å auke russiske gassforsyningar til EU via eit slikt knutepunkt. Det tyrkiske energiministeriet sa at Ankara og Moskva allereie har nådd ein avtale i prinsippet.

Dette vil i praksis tyde at Tyrkia kontrollerer gassflyten til Europa ikkje berre frå Russland, men òg Aserbajdsjan og ein stor del frå Vest-Asia, kanskje til og med inkludert Iran, so vel som Libya i nordaustlege Afrika. LNG-terminalar i Egypt, Hellas og sjølve Tyrkia kan fullføre nettverket.

Russisk gass reiser via TurkStream og Blue Stream-røyrleidningane. Den totale kapasiteten til russiske røyrleidningar er 39 milliardar kubikkmeter i året.

TurkStream vart fyrst prosjektert som ein firerøyrs leidning, med ein nominell kapasitet på 63 milliardar kubikkmeter i året. Som den står, har berre to røyr – med ein total kapasitet på 31,5 milliardar kubikkmeter – blitt bygt.

So ei utviding kan i teorien meir enn godt gjerast – med alt utstyret laga i Russland. Problemet ligg nok ein gong i leidningane. Dei naudsynte einingane høyrer til den sveitsiske Allseas-gruppa – og Sveits er del av sanksjonsgalskapen. I Austersjøen vart russiske fartøy brukt for å fullføre konstruksjonen av Nord Stream 2. Men for ei utviding av TurkStream, vil dei måtte operere mykje djupare i havet.

TurkStream vil ikkje vere i stand til å fullstendig erstatte Nord Stream; den ber i seg mykje mindre volum. Oppsida for Russland er ikkje å bli kansellert frå EU-marknaden. Openbert vil Gazprom berre handtere den vesentlege investeringa i ei utviding dersom der er vasstette garantiar om tryggleiken til den. Og so har vi i tillegg bakdelen at utvidinga òg vil føre gass frå Russland sine konkurrentar.

Kva enn som skjer, gjenstår det faktum at USA-Storbritannia-kombinasjonen framleis har mykje påverknadskraft i Tyrkia – og BP, Exxon Mobil og Shell til dømes, er aktørar i so godt som kvart einaste oljeutvinningsprosjekt i Vest-Asia. So dei vil visseleg forstyrre måten det tyrkiske gassknutepunktet fungerer, so vel som å avgjere gassprisen. Moskva må vege alle desse variablane opp mot kvarandre før dei forpliktar seg til eit slikt prosjekt.

NATO vil naturlegvis bli rasande galne. Men aldri undervurder veddemålsspesialisten Sultan Erdogan. Kjærleikshistoria hans med både BRICS og SCO har berre byrja.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Rottene forlater et synkende skip. Nasjonalgjelden til USA har nå passert 31 billioner dollar (på amerikansk 31 trillioner dollar).

    Svar
  • Dersom du føler du ikke helt har fått tak i hva krigen i Ukraina dreier seg om – en krig som for øvrig norge er aktiv deltaker i – kan ingen klandre deg for det. Våre hovedmedier – også kjent som Løgnmedia – forteller nemlig aldri det. De gjør det de kan for å skjule hva krigen egentlig dreier seg om, og i stedet med sin vanvittige løgnpropaganda, prøver de å få oss alle til ikke å tenke på akkurat det, og å gi oss falske bilder av hva det dreier seg om, og å gi oss falske inntrykk om hvem og hva som står bak.

    Hovedmålet for Løgnmedia-propagandaen er at vi skal hate russerne og Putin og alt landet og folket står for, slik at vi alle skal komme på linje med dem og mene at å føre krig mot Russland – verdens sterkeste atomvåpenmakt – er helt nødvendig og uunngåelig. Hvilket er en ide som er renspikket ondskap og GALSKAP. – Eller SATANISME, for å bruke et begrep som trolig er enda bedre dekkende.

    I løpet av maks en time kan du få sløret flerret til side slik at du ser hva krigen egentlig dreier seg om ved å se torsdagens utgave av TruNews.com .

    Dersom du ikke liker kristen forkynnelse, kan jeg si at de ca et par prosent av sendingen som brukes til det, er kristen forkynnelse du høyst sannsynlig aldri før har hørt dersom du ikke tidligere har sett eller hørt sendingene til Rick Wiles og Doc Burkhart. Jeg har selv ikke troens nådegave, men deres ekte og sanne kristne forkynnelse har jeg ingen problemer med å tåle:

    trunews.com/stream/are-we-witnessing-fulfillment-of-hudson-taylor-s-1889-vision-about-russian-spiritual-revival

    Are We Witnessing Fulfillment of Hudson Taylor’s 1889 Vision About Russian Spiritual Revival?

    The radical godless Biden Administration is funding with US tax dollars bizarre, hideous drag queen performances for children in South America. Like ancient Babylon in the Old Testament Bible, America is exporting her wickedness to her neighboring nations.

    Meanwhile, Russia – the country American citizens are told every day they must hate and destroy – is passing a national law that will criminalize the distribution of homosexual propaganda to children. One hundred and thirty three years ago a famous Christian missionary to China – Hudson Taylor – had a vision about Russia in the last days.

    Rick Wiles, Doc Burkhart. Airdate 10/27/22

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

USA vil opprette et sannhetsministerium.

Lederen er utdannet ekspert på lyging.

Forrige innlegg

Det er slutt på det grønne skiftet i Tyskland.

Vindmøllepark erstattes av kullgruve.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.