POSTED IN Storbritannia, USA

Storbritannia er ikke lenger en sjømakt og USA slår vilt rundt seg i løse luften i Syria.

Når imperier faller.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Fleire tankar om Storbritannias sviktande militær og USAs tafatte bombing av iranske proksyar

5. februar, 2024 av Larry Johnson

Eg har fleire ulike saker eg vil ta opp. Eg legg ut samtalen min med Judge Napolitano i dag. Ein god ven og tøff kritikar sa det var ein av mine betre. Eg skal la deg dømme sjøl.

La oss starte med den militære katastrofen Kongedømmet Storbritannia. Britannia greier ikkje lenger herske over bølgene i eit barnebasseng. Til dømes er eitt av deira to hangarskip – HMS Queen Elizabeth – i same tilstand som dronning Elisabeth, dvs. daud.

HMS Queen Elizabeth 

«Operasjon Steadfast Defender, den største Nato-øvinga i Europa sidan Den kalde krigen, var eit perfekt høve til å få vist fram den britiske sjømakta sitt moderne ansikt. I staden har den vist seg å vere både ei nasjonal flause og ein deprimerande metafor for den skrøpelege tilstanden til våre væpna styrkar.

HMS Queen Elizabeth, det eine av Royal Navys to toppmoderne hangarskip, og flåtens flaggskip, skulle ha hatt ein stolt plass i den britiske avdelinga. Audmjukande nok har ho blitt sett i tørrdokk, visstnok på grunn av ein rusten propellaksel. Ho skal erstattast i øvinga av søsterskipet, HMS Prince of Wales, men dét er knapt poenget.

Etter å ha brukt 3,5 milliardar pund på å bygge ho, har skattebetalarane visseleg krav på å kunne forvente at Queen Elizabeth skal haldast i driftsdyktig stand.»

Den sørgelege tilstanden til den britiske marinen er emblematisk (eit signal) for heile det britiske militæret. Det er ein katastrofe. Ein av mine gode venner, ein pensjonert operatør i SAS (Special Air Service), sende meg følgande i dag tidleg:

«Larry:

Sjå det på denne måten: Vår nasjonale fotballarena har sete til 90 000 personar. Så vi plasserer heile hæren der, og har framleis 15 000 ledige sete å fylle! Og kor mange av dei er eigentleg krigarar?

Capita – eller Crapita, som det er kjent som blant menige – har vore ein uformilda katastrofe. Innan dei har fått orden på ting, har ei typisk rekrutt sete 9 månadar på benken. Den potensielle rekrutten har gått vidare når det endeleg er hans tur. Royal Naval College sine vedlikehaldsoppgåver er også outsource’a, og er ein uformilda katastrofe av farleg miljø og sjuskete hushald (personleg viten) og https://www.bbc.co.uk/news/uk-england-devon-66603297

Fun fact: brakkene som blir brukte til å huse soldatar, er kategorisert som upassande for illegale immigrantar!

809 svadron, Fleet Air Arm F34B, er ikkje fulltalig, og vil heller ikkje bli det før 2025, trass i at våre hangarskip har vore tilgjengelege (eg brukar det omgrepet lauseleg) i 3 år. Og den inneheld RAF-folk (Crabs!!), ikkje berre marinepersonell. Kan du lukte territoriekrigar? Det er og ei nesten 12 månadars forseinking når ein skal frå Military Flying Training System til trening i ei Operational Conversion-eining. Storbritannias militærpilot-opplæring er i limbo for kringsett RAF-luftstyrketeknologi (airforce-technology.com). RAF står overfor same problem, så det er ikkje berre marinepilotane som slit. Å fly hurtige fly, er ei ferskvareevne.

Pensjonar og helsetenester for reservistar? Skal eg påpeike at forsvarsdepartementet har seld ut dei fleste av sine militærsjukehus? Vanlege soldatar som blir skadde i felten blir no ført til vanlege National Health Service-avdelingar, der dei ikkje er vande med soldatar og militær tankegang. Og desse avdelingane blir ofte vaska av muslimske immigrantar. Ja, nokre skadde har blitt angripne på sjukehuset. Bra avtale.

Regjeringa er over 4 år forseinka med å rulle ut eit ID-kort for veteranar. Ingen eigentlege fordelar, berre eit ID-kort.

Alt i alt er Storbritannia i ein bedriten tilstand, og regjeringa leiarlaus eller idiotar utan ryggrad. Det er lite sannsynleg at det vil endre seg, same kven som sit med makta. Merk: dei nominelle 2% til Nato, oppnår dei berre fordi dei inkluderer pensjonar i talet. Sist eg sjekka, kunne ikkje pensjonar drepe fiendar.

Ja, eg er forbanna, som nesten alle andre veteranar, over å sjå dagens situasjon.»

Vennen min, som dei fleste innfødde britar, er ein reservert mann med høg sjølvkontroll. Raseriet hans seier mykje om djubden av Englands problem.

Dette bildet ble tatt for noen år siden. Ikke forvent deg noe smart fra denne mannen i dag.

Snakk om svakheit; USA bombarderer fleire enn 85 mål i Syria, Irak og Jemen, og det har lite merkbar effekt. Dette er dyre operasjonar, for USA bruker bomber og kryssarmissil som dei ikkje enkelt eller raskt kan erstatte/gjenforsyne. Og korfor bombar vi så mange mål i Irak og Syria? Det var berre éin stad som fyrte av det som råka Tower 22, drap 3 U.S. soldatar og skadde 47 andre. I staden for å straffe dei ansvarlege, driv USA kollektiv avstraffing og tar sannsynlegvis livet av uskuldige stammefolk spreidd rundt om i ørkenane i vest-Irak og aust-Syria. Dette skapar berre nye fiendar, som vil bli oppelda til å søke hemn mot USA. Ikkje nokon smart politikk. Men korleis kunne vi forvente at Biden skulle vere smart?

Og dei Iran-støtta krigarane kasta ikkje bort tida. Dei slo tilbake i dag:

«Minst seks USA-støtta kurdiske stridsmenn har blitt drepne i eit drone-angrep på ein US-amerikansk base i aust-Syria som Iran-støtta milits har tatt ansvaret for. Sistnemnde var målet for USA sine luftangrep på fredag.

Dødsfalla er siste indikator for korleis konflikten spreier seg over Midtausten sidan starten på krigen i Gaza, med stadig mindre føreseielege konsekvensar for den regionale stabiliteten.

Det kurdisk-styrte Syrian Democratic Forces (SDF), som har kjempa mot jihadistane i Den islamske staten (IS) i Syria, sa at seks av krigarane deira vart drepne i eit angrep på deira kommandoakademi på ein base ved al-Omar-oljefeltet i provinsen Deir ez-Zor i austre Syria.

18 andre vart skadde. Ein UK-basert monitor, Syrian Observatory for Human Rights, sette dødstalet til sju.

Trass i USAs bombing, så vil angrepa på USAs basar i Syria sannsynlegvis intensivere seg, ikkje avta, i vekene som kjem.

Eg diskuterte desse sakene i dag med Judge Napolitano.

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/more-musings-on-britains-failing-military-and-the-feckless-u-s-bombing-of-iranian-proxies/

Forsidebilde: Romanian Artist Gyuri Lohmuller 

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Hele intervjuet.

Tucker Carlson intervjuer Putin.

Previous Post

Våkner hovedstrømpressen opp nå?

Thailands Bangkok Post, en ledende hovedstrømpresseavis, advarer mot å ta flere covid-vaksiner.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.