POSTED IN Militære/våpen/teknologi, Storbritannia

Storbritannia er ikke den sjømakten landet en gang var.

Tigeren er blitt en pusekatt.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Storbritannia er ein dårleg spøk, særleg militæret deira

av Larry Johnson 7. januar 2024

X-CIA analytiker

Då eg såg nyheitene på Andrei Martyanov sin siste podcast, om at Storbritannias Royal Navy hadde lagt ut ein stillingsannonse for ein admiral som skal leie Storbritannias ubåt-teneste, trudde eg han hadde blitt narra av Babylon Bee. Neida! Andrei er, som alltid, oppdatert på dei siste utviklingane. Fleire mediekanalar rapporterer at:

Royal Navy var nøydd til å avertere etter ei toppstilling på sosiale medium i eit trekk skildra av militære kjelder som «totalt skammeleg». Marine-leiinga la ut annonsen for stillinga som kontreadmiral til ei årsløn på £150 000 på  LinkedIn i desember, då dei sleit med å finne folk til jobben internt. … Den utvalde kandidaten skulle erstatte kontreadmiral Simon Asquith som direktør for ubåtar og ha ansvaret for «elite-operasjonar» og nasjonens kjernefysiske avskrekking.

Fekk du det? Det er for tida ingen i Den kongelege marinen som blir vurdert til å ha kompetansen og kvalifikasjonane til å kommandere ubåtane, som er det primære leveringssystemet for Storbritannias atomvåpen. Så ein eller annan tulling i marinen tenkte «Hei, la oss legge ut ein annonse på LinkedIn og sjå kva vi får.» Er britane på jakt etter ein snasen transperson med lilla hår som er flink på bruk av pronomen?

Eg har ein idé. Eg nominerer admiral Rachel Levine:

Ved første augekast skulle ein tru dette var ein av Monty Python-gjengens ufine spøkar. Eller kanskje Benny Hill har gjenoppstått frå dei døde og bestemt seg for å kødde med the Royal Navy. Absurditeten kan ikkje beskrivast med ord, men den tvingar klarttenkande analytikarar til å konkludere med at imperiet Storbritannia si ein gong så mektige militærmakt har blitt eit klovne-show.

Eg antar at vi no berre må akseptere det faktum at den ikoniske songen «Rule, Britannia» er rein satire. Storbritannia styre bølgene? Storbritannia har ikkje ein gong nok sjøfolk til å bemanne sin puslete flåte, som elles har ein tendens til å bryte saman.

Ifølge Independent (ei britisk avis):

Den britiske marinen var tvungen til å ta ut av drift to krigsskip – HMS Westminster og HMS Argyll – fordi dei hadde for få sjøfolk til å bemanne dei.

Ikkje berre greier ikkje den kongelege marinen å rekruttere nok sjøfolk til sine kampstasjonar; dei slit og med å halde skipa sine flytande og til sjøs. Hugsar du denne frå august 2022?

Storbritannias krigsskip HMS Prince of Wales til £3 milliardar blir strippa for delar etter  ein større mekanisk svikt i fjor. Hangarskipet braut saman etter at tekniske problem med ein styrbord-propell i august førte til  kansellering av ein lenge planlagt visitt til USA. Hendinga, utanfor kysten av Isle of Wight, skjedde mindre enn eit døgn etter at dei la ut på turen over Atlanterhavet. Krigsskipets babord-propell treng og erstattast, då den lir av dei same problema, ifølge Mail on Sunday.

Mens det ligg i tørrdokk i Skottland, blir delar av HMS Prince of Wales fjerna og brukt til å erstatte kaputte delar på søsterskipet, HMS Queen Elizabeth.

Når ein marine ikkje skikkeleg kan vedlikehalde og reparere sine skip, så er det ein marine som er på veg inn i gløymselen. Det er ikkje berre Den kongelege marinen som er ein katastrofe. Heile det bitiske militæret blør personell og lir tosifra nedgang i rekrutteringa, ifølge Independent:

Inntaket til Navy og Royal Marines fall med 22,1 prosent samanlikna med fjoråret, medan flyvåpenet, RAF, fall med nesten 17 prosent og hæren med nesten 15 prosent.

La oss innføre ein ny regel – ingen medlemmar av den britiske arméen, marinen eller flyvåpenet bør få lov til å kommentere på sosiale medieplattformar om den bedrøvelege tilstanden til det russiske militæret. Ha anstendigheita til å halde kjeft. Fiks dykkar eige hus før de legg ut for å instruere andre. Men det finst eit anna problem.

Veit du namnet på landet som hadde regien med opptreninga av ukrainske styrkar til motoffensiven som gjekk så dårleg? Om du gissa Storbritannia, kan du gi deg sjølv ei gullstjerne. Ikkje rart ukrainarane vart smadra.

Sjå Andrei rive i stykke Storbritannias militære etablissement med velfortent kritikk. Storbritannia er ein militær lettvektar. Russiske og kinesiske militæranalytikarar må le seg forderva når dei ser det britiske militæret spankulere rundt og late som om dei er ei formidabel makt. Det er dei ikkje.

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/britain-is-a-bad-joke-especially-its-military/

Forsidebilde: Casey Horner

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Hele det vestlige verdensriket er lovmessig på vei ned i tilintetgjørelsen. De ødelegger sin industri, avviser sine naturressurser, destruerer det naturlige forholdet mellom mann og kvinne og ødelegger ekteskapet og familien, blander ikke-kompatible kulturer og får befolkningen til å hate seg selv.

    De militære armeene har snart ikke flere soldater enn Frelsesarmeen. Kunstig mat, kjemikalier og medisiner gjør brorparten stridsudyktige. Det er bare rakettene tilbake. Vi er vitner til det klassiske endeligt alle tidligere verdensriker har nådd etter rundt 250 år i makteliten. Egypt, Assyria, Medo-Persia, Babylon, Grekenland, Romerriket – og nå er det høsten for oss også.

    Svar
  • Uansett krigs/militær-styrke.
    Mellom England, USA/Israel/Nato og Sovjetunionen. (Eller Kina. )

    Det er ikke et militært sterkt Russland ( eller Kina) vestmaktene er engstlige for.
    Heller ikke at disse skal ‘ta over verden’ med militærmakt.
    Disse løgn-argumentene ble også brukt mot Tyskland i mellomkrigstiden.

    Det er et sterkt INDUSTRIALISERT Russland og Kina som er trusselen. ( Dengang Tyskland.)
    Noen som kan true vestens valuta og handelsmakt. – Som nå ser ut til å styre verden til mot mafia-handels-‘regler’ . Nå ved hjelp av EU/Eøs.

    ‘ ”Vi benekter ikke og er ikke redde for å innrømme at denne krigen er vår krig og er utkjempet for å befri Jødedommen… Sterkere enn alle fronter til sammen er vår front, den jødiske. Vi gir ikke denne krigen bare økonomisk støtte som hele krigsproduksjonen er basert på, vi gir ikke bare vår fulle propagandamakt som utgjør den moralske energi som får denne krigen til å fortsette. Garanti for seier er basert på en svekkelse av de fiendtlige styrkene, å ødelegge dem i sine egne land, innen motstanden. Og vi er den Trojanske hest innenfor fiendens forlegninger.
    …og bringe det tyske folk til fornuft gjennom å ødelegge deres eksporthandel, en eksporthandel som er deres eksistensgrunnlag.”
    – Samuel Untermeyer i en radiosending på WABC i New York, 6 august 1933. Gjengitt i New York Times, 7 august 1933.

    Sammen med Samuel Untermeyer i agitasjonen for krig mot Tyskland, talte Bernard Baruch samtidig for forberedelser for denne krigen. ”
    Jeg understreket at et nederlag for Tyskland og Japan og deres påfølgende utestengelse fra verdenshandelen ville gi Storbritannia en fantastisk mulighet til å øke sin utenlandshandel BÅDE i volum og profitt.” ‘

    Svar
  • Arno Mong Daastøl
    15 januar 2024 22:02

    Som Churchill uttalte i 1946 (på et universitet i USA), dreide WWII seg ikke om ideologi, men om markedsandeler.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Vanvittig språkpolitikk i Ukraina.

Landets russisk-talende skal nektes å bruke språket sitt.

Previous Post

Forhandlingene om EU-medlemskap til Moldova og Ukraina.

En krigshandling overfor Russland.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.