Kvart fjerde rapporterte Covid-19-dødsfall var ikkje Covid likevel, seier no britiske styresmakter
Herland-rapporten den 15. april, 2021
Herland Report: Covid-19-dødsfall var ikkje Covid likevel: Avisa The Telegraph skriv at regjeringa i Storbritannia no åtvarer om at nesten ein fjerdedel av dei som vart registrerte som daude av Covid, ikkje døydde av Covid-19 likevel.
Tala vart tydelegvis ikkje korrekt innrapporterte, og pasientane døydde ikkje av Covid-19.
Dei positive nyhenda gir framdrift til den britiske regjeringa sitt ønske om å opne Storbritannia opp att, då dei positive dataa opnar for ein raskare handlingsplan for vegen attende til normalitet.
For nokre månadar sidan ville desse nyhenda visseleg blitt sett på som «konspirasjonar», men dessverre vedgår den britiske regjeringa no at mange dødsfall feilaktig vart innrapporterte som Covid-19-dødsfall.



Covid-19-dødsfall var ikkje Covid likevel: Microsoft News rapporterer: Dei siste tala frå statens statistikkbyrå Office for National Statistics (ONS) viser at 23 prosent av registrerte koronavirusdødsfall no er folk som har døydd «med» viruset, heller enn «av» ein infeksjon.
Andre data viser også eit stadig meir positivt bilete av pandemitilstanden i Storbritannia. Tala for daglege dødsfall avslører at Storbritannia ikkje har hatt meir enn 28 dødsfall per dag sidan starten av april, sjølv om regjeringa har tala om så mykje som 60.
Grunnen til det er at regjeringa gir daglege oppdateringar basert på talet som er rapportert den dagen, noko som kan inkludere dødsfall frå dagar eller veker før, og derfor ikkje alltid reflekterer den sanne nedgangen i talet på dødsfall. På tysdag kunngjorde regjeringa at det hadde vore 23 fleire dødsfall.
Sameleis har universitetet i Oxford rekna ut at talet på folk som ligg på sjukehus med ein aktiv Covid-infeksjon sannsynlegvis ligg rundt halvparten av det publiserte dagleget talet. Tysdag viste dei offisielle tala at det var 2537 Covid-pasientar innlagt på sjukehus, med 230 nye.
Men trass den positive statistikken, gjekk Boris Johnson ut og åtvara mot å lette på nedstengingane. Han sa det var restriksjonane, og ikkje vaksinane, som var hovudårsaka til dei låge Covid-tala.
«Det er svært, svært viktig at alle forstår at reduksjonen i desse tala – i sjukehusinnleggingar og i dødsfall og infeksjonar – ikkje har blitt oppnådd på grunn av vaksinasjonsprogrammet,» sa han.
«Folk skjøner ikkje at det er nedstenginga som har vore overveldande viktig for leveringa av denne betringa i pandemien og i tala som vi ser, trur eg. Så ja, sjølvsagt har vaksineprogrammet hjelpt, men stordelen av arbeidet med å redusere sjukdommen har blitt gjort av nedstenginga.»
Statsministeren åtvara om at talet på tilfelle kjem til å stige dei komande vekene, når folk atter samlast i pub-hagar og går på butikken. Men ha la til at «akkurat no kan eg ikkje sjå nokon grunn til å endre planen, å avvike frå dei målsetningane vi har sett oss.»
Covid-19-dødsfall var ikkje Covid likevel: Tory-parlamentarikarar merka seg at herr Johnson sine kommentarar om vaksinen la an ein meir varsam tone enn den Matt Hancock, helseministeren, brukte i eit brev til parlamentskollegaar på tysdag. I det brevet, som Telegraph har sett litt av, sa herr Hancock «det er på grunn av den vellykka vaksineutrullinga,» ved sidan av fallande infeksjonsrate og færre sjukehusinnleggingar, at «vi varsamt kan lette på restriksjonane» over heile landet.
Nicola Sturgeon, den skotske førsteministeren, framskunda gjenopninga av ikkje-essensielle butikkar. Den framskunda gjenopninga kjem etter at Mark Drakford, førsteminister for Wales, framskunda innomhussamlingar med ei veke.
Parlamentarikarane bad hr. Johnson også om å ta aksjon med dei positive dataene. Steven Baker, viseleiar for Covid Research Group med Tory-parlamentarikarar som er skeptiske til nedstenginga, fortalde the Telegraph: «Eg veit statsministeren er uroa over tala på tilfelle i andre land. Men vi vart lova at vaksinen skulle bryte sambandet mellom tilfelle, sjukehusinnleggingar og dødsfall.»
«Vi har blitt fortalde gong på gong at den har gjort det. Så sjølvsagt ventar vi at statsministeren skal ta tala til etterretning, slik at vi kan gjere ende på dei andre skadane som kjem med restriksjonar og nedstenging. Di snarare vi talar om krisa i kreft-omsorga, desto snarare kan vi løyse den.»
Covid-dødsfall utgjer no berre 4,9 prosent av alle dødsfall registrerte i England og Wales, samanlikna med 45 prosent i midten av januar, i følge ONS.
Over 32 millionar har no fått ein vaksine i Storbritannia. Regjeringa kunngjorde på måndag at målet om å tilby sprøyta til alle over 50, sjukeheimspasientar, dei som er klassifiserte som sårbare og dei som jobbar innan helse eller omsorg, har blitt nådd.
Men ein ny analyse, basert på det faktum at National Health Services England har sagt at 19 av 20 av dei mest sårbare har fått vaksinen, seier at 1,3 millionar sårbare enno ikkje har tatt imot tilbodet om vaksine.
Covid-19-dødsfall var ikkje Covid likevel: Sjekk også ut desse emna hos CNN eller Fox News. Andre kjelder kan vere New York Times, USA Today, the Washington Post, eller frå den britiske synsvinkelen BBC, The Guardian, The Telegraph eller Financial Times.
Omsett, og noko avkorta, av Monica Sortland
Knut Lindtner har lagt til bilder m/kommentarer
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 302 ganger.
1 kommentar. Leave new
Det denne «pandemien» bør lære oss, er at en politikk som er lik fra nasjon til nasjon er lite hensiktsmessig. Både fordi geografi og natur & kultur er forskjellig, men også fordi da vil vi ha lite sammenlikningsgrunnlag for å kontrollere tiltak.
Hvis alle nasjoner gjøres om til et fat risengryn vil vi lettere stå overfor globalistiske tiltak som ikke nødvendigvis gir best effekt. – Men enda verre; det gir for få mennesker for stor makt. Makt til å skremme, skremsel for å skaffe seg mer makt.
– Og dette gjelder ikke bare Covid-19, men også mat- og energi-produksjon, og global (politisk) masse-kultur.