POSTED IN Krig-fred

Stiller en roboter spørsmål om den private rustningsindustrien, blir svaret:

Ikke gi den frie tøyler!

2 kommentarer

Sjølv KI (kunstig intelligens, red.) er mistenksam overfor det militærindustrielle komplekset

W.J. Astore

Eit leiande spørsmål til datamaskin-gudane

Under min eklektiske leseaktivitet kom eg over eit par referansar til ChatGPT, eit eksperiment innan kunstig intelligens (KI). Ein stiller roboten (eller bot’en, dataprogrammet) eit spørsmål, eller gir den ei oppgåve, og så spyttar den ut eit svar, og eit ganske godt eit, må eg seie, om ein skal dømme utifrå oppgåva eg gav den.

Oppgåva eg gav KI-roboten var: «Skriv ei kritisk utgreiing om det militærindustrielle komplekset.» Dette var svaret den genererte:

Det militærindustrielle komplekset refererer til relasjonen mellom eit lands militærvesen og forsvarsindustrien som forsyner det, sett på som ei kapitalmakt som påverkar landets politikk. Dette forholdet har vore ei kjelde til uro for mange folk som argumenterer for at det kan føre til at militærbudsjetta veks unødvendig mykje og at ein stolar for mykje på militære løysingar på problem.

two officers sitting on sofa
Nesten ingen samfunnsproblemer kan løses med militære virkemidler

Ein av hovudinnvendingane mot det militærindustrielle komplekset, er at det kan føre til sløsing med skattebetalarane sine pengar. Militære kontraktar blir ofte gitt til utvalde grupper av selskap, noko som kan føre til overprising av varer og tenester. I tillegg kjøper militæret ofte våpen og utstyr som er unødvendig eller ikkje spesielt godt eigna for oppdraga som skal utførast. Dette kan føre til ei enorm mengd sløsing og ineffektivitet, ettersom ressursar blir pøste inn i prosjekt som ikkje leverer mykje av verdi.

Ei anna bekymring er at det militærindustrielle komplekset kan fordreie utanrikspolitiske avgjerder. Land med eit sterkt militærindustrielt kompleks kan ha eit auka sannsyn for å engasjere seg i militære aksjonar, sjølv i situasjonar der diplomatiske løysingar hadde vore meir passande. Dette kan føre til at konfliktar eskalerer og at risikoen for krig aukar.

Det militærindustrielle komplekset kan også verke negativt inn på innanrikspolitikken. Det kan omdirigere ressursar bort frå andre viktige prioritetsområde, som til dømes utdanning og helsevesen. I tillegg kan forsvarsindustriens innverknad på politiske avgjerder føre til at behova til militærkontraktørane blir prioriterte over folket sine behov.

Nokre har argumentert for at det militærindustrielle komplekset representerer ein trussel mot demokratiet, sidan det kan gi ei uforholdsmessig stor påverknadsmakt til ei lita, mektig interessegruppe. Dette kan føre til mangel på transparens og ansvarleg avgjerdstaking, så vel som ein fordreidd politisk prosess.

Konklusjon: det militærindustrielle komplekset er eit komplekst og multifasettert stridspunkt som har potensiale til å verke negativt inn på både innanriks- og utanrikspolitikk. Det er viktig for innbyggarane å vere obs. på dei potensielle farane ved denne relasjonen, og å halde sine folkevalde til ansvar for å sikre at militærbudsjetta er ansvarlege og transparente. (vår uth.)

Ikkje dårleg! For det første er eg glad for at eg ikkje lenger arbeider som professor, med aktiv undervisning og å sette karakterar på studentarbeid. Noko seier meg at ikkje så reint få studentar kan kome til å be KI-roboten om hjelp til å løyse oppgåvene sine. Ofte greidde eg å peike ut plagiat (avslørande var det gjerne at utgreiinga var skriven altfor bra med altfor mange «store ord» brukt korrekt) ved å søke etter spesielle uttrykk eller setningar som slo meg som merkeleg eller altfor avansert, men med dagens KI-program vil eg tru det kjem til å bli mykje vanskelegare å forsikre seg om at studentane gjer arbeidet sitt sjølve.

Uansett, utgreiinga til KI-roboten om det militærindustrielle komplekset har nokre gode poeng, er du ikkje einig? Sjølv om det enno er rom for menneske her (i det minste håpar eg det). 

Så kva har denne menneskelege intelligensen å seie?

Denne oversikten er hentet herfra.
  1. «militærbudsjetta veks unødvendig mykje»: det skal vere sikkert og visst! Det siste Pentagon-budsjettet er på 858 milliardar dollar, og då er det ikkje rekna med rundt $45 milliardar i støtte (for det meste militær) til Ukraina. Utelate er også mykje av pengebruken på ’homeland security’, politivesen og liknande. Ifølge nokre estimat blir 2/3 av det føderale diskresjonære budsjettet [overskytande etter at det nødvendige er dekka, som i USA blir utforma etter forhandlingar mellom presidenten og Kongressen, mrk.] sett av til militæret, sikkerheit og politiarbeid.
  2. «stolar for mykje på militære løysingar på problem»: bingo! Afghanistan, Irak, Libya, Syria, Somalia, Jemen, heile den såkalla «krigen mot terror» var og er driven av idéen om at USAs utmerkte miltære styrke kan løyse alt.
  3. Ei «kapitalmakt som påverkar landets politikk»: Eg trur KI-roboten har lese Eisenhower si åtvaring om den overdrivne påverknadsmakta til MIK og faren det representerer for fridom og demokrati.
  4. Ei «enorm mengd sløsing og ineffektivitet»: Det ser ut som at KI-roboten har høyrt om at Pentagon har rota bort tusentals millardar dollar og stroke på regnskapsrevisjonen fem år på rad. Den har sannsynlegvis høyrt om overdådige våpen som F-35 og B-21. (Tilfeldigheit: då eg tasta «øydsel», retta datamaskina feilstavinga mi til «hatefull» [wasteful -> hateful]. Ja, eg antar eit atombombefly som kan drepe millionar kan skildrast som «hatefullt»).
  5. «konfliktar eskalerer» og «risikoen for krig aukar»: Vel, eg er glad for at leiarane våre har eit fast grep om den ukrainske situasjonen og søker ei vel gjennomtenkt diplomatisk løysing. (Ja, det var sarkasme. Bryn deg på den, KI-robot!)
  6. «verke negativt inn på innanrikspolitikken»: Vel, eg er glad amerikanarar har eit utmerkt helsevesen som alle har råd til å bruke, nesten ingen studiegjeld, og at Mannen i gata blir høyrd like mykje som (våpenprodusentane) Boeing og Raytheon i maktas korridorar. (Meir sarkasme frå mennesket).
  7. «mangel på transparens og ansvarleg avgjerdstaking»: Jøss, denne KI-roboten er smart! Når høyrde du sist om ein US-general eller -admiral som blir kassert for å ha tapt ein krig?
  8. «viktig for innbyggarane å vere obs på dei potensielle farane» ved MIK: Hurra for KI-roboten! Hadde vi berre framleis hatt innbyggarar i USA som vart haldne oppdaterte om farane ved MIK. Vi har alle blitt reduserte til passive konsumentar og, ein sjelden gong, velgarar som av massemedia blir fortalde at vi skal heie på krig og fryde oss over kor vakre missil vi har.

Eg trur du kan vere einig i, kjære lesar, at KI-roboten er mindre sarkastisk og meir sindig enn eg er. Den talar også langt meir rettsindig om farane ved MIK enn folk som Biden eller Trump eller Pelosi eller DeSantis gjer. Så eg seier «tre gongar tre hurra!» for vår nye robot-meister. Måtte ChatGPT bli vald til president i 2024!

Berre pass på å stille dei rette spørsmåla …

Posta den 26. desember, 2022 av wjastore 

Forsidebilde: Adam Lukomski



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 281 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    29 desember 2022 11:29

    Her var det mange gode argument for setja «forsvars»-budsjettet i Noreg til kroner 0, og å stengja Kongsberg Gruppen.

    Militaristar gjer livet utrygt. Unge menn må slutta å bli stolte over å få noko blekkskrammel, medaljar, for drepinga si. Og stortingspresidenten vår treng ikkje skryta over å få medalje av Zelenski. Kanskje ein ide å levera attende før Kiev-styret vert endå meir diskreditert?

    Svar
  • Monica Sortland
    19 januar 2023 1:35

    Lasta ned ChatGPT og gav den oppgåva «Write a critical essay about the Ukraine war». Her er svaret den gav (ikkje like imponerande som svaret om MIK):

    «The Ukraine War, also known as the Russo-Ukrainian War, began in 2014 and is ongoing. The conflict has its roots in tensions between Russia and Ukraine over issues such as language, identity, and political alignment. The war has resulted in thousands of deaths and the displacement of millions of people.

    One of the main causes of the war is the ongoing struggle for control over Crimea, a region in southern Ukraine with a majority Russian-speaking population. In 2014, Russia annexed Crimea, an action that was widely condemned by the international community. This move was seen by many as a violation of Ukraine’s sovereignty and a violation of international law.

    Another major factor in the war has been the issue of political alignment. Ukraine has long been divided between those who support closer ties with Russia and those who support closer ties with the West. The ousting of pro-Russian President Viktor Yanukovych in 2014 by pro-Western protests sparked a backlash from Russia, leading to the annexation of Crimea and the outbreak of war in eastern Ukraine.

    The war has had a devastating impact on the people of Ukraine. Thousands of civilians have been killed, and millions have been displaced from their homes. The fighting has also damaged infrastructure and disrupted economic activity, further exacerbating the humanitarian crisis.

    The international community has played a role in the conflict, with both the West and Russia providing support to the opposing sides. The West has imposed sanctions on Russia and provided economic and military aid to Ukraine, while Russia has provided support to separatist rebels in eastern Ukraine.

    In conclusion, the Ukraine War is a complex and multifaceted conflict with deep historical roots. The annexation of Crimea and the issue of political alignment have been major factors in the outbreak of war, while the humanitarian crisis caused by the fighting has had a devastating impact on the people of Ukraine. The international community has also played a role in the conflict, with both the West and Russia providing support to the opposing sides.»

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

WHO’ plan er grusom;

Infeksjonssykdommer planlagt fremover, som fører til verdenstyranni

Previous Post

Buss for tog

Like godt gi opp togtrafikk i Norge?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.