Det er mange som prøver å forstå det som nå utspiller på toppen i USA. Thierry Meyssans bidrag er ikke bare innsiktsfullt, men bidrar også til at mange andre nyanser av den pågående striden i USA klargjøres. En trenger ikke nødvendigvis være enig i hans observasjoner og de konklusjonene han trekker med utgangspunkt i disse. Men som jeg har hevdet tidligere er andre perspektiver nyttige nå en ønsker å forstå det som utspiller seg – denne gangen i USA.
Knut Lindtner
Biden og makt ved hjelp av vald
av Thierry Meyssan
Voltaire Network den 12. januar, 2021
Erobringa av Kongressbygget Capitol av president Trumps supporterar blir presentert som eit forsøk på statskupp, medan han framleis er i Det kvite hus. Ved nærare gransking, kan det vere tvert om. Talefridommen har blitt konfiskert av ei illegitim makt som favoriserer Joe Biden.
Ved kvart presidentval i USA blir vi fortalde at den avgåande presidenten var eit monster, at vi er lei oss for brotsverka han gjorde, men at ein ny dag gryr for menneskeslekta med den nye leiaren. Det einaste unntaket er valet av Donald Trump i 2016. Då, og sjølv før han avla eiden, blei vi fortalde at denne milliardæren hadde blitt vald på grunn av ei beklageleg villfaring, at han var misogyn, homofob, rasist, at han ikkje lekamleggjorde «fridommens land», men overherredømet til «dei små kvite» og interessene til dei rike. I fire år overtydde dei oss gong på gong om at denne diagnosen var korrekt. Han blei kalla ein løgnar, og ideane og resultata hans blei ignorerte.
Denne gongen let oppstanden på Capitol Hill dei dominante nyheitsbyråa legge til endå eit lag. Den utgåande presidenten, Donald Trump, blir einstemmig anklaga for å øydelegge demokratiet, som den innkomande presidenten, Joe Biden, sjølvsagt vil gjenopprette. Er dei som hugsar vala av George H. Bush, Bill Clinton, George W. Bush og Barack Obama klare for å la seg lure på ny?

Ja, for sjokket som erobringa av Capitol forårsaka var så stort at ein er villig til å tru kva som helst. Dersom USA er på veg mot borgarkrig, kva vil då skje med Vesten?
Det er derfor vi ikkje ønska sjå den krisa som er i ferd med å utfalde seg. Berre nokre få greske aviser har nyleg forklart årsakene til raseriet, som vi har hatt med å gjere i fem år alt (d.v.s. før valet av Trump).
Dette er også grunnen til at vi ikkje ønsker sjå den i auga og seier oss tilfredse med dei blinde kommentarane om at denne skammelege episoden er over i morgon. Men kven kan tru det? Det er sant at ting vil roe seg ei tid, og at det undertrykkande apparatet vil knuse 6. januar-demonstrantane, men det vil berre bli ei utsetting, og borgarkrigen vil ikkje utebli lenge.
Ikkje-vestlege har allereie forstått at USA har så store interne problem at dei ikkje lenger vil klare å opptre som førebilete for verda, endå mindre gi leksjonar i demokrati til dei dei ønsker å kue.

Udemokratiske val
Under presidentvalet i 2000 var ei uforståande verd vitne til at Høgsterett valde å ignorere gjenopptelling av stemmesetlane i Florida. I samsvar med Grunnlova erklærte dei at dei ikkje kunne blande seg inn i valet til ein delstat, men berre tok omsyn til avgjerda til guvernør Jeb Bush – at bror hans, George W. Bush, hadde blitt vald av sine veljarar. Tjue år seinare er verda vitne til henlegging av 60 klagemål frå Donald Trump, som hevdar det har føregått massivt valfusk i mange delstatar.
Som eg tidlegare har skrive, tapte Al Gore og seinare Donald Trump, sett frå perspektivet til USAs lover. Men frå eit demokratisk synspunkt vann dei sannsynlegvis. Sant å seie er det umogleg å vite det nøyaktig, men utifrå resultata av dei andre vala som blei haldne på same tid, er det liten tvil om det. Det einaste som kan seiast, er at det var ingenting demokratisk ved dette valet: opptellinga av stemmer er gjort av guvernørane, som i mange føderale delstatar vel ut dei embetsfolka eller private firmaa som skal gjere tellinga. I motsett fall, dersom systemet hadde vore demokratisk, ville opptellinga blitt gjort av medborgarar frå ålmenta. Alle kunne sjå korleis stemmeurnene blei tatt frå vallokala og til ein opptellingssentral der embetsmenn opna dei og deretter stengde gardinene for å hindre medborgarane i å finne ut meir. Ingen kan ispørjesette ærlegdommen til desse embetsfolka, men ingen kan garantere den heller. Eit demokratisk val må vere transparent. Derfor er dette valet legalt etter USAs lover, men berre ikkje demokratisk.
Omveltning av lovene

For å skjøne hendingane, må vi observere to vendingar som gjekk forut for angrepet på Capitol.
Midt i desember 2020 organiserte president Trump eit møte i Det ovale kontoret der general Michael Flynn deltok. Flynn la fram ideen sin om unntakstilstand for transparente val. Dei fleste av rådgivarane som var til stades var imot det, trass endringane i Pentagons leiarskap. To veker seinare, den 4. januar 2021, signerte dei 10 tidlegare forsvarsministrane som framleis er i live eit kort innlegg i avisa Washington Post. Dei forsikra om at alle som skulle prøve å innføre unntakstilstand, ville haldast ansvarlege. Samhaldet mellom dei tidlegare forsvarsministrane beviser at unntakstilstand var reelt mogleg. I følge avisa, som rekonstruerte møtet på grunnlag av det dei tidlegare forsvarsministrane (som ikkje sjølve var til stades, men var informerte) sa, så hadde Trump aldri tenkt å halde seg ved makta ved hjelp av vald. Tvert imot, så la han inn klager og støtta ulike rettslege tiltak for å få valet annullert. Han førebuddes seg på kampanjar for å gjeninnta Det kvite hus i 2025.
Visepresident Mike Pence, som var under tungt trykk frå Jacksonarane, gjorde det klart kor han stod den 6. januar, den dagen dei to Kongressforsamlingane møttest i sams sesjon. Han slo fast at hans rolle som møteleiar var reint seremoniell, og at det ikkje var hans jobb å døme i disputten, sjølv om Grunnlova teoretisk kan tolkast til å gi han denne retten. Han overlet difor dette til parlamentarikarane. Noko anna ville ha opna den ulmande borgarkrigen. I slike tider som vi no er i veit alle kva han eller ho kan miste, og få – særleg blant notabilitetane – er villige til å ta ein slik risk. Så snart dette standpunktet blei kjent trekte fleire viktige medlemmar av Trump-teamet seg. Jacksonarane meinte denne omvendinga var feig og eit forræderi mot ideala deira og heimlandet.
Nokre timar seinare kom Donald Trump med ei kunngjering, ikkje langt unna Kongressen, der han igjen fordømte eit «stole val» og erklærte at han ville kome tilbake i 2024-kampanjen. Han bad aldri sine supporterar om å ta Capitol Hill, sjølv om mange forstod det på den måten.
Takinga av Capitol

Nokre grupper, som var i mindretal, prøvde å ta seg inn i Capitol. I følge filmopptaka let Capitol-politiet dei gjere det utan reell motstand. Demonstrantane tedde seg i byrjinga nærast respektfullt i bygget, som er heilagt for dei. Men dei hadde blitt infiltrerte av ei gruppe frå Antifa. Utan å vite korfor eller korleis, gjekk ting brått over styr. Plenarsalen vart invadert, og parlamentarikarane sine kontor vart ransaka.
Alle som har opplevd borgarkrig veit at det er det verste som kan skje. Lik den engelske filosofen Thomas Hobbes, som levde under den første engelske borgarkrigen, trur dei alle at det er betre å lide seg gjennom ein tyrannisk stat enn å bli fråtatt staten (Leviatan). Å ta Capitol og styrte den US-amerikanske «ordenen» er ei gjerning med forferdelege konsekvensar. Det har ikkje gått så langt. Politiet som hadde lete demonstrantane inn i bygget, pressa dei brått og vellykka tilbake ut.
President Donald Trump sjølv bad om ro, men utan kona si. I følge USAs nasjonalreligion må Guds velsigning – og såleis fred og velstand – falle gjennom presidenten og hans førstedame på «dei utvalde». Med valet sitt om å tale aleine, har Donald Trump utfordra den nasjonale religionen.
Reaksjonane i USA

Demokratiske kongressmenn, under leiaren for Representantanes hus, Nancy Pelosi, anklaga straks president Trump for å ha ført troppane sine mot eit angrep på Kongressen. Dei føreslo å stille Trump for riksrett, sjølv om han berre hadde 13 dagar att av perioden sin, gjennom 25. grunnlovstillegg, paragraf 4. Dette trekket, som dei tidlegare hadde diskutert, ville fjerne retten hans til å stille til gjenval.
Men denne lovteksten bør ikkje gjelde i denne saka: den handlar om manglande evne til å utføre embetet på grunn av sviktande helse. Debatten då den blei tatt i bruk dreidde seg om hjerteatakket som hindra president Woodrow Wilson i å oppfylle pliktene sine ved slutten av perioden sin (2. oktober 1919 til 4. mars 1921) og slaget – mindre alvorleg – til president Dwight Eisenhower (24. september 1955 til 20. januar 1961) som midlertidig tok frå han nokre av evnene og gjorde at han delte makta si med visepresidenten, Richard Nixon.
Den herskande klassen følte vinden av kanonkulene. Enten takinga av Capitol Hill var politiet der sin feil, slik dei prøver å overtyde oss om, eller om den var organisert under falskt flagg av Donald Trumps fiendar, så har dei som pønska den ut kapasiteten til å styrte institusjonar og sparke heile staben.
Reaksjonane utanlands

Etter eit hundreår med US-amerikansk dominans, veit resten av verda framleis ikkje kven dei er. Verda veit ikkje at Grunnlova blei skriven for å etablere eit regime inspirert av det britiske monarkiet, og at den kom i likevekt igjen med 10 tillegg som garanterte folket sine rettar. Det landet som Alexis de Tocqueville skildrar i De la Démocratie en Amérique er dette kompromissenes land, eit fridommens land,men denne likevekta blei forstyrra under Obama-åra. Blinda har resten av verda ikkje sett at USA har vendt tilbake til det det var dei første fire åra etter grunnlegginga: eit oligarkisk system, denne gongen i teneste for ein klasse internasjonale milliardærar. Dei ignorerte med vilje nauda til den tidlegare middelklassen, dei subkulturelle grupperingane og to tredelar av folket sine førebuingar til borgarkrig.
Dei kinesiske media merkar seg hykleriet når dei samanliknar foto frå Hong Kong-samlingane, tatt av ei høgspent folkemengd, med dei frå Washington. Medan dei russiske media, travelt opptatte av den ortodokse julefeiringa, smilte desillusjonerte over sin falne historiske rival.
Dei vestlege media har for sin del ureservert omfamna den neo-Puritanske «Cancel Culture» som øydelegg alle Republikanske symbol og erstattar dei med andre som forherligar minoritetar, ikkje for kva dei gjer, men fordi dei er minoritetar. Med det har dei identifisert seg litt meir med den ideologien som undertrykkar «Amerika». Som underdanige vasallar presenterte dei USA-valet som om lesarane deira skulle delta og Joe Biden var deira nye meister.
Europeiske leiarar tar sine draumar for gitt i sine reaksjonar på hendingane på Capitol Hill: Tysklands president og tidlegare sjef for dei hemmelege tenestene, Frank-Walter Steinmeier, sa at væpna pro-Trump protestmakarar hadde tatt Capitol Hill; medan Frankrikes president og tidlegare sekretær for ein velkjend filosof, Emmanuel Macron, fordømde eit angrep på det fundamentale prinsippet for demokrati: «Éin mann, éi stemme».

Nei. Med få unntak var demonstrantane på Capitol uvæpna.
Nei. USA si grunnlov sikrar ikkje likskap for medborgarane av alle delstatane.
Ja. Det er den herskande klassen i USA som foraktar demokrat, og Jacksonarane som forsvarer det.
Allereie no har dei svært store formuane som står bak Joe Biden gripe makta. Dei har gjort ende på ytringsfridommen. Dei har «førebyggande» stengd Twitter-, Facebook-, Instagram-, Snapchat- og Twitch-kontoane til Det kvite hus, president Trump og støttespelarane hans for å «hindre dei i å be om meire vald» (sic). Med dette har dei kravd justisfullmakter for seg sjølve og unngått Trump-dekretet av 28. juni 2020, som bad dei velje status – enten som nøytrale informasjonsformidlarar eller som engasjerte informasjonsprodusentar.
Thierry Meyssan
Omsett av
Monica Sortland
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 493 ganger.
1 kommentar. Leave new
Registrer deg og klassifiser min unge sexy fitte - http://photo0405119.e17.club