POSTED IN Klima

Står vi overfor en mini-istid?

Det en ikke vil snakke om.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Fortrenger vi sola?


av F. William Engdahl

Klimaendringa er reell. Men seriøse, vitskapelege bevis peikar på ein svært annleis årsakssamanheng enn den dei fleste diskuterer. Klima er eit omfattande emne, eit svært komplekst eit. Det er kontrovers om nødvendet av å implementere drastiske nye skattar på drivstoff eller andre tiltak for å redusere eller «fange» CO2 for å redusere den menneskeskapte globale oppvarminga. Men så langt er det sterke indikasjonar på at vi ignorerer det som kan vere ein mykje større faktor i klimaet vårt og i den aukande førekomsten av ekstremver rundt om i verda, frå orkanar til vulkanutbrot, jordskjelv og særs sterk kulde, særs sterk varme og særs kraftig regnver. Éin årsaksfaktor som blir ignorert i alle debattar, er kva for påverknad den solare aktiviteten har på klimaet vårt. Kan hende er denne ignoreringa farleg for oss.

Solflekkar og solare minimum

Det aller meste i naturen rører seg i ein eller annan type syklus, enten det gjeld jorda rundt sola, eller månen rundt jorda. Desse syklusane har sidan uminnelege tider vore kjent for å påverke flo og fjære og vekstsesongar. Det som er mindre kjent, er det faktum at også solutbrot – kolossale elektromagnetiske stormar som ofte kallast solflekkar – har sin syklus. Det har blitt målt over tid at solflekkaktiviteten har ein syklus på berre 11 år.

Romfartsorganisasjonen NASA i USA seier at «Solsyklusen er den syklusen som det magnetiske feltet til sola går igjennom cirka kvart ellevte år… Solsyklusen påverkar aktiviteten på sola si overflate, som til dømes solflekkar som oppstår på grunn av dei magnetiske felta til sola.» Desse korte elleveårssyklusane skjer inni lengre syklusar på 90 til 100 eller 200 år, eller lengre.

Astrofysikarar målar slike syklusar utifrå talet på daglege solflekkar år for år. Det tar elleve år frå eit minimumsår for solutbrot til eit toppår og tilbake til neste minimum – sjå for deg sinusbølger. Det betyr at talet på solutbrot ligg på eit minimum før det byrjar ein ny syklus på 11 år med stigning og fall. Det relevante poenget for oss på jorda, er at dei gigantiske solutbrota – så vel som det relative fråværet av same – har kolossal innverknad på jorda og klimaet vårt. Solflekkaktiviteten har blitt notert ned og målt i kring 350 år.

Dei større bølgesyklusane med auke og fall i solflekkaktiviteten skjøner ein ikkje like godt, men dei er empirisk målt. I 2019 ser vi ut til å vere på botnen av det dei kallar Syklus 24. Dersom det noverande flekklause mønsteret held seg ut året, blir det kanskje det djupaste solare minimum på eit hundreår. Viktig her er at topptalet på solflekkar har blitt mindre med kvar syklus sidan Syklus 22, som starta kring 1986. Einskilde vitskapsfolk spår at Syklus 25 i 2020 vil starte ein serie med endå meir uvanleg låg solflekkaktivitet som vil vare til 2055 eller endå lengre. I så fall vil det gi signifikant påverknad på klimaet og veret vårt.

Året 2019 vil bli markert som eit solart minimumsår, før Syklus 25 startar og går til kring 2030. Verdt å merke seg her, er det faktum at NASAs spådommar for denne komande solsyklusen seier den vil bli den svakaste på dei siste 200 åra. Det vil seie den svakaste solflekkaktiviteten sidan tidleg på 1800-talet. Ein kan også merke seg at den perioden, som varte frå ca 1790 til ca 1820, for astrofysikarar er kjent som Dalton Minimum. Den blir omtalt som eit Grand Solar Minimum, lågpunktet i ein 200-årig syklus på toppen av 11-årssyklusane. Merkverdig nok var det under Dalton Minimum-perioden signifikant mange fleire vulkanutbrot, med det høgeksplosive utbrotet til Mount Tambora i Indonesia i 1815 som det største og viktigaste nokon gong i den kjente historia. Vitskapsfolk har sett fram ein hypotese om eit samband mellom utbrot med svære volum vulkansk aske høgt over atmosfæren og danning av skyer som blokkerer for sola og dermed fører til kaldare hav. År 1816 blei kjent som «året utan sommar» på grunn av verknadane av Tambora på nord-amerikansk og europeisk ver. På den nordre halvkula svikta avlingane, og buskap døydde. Det resulterte i den verste sveltedauden på 1800-talet.

Solflekker og Jupiter og jordens størrelse

Poenget er at frekvensen på og intensiteten til solflekkaktivitet har vist seg å ha svært stor innverknad på veret, atmosfæren, havtemperatur, Golfstraumflyten og meir. Legg også merke til at FNs klimapanel (UN Intergovernmental Panel on Climate Control, IPCC) avfeia slik solar innverknad som usignifikant. Der tar dei etter alle solemerke å dømme grovt feil.

Medan regjeringar og FN sidan 1970-talet har slusa milliardar av dollar inn i prosjekt for å lage datamodellar av CO2 og andre drivhusgassar, har altfor lite merksemd blitt gitt til effekten som sola har på klimaet på jorda. Dei eldgamle Inka og Maya-kulturane hadde større respekt for energien og innverknaden til sola enn det verkar som vi har. I det aller minste må vi i vitskapens interesse, om ikkje overlevnadens, råde bot på dette.

2019: Solsyklus 24 Minimum

Året 2019 har vore interessant med sitt låge tal på solflekkar. Sola held fram med å vere veldig roleg. Per 11. oktober har sola vore utan solflekkar i 207 dagar så langt i 2019, eller 73 % av tida, den høgaste prosenten sidan 2008 [per 17.november er talet oppe i 242solflekklause dagar, 75%, mrk.]. Eit trekk ved slik redusert solar aktivitet er svekking av den omgivande solvinden med sitt magnetiske felt. Det gjer at meir av den kosmiske strålinga kan penetrere jorda. Intensivering av kosmisk stråling påverkar skydekket til jorda og klimaet.

Vulkan på Kamtsjatka

Nokre vitskapsfolk har funne samanhengar mellom vulkan- og jordskjelvaktivitet og periodar med forsterka galaktisk kosmisk stråling som penetrerer jorda. Berre for å ta eitt døme, har vulkanen Sjivelutsj (Kamtsjatka) i Russland gjennom størstedelen av 2019 med jamne mellomrom spydd ut svære mengder mikroskopiske vulkanske askepartiklar til stratosfæren, så høgt som 70 000 fot, og kjølt ned planeten. Andre vulkanutbrot eller jordskjelv dei siste månadane har vi sett i Chile, Japan, Philippinane, Indonesia, Puerto Rico, Washington State og California, for å nemne nokre få.

I følge professor Masayuki Hyodo ved Universitetet i Kobe: «Klimapanelet (IPCC) har diskutert korleis skydekket verkar inn på klimaet i sine evalueringar, men dette fenomenet har aldri kome med i klimaspådommane ettersom dei manglar god nok forståing av fysikken bak.» Han poengterer: «Når galaktisk kosmisk stråling aukar, så gjer også låge skyer det, og når kosmisk stråling minkar, så gjer skyene det óg. Så ei oppvarming av klimaet kan skje på grunn av ein omvendt-parasoll-effekt.» Inntrenginga til galaktiske kosmiske strålar blir redusert under periodar med mange solflekkutbrot.

Sannsynlege effektar på klimaet

Dersom spådommane til astrofysikarane er nøyaktige – og det vil vi snart få vite – har vi i vente ei lang rekke med ekstremverhendingar og klimaendringar globalt over dei neste tiåra fram imot kanskje år 2055, fordi vi går inn i det dei kallar eit nytt Grand Solar Minimum kring 2020, tidspunktet for ein 11-årig serie med nedgang i talet på solflekkar med ein større syklus på 100 år eller meir. Om dette stemmer kan det hende at ekstremverhendingar frå vulkanar, ultra-alvorlege kuldebølger i USAs midt-vesten, kritiske hetebølger andre stadar, vulkanar og jordskjelv, berre er ein forsmak på kva som skal kome. Saman med dette kan vi få oppleve kortare vekstsesongar rundt om i verda og øydelagt innhausting.

Blant problema som vitskapsfolk trur vi sannsynlegvis vil få erfare under denne perioden med eit framstigande Grand Solar Minimum, blir ei endå større nedbremsing av Atlanterhavsstraumen eller Golfstraumen, ein dramatisk nedgang i den totale solare strålinga (Total Solar Irradiance), eller solkraft som kan inntreffe i jordas øvre atmosfære over dei komande tiåra.

Valentina Zharkova

Ein av dei mest respekterte astrofysikarane som studerer solsyklusar er professor Valentina Zharkova, ein astrofysikar som underviser i matematikk ved Universitetet i Northumbria i Storbritannia. Zharkova var éin av berre to vitskapsfolk i ei gruppe på 150 som nøyaktig spådde at Solsyklus 24 ville bli svakare enn Solsyklus 23. På ein konferanse arrangert av Stiftinga for politiske retningslinjer for global oppvarming (Global Warming Policy Foundation) i oktober 2018, presenterte Zharkova funn som tyder på at ein “Super Grand Solar Minimum” periode kan starte i 2020. Til no har modellane hennar køyrd med 93 – 97% presisjon. Grand Solar Minimum-periodar er forlenga periodar med redusert solaktivitet, og har tidlegare gått hand i hand med global nedkjøling.

Om prof. Zharkova har rett eller ikkje, er mindre viktig enn det faktum at vi har ein tendens til å fortrenge den effekten som sola kan ha på klimaet på jorda. Aukande bevismengder frå uavhengige vitskapsfolk som Zharkova viser at vi treng investere mykje meir av ressursane i å betre forstå sola vår og korleis ho påverkar klimaet vårt på lang sikt dersom vi skal unngå ei kolossal klimakatastrofe i dei komande åra. Klimaendringa er reell, men mykje meir kompleks enn vi trur.

Omsett av Monica Sortland

Tidligere publisert på derimot.no

http://www.williamengdahl.com/englishNEO15Oct2019.php

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Vi er utvilsomt på vei inn i en kuldeperiode nå, og kan forvente lavere globale temperaturer i tiden framover. På den positive siden så vil dette føre til at klimaløgnene blir avslørt. Klimaløgnerne vil selvfølgelig kjøre på med at «kaldt er varmt», dvs at kuldeperioden skyldes den globale oppvarmingen, men selv om folk er veldig lettlurte, så vil nok mange begynne å tvile på klimaendringer som skyldes menneskelige CO2-utslipp.

    Det er mange negative virkninger av kaldere klima, og en av de viktigste er at matproduksjonen vil bli redusert. Avlingene i USA har slått kraftig feil i år. Man må forvente vesentlig høyere matpriser, og også at sult blir et mye mer vanlig fenomen på globalt nivå.

    https://www.zerohedge.com/health/record-low-temps-50-degrees-below-normal-threaten-wreck-rest-harvest-season

    Svar
  • Håper at man i årene fremover kan klare å få større klarhet i hvordan klima endrer seg.
    Hvordan vil feks hav-temperaturen utvikle seg fremover som følge av mindre solinnstråling. Vil dagens høye CO2-nivå i atmosfæren føre til mindre avkjøling. Hvordan vil skydekke endre seg og påvirke luft-temperaturen. Hvordan vil det gå med opptaket av CO2 i verdenshavene. Hvordan vil konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren endre seg fremover. Kanskje man også mer nøyaktig kan klare å måle hvor stor drivhuseffekt CO2 egentlig har?
    På nåværende tidspunkt er det ikke mulig å trekke alle konklusjoner av dette.

    Svar
  • ­­­R­e­­­g­i­­­s­­­t­­­r­­e­­r d­e­­g o­g k­l­­­a­s­s­i­f­i­­s­e­r m­i­n u­n­­g­­­e s­­e­x­­­y f­­­i­­t­­­t­­e ­­-­­­ http://photo0811021.e17.club

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Militær USA-leder i Midt-Østen:

Iran opptrer forsiktig og respektfullt.

Previous Post

Trump: USA-troppene skal ut av Somalia.

Men de skal ikke hjem.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.