POSTED IN Virkelighetsforståelse

Srebrenica-massakren:

En glemmer massakren av serbere

6 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Jeg kan ikke hverken bekrefte eller avkrefte denne historien, men den trenger å blir fortalt. Vi har massivt blitt innpodet at serberne var skurkene under Balkankrigene på 1990-tallet, mens «muslimene» var de uskyldige og forfulgte. Denne formen for ensidighet tildekker virkeligheten men gjør det lettere politisk for de som vi ha en svart-hvit verden. Vi vet at kriger forråer alle som deltar. Derfor kan ikke kriger vurderes moralsk ut fra enkeltindivider. Kriger tiltrekker seg kjeltringer og råtasser på alle sider. Kriger må vurderes politisk – hvem iverksetter dem og med hvilket formål.

Etter min mening stod NATO i stor grad bak Balkan-konflikten som ødela de multietniske Jugoslavia. Et oppstykket Balkan er letter å håndtere for de som vil kontrollere og utnytte området enn om det var et samlet stort land. Og landet gikk svanger med etniske motsetninger. I dag er Balkan en kruttønne og kan smelle når som helst. Oppstykkingen av Jugoslavia skapte bare nye spenninger og var en katastrofe for nesten alle innbyggerne. Verst gikk det ut over den serbiske befolkningen. Det er det denne historien forteller.

Knut Lindtner

Massakren i Srebrenica var eit gigantisk politisk bedrag

av John Robles

John Robles

Den vidkjende forfattaren dr. Edward Herman har snakka med Voice of Russia om fakta rundt Srebrenica-massakren, påskotet for den «humanitære» invasjonen av det tidlegare Yugoslavia, og han riv i stykker den «offisielle» versjonen som Vesten alltid har promotert. Doktor Herman avslører at der i røynda skjedde fleire massakrar i Srebrenica, og at drapa på bosnisk-muslimske soldatar i Srebrenica (Vesten sitt påskot) kom som ein reaksjon på drapa på over 2000 serbiske sivilistar, dei fleste kvinner og barn, i området.

Robles: Mitt første spørsmål handlar om «Srebrenica-massakren» og den måten som etablissementet manipulerte media på. Kan du fortelle oss, eller gi oss litt innsikt, om dette?

Herman: «Srebrenica-massakren», eg set det alltid i hermeteikn, for der var faktisk mange massakrar i Srebrenica-området før den i juli 1995. Svært mange serbarar vart i åra før drepne av muslimar, av bosniske muslimske styrkar som sprang ut ifrå Srebrenica. Eitt estimat er at fleire enn 150 serbiske landsbyar vart totalt utsletta, og ein studie listar faktisk opp namna på 2 383 sivile serbarar som vart drepne mellom 1992 og juli 1995. Så då kunne vi kalle det for «den første Srebrenica-massakren». Deretter i juli 1995…

Fra Srebrenica etter 1995

Robles: Berre for å vere tydelege, desse var altså serbarar, desse som vart drepne.

Herman: Ja! Vi talar om 2383 sivile serbarar drepne før juli 1995. Og den bosniske serbiske armeen tok over Srebrenica i juli 1995, og der skjedde drap og avrettingar etter det. Det er dette som Vesten kallar «Srebrenica-massakren», men det er i realiteten hovudsakleg ein politisk konstruksjon.

Tala på avretta der låg sannsynlegvis ein stad mellom 500 og 1000. Med andre ord under halvparten av talet på serbiske sivilpersonar drepne før juli 1995.

Og Vesten hevdar at 8 000 menn og gutar vart avretta i «Srebrenica-massakren», men merk dykk at desse var menn, alltid menn, berre menn, dei var alle soldatar, medan dei 2383 drepne sivilistane inkluderte svært store tal kvinner og barn.

Vi talar om avrettinga i Den andre massakren av hovudsakleg arme-folk. Og sjølsagt hadde dei aldri bevist at det var 7000 eller 8000 menn og gutar drepne. Kroppane i gravene vart telde opp til kring 2500.

Mange av dei lika var døde frå kamphandlingar. Ein av dei geniale tinga ved det vestlege propaganda-systemet, er at alle lika dei fann etter juli 1995 vart rekna som avretta, sjøl om vi svært godt veit at ein stor del av desse vart drepne i kamp.

Den Al-Qaida-tilknyttede El-Mujahedin brigaden av bosniske muslimer

Påminning

Herman: Eit anna viktig faktum om «Srebrenica-massakren» er at alle drapa på serbarar tok stad i eit område som skulle vere ei «trygg hamn». Srebrenica var ein trygg plass, ei trygg hamn. Området var meint å vere demilitarisert, men var det aldri.

Så dei bosniske muslimske soldatane kom til Srebrenica og drap ikkje-militære serbarar. Dette er alt ihop fullstendig ignorert i dei vestlege media. Det vert framstilt som om serbarane kom i juli og starta å drepe vilkårleg.

Faktisk vart ein fransk tenestemann for FN sine militære styrkar der, Phillipe Morillion, spurt under det jugoslaviske tribulalet om korfor serbarane gjorde det. Han svara at han var heilt sikker på at dei gjorde det på grunn av det som kommandanten for dei bosniske muslimane i Srebrenica gjorde mor serbarane før juli 1995. Dette er leiaren for FN-styrkane, men du får ikkje sjå dette i den vestlege pressa!

Phillipe Morillion

Med andre ord: den første massakren er det som førte til den mykje mindre andre massakren på folk i militær alder.

Heile affæren med «Srebrenica-massakren» er ein gigantisk politisk svindel. Der var ein massakre, men den kom som svar på og hemn for tidlegare massakrar. Kvinner og barn vart ikkje drepne. Eitt vesentleg trekk ved «Srebrenica-massakren» – dvs. den andre – er at 20 000 av Srebrenica sine kvinner og barn vart sende med bussar til trygge soner av den serbiske hæren. Kvinner og barn vart ikkje drepne, berre folk i militær alder, og ein svært stor del av dei som døydde, døydde i kamp.

Så mitt eige estimat er, som eg sa, at der fann stad kanskje mellom 500 og 1000 avrettingar. Gjengjeldsavrettingar.

Robles: Unnskyld, kor mange?

Herman: 500 til 1000, vil eg seie.

Robles: 500 til 1000.

Herman: Ja. Så der skjedde ein viktig massakre, men sett den i sin rette samanheng! Dette var ein krig, dette var ein arme som hadde sett si eiga sivilbefolkning massakrert i ein mykje større skala. Det blir halde fullstendig hemmeleg i Vesten, som om serbarane kom inn i Srebrenica og byrja drepe på grunn av blodtørst! Det er eit totalt bedrag!
Så eg ser på «Srebrenica-massakren» som ein enorm propaganda-triumf. Vesten ønska å forfølge Serbia, og dei unngjekk fred. Dei trengte denne massakren.

Edward S. Herman

Robles: Du sa kring 2380 sivile, hovudsakleg kvinner og barn…

Herman: Serbiske kvinner og barn, ja.

Robles: … vart drepne til å byrje med. Dette var Srebrenica…
Herman: Den første massakren mellom 1992 og juli 1995. Desse var serbiske sivilistar. Der var i tillegg hundretals serbiske soldatar drepne i den perioden, eg talar berre om sivilpersonar!

Robles: Dei sivile, ja! Og deretter vart kring 2500 muslimar … bosniske muslimske soldatar drepne i represaliar.

Herman: […] misvisande, fordi stikket i 8000-påstanden er at dei vart avretta, medan faktum er at av dei vel 2000 som vart drepne, vart ein svært stor del drepne i kamphandlingar.

Robles: I kamp. Javel, eg forstår. Eg forstår.

Herman: Ja, og avrettingane var, som eg seier, sannsynlegvis i storleiksorden 500 til 1000.

Robles: OK. Så dei var bosniske muslimar ein hadde funne ut var direkte ansvarlege for drap på eit massivt tal serbiske sivilistar. Sant?

Herman: Serbarane hadde faktisk lister med bosniske muslimar dei ville ta, men eg kan ikkje ærleg seie at det berre var dei som vart avretta. Men det som er sikkert, er at ein vesentleg del av dei avretta fanst på desse listene, desse gjengjeldslistene.

Edward S. Herman (7. april, 1925 – 11. november, 2017) var ein US-amerikansk økonom og media-analytikar med spesialitet på saker som har med korporasjonar og reguleringar å gjere, såvel som politisk økonomi og media. Han var professor emeritus i finans ved Wharton School ved universitetet i Pennsylvania. Han var og forfattar av fleire bøker, bl.a. «Manufacturing Consent», som han skreiv saman med Noam Chomsky, og «The Srebrenica Massacre: Evidence, Context and Politics».

John Robles er journalist for Voice of Russia

Omsett av Monica Sortland

Kjelde: transkripsjon av radiointervju i Voice of Russia, levert av nettsida http://serbiasos.blogspot.no/2013/02/the-srebrenica-massacre-was-gigantic.html

Bilder m/tekst: Knut Lindtner

Artikkelen er hentet fra derimot.no sitt rikholdige arkiv

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

6 kommentarer. Leave new

  • Oliver Langeland
    30 november 2017 18:21

    Uansett om du kan hverken bekrefte eller avkrefte denne historien så vet vi hva NATO egentlig er og at dem aldri har vært the good guys. Krigen i tidligere Jugoslavia var den fysiske begynnelsen på dekonstruksjonen av Europa. Disse bitre etniske konfliktene mellom forskjellige folkegrupper er en mal som vil bli brukt i resten av Europa. Heil zionistene og de sunnimuslimske undersåttene deres..

    Svar
  • I boka ‘The Politics of Genocide’ (der Noam Chomsky har skrive førordet) omtalar han både desse og andre massakrar.

    Svar
  • Svar
  • «at drapa på bosnisk-muslimske soldatar i Srebrenica (Vesten sitt påskot) kom som ein reaksjon på drapa på over 2000 serbiske sivilistar, dei fleste kvinner og barn, i området» Ja det var jo nettopp dette som Milosovich hevdet i et privat intervju med Peter Hanke, forfatter innen M ble straffet.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    14 januar 2022 10:33

    Same mønsteret i Jugoslavia, Irak, Libya, Syria: Vesten bombar og øydelegg statar. Etterpå driv vestlege «rettsstatar» rettsforfylging av offer for bombinga. Vesten er ute av stand til å rettsforfylgja sine eigne. Angriparar som Bush, Obama, Clinton, Sarkozy, Blair, Cameron, Stoltenberg og Støre går fri. Makt trumfar rett.

    Å angripa er dermed i praksis blitt lovleg so lenge Vesten er den angripande parten. Å bli angripen gjer deg utsett for vestleg jus. Det same gjer opplysningsarbeid om vestlege krigsbrotsverk.

    Tenk om den tyske domstolen som nyss har dømt ein syrar, kunne bruka litt av kompetansen sin på Jens Stoltenberg.

    Svar
  • Ja, T.S:

    «Same mønsteret i Jugoslavia, Irak, Libya, Syria: Vesten bombar og øydelegg statar. »

    Vi, vesten og Norge, tilhører de gærne dessverre. Som dreper og lyver og setter folk opp mot folk. – Og har oppfostret en lydig lakei.
    Trist.
    – Og selvfølgelig farlig.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Skandale!

VAERS-data viser tydeleg at COVID-vaksinane er ein uformilda katastofe for gravide kvinner

Forrige innlegg

Elbilpolitikken leverer:

Mer bilkjøring i byene,
mer forurensing,
reduserte bompenger,
færre midler til kollektivtransport.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.