POSTED IN Virkelighetsforståelse

Spioner:

Beveger seg hele tiden i moralske gråsoner.

0
Print Friendly, PDF & Email

Blake, le Carre, spionasje og landssvik.

Hans Olav Brendberg

Nyleg gjekk den fremste spionforfattaren i etterkrigstida – John le Carre – bort. Få greidde som le Carre å få fram kva denne konkurransen mellom stormaktene handlar om: At spionasje var ei skitten verksemd, som grunnleggjande handlar om svik og løgn. Heilt inn til kjerna.

I jula gjekk så ein av dei fremste spionane i etterkrigstida – George Blake – bort. Dette fører til at ein norsk moralist – Rustad i Document – lirer av seg ei preike som er djupt villeiande. Og som er talande ikkje minst på grunn av dei tinga Rustad utelet frå si selektive historieforteljing.

Og berre for å slå det fast: Eg er tilhengar av streng straff for landssvikarar, også spionar. Og deltek ikkje i apologien for norske spionar i fiendtleg teneste. 

Men på eitt punkt må den norske historieforteljinga ta stilling til ei viktig gråsone: Etter den norske kapitulasjonen i 1940, gjekk mange nordmenn i teneste for framand makt, for å vidareføra motstanden mot okkupanten. Nokre verva seg til britiske tenester, nokre til sovjetiske. Mange grunnar låg bak desse vala – ikkje minst geografi. Teneste for Sovjetunionen var vanlegast lengst nord, medan Shetland låg nærast for vestlendingane. 

Framand makt eller ikkje meiner eg både dei som for i vesterveg og dei som for i austerveg gjorde patriotisk teneste før 1945.

Slik beskrives Blake i Wikipedia: George Blake var en britisk spion som ble dobbeltagent for Sovjetunionen. Han ble kommunist og bestemte seg for å jobbe for MGB mens han var fange under koreakrigen.

Blake – eller Behar – kjem ikkje utan vidare inn under same kategori som andre landssvikarar. Skal du bli landssvikar, må du vel først ha eit land. Og Blake var jo ikkje britisk. Han var nederlandsk jøde – eit faktum som Rustad hoppar bukk over. 

Som jødisk flyktning frå Nederland vart han rekruttert av MI6 på slutten av andre verdskrig – truleg med same motivasjon som andre, mellom anna norske patriotar som valde teneste for framand makt: Å gjera nytte for seg i krigen mot det tredje riket. Det handlar altså ikkje om å gjera teneste for fedrelandet – men om å gjera krigsinnsats for idear ein trur på. Og ingenting tyder på anna enn at Blake gjorde jobben utmerka.

Så kjem ein sentral passasje i Rustads tekst:

«For den vanlige leser er det ikke mulig å oppfatte det historiske dramaet bak Blakes død og hvor mange mennesker han ofret og hvilken skade han påførte Vesten. Ordet forræderi forekommer ikke. I stedet lanseres Blakes humanitet og medynk som forklaringsfaktor: Årsaken skal ha vært USAs bombing av sivilbefolkningen under Korea-krigen.

Dette er helt søkt. Blake var i likhet med de andre britiske spionene kommunister, og som troende kommunist er man fritatt for vanlige moralske regler og lojaliteter.»

Rustad skriv for folk som ikkje kjenner Blakes historie – og freistar utnytta mangel på kunnskap til å halda ei standardpreike. 

Men Blake var ikkje «britisk» spion – han var nedelandsk jøde naturalisert i Storbritannia som ein av mange som dreiv i land på øya som del av kampen mot Nazi-Tyskland. Då han var ferdig med å avhøyra tyske u-båtkapteinar etter krigen, vart han sendt av MI6 til den britiske ambassaden i Seoul, i Korea.

Kim IL Sung ledet den koreanske motstandsbeveglesen mot den Japanske okkupasjonen av landet.

Frå tidleg på trettitalet hadde ei kommunistleidd motstandsrørsle under Kim il Sung slåss mot det japanske herreveldet i Korea. Men i Korea enda ikkje krigen med frigjering. Landet vart delt i okkupasjonssoner. Og i sør byrja det amerikanskinnsette styret, med støtte frå dei same koreanarane som hadde operert i diverse stripete og grå roller i kampen mot den koreanske motstandsrørsla, å freista knekka ryggen til sosialistrørsla i sør. Berre under opprøret på Jeju-øya i 1948-49 vart 30 000 menneske drepne – største gruppa var sivile som vart drepne av tryggleiksstyrkane til regjeringa.

I denne undertrykkinga av sosialistrørsla som hadde drive motstand mot den japanske fienden hamna så Blake, som skulle samla etterretning om Kina og Sovjet.

Kort tid etter kom så utbrotet av Korea-krigen – og Behar/Blake vart tatt til fange og ført nordover, først til Pyongyang, deretter til Yalu-elva. Og som krigsfange fekk han orkesterplass til å sjå på medan USA bomba byane i Nord-Korea til pinnved og grus – med typiske tapsprosentar på frå 60 til 100% av alle bygningar totaløydelagt. 

USAs bombekrig i Korea var spesielt brutal

USA brukte fire gongar so mange bomber – 640 000 tonn – mot Korea samanlikna med bombinga av Japan under andre verdskrig. 12-15% av innbyggjarane i landet vart drepne. Og den unge nederlendaren, som under krigen hadde verva seg til teneste mot den nazistiske øydeleggjingsmaskina, byrja undra seg om han var på rett side når han såg korleis amerikansk industri ausa «demokrati» over forsvarslause koreanarar. 

Festen vart avslutta med bombing av alle større dammar i Nord-Korea – bombing som førde til flaum, øydela risavlinga og truga fleire millionar menneske med sveltedauden (dette vart forhindra av ein kinesisk redningsaksjon).

Desse krigsbrotsverka førde til at Blake vart kommunist og dobbeltagent. Ei heilt anna historie enn Cambridgespionane. Og ei heilt anna historie enn det «naiv idealist»-biletet som Rustad polemiserer mot.

Spionasje og etteretning er ein skitten bransje, og Blake var like skitten som alle andre. Naturlegvis førde verksemda hans som dobbeltagent til at folk vart avslørt og tatt – det var heile poenget. Men å hykla om «omsut for menneskeliv» medan ein feier dei omfattande krigsbrotsverka i Korea under teppet slik Rustad gjer, er svært billig hykleri. 

Svart-hvitt-tenkning fører til rigiditet og svære blindsoner

At kommunistiske etteretningsorganisasjonar var fæle, medan vestlege organisasjonar som td. dei som dreiv Fønix-programmet i Vietnam (tortur, likvidering av politiske leiarar og organisatorar, dødsskvadronar og heile pakka) var på eit moralsk «høgare plan» er løgnaktig. 

Moralen?

Tenk deg godt om før du går inn i eit anna lands etteretningsteneste, sjølv med dei beste motiv, slik Blake gjorde i 1944. Vær lojal mot ditt eige fedreland, og unngå ideologiske krosstog – anten dei går den eine eller andre vegen.

Etterretningstenester bør av same grunn vera svært forsiktige med å gje ansvar til folk som ikkje er heimefødde i landet. Lojalitet mot eige land er eit naturleg krav, men ikkje noko vi skal forventa av folk som kjem hit til landet som ungdom eller vaksne i ein slik grad at vi gjev dei nøkkelrolle i norske spiontenester. 

Les gjerne moralistiske visjonære av typen Hans Rustad – og øv deg på å finna hola og utelatingane som må til for å gje den ahistoriske moralismen preg av å stå på eit fundament.

Knut Lindtner har lagt til biler m/tekst



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 166 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Koronavaksinen:

Sanksjoner mot kritiske leger.

Previous Post

Kvikkleireraset på Gjerdrum:

MDG gir nedbør og klima skylda — er de desperate?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.