POSTED IN Endring av politikken

Som følge av politisk oppløsning…

USA konkurransekraft svekkes også teknologisk.

0
Print Friendly, PDF & Email

På nettsiden til Andrei Martyanov kan en finne interessante kommentarer. Han har tidligere omtalt Boeings problemer med Max-flyene i denne kommentaren snakker han mer generelt om USAs vedvarende tekniske vansker med fly (Boeing) og med romfarkoster.

Det er en kjent sak at USA i en årrekke måtte kjøpe rakettmotorer til noen av romfartøyene sin fra Russland. De annonserte for et par år siden at de ville sette folk på månen innen utgangen av 2025, men siden har det vært lite å høre fra det prosjektet. Og årsaken henger kanskje sammen det han referer til nederst i denne artikkelen.

Russiske Iskander-missil, 6-7 mach utplassert fra 1998. USA ligger mange år bak Russland innen denne type teknologi.

Mange i Norge tror at USA fortsatt i dag er en ledende teknologisk nasjon, men ifølge Martyanov sakker landet lenger og lenger akterut land som Russland og Kina på stadig flere felt. Artikkelen under er ment å illustrere akkurat det.

Knut Lindtner
Redaktør

Du veit du har problem … 

 … når denne typen nyheiter poppar opp over heile verda 

Fleire høgprofilerte kandidatar har takka nei til sjansen til å bli administrerande direktør (CEO) for Boeing (NYSE: BA), inkludert GE Aerospace (GE) sin CEO, Larry Culp, rapporterte The Wall Street Journal om på måndag, noko som kompliserer selskapets søk etter ein ny leiar som kan ta over for Dave Calhoun, som har sagt at han planlegg å gå av ved årsslutt. 

To andre potensielle CEO-kandidatar – Boeings driftssjef (COO) Stephanie Pope og Spirit Aerosystems (SPR) sin CEO, Pat Shanahan — møter problem på sin veg mot toppjobben, medan Boeing-direktør og noverande CEO for Carrier Global (CARR), David Gitlin, også takka nei til å stille som kandidat, ifølge reportasjen.

Det er ganske så talande. Det er faktisk kriminelt og grufullt, det som har blitt gjort med eit ein gong så flott flyselskap. Det som ein gong ville ha blitt sett på som ei glimrande stilling, ei stilling å vere stolt av og ein hyllest til ingeniørs- og leiarprestasjonar, har blitt giftig – ei stilling som ingen vil ha. Sjølv ikkje med enorm løn og andre firmafordelar.

Diverre stoppar ikkje problema til Boeing med søket etter ny CEO:

Boeing sitt romfarty Starliner skulle etter planen markere sitt store gjennombrot denne månaden: frakte to NASA-astronautar med romferje på ein rundtur til Den internasjonale romstasjonen og bevise at kapselen, som skulle ha vore klar for lenge sidan og har overskride budsjettet, greier å utføre oppgåva. Starliner er halvvegs til det målet. Men dei to veteran-astronautane som styrer denne testflyginga er no i den situasjonen at dei har overskride grensa for å vere ombord i romstasjonen for andre gong, medan ingeniørar på bakken har det travelt med å finne ut av dei plagsomme problema under første del av reisa.

Romkapsler må være tette ellers går det dårlig. Denne er AI-generert

Starliner er openlyst ein splitter ny kapsel, men, herregud, lekkasjane er openlyst alvorlege, og under desse omstenda er det rett å førebels halde astronautane på ISS. Får vi sjå Soyuz (russisk romfartøy, red.) i nær framtid dersom problema ikkje blir løyste? Ein kan ikkje utelukke det. For det meste er astronautar og kosmonautar ein venlegsinna gjeng, (med unntak av senator Mark Kelly; hans bakvasking av russarane tyder på mindreverdskompleks), og dei kjem for å hjelpe kvarandre om det trengst. Så la oss halde fingrane kryssa. Vil Musk kome på banen? Eg kan ikkje ein gong førestille meg korleis dei to astronautane kjenner seg no, spesielt viss dei får klarering til å fly Starliner tilbake til Jorda. Men Boeing gjenspeglar den generelle tilstanden til USA i dag.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Mark König

https://smoothiex12.blogspot.com/2024/06/you-know-you-are-in-trouble.html

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

WHO endrer definisjoner f.eks. om vaksiner.

Ifølge WHOs definisjon av helse er nesten alle syke. Hvem tjener på det?

Forrige innlegg

Hva som er sant er ofte uklart

Sannheten er som vinden.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.