POSTED IN USA, Virkelighetsforståelse

Snipp, snapp, snute:

Og så var eventyret om russiagate ute.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Sola går ned over russiagate

Av Hans Olav Brendberg

Senatskomiteen for etteretning har no laga dokumentet som skal arkivera «Russiagate», og konklusjonen i komiteen er sjølvsagt at Russiagate skjedde. Det var bestillinga, og komiteen leverer det han skal.

Dette gjev i neste omgang stenografane i massemedia høve til å oppsummera saka, før ho blir lagt i arkivet. Eit typisk slikt bestillingsverk er dette:

https://www.theatlantic.com/…/russiagate-wasnt-a-h…/615373/…

Det same var forsovidt Mueller si bestilling – men han hadde ei vanskelegare oppgåve. Om han skulle prova dette, måtte han ta ut tiltale mot amerikanarar, og prova skuldingane i ein amerikansk rettssal. Det kunne han ikkje, for prova fanst ikkje.

Som Glenn Greenwald i «The Intercept» oppsummerte: Mueller smadra «Russiagate»-teoriane som hadde sirkulert i MSM i tre år:
https://theintercept.com/…/robert-mueller-did-not-merely-r…/
Den konklusjonen var derimot ueigna for arkivet, og senatskomiteen har difor kome til ein endeleg konklusjon som er motsett. Og sidan komiteen ikkje treng leggja fram prov eller føra vitne som kan krysseksaminerast, kan dei naturlegvis konkludera langt friare enn Mueller.

For som kjent: Dette er «bipartisan» og greier, og når nokre av dei mest rutinerte i gamet skal sy saman eit dokument som skal berga prestisjen og omdømet til establishmentet, so kan vi utan vidare gå ut frå at dei er ute etter sanninga, i smått og stort. Eller?

Men framleis står dette att: Påstanden om at russarane hacka serveren til demokratane – er framleis ein påstand. Han er ikkje underbygt.

Og påstanden er direkte motsagt av Craig Murray, som kjenner identiteten til begge dei som lak:

https://scotthorton.org/…/121316-craig-murray-dnc-podesta-…/

Påstanden om at dette var eit datainnbrot kjem ikkje frå noko etterforsking i regi av FBI, men av frå eit privat trygglreiksfirma som demokratane hyra inn.

Tidlegare teknisk sjef for NSA, William Binney, står fast på at dette ikkje kunne vera noko hacking. Om det var hacking, finst spora etter dette hjå NSA – men det er ikkje lagt fram noko slikt

Her ein fersk gjennomgang av dette frå Binney:

https://bluewaterhealthyliving.com/former-nsa-technical-di…/

Måten Mueller løyste dette på, var å tiltala 12 russarar – som Mueller visste aldri ville møta i amerikansk domsstol. Her stod Mueller like fritt som senatskomiteen når det galdt å koma fram til riktig konklusjon – han trong ikkje prova skuldinga i ein open rettssal, med prov og kryssforhør:

https://consortiumnews.com/…/clinging-to-collusion-why-evi…/

Resten av sakar om lommetjuvar og småkjeltringar i Trumps fylgje, som kan lurast inn i løgn og fornekting under eid, «perjury trap». Det er sjølvsagt kriminelt – men har ingenting med «russian collusion» å gjera.

Den einaste større saka her er Flynn – som vart overfalt av pressa med «Logan act» – ei to hundre år gamal lov som ingen nokon gong har vorte dømt for, og som opplagt ikkje kriminaliserer eit overgangsteam som freistar hantera ein uvanleg fiendtleg «lame duck» president.

Med dette er siste akt i «Russiagate» ferdig. Alle er samde om at det var forferdeleg, og at alle må tru på konspirasjonsteorien om at Putin stal det amerikanske valet.

Alle er også samde om at det diverre var umogleg og døma nokon for dette forferdelege brotsverket. Og den «kritiske» pressa som har vore avskrivingsbyrå for hysjteneser, Steele-dossier og anna dilldall kan trygt oppsummera at dei ikkje har gjort noko gale.

So alt i alt kan alle vera samde om at det var ein fin tur.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Aftenposten og virkeligheten:

Nå skal Evo Morales demoniseres.

Forrige innlegg

Vestlig ekspansjon

Hviterussland denne gang

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.