POSTED IN Media, Virkelighetsforståelse

Slik er det blitt:

Vestlige medier går i Bagdad-Bob sine fotspor.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Da vi offentliggjorde denne artikkelen i fjor høst trodde jeg at den vestlige fortellingen om Ukrainakrigen skulle skifte karakter hvor en rapporterte at krigen gikk dårligere for Kiev-regjeringen. Men våre store medier har holdt fast på eventyrfortellingen om hvor bra militært Ukraina klarer seg.

Årsaken er naturligvis at denne fortellingen må de holde fast med skal vestlige land være villige til å sende penger og våpen. I realiteten går det dårlig for den ukrainske regjeringen og krigføringen. Russland maler i stykker både mannskaper og maskiner og vesten har nå uttømt sine våpenlagre. Vesten mangler industriell kapasitet til å fylle dem opp igjen slik en videre krigføring krever.

I stedet for å innlede forhandlinger å få til en fredsavtale fortsetter likevel Ukraina med den forferdelige blodtappingen av sin egen ungdom,

Knut Lindtner
Redaktør

Ein Dekonstruksjon av vestlege vrangførestillingar om Ukraina og Russland

3. november 2022 av Larry Johnson 

Larry Johnson er x-CIA analytiker

Hugsar du då du i mars 2003 prøvde forstå Iraks «Baghdad Bob» (dvs. Mohammed Saeed al-Sahaf) si bestemte nekting for at der var US-amerikanske troppar og tanks i Baghdad? Dei fleste av dei store TV-nyheitskanalane viste direktesende fjernsynsbilde av stridsvogner som rulla gjennom gatene saman med lyden av Bob sine påstandar. Å sjå dum ut, var det minste av problema hans. Fekk meg til å lure på kva som får ein godt utdanna og erfaren mann til å så heftig forsvare ei løgn. Verda var vitne til same fenomen med Adolf Hitler under hans siste dagar i bunkeren sin under dei krigsherja gatene til Berlin.

Så kjem Ukraina og Russlands «Spesielle militæroperasjon», og Bobs ånd blir kanalisert gjennom ein skare av politikarar, lærde og framfarne tiders ekspertar.

Bagdad-Bob til høyre

Det følgande er eit døme (eg lar vere å seie kven som har skrive det, for å minimere det pinlege for han) på vrangførestillingar av Baghdad Bob-typen:

«Russland nett no er under ekstremt press og russiske leiarar er anspente og uglade. Operasjonen i Ukraina har ikkje berre stagnert og stoppa opp;  Russland held også fram med å li pinefulle tap av både menn og materiale Dei har måtta gjere hemmelege avtalar med Iran og Nord-Korea for å ha nok ammunisjon og forsyningar til å halde seg i krigen. Den heimlege industrien deira er altfor seindrektig og underfinansiert til å greie å halde tritt med krava om presserande produksjon av krigsmateriell. Dei har gått tom for soldatar, og innkallar middelaldrande og eldre menn og nappar fangar ut av fengsel for teneste på dei to hovudfrontane i Ukraina-konflikten. Ingenting av dette ser ut til å ha fungert. Kvar dag gjer Russland nye militære tabbar, og Putin har nett gitt ein av topp-kommandantane sine, general Alexander Lapin, sparken. Sjølv om russiske opinionsmålingar (som kan vere falske) hevdar at Putin framleis er populær, så går han ei stygg framtid i møte dersom tapa blir til ei komplett rute og russarane må evakuere Ukraina. Russiske kommandantar førebur faktisk no å evakuere den viktige byen Kherson, som dei seier ikkje er viktig (som er komplett nonsens).»

Herren som skreiv dette er godt utdanna, velartikulert og ein av veteranane i USAs Forsvarsdepartement. Eg har kjent han ei kort tid, og veit at han ikkje er ein løgnhals. Det som sjokkerer meg, er at han genuint trur på dette. Kanskje vi burde kalle det «Flat jord-syndromet»? Det består av å godta som faktum påstandar som faktiske bevis avkreftar.

Eg vil dekonstruere nokre av påstandane hans.

«Operasjonen i Ukraina har ikkje berre stagnert og stoppa opp; Russland held også fram med å li pinefulle tap av både menn og materiale.»

Den objektive sanninga er at Russland har trappa opp kampanjen sin i lufta, og har øydelagt kritisk viktige kraft- og energiknutepunkt over heile Ukraina. Korleis får han det til å bli «stagnert og stoppa opp»? Det stemmer at verken Russland eller Ukraina har greidd å forflytte seg særleg langt eller raskt på bakken under dei tre siste vekene. Men det er fordi marker og uasfalterte vegar er gjørmegroper. Om ein skal forflytte seg landvegen i Ukraina, lyt ein velje vegar med vegdekke, og viss ein gjer det, gjer ein seg til eit prima mål for artilleri og luftangrep. Trass regnbløytte vegar har russiske styrkar halde fram med framrykkinga i Donetsk, om enn sakte.

Kva med «pinefulle tap av menn og materiale»? Sist eg sjekka, var det Ukraina, og ikkje Russland, som tigga etter meir utstyr frå USA og NATO. Og Ukraina har så stor mangel på kompetente soldatar at mobiliseringa som starta i mars vart forlenga til 21. november. Ikkje min påstand; det er påstanden førre veke (24. oktober) til ein ukrainsk offisiell tenestemann med ansvar for «rekruttering»:

«Den ukrainske arméen treng ekstra troppar, så alle vernepliktige menn under 60 må forvente å få innkalling til militærteneste, sa sjefen for Kiev City Center for Rekruttering og sosialstønad, Yury Maksimov.

’Det er behov for fleire [troppar]. Vi treng å auke potensialet vårt,’ sa han i eit intervju med nyheitsbyrået TSN. ’Det er klart vi må ha nok forsvarstroppar. Eg trur at mobiliseringskampanjen vil halde fram,’ la Maksimov til …

Unntakstilstand vart innført i Ukraina den 24, februar, 2022. Dagen etter kunngjorde styresmaktene eit forbod for menn mellom 16 og 60 år å reise ut av landet så lenge unntakstilstanden var i kraft. I august utvida Verkhovna Rada (parlamentet) igjen unntakstilstanden og ein generell mobiliseringskampanje med 90 dagar, fram til den 21. november.»

https://tass.com/world/1526665

Russland, derimot, har hatt éi mobilisering, og kunngjorde nyleg at den var fullført. Om du vil sjå kor desperate Vesten er etter å kontrollere dette narrativet, treng du berre opne Google og søke på «Ukraina» og «mobilisering». Dei aller fleste søkeresultata er historier om russisk mobilisering. Du må verkeleg grave djupt for å finne fakta om Ukrainas veldige tap.

Kva med denne påstanden?

Kvar dag gjer Russland nye militære tabbar, og Putin har nett gitt ein av topp-kommandantane sine, general Alexander Lapin, sparken. Sjølv om russiske opinionsmålingar (som kan vere falske) hevdar at Putin framleis er populær, så går han ei stygg framtid i møte dersom tapa blir til ei komplett rute og russarane må evakuere Ukraina.

Eg har diskutert i ein tidIegare artikkel at utnemninga av general Surovikin representerte eit skifte i Russlands tilnærming til den spesielle militæroperasjonen. Surovikin fekk tittelen Øvste allierte kommandant og vart gitt kontrollen over alle russiske styrkar i Ukraina. Før han gjekk inn i denne stillinga, opererte kommandantane i Lugansk, Donetsk, Kherson og Saporosje uavhengig av kvarandre. 

Korleis er Ukraina meint å tvinge Russland til tilbaketrekking utan eit robust, effektivt luftvåpen, garanterte leveransar av artillerigranatar og ein stor stridsvogn-styrke, for ikkje å nemne friske soldatar til å bruke desse våpensystema? Svaret er enkelt – dei kjem ikkje til å gjere det, og dei greier det ikkje. Dei ukrainske væpna styrkane er i dag alvorleg svekka, samanlikna med det dei kunne ha sett inn på slagfeltet den 24. februar. Eg utfordrar kven som helst til å argumentere for at Ukraina er sterkare og meir kapable i dag enn dei var for åtte månadar sidan.

Den tåpelege analysen eg har dradd fram her, er berre eit symptom på ein sjukdom som har infisert Vesten (og eg snakkar ikkje om Covid). Vesten si nedstigning inn i  krattet av løgner, er ikkje avgrensa til fantasering om den militære situasjonen i Ukraina. Den korrumperte kulturen til Vesten proselytterer også at det finst fleire enn to kjønn, at menn kan bli gravide, og at vindmøller og solpanel er tilrekkeleg til å forsyne moderne samfunn med kraft. Vi vart fortalde at Covid-vaksinen skulle hindre at folk fekk Covid. Eg trur den underliggande årsaka til den forvirra tenkninga som dominerer Vestleg økonomi, politikk, medisin og populærkultur er at Vesten har adoptert ein rigid, intolerant ideologi som minnar om den intellektuelle sklerosen med røter i marxismen som førte til Sovjetunionens død [sic]. Det russiske folket lærde nokre brutale sanningar i etterdønningane av kollapsen til Sovjet-imperiet. Eg trur folket i USA og Europa kjem til å få erfare ei liknande brutal oppvakning. Og det blir ikkje vakkert.

Kva trur du? Korfor er det så mange smarte folk som godtar objektivt falske narrativ?

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock

Tidligere publisert på derimot.no

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    9 november 2022 17:39

    Ukraina har i praksis vore Nato-medlem i mange år. Values, principles, peace, democracy, human rights, prosperity etc. Eit føredøme for Sverige og Finland.

    Svar
  • Det er vanskelig for vanlige folk å få noen oversikt over hva som skjer i Ukraina. Det ser ikke ut som Ukraina vinner, men Russland har heller ikke stor fremgang.

    Vi husker at både første og annen verdenskrig varte flere år lenger enn nødvendig, og hensikten var å tjene mest mulig penger og å få drept flest mulig mennesker. Er det det samme vi ser i Ukraina? Er det hele et skuespill for å tappe Vesten og Russland for mest mulig blod og penger?

    Svar
  • Fortellingene vi nå får om denne krigen likner veldig på hva som ble fortalt om Afghanistankrigen.
    Seier, seier….. – Så panikkartet flukt, helt ut av det blå ( i/for media i Norge). Ingen skjønte noen ting. – For de hadde lest /hørt media sin ‘informasjon’.
    (Og selvfølgelig med etterfølgende tullefortellinger/demonisering om Taliban. )

    Eller fortellingene fra begynnelsen , om at Russland snart, snart ville stå knust, på knærne etter de økonomiske sanksjonene ( og penge-tyveriene) fra USA.
    Oj, det ble sannelig omvendt, gitt. 😉

    Svar
  • «Bagdad Bob» ? Jeg husker ham som «komiske Ali» fra NRK der han på direkten sto og løy om krigen mens bombene falt i bakgrunnen. Det var nesten som å høre norske politikere …

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Rødt vil pøse penger over Nato og krigsindustrien.

Prøver Moxnes å bli forsvarmnister i Norge?

Forrige innlegg

De er i dag militært dominerende.

Hvilke hensikter har Russland og Kina?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.