Biden bruker kynisk Ukraina for å dekkje over matsabotasje
Av F. William Engdahl, 26.april 2022. Omsett av saksyndig.



Det byrjar å sjå ut som om nokre dårlege skodespelarar med vilje tek steg for å garantere ei komande global matkrise. Kvart tiltak som strategikarane i Biden-administrasjonen har gjort for å «kontrollere energiinflasjon» skader forsyninga eller blåser opp prisen på naturgass, olje og kol til globaløkonomien. Dette har ein enorm påverknad på gjødselprisar og matproduksjon. Dette byrja lenge før Ukraina. No sirkulerer det rapportar om at Bidens folk har gripe inn og blokkert togtransport av gjødsel midt i den kritiske vårplantinga. Innan denne hausten vil effektane vere eksplosive.
_________________________________________________
Innlegget er hentet fra Saksyndig
_________________________________________________
Med den særs viktige tida for vårplanting i USA i sin kritiske fase, sendte CF Industries i Deerfield, Illinois, den største amerikanske forsynaren av nitrogengjødesel so vel som eit vitalt dieselmotor-tilleggstoff, ut ei pressemelding der dei skreiv, «Fredag 8.april 2022 informerte Union Pacific CF Industries utan varsel i forkant, at dei påla visse leverandørar å redusere volumet på private vogner på jarnbanene sine, sett i verk umiddelbart.» Union Pacific er ein av berre fire større jarnbaneselskap som saman fraktar rundt 80% av alle amerikanske landbruksråvarer. Adm.dir. i CF, Tony Will, sa, “Timinga til denne handlinga frå Union Pacific kunne ikkje ha kome på eit verre tidspunkt for landbrukarane. Ikkje berre vil gjødsel bli forsinka av desse frakt-restriksjonane, men ekstra gjødsel som ein treng for å gjere ferdig vårplantinga kan vere ute av stand til å nå bøndene i det heile. Ved å plassere denne vilkårlege restriksjonen på berre ei handfull fraktarar, set Union Pacific innhaustinga til bøndene i fare og aukar kostnaden til mat for forbrukarane.» CF har kome med hasteønske til Biden-administrasjonen for ei løysing, men positiv handling har so langt ikkje kome.



Direkte sabotasje
CF Industries sa at dei var ein av berre tretti selskap som var gjenstand for det alvorlege tiltaket, som gjeld på ubestemt tid. Dei fraktar via Union Pacific jarnbanelinjer primært frå sitt Donaldsonville-kompleks i Louisiana sitt Port Neal-kompleks i Iowa, for å tene dei viktige landsbruksstatane Iowa, Illinois, Kansas, Nebraska, Texas og California. Forbodet vil verke inn på nitrogengjødsel slik som urea og urea-ammoniumnitrat (UAN), so vel som dieseleksosvæske, DEF (kalla AdBlue i Europa). DEF er eit utsleppskontroll-produkt kravd for moderne dieselkøyretøy. Motoren kan ikkje gå utan det. Det er laga av urea. CF Industries er den største produsenten av urea, UAN og DEF i Nord-Amerika, og deira Donaldsonville-kompleks er den største enkeltprodusent-fasiliteten for produkta i Nord-Amerika.
På same tid har Biden-gjengen annonsert ei falsk løysing for dei rekordhøge pumpeprisane på bensin. Washington annonserte at EPA vil tillate ei 50% auke i maisbasert biodiesel og etanol-drivstoffblanding i sommar. 12.april annonserte landbruksministeren eit «modig» føretak av den amerikanske administrasjonen å auke bruken av innanlandsdyrka mais-etanol-biodrivstoff. Sekretør Tom Vilsack påstod at tiltaket vil “redusere energiprisar og handtere aukande forbrukarprisar forårsaka av Putins prishopp ved å dra nytte av ei sterk og lys framtid for biodrivstoff-industrien, i bilar og lastebilar og jarnbana, havs- og luftfartssektorane og støtte bruken av €15-drivstoff no i sommar.»



Det er berre det at det opphaussa «Putin-prishoppet» ikkje er eit resultat av russiske handlingar, men av Washington sine Grøn energi-avgjerder for å fase ut olje og gass. Energipris-inflasjonen kjem òg til å auke langt meir i komande månader på grunn av USA og EU sine økonomiske sanksjonar på eksport av russisk olje og sannsynlegvis gass. Derimot er det sentrale punktet at kvart dekar av amerikansk jordbruksland som er vigd til å dyrke mais for biodrivstoff, fjernar den matproduksjonen frå matkjeden, for å brenne det som drivstoff. Sidan dei vedtok 2007 sin US Renewable Fuel Standards Act, som krev årleg auke i produksjon av mais for etanol-drivstoffblandingar, har biodrivstoff fanga ein stor del av den totale maisdekar-bruken, meir enn 40% i 2015. Den forskyvinga, obligatorisk ved lov, å brenne mais som drivstoff har ført til betydeleg prisinflasjon for mat lenge før Covid-inflasjonskrisa byrja. USA er på lang veg verdas største produsent og eksportør av mais. Å gjere obligatorisk ein betydeleg auke i mais-etanol for drivstoff i ei tid med astronomiske gjødselprisar, og det at gjødselfrakt på jarnbaner visstnok blir blokkerte av ordrar frå Det kvite hus, vil sende maisprisar gjennom taket. Washington veit dette svært godt. Det er gjort med vilje.
Ikkje rart at prisen på amerikansk mais sette ein 10-års prisrekord i midten av april, sidan eksport frå Russland og Ukraina, to større kjelder, no blir blokkert av sanksjon og krig. Bortsett frå dei energi-ineffetive bruken av amerikansk mais for biodiesel-forsyning, vil det nyaste Biden-etanol-initiativet leggje stein til børa i den aukande matkrisa medan det gjer ingenting for å lågne amerikanske bensinprisar. Eit av hovudbruksområda til amerikansk fôr-mais er mat til kveg, grisar og fjørfe so vel som til menneske. Denne kyniske biodrivstoff-ordren handlar ikkje om amerikansk “energi-uavhengigheit”. Biden gjorde slutt på den i sine fyrste dagar i presidentembetet med ei rekkje forbod mot olje- og gassboring og røyrleidningar som del av sin Null-karbon-agenda.



I det som tydeleg er i ferd med å bli den amerikanske administrasjonen sin krig mot mat, blir situasjonen dramatisk forverra av USDA-krav til kyllingbønder om å drepe millionar av kyllingar i for tida 27 statar, visstnok på grunn av teikn på fugleinfluensainfeksjon. H5N1-fugleinfluensa-“viruset” vart avslørt i 2015 som fullstendig humbug. Testane brukt av inspektørar frå dei amerikanske styresmaktene for å konstatere fugleinfluensa, er dei same upålitelege PCR-testane i bruk for Covid hjå menneske. Testane er ubrukelege for det. Statlege amerikanske tenestefolk estimerer at sidan dei fyrste tilfella vart «testa» positive i februar, har minst 23 millionar kyllingar og kalkunar blitt avliva for å visstnok slå ned spreiinga av ein sjukdom der årsaken til den kan vere den ufatteleg uhygieniske innesperringa i bur av kyllingar i industriell skala. Konsekvensen er skarpe prisaukar på egg med rundt 300% sidan november, og alvorleg tap av kyllingar som kjelde til protein for amerikanske forbrukarar i ei tid der generelle levekostnader er dei høgste på 40 år.
For å gjere ting verre, erklærer California og Oregon igjen naudsituasjon for vassforsyninga oppi ei fleirårig tørke, og reduserer kraftig vatning for bønder i California, som produserer hovuddelen av ferske frukter og grønsaker i USA. Den tørken har sidan spreidd seg til å dekkje mesteparten av jordbruksland vest for Mississippi-elva, noko som tydar mykje av USA sitt jordbruksland.
Amerikansk mattryggleik er truga som aldri før sidan 1930-talets Dust Bowl, og Biden-administrasjonen sin «Grøne agenda” gjer alt for å gjere effekten verre for sine borgarar.



I nylege kommentarar sa president Biden utan å gå i detalj, at amerikansk matmangel «kjem til å bli ekte». Administrasjonen hans vender òg det dauve øyret til landbruksorganisasjonar i kraft av å gje ordrar om at rundt 4 millionar acres [meir enn 16 000 kvadratkilometer; oms.an.] jordbruksland ikkje skal bli dyrka «av miljømessige grunnar». Dette er derimot ikkje den einaste delen av verda der ei matkrise utviklar seg.
Global katastrofe
Desse overlagte Washington-handlingane finn stad i ei tid der ein global serie med katastrofar skaper den verste matforsyningssituasjonen på fleire tiår, kanskje sidan slutten på Andre verdskrig.
I EU, som er betydeleg avhengig av Russland, Kviterussland og Ukraina for matkorn, gjødsel og energi, gjer sanksjonar den Covid-induserte matmangelen dramatisk verre. EU bruker sin toskete Grøne agenda som ei orsaking for å forby den italienske regjeringa frå å ignorere EU-reglar som avgrensar statleg hjelp til bønder. I Tyskland har den nye Grøne parti-landsbruksministeren Cem Özdemir, som ønskjer å fase ut tradisjonelt landbruk visstnok på grunn av «drivhusgass»-utslepp, gjeve bønder som ønskjer å dyrke meir mat eit kaldt svar. EU står overfor mange av dei same katastrofale trugslane mot mattryggleik som USA, og endå meir avhengigheit av russisk energi som er i ferd med å bli suicidalt sanksjonert av EU.



Dei store matproduserande landa i Sør-Amerika, spesielt Argentina og Paraguay, er midt i ei alvorleg tørke tilskriven det periodiske avvikande stillehavsvêrfenomenet La Niña, som har forkrøpla avlingar der. Sanksjonar mot Kviterussland og Russland sine gjødselprodusentar trugar avlingane i Brasil, som er forverra av flaskehalsar i havtransport.
Kina annonserte nettopp at på grunn av kraftige regnskurar i 2021, kan denne vinteren si kveiteavling vere den verste i historia. CCP [Det kinesiske kommunistpartient; oms.an.] har òg innført alvorlege tiltak for å få bønder til å utvide dyrking til ikkje-jordbruksland med liten rapportert effekt. Ifølgje ein rapport av Kina-observatøren Erik Mertz, “I dei kinesiske Jilin-, Heilongjiang- og Liaoning-provinsane, har tenestefolk rapportert av ein av tre bønder manglar tilstrekkjeleg med såkorn og gjødsel til å byrje å plante i det optimale vår-vindauget… Ifølgje kjelder innanfor desse områda, sit dei fast og ventar på såkorn og gjødsel som har blitt importert frå Kina over havet – og som står fast i lasteskip som ligg utanfor kysten av Shanghai.» Shanghai, verdas største container-hamn, har vore under ein bisarr «null-covid»-karantene i meir enn fire veker, med ingen ende i sikte. I eit desperat forsøk av CCP å «beordre» auka matproduksjon, har lokale CCP-tenestefolk i heile Kina byrja å byggje basketball-baner og til og med vegar om til jordbruksland. Matsituasjonen i Kina tvingar landet til å importere langt meir i ei tid med global mangel, noko som driv verdas korn- og matprisar endå høgare opp.



Afrika er òg alvorleg påverka av dei USA-påførte sanksjonane og krigen, som endar mat- og gjødseleksport frå Russland og Ukraina. 35 afrikanske land får mat frå Russland og Ukraina. 22 afrikanske land importerer gjødsel derifrå. Alternativ mangler då prisar går til vêrs og forsyningar kollapsar. Ein forventar hungersnaud.
David M. Beasley, adm.dir. i FNs verdsmatvareprogram, erklærte nyleg om synet på global mat, “Der finst ingen presedens som ein gong er nær denne sidan Andre verdskrig.”
Det er verdt å merkje seg at det var Bidens finansdepartement som teikna opp ei liste av dei mest omfattande sanksjonane mot Russland og Kviterussland, der dei pressa eit lydig EU til å pliktskuldig følgje, sanksjonar som har ein påverknad på global korn-, gjødsel- og energiforsyning og prisar som var fullstendig føreseielege. Det var i praksis ein sanksjon mot den amerikanske og den globale økonomien.
Desse er berre dei mest nylege døma av bevisst sabotasje frå amerikanske styresmakter mot matkjeden som del av Bidens Grøne Agenda, av Davos WEF, Bill Gates og Rockefeller-stiftinga, som del av deira dystopiske Great Reset eugenikk-agenda. Tradisjonelt landbruk skal bli erstatta av ein syntetisk laboratoriedyrka diett av falskt kjøt og protein frå grashopper og ormar, over heile verda. Alt visstnok for æra av å kontrollere globalt klima. Dette er verkeleg galskap.
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst
Forsidebilde: Pawel Czerwinski
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 728 ganger.
4 kommentarer. Leave new
WEF: You will eat nothing, and you will be happy.
Påfallende mange branner i matlager og foredlingsfabrikker, Gjødsel står fast i transporten for det er tilsiktet å ødelegge neste avling, og avlinger tidligere har blitt kjøpt fra bønder kun med det formål å destruere råvarer og skape en matkrise. Helt etter planen, for å ydmyke folket ytterligere. Sultne er mer medgjørlige.
USA i dag, Europa i morgen? Økologisk Amish-gårdbruker risikerer bot og fengsel for å produsere rent kjøtt.
Amos Miller driver et økologisk gårdsbruk i Bird-in-Hand, Pennsylvania, hvor han avler opp kyr, høner og griser. Dyrene på hans hundre år gamle gård er avlet frem uten bruk av kjemikalier og medisiner som er pålagt av U.S. Department of Agriculture (USDA). Ifølge Miller oppdrar han dyrene sine på den måten han tror Gud hadde til hensikt at de skulle oppdras – i samsvar med naturen.
Imidlertid beordret en føderal dommer Amish-bonden å slutte med alt salg av økologisk kjøtt. Den samme dommeren beordret også Miller til å betale $250 000 for «forakt for retten» i fjor sommer. Han la til at for å unngå fengsel må bonden må betale $50 000 for å ha vært i «god tro».
For å gjøre vondt verre, ransaket væpnet politi eiendommen hans, gårdsbutikken og fryselageret hans etter ordre fra dommeren. De lagde en oversikt over alt kjøttet hans for å sikre at han ikke lenger vil kunne selge eller slakte flere dyr. Miller, som driver et privat matdistribusjons-nettverk kun for medlemmer, påsto at den føderale regjeringen rettsforfølger ham for å ha praktisert sin religionsfrihet for måten han oppdrar og tilbereder mat. «Våre medlemmer ønsker ikke annen mat. De vil ha ferskt, rått kjøtt uten tilsetningsstoffer. Våre medlemmer vil ha maten rett fra gården uten konserveringsmidler».
Medlemmene av Millers private matklubb er enige og sier at de ikke vil ha kjøtt med kjemiske konserveringsmidler påbudt av USDA. Rundt 400 har også signert kontrakter som sier at de er kjent med på at kjøttet ikke blir behandlet i USDA-godkjente fabrikker eller behandlet med konserveringsmidler. USDA foretrekker at folk spiser kjemikalier i stedet for ren mat. Ifølge Miller er alle USDA-godkjente fabrikker pålagt å behandle alt kjøtt med syntetiske konserveringsmidler, uansett om det er økologisk eller ikke.
«Ofte bruker de sitronsyre, som du tror kommer fra appelsiner eller sitroner. Men det er et modifisert stoff laget av mais, og de trenger ikke engang å merke kjøttet med det,» sier han. En kunde som driver Amish-bondens nettsted, var enig med ham og sa: «Det kreves av USDA-godkjente fabrikker at kjøttet behandles med en kjemisk cocktail av sitronsyre, melkesyre og pereddiksyre. Pereddik-syren er giftig, og sitron- og melkesyrene er GMO». (GMO er genmodifiserte organismer).
Anke, en annen kunde hos Miller, påpekte at melkesyren som brukes til å konservere kjøtt ikke er naturlig. «Det er ikke melkesyre som kommer fra gjæring av surkål. Det hele er fremstilt i et laboratorium,» sa hun. «Det er en syntetisk sterilisering som gir mange helseproblemer».
Ifølge Miller ville det for han og andre småbønder bli nesten umulig å drive med fortjeneste, takket være gigantiske kjøttselskaper som fungerer som mellommenn. Videre gjør de store kostnadene ved å få en USDA kjøttforedlings-lisens saken verre. Amish-bonden beklaget: «Reglene og forskriftene er slik at du må sette deg i en gjeld på $100 000 før du får solgt din første kilo med kjøtt, og det er ikke garantert at du får solgt maten på markedet. Det er ingen mulighet for bønder å begynne i det små, utvide og kjøpe produksjonsutstyr etter hvert».
«Vi må enten få en lisens eller legge ned. Vår situasjon er at vi heller legger ned gårdsbrukene fordi USDAs regler og forskrifter er for vanskelige å følge. Vi har mange småbønder i området vårt som gjerne vil fortsette å være bønder, men landbruket har blitt så monopolisert». Anke var enig med Miller og sa at til syvende og sist, «handler alt om profitt og penger.» Hun la til: «De vil ha monopol på storfekjøtt, svinekjøtt og fjærfe. De sier i utgangspunktet «Med mindre du går gjennom føderal inspeksjon, gjør du folk syke».
Fra Natural News, publisert Søndag 1. mai 2022.
Skrevet av: Ramon Tomey.
Oversatt fra engelsk, noe redigert og forkortet.
Orginalartikkel: Amish organic farmer faces hefty fine, jail time for producing CLEAN MEAT.
Kommentar:
Storkapitalen vi kvitte seg med små matprodusenter, og instruerer sine politikere til å utforme regler og sertifiseringer som gjør det for dyrt å drive økologisk. Vi ser det her i Norge også, subsidiene går først og fremst til store bruk og lite til økologiske bruk. Og fiskeridirektoratet utformer sertifiseringer for sjarkene som gjør det for lite lønnsomt å drive som sjarkfisker og når de legger ned, går fiskekvoten deres til fabrikktrålere med storkapital bak. Små matprodusenter som leverer maten lokalt skal vekk og storkapitalen får monopol på matproduksjonen, og full kontroll på distribusjon og pris på mat.
Overskriften er feil,fåtallsveldet har planlagt og gjennomfört den kommende matvarekrisen.Å skylde På Biden er å flytte fokus.Ingen ved sine fulle sanser tror vel at denne klovnaktige demente pappfiguren har planlagt dette som kommer,om de det tror,da sender jeg klovnehatt ,om jeg får adressen.Det kan hende jeg må be om pengestötte,det er mange klovnehatter som behöver sendes ut og så planlegger jeg en spesiell klovneaften,i samarbeid med VG NuRK og Rödt der vi som avslutning på en fantastisk festaften med musikk og skal vi danse artister vil dele ut årets klovnepris.Og demokratisk som jeg er vil folket avgjöre og dominionmaskiner vil sörge for at rett klovn får hatten.
Mat vil bli servert av Gulbrun Stordalen og drikke vil bli langet av Rimi Hagen.