Denne artikkelen er noen år gammel, men likevel verdt å få med seg for de som vil forstå hvordan vår nærmeste allierte arbeider for å holde på sin verdensdominans, bl.a. ved å skape kriger.
Knut Lindtner
Redaktør
USA planla falskt-flagg-angrep som skulle legge skulda på Sovjet for å rettferdiggjere krig – offentleggjorte dokument
USA planla å skaffe seg sovjetiske fly, og bruke dei til å angripe amerikanarar
av Matt Agorist

Medan djupstaten held fram med å presse fram narrativet om russisk val-innblanding – utan konkrete bevis – held skaden på relasjonane mellom USA og Russland fram med å vekse. Diverre har dei som framleis kjøper konspirasjonsteorien Russiagate gløymt historia som dei US-amerikanske styresmaktene har med å bruke propaganda for å starte krigar og styrke det militærindustrielle komplekset.
Ei nyleg avsløring frå dei nett publiserte JFK-filene kan no hjelpe til med å sette heile dette russiske hacking-scenariet i kontekst – ettersom det har vore emne for tidlegare propagandakampanjar. Den 22. mars 1962 vart det halde eit møte i «Special Group (Augmented)», som i følge eit oppslagsverk om CIA inkluderte justisminister Robert Kennedy, CIA-direktør John McCone, presidentens spesialrådgjevar i sikkerheitsspørsmål (National Security Advisor) McGeorge Bundy og stabssjef for den amerikanske forsvarsstaben (Joint Chiefs of Staff) Lyman Lemnitzer, der dei diskuterte å sette i scene eit falskt-flagg-angrep på USA som sovjetarane skulle få skulda for.
I følge dokumenta ville dei US-amerikanske styresmaktene produsere eller på annan måte skaffe seg sovjetiske fly, så dei kunne starte eit angrep på Amerika eller venlege basar, og deretter bruke desse angrepa som påskot for krig.
I følge dei tidlegare topphemmelege dokumenta:
«Slike fly skulle kunne brukast i ein villeiande operasjon utforma for å forvirre fiendefly i lufta, til å starte eit overraskingsangrep mot fiendeinstallasjonar, eller i ein provokasjonsoperasjon der det vil sjå ut som om sovjetiske fly angrip USA eller venlege installasjonar slik at vi får ei unnskyldning for US-amerikansk intervensjon.»

Som avisa the Daily Caller skriv, vart ideen om å bruke falske sovjetiske fly i eit såkalla «falskt flagg»-angrep først avslørt i Robert Dallek si bok «An Unfinished Life: John F. Kennedy, 1917-1963», som kom ut i 2001. Boka seier at ideen om å produsere eller få tak i sovjetiske fly vart lagt fram av CIA-direktør McCone, men dei frigitte dokumenta seier det var justisminister Kennedy som gjorde det.
Når folk framleis trur på den krigshissande retorikken til staten, så gløymer dei også samstundes USA si historie med å lyge til folket for å få dei til å akseptere krig. JFK-filene har no gitt oss, handfast, minst to tilfelle der USA planlegg falskt-flagg-angrep mot sitt eige folk som påskot til å starte krig.
Som TFTP rapporterte om førre månad, avslører JFK-filene også planar om eit anna falskt-flagg-angrep som Cuba skulle få skulda for. I dokumentet, som var merka TS for Top Secret [topphemmeleg], avslørte det amerikanske militæret planar for å narre amerikanarar inn i krig mot Cuba. Planane var å opprette og utføre terrorangrep av type falskt flagg mot amerikanske borgarar, og bruke desse i eit propagandaopplegg for å vinne støtte for krigen mot Fidel Castro.
I dokumenta noterer offentlege tenestemenn at planane for angrepa var «godkjende» og at stabssjefane berre trengte velje ut kva for eit av dei ni «påskota» dei ville bruke for å lure US-amerikanske borgarar med i krigen.
Planane involverte drap på uskuldige menneske og skading av andre, og å sikre at desse tilfella ville bli «breitt publiserte» som propaganda for å starte ein urettvis krig.
«Vi kunne danne ein kommunistisk cubansk terrorkampanje i Miami-området, i andre byar i Florida, og til og med i Washington. Terrorkampanjen kunne vere retta mot cubanske flyktningar som søker ly i USA. Vi kunne senke ei båtlast cubanarar på veg til Florida (reelt eller simulert)», står det i dokumentet.
Legg merke til kor kjenslekalde desse monstera høyrest ut når dei snakkar om å drukne ei båtlast cubanarar – som sannsynlegvis ville ha uskuldige barn om bord – for å starte ein juksekrig for profitt.
Dokumentet held fram: «Vi kunne fremje drapsforsøk på cubanske flyktningar i USA, til og med gå så langt som å såre, i hendingar som får brei publisitet. Nokre eksplosjonar med plastisk sprengstoff på nøye utvalde plassar, arrestasjon av ein cubansk agent og utgiving av preparerte dokument som underbygger cubansk medverknad ville også vere til hjelp i projiseringa av ideen om ei uansvarleg regjering.»
Når ein les dokumentet over, bør ein naturlegvis byrje spørresette samtlege av alle krigane USA har vore innblanda i. Det blir heilt tydeleg at styresmaktene i USA ikkje bryr seg om at dei narrar sitt eige folk og drep uskuldige, så dei skal kunne sende våre brør, systre, mødre og fedre av garde til andre land for å døy, slik at kaksane i DC kan polstre sine krigsporteføljar på Wall Street.
Omsett av Monica Sortland
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 505 ganger.