POSTED IN Israel, Krig-fred, Palestina

Skal en forstå krigen mellom Israel og Hamas må en grave dypt.

Denne konflikten har mange innvevde knuter og tråder.

9 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Paradigmeskifte i Palestina

av Thierry Meyssan

Den blodige konflikten i geografiske Palestina kjem etter 75 år med like drepande urettvise. Ifølge folkeretten har palestinarane både rett og plikt til å gjere motstand mot den israelske okkupasjonen, nett slik israelittane har rett og plikt til å respondere på angrepet mot seg. Det er ei plikt for alle å hjelpe til med å løyse uretten som begge sider lir under. Det betyr ikkje at ein skal støtte grufulle hemnaksjonar frå nokon av dei.
På den andre sida kan ikkje støtte til dei palestinske og israelske folka få føre til amnesti for deira respektive leiarar for dei brotsverka dei har gjort, eller for stormaktene som har manipulert dei.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu kunngjer at Israel er i krig. For første gong i historia er den hebraiske staten angipen på eige territorium. Dei vil først reinske opp, deretter starte ein antiopprørskrig på Gaza på same måten som «Slaget om Alger» og «Operasjon Fønix» iVietnam:  det vil bli skittent, dødeleg krig utan grenser. Israel vil greie å gjenopprette ordenen til sin fordel, men dei vil aldri greie å vinne.

Midtausten er eit ustabilt univers der mange grupper rivaliserer for overlevnad. Vi i Vesten forenklar det til å gjelde jødar, kristne og muslimar, men røynda er langt meir kompleks. Kvar av religionane er i seg sjjølve delte opp i eit mangfald retningar. I Europa og nord-Afrika, til dømes, veit vi at kristne er delte opp i katolske, ortodokse og protestantiske kyrkjer, men i Midtausten er det fleire dusin ulike kyrkjer. Det same gjeld for dei jødiske og muslimske religionane.

Kvar gong ei brikke på sjakkbrettet endrar seg, lyt alle dei andre gruppene óg reposisjonere seg. Derfor kan dagens allierte bli morgondagens fiendar, medan dagens fiendar var gårsdagens allierte. Oppigjennom hundreåra har alle blitt både offer og avrettar. Utlendingar som besøker Midtausten identifiserer seg a priori med folk som har same kultur og tru, men dei veit ingenting om historia der, og dei er ikkje klare for å akseptere den.

Om vi vil promotere fred, må vi ikkje berre lytte til dei vi kjenner oss nære til. Vi må erkjenne at fred ikkje berre betyr å rydde unna urett som råkar venene våre, men også urett som råkar fiendane våre. Men det gjer vi ikkje spontant. I Frankrike dei siste månadane til dømes har vi berre berre høyrt synspunkta til visse ukrainarar mot russarane, til visse armenarar mot aserbaidsjanarane, og no til visse israelarar mot palestinarane.

Uansett må vi blant dei mange kjeldene skille mellom dei som forsvarer sine materielle interesser, dei som forsvarer fedrelandet sitt og dei som forsvarer prinsipp. Ting vert komplikerte av grupper som ikkje er religiøse, men teokratiske. Desse forsvarer ikkje noko høgare prinsipp, men brukar religionens språk for å vinne.

Med dette grunnlaget på plass, kan vi kome til saka.

Hamas angreip Israel klokka 6 på morgonen den 7. oktober, 2023, 50-årsdageb for «Oktoberkrigen i 1973», kjend i Vesten som «Yom Kippur-krigen». Den gongen starta Egypt og Syria eit overraskingsangrep mot Israel for å hjelpe palestinarane. Men Tel Aviv, med etterretning frå Amman og støtte frå Washington, knuste dei arabiske arméane. Anwar Sadat sveik sitt eige folk, og Syria mista Golan-høgda.

Dagens operasjon kombinerer eit regn av rakettar, som skal overbelaste Israels Iron Dome, med 22 bakkeangrep på israelsk territorium. For første gong i Palestina vart rakettane avfyrt mot israelske kommandosenter, for å gjere aksjonane til angrepsstyrkane enklare. Desse er meint å ta gislar som kan brukast til å forhandle om utveksling med dei 1256 palestinske fangane i høg-sikkerheitsfengsel. Infiltrasjonane skjedde via land, sjøvegen og lufta (med ultralette småfly).

Førebuingane til denne operasjonen – å skaffe etterretning, opptrening av tusen troppestyrkar og overføring av våpen – tok fleire månadar, om ikkje år, med arbeid. Men, overtydde om og blinda av vår overlegenheit, såg vi det ikkje. Det var designa av Mohammad Daif, Hamas sin operative sjef, som hadde forsvunne frå radaren i to år og dukka opp att ved sidan av Hamas-talsmann Abu-Obaida.

I stand til å oppdage rakettane, men ute av stand til å øydelegge dei alle, slo minst 3000 av dei avfyrte 7000 ned i Israel. Sosiale nettverk og arabiske TV-kanalar viste at Hamas hadde tatt fleire tanks og minst grenseovergangen på den austlege delen av Gaza-stripa. I tillegg angreip dei eit rave-party i Kibbutz Re’im, der dei såra og drap minst 280 deltakarar, Overalt tok dei eit stort tal gislar, inkludert generalar. Kommandosoldatane gjekk inn i mange israelske byar og skaut mot innbyggarane med maskinpistolar. Minst 900 vart drepne og 2600 alvorleg skadde på den israelske sida, og dobbelt så mange på den palestinske..

Dette er den største palestinske aksjonen på eit halvt hundreår.

Det som skjer, er frukta av 75 år med undertrykking og brot på folkeretten. Fleire dusin resolusjonar frå FNs Sikkerheitsråd har blitt brote frå Israels side, utan at det har ført til sanksjonar. Israel er ein stat utanfor lova, som ikkje har nølt med å korrumpere eller avrette nesten alle dei palestinske politiske leiarane. Dei har med vilje hindra økonomisk utvikling på området, og samtidig promotert danninga av ein separat palestinsk stat som dei delvis kontrollerer.

Frustrasjonen og lidingane som har hopa seg opp over dei siste 75 åra, blir reflekterte i den valdelege og grufulle åtferda til nokre palestinarar som veit at det internasjonale samfunnet har svike dei i alle desse åra. Men tidene er i endring. Fleirtalet av FN sine medlemmar har vore vitne til korleis Vesten har feila og Russland sigra i Syria og Ukraina, og dei vil ikkje lenger nøye seg med å bøye seg for USA. På årsdagen for Israels sjølverklærte uavhengigheit og massakren på og fordrivinga av palestinarar (Nakhba) stadfesta FNs Generalforsamling på nytt at folkeretten står på palestinarane si side, ikkje på Israels. Dette hindrar ikkje Hamas i å gjere krigsbrotsverk.

Den noverande situasjonen er håplaus for begge sider. Etter tre kvart hundreår med brotsverk kan ikkje Israel lenger kreve mykje. Landets folk er no splitta. Dei siste månadane har «Sionist-fornektarane» – følgarar av den ukrainske Vladimir Jabotinsky og støttespelarar for israelsk overherredøme – tatt makta i Tel Aviv, trass i at eit lite fleirtal av folket opponerer og held svære demonstrasjonar. Dei unge, som strebar etter å leve i fred, nektar å delta i arméane for å handsame arabarane brutalt, men dei tenestegjer likevel for å forsvare sine familiar, som dei elskar, og landet sitt, som dei ikkje trur på.

Palestinarane danna på lovleg vis ein stat som FN har gitt observatørstatus. Då Yasser Arafat døydde, vart Fatah-leiaren Mahmoud Abbas vald til president. Men etter sigeren til Hamas i parlamentsvalet i 2007, og det at det var umogleg å få Vesten til å godta ei Hamas-regjering, har palestinarane utkjempa ein borgarkrig. Til sist vart Vestbanken styrt av Fatah, det sekulære partiet som Yasser Arafat stifta. Mahmoud Abbas og hans indre sirklar er finansierte av USA, EU og Israel. Gaza-stripa er derimot i hendene på Hamas, den palestinske greina av Det muslimske brorskapet. Dei er styrt av personar som ser på islam som eit erobringsverkty, heller enn spiritualitet. Dei er hovudsakleg løna av Storbritannia, Qatar, Israel, Tyrkia, Iran og EU. Dei to sidene har vore i opposisjon til kvarandre ved kvart val i 16 år. Leiarane deira lever i mafia-liknande luksus, i skarp kontrast til dei miserable levekåra til folka deira.

Då dei vart stifta, var Hamas finansiert av Storbritannia. Dei var støtta av israelske hemmelege etterretningstenester for å svekke Yasser Arafats Fatah. Deretter nedkjempa Israel dei og avliva den religiøse leiaren deira, sjeik Ahmed Yassin.  Så brukte Israel endå ein gong Hamas til å eliminere leiarane av den marxistiske palestinske resistansen. Hamas-krigarar, i følge med Mossad-agentar og Al-Qaida-jihadistar angreip den palestinske Yarmouk-leiren i starten av krigen mot Syria [1]. Men i dag kjempar Hamas igjen mot sin tidlegare allierte, Israel.

Mohammad Daif er kjend som grunnleggaren av Izz al-Din al-Qassam-brigadane. Som alle Muslimbrør, er han og for islamsk overherredømme. Han viser til Izz al-Din al-Qassam (1882-1935), ein motstandar av detfranske mandatet i Libanon og det britiske mandatet i Palestina. Han har inga tilknyting til den tidlegare Muftien i Jerusalem og nazistvenen Amin al-Husseini, sjølv om han deler hans antisemittisme. I 2010 skreiv han: «Izz ad-Din al-Qassam-brigadane … er betre førebudde på å halde fram på vår eksklusive veg, der det ikkje finst noko alternativ, og det er vegen til jihad og kampen mot fiendar av den muslimske nasjonen og menneskeheita. Vi seier til våre fiendar: de er på veg mot utrydding (zawal), og Palestina vil forbli vårt, inkludert Al-Quds (Jerusalem), Al-Aqsa (moské), byar og landsbyar frå havet (Middelhavet) til elva (Jordan), frå nord til sør. De har ikkje rett til ein einaste tomme av det.» Mohammad Daif er ikkje ein militær mann, men ein spesialist på gisseltaking. Operasjonen hans er utforma for dette føremålet, ikkje for å frigjere Palestina. 

Medan helsa til president Mahmoud Abbas svekker seg, er Fatah delt inn i tre militære fraksjonar:
– Den til Fathi Abou al-Ardate, sjefen for den nasjonale sikkerheita;
– Den til Mohammad Abdel Hamid Issa (alias «Lino»), kommandant for Kifah al-Moussallah (væpna kamp).Den går i fotspora til Mohamed Dallan, den tidlegare sjefen for palestinsk etterretning som myrda Yasser Arafat. I dag er dei støtta av Dei foreinte arabiske emirata (UAE); 
– Den til Mounir Maqdah, tidlegare militær sjef for Fatah, som er nærare Hamas, Qatar, Tyrkia og Iran.

Sist månad utkjempa desse tre fraksjonane kampar mot Hamas-islamistane, samt Jund el-Cham og al-Chabab al-Moslem, to jihadistiske grupper som kjempa saman med NATO og Israel mot den syriske arabiske republikken. Valdelege kampar fann stad i Aïn el-Héloué-leiren (Sidon, sør i Libanon). Då tolka eg dei i lys av kampane ved Nahr el-Bared (nord i Libanon) i 2007, før eg innsåg at dei var knytte til smertene til Mahmoud Abbas.

I 75 år har Tel Aviv gjort alt i si makt for å nekte likskap for alle, enten det er jødar eller arabarar. Dei har tvert imot, sidan Geneve-oppropet propagert for ei «to-statsløysing», dvs. Lord William Peel sin siste kolonialistiske plan som britane ikkje greidde å gjennomføre, verken på plassen i 1937 eller i FN i 1948, men som no har konsensus. I dag er det berre marxistane i Folkefronten for frigjering av Palestina (PFLP) som preikar om å danne éin stat der kvar person har si likeverdige røyst [2].

Konfrontert med det han ser på som ein palestinsk invasjon, men som frå eit palestinsk synspunkt berre er å kome heim att, har statsminister Benjamin Netanyahu lova siger. Men kva blir dét? Å drepe alle Hamas-krigarane vil ikkje løyse 75 år med urett. Barna deira vil plukke opp fakkelen, slik foreldra deira gjorde.

For å nå dette målet må Benjamin Netanyahu først samle dei israelarane han har splitta. Med Golda Meir under «Seksdagarskrigen» som førebilete, lyt han invitere opposisjonen inn i regjeringa. Så han hadde møte med Yair Lapid og general Benny Gantz. Men Lapid stilte som vilkår at støttespelarane for jødisk overherredøme, Bezalel Smotrich og Itamar Ben-Gvir, skulle forlate regjeringa, dvs. at statsministeren skulle gi opp sitt politiske prosjekt og det til sponsorane han då hadde [3], Straussianarane til Biden-administrasjonen.

Hamas-leiarane har bede palestinske flyktningar i utlandet, alle arabarar og muslimar, om å slutte seg til dei i kampen. Palestinske flyktningar er framfor alt fleirtalet av befolkninga i Jordan og Libanon. Med arabarar meiner han libanesiske Hizbollah og Syria, to makter som har fornya banda sine med Hamas dei siste månadane. Muslimane er Iran og Tyrkia.

Til no har berre Islamsk jihad, dvs. Iran, og dei ulike motstandsgruppene på Vestbanken slutta seg til Hamas.

President Erdogan steig ut av skuggane den 8. oktober og kravde implementering av Sikkerheitsrådets resolusjon om Palestina.

I motsetning til det Wall Street Journal hevdar, er det ikkje Iran som styrer Hamas. Avisa gløymer avtalen mellom Hassan El-Banna, grunnleggaren av Det muslimske brorskapet, og Rouhollah Khomeiny, grunnleggaren av Den islamske republikken Iran. Dei to gruppene har delt den muslimske verda seg imellom, og forbode kvarandre å signifikant intervenere i den andres interessesfære. Teheran sluttar aldri å høglytt stadfeste støtta si til palestinarane, men konkrete aksjonar i Palestina er avgrensa til Islamsk jihad.

Dei politiske leiarane av Hamas bur i Tyrkia, beskytta av dei hemmelege tenestene. Det er Ankara som knyter saman Hamas og operasjonen «Al-Aqsa-syndefloden». Under innviinga av ei syrisk-ortodoks kyrkje på sundag, den 8. oktober, erklærte president Recep Tayyip Erdoğan: «Å etablere ro, varig fred og stabilitet i regionen gjennom løysinga av det palestinske spørsmålet i samsvar med folkeretten, er vår førsteprioritet som vi fokuserer på i forhandlingane med motpartane våre (…) Diverre betaler palestinarar og israelarar, såvel som heile regionen, prisen for at det har tatt så lang tid å administrere rettvise (…) Å kaste bensin på bålet, vil ikkje gagne nokon, inkludert sivile på begge sider. Tyrkia er klar til å gjere sin del som best vi kan for å få slutt på kampane så raskt som mogleg, og for å lette trykket på dei auka spenningane etter dei siste hendingane.»

Ankara avgjerd om å starte denne nye krigen så snart Republikken Artsakh i Aserbaidsjan vart knust, og medan dei sender militært utstyr til Russland i brot mot USA sine unilaterale tvangstiltak, tyder på at tyrkiske diplomatar ikkje lenger er redde for Washington, som i 2016 prøvde å myrde president Erdoğan. Så snart denne operasjonen er over, vil det følge ein ny mot kurdarane i Syria og Irak.

Viss Hizbollah entrar scena, vil ikkje Israel greie å avverge angrepet på eiga hand. Deira eksistens kan berre halde fram ved hjelp av militær støtte frå USA. Folkeopinionen i USA støttar ikkje lenger Israel, og Pentagon har ikkje lenger makta til å forsvare dei. Det som no hender, er ein konsekvens av Ukraina-krigen. Washington greier ikkje produsere nok ammunisjon til sine ukrainske allierte. Dei har til og med måtta ty til sine lager i Israel. Dei har allereie tømt sine arsenal der.

Under konfliktens tidlege timar fyrte Hizbollah av nokre rakettar mot gardsbruk i Shebaa, dvs. mot omstridde territorium mellom Libanon og Israel. Med dét demonstrerte dei sin støtte til den palestinske resistansen, på linje med retorikken om «Einskap mellom frontane». Men dei gjekk ikkje inn i krigen, då dei ikkje litar på Hamas, som dei kjempa mot i Syria. Og dei deler ikkje ideologien til Det muslimske brorskapet.

Alle leiarane i Vesten har forsikra oss om at dei fordømmer dei terroristiske aksjonane til Hamas og støttar Israel. Dei har aldri gjort noko for å rydde unna uretten i Palestina, og desse prinsipielle standpunkta vitnar om at dei heller ikkje denne gongen vil gjere noko. Russland og Kina, for sin del, som ikkje vil stille seg på verken den palestinske eller israelske sida, har bede om respekt for folkeretten, i staden for bruk av Vestens reglar. Vi er no konfronterte med ein situasjon der alle spelarane med vilje har sabotert kvar løysing på førehand, slik at det no er nesten umogleg å unngå at det heile endar i eit blodbad.

Thierry Meyssan

Translation Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

[1] “Mossad agents in the Al-Qaeda unit that attacked the Yarmouk camp”, Voltaire Network, 2 January 2013.

[2] « Georges Habache et la Résistance palestinienne », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 27 janvier 2008.

[3] «Statskuppet til Straussianarane i Israel», av Thierry Meyssan, Voltaire Netzwerk, 7. mars, 2023.



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 522 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

9 kommentarer. Leave new

  • Gunnar Saunes
    13 oktober 2023 12:49

    Ei skamlaus framstelling av konflikta. Internasjonale grenser etablert etter 1. verdskrigen gir området vest for Jordanelva til jødane-Gaza inkludert.
    Sjå dette innlegget frå Document: https://www.document.no/2023/10/11/de-som-alltid-ma-legge-ved-et-men/

    Svar
    • Øyvind Aarsnes
      13 oktober 2023 17:31

      Av Vidar Norberg

      (11.05.2021): Det er ingen løsning på konflikten mellom arabere (Ismael) og jøder. De kan ikke bo sammen i Eretz Israel. I 1. Mosebok 16, 12 beskriver Gud problemet og hvordan saken skal løses når den rette tid for det kommer.

      «Han skal bli et vill-esel av et menneske. Hans hånd skal være mot alle, og alles hånd mot ham. Han skal bo østenfor sine brødre.»

      Man kan med all tydelighet se hvordan dette vill-eselet herjer i Jerusalem. Det er ikke noe nytt. Jordanerne sa da de tok den østlige delen av Jerusalem i 1948 at de kastet ut jødene, slik at de aldri mer skal vende tilbake. Men det har jødene gjort med Herrens hjelp. Stormuftien Haj Amin al-Husseini ville ha Hitler med seg for å utryddde jødene. Denne striden pågår imidlertid fortsatt. Den siste fredagen i den muslimske feiringen av ramadan endte med voldelige opprør med titusener på Tempelplassen i Jerusalem. Både PLO, Hamas og Iran oppfordret til bråk og terror. Israels nye venner i Saudi-Arabia og Emiratene vendte seg mot Israel. Tor Wennesland fra Norge, som er FNs spesialutsending, ba alle parter roe seg når Israel forsvarte seg mot volden. Utenriksdepartementet i USA er begynt bruke det arabiske navnet «Haram al-Sharif» på Tempelplassen. USAs manglende støtte til Israel bidrar etter alt å dømme til at urolighetene flammer ekstra opp. Ismael får hjelp fra USA, Russland, EU og i sær Norge med sin fallerte Oslo-avtale.

      «Med svik legger de hemmelige planer mot ditt folk, og de rådslår mot dem du velsigner». (Salme 83, 3–6)

      Det er som om disse landene løfter på løftesteinen Israel. (Sak 12, 2–3) Men de vil bare skade seg selv. Det er flere land og imperier som har oppdaget det, men først etter at Herren har fjernet deres storhet. Det britiske imperiet er et eksempel på dette.

      Herrens løfter er klare: «Til evig tid minnes Han sin pakt, det ord Han fastsatte for tusen slekter, Hans pakt med Abraham og Hans ed til Isak. Han stadfestet den som en rett for Jakob, som en evig pakt for Israel. Han sa: Til eg gir jeg Kana’ans land til arv og evig eiendom.» (Salme 105, 8–13)

      Man kan bare spørre med salmisten i Salme 2, 1: «Hvorfor larmer hedningene?»

      Det kan nok bli mer bråk. For man lever i tiden før opprykkelsen (1.Tess, 4, 15–18).

      Og lovløshetens hemmelighet er alt virksom, sier 2. Tess. 2, 7.

      Svar
  • De fleste har vel fått med seg historien om at Hamas kuttet hodene av babyer. Jeg var veldig tvilende til denne historien, blant annet fordi den lignet svært på historien om at irakerne kastet kuvøse-babyer på golvet i Kuwait i 1991, noe som George H W Bush brukte som begrunnelse for å starte Irak-krigen i 1991. (Senere kom det fram at historien om kuvøse-babyene var løgn fra ende til annen, og var diktet opp av reklamebyrået Knowlton & Hills). Unz.com skriver nå at historien om halshogde babyer er oppdiktet, og hensikten med denne historien er å demonisere palestinerne for å få et påskudd til å drive dem ut fra Gaza.

    https://www.unz.com/mwhitney/no-hamas-did-not-behead-40-babies-at-an-israeli-kibbutz-last-saturday/

    Svar
  • Til tross for at artikkel-forfatteren har «gravd dypt» – er det mye feil i artikkelen.
    Det første feilen (bare etter et par setninger) nevnes «Israels okkupasjon.

    Dette stemmer ikke – jf. San Remo-vedtaket i 1920.
    Det er verdt å merke seg at mandat-traktaten fra San Remo (1920),
    ble enstemmig ratifisert av Folkeforbundet, den 24. juli 1922.

    San Remo-erklæringen står fast den dag i dag, som et bindende folkerettslig
    vedtak på Israels rett til landet – inkl. Judea og Samaria (Vestbredden)
    Gaza og Jerusalem.
    Artikkel 80 i FN-charteret (fra juni 1945) fjerner all tvil om dette.

    Svar
    • Øyvind Aarsnes
      15 oktober 2023 11:56

      «Herrens ord kom til meg, og det lød så: Menneskesønn! Vend ditt ansikt mot Gog i Magogs land, fyrsten over Ros, Mesjek og Tubal, og profeter imot ham! Du skal si: Så sier Herren Herren: Se, jeg er imot deg, Gog, fyrste over Ros, Mesjek og Tubal! Jeg vil vende deg om og legge kroker i dine kjever og føre deg ut med hele din hær, hester og ryttere, alle sammen prektig kledd, en stor skare med store og små skjold, alle sammen med sverd i hånd. Persia, Etiopia og Libya er med dem, alle sammen med skjold og hjelm. Gomer og alle dets skarer, Togarma-folket i det ytterste Norden og alle dets skarer, mange folkeslag er med deg. Rust deg og gjør alt ferdig, du og alle dine skarer, som har samlet seg hos deg. Du skal være deres vokter. Når lang tid er gått, skal du bli mønstret. Ved årenes ende skal du komme til et land som er frigjort fra sverdet. Dets folk er samlet fra mange folkeslag, opp på Israels fjell, som stadig hadde ligget øde. Men nå er det ført ut fra folkene, og de bor der trygt alle sammen.

      Dit skal du dra opp. Som en storm skal du komme, som en sky skal du være til å skjule landet, du og alle dine skarer og mange folkeslag med deg. Så sier Herren Herren: På den dagen skal tanker stige opp i ditt hjerte, og du skal tenke ut en ond plan og si: Jeg vil dra opp mot et land med åpne byer. Jeg vil komme over fredelige folk, som bor trygt, som alle sammen bor uten murer og verken har bom eller porter – for å rane og røve og ta hærfang, for å vende din hånd mot ruiner som er bygd opp igjen, og mot et folk som er sanket sammen fra folkene, som har samlet seg fe og gods, som bor på jordens navle. Sjeba og Dedan og kjøpmennene fra Tarsis og alle deres unge løver skal si til deg: Kommer du for å rane og røve? Har du samlet dine skarer for å vinne hærfang, for å føre bort sølv og gull, for å ta fe og gods, for å vinne et stort bytte? Derfor skal du profetere, menneskesønn, og si til Gog: Så sier Herren Herren: Se, på den tid når mitt folk Israel bor trygt, skulle du da ikke vite det?

      Da skal du komme fra ditt land, fra det ytterste Norden, du og mange folkeslag med deg, alle sammen ridende på hester, en stor skare og en tallrik hær. Og du skal dra opp mot mitt folk Israel som en sky og skjule landet. I de siste dager skal det skje. Da lar jeg deg komme over mitt land, for at folkene skal lære meg å kjenne, når jeg for deres øyne helliger meg på deg, Gog! Så sier Herren Herren: Er det deg jeg har talt om i eldgamle dager ved mine tjenere, Israels profeter, de som spådde i de dager, år etter år, at jeg ville la deg komme over dem? Men på den samme dagen, den dagen Gog kommer over Israels land, sier Herren Herren, da skal min harme stige opp i mitt åsyn.Og i min nidkjærhet, i min brennende vrede sier jeg: Sannelig, på den samme dagen skal det komme et stort jordskjelv over Israels land. Havets fisker og himmelens fugler og markens dyr og alt det kryp som rører seg på jorden, og alle mennesker som bor på jorden, skal skjelve for mitt åsyn.

      Fjellene skal ramle og bergveggene styrte ned, og hver en mur skal falle til jorden. Og jeg vil kalle på sverdet mot ham på alle mine fjell, sier Herren Herren. Den enes sverd skal vendes mot den andre. Og de skal kjenne at jeg er Herren. Jeg vil gå i rette med ham med pest og med blod, og med et skyllregn og haglsteiner. Ild og svovel vil jeg la regne ned over ham og hans skarer og over de mange folkeslag som er med ham. Og jeg vil åpenbare min storhet og min hellighet og gi meg til kjenne for mange folks øyne, og de skal kjenne at jeg er Herren.» (Esekiel 38)

      Svar
      • Aarsnes
        Jeg ser du fokuserer på ‘Gog-krigen’ (Esek. kp. 38-39).
        Jeg tror ikke vi skal utelukke at denne krigen kan stå for tur, men jeg får
        ikke tiden til å stemme helt nå – for på den tid ‘Gog’ kommer over Israel:
        da skal jødene bo trygt, uten murer, bom og porter … (Esek 38: 8-11)
        Jeg har vanskelig for å se at dette var situasjonen før Hamas angrep
        Israel.
        Dette kan passe bedre etter at Antikrist har stadfestet en avtale
        «med mange» (bl.a. med Israel) – der kanskje jødene får en garanti for
        fred og sikkerhet (sådan falsk) som en del av denne sju-årige avtalen.

        Formålet med å angripe Israel ved ‘Gog-krigen’ er «å rane og røve»
        (Esek 38:12, 13). Kanskje er det her fokus Israels gass og olje?

        Hvis det Gaza-krigen utvikler seg, så tror jeg heller det kan være
        opptakten til det Salme 83 og Jes 17 beskriver.
        Ikke minst den dagsaktuelle skildringen hos profetene Amos og Sefanja:

        «… Jeg vil sende ild mot Gasas murer, og den skal fortære dets palasser.»
        «… det som er igjen av filistrene skal gå til grunne. (Amos 1:7-8)

        «… For Gasa skal bli forlatt, og Askalon skal bli en ørken.»
        «… Ve dem som bor i bygdene ute ved havet, kreterfolket!» (filisterne).
        (Sef 2:4-5)

        I versene foran, taler profeten Sefanja om:
        «Herrens vredens dag» som kommer … og … søk Herren …
        for kanskje dere blir skjult på Herrens vredes dag».

        Salme 83 skildrer Israels oppgjør med sine nabostater, og Jesaja 17
        beskriver Damaskus som en ruinhaug, og en forlatt by. (vers 1)

        Hvis det er dette som kommer nå, kan resultatet bli et ‘Stor-Israel’
        jf. Bibelen – (eller et delskritt mot det).

      • Øyvind Aarsnes
        15 oktober 2023 16:09

        Jeg er enig med deg.

      • Takk, for tilbakemeldingen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Nok en kreftlege:

Vaksinene forårsaker kreft!

Previous Post

De skjuler seg godt.

Hvem er verdens rikeste?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.