POSTED IN Helse, Konspirasjoner / Sammensvergelser

Skal du vinne frem er gaver ofte mer effektivt enn trusler.

Gjorde Pfizers gaver «uavhengige» medisinske organisasjoner avhengige?

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Pfizer bestakk over 400 «uavhengige» medisinske organisasjonar og nonprofits for å skape falske forteljingar om deira sokalla vaksine

Henta frå Kolozeg.org. Omsett av og henta frå saksyndig.

Då brotsverk mot menneskeheita vart eskalerte i mars 2020 under dekket av ein endelaus «nasjonal unntakstilstand», kom den føderale regjeringa med ein endelaus straum av pengar til multinasjonale organisasjonar som historisk er kjent for kriminell åtferd (vaksineprodusentar). Desse endelause midlane har ikkje blitt brukt for å utvikle trygge og effektive behandlingar, profylakse, og immunitet mot eit raskt muterande biovåpen. I staden har desse midlane i hovudsak blitt brukt til å bestikke legar, medisinskular, medieformidlarar, nonprofits, «uavhengige» organisasjonar og sivilrettsgrupper til å skape falske og villeiande forteljingar om ein mRNA-gen-«terapi» som viste seg å vere eit våpensystem i forkledning.

Chicago Urban League tok 100 000 dollar i bestikkelse frå Pfizer og bedrog menneska dei lest som dei beskytta

I heile det amerikanske samfunnet støtta medisin- og sivilrettsgrupper breitt og einsidig sokalla «covid-19-vaksinar» og ein skare av ulovlege påbod. Det viste seg at denne breie støtta for medisinsk bedrageri og segregering var fordi Pfizer bestakk over 400 medisinske institusjonar, organisasjonar og foreiningar til å gjere deira skitne arbeid.

Til dømes då Chicago Urban League-president Karen Freeman-Wilson gjekk ut på TV og pusha vaksinepåbod for alle tilsette i Chicago, avfeia ho alvorlege bekymringar om at påboda ville skade det svarte samfunnet urettmessig mykje. «Helse- og tryggleiksfaktoren her veg langt meir enn bekymringa for å stengje folk ute eller skape ein barriere,» sa Freeman-Wilson på WTTW i august 2021.

Tidlegare det året hadde Chicago Urban League motteke eit legat på 100 000 dollar (bestikkelse) frå Pfizer, for eit «prosjekt» som kravde at organisasjonen fremja «vaksinetryggleik og -effektivitet». Ho følte seg pressa til å påby «helse og tryggleik» for alle fordi ho hadde blitt betalt for å skape og spreie denne løgna. Sjølv om Pfizer visste at deira sokalla vaksine ikkje fungerte og ikkje var trygg, hadde dei midla som dei trong for å gjere medisinske organisasjonar og til og med sivilrettsgrupper til prostituerte.

Chicago Urban League vart kjøpt og betalt av Pfizer for å bedra dei sjølvsame innbyggjarane i Chicago som dei lest som dei beskytta. I tillegg avslører League sine korporative donorar, men denne gongen avslørte dei ikkje midlane dei fekk frå Pfizer i sin «partnarar»-seksjon på nettsida deira. På liknande vis avslørte ikkje Freeman-Wilson sin interessekonflikt med Pfizer då ho offentleg kravde ulovleg vaksinepåbod for heile arbeidsstyrken til Chicago.

«Uavhengige» organisasjonar som kjempa for vaksinepass og påbod vart kjøpt og betalt av vaksineindustrien

Pfizer har lista opp alle organisasjonane som dei bestakk i sin US Medical, Scientific, Patient and Civic Organization Funding Report. Ifølgje deira eige finansregister gav Pfizer spesialmidlar til nonprofit- og handelsorganisasjonar som dreiv lobbyverksemd i favør av statleg politikk som hadde som mål å gjere covid-19-vaksinar påbodne.

I mange tilfeller betyr «sponsing» det samme som bestikkelse.

Til dømes tok Immunization Partnership, ein folkehelse-nonprofit i Houston, Texas, imot ein bestikkelse på 35 000 dollar frå Pfizer i 2021 for «legislative advocacy» [at dei gjennom lovverket går i brodden for noko; oms.an.]. I staden for å peike på dei skadelege biverknadene frå Pfizers covid-sprøyte, og den manglande evna til å skape immunitet, spreidde nonprofiten rundt seg med Pfizers løgner, og dei gjekk til og med til åtak mot lovverket i Texas som gjekk hen og stengde for vaksinepass og kommunale vaksinepåbod. Immunization Partnership hevda at lovforslaga «eroderer vekk den livsviktige rolla til vår delstats folkehelse- og medisinekspertar i å bekjempe denne pandemien». To år seinare er det organisasjonar som Immunization Partnership som beviseleg selde seg til medisinsk bedrageri og svik, og som deltok i ei rekkje misbruk av menneskerettane, for å til sjuande sist erodere vekk folkets tillit til medisin- og folkehelseekspertar.

Mange tror at gaver ikke betyr noe. Men gaver skaper bindinger. Store gaver skaper store bindinger. Dette vet legemiddelindustrien og andre store virksomheter og de bruker gaver for alt det er verdt.

Den aggressive propagandaen bak covid-19-vaksinepåbod er på grunn av ein underliggjande og gjennomsyrande feigskap som eksisterer i leiarstillingar i hundrevis av «uavhengige» organisasjonar i heile det amerikanske samfunnet. Mange av desse feige leiarane snakka til og med ikkje ope om Pfizer-midlar medan dei pressa gjennom uetisk politikk rundt undertrykking, diskriminering og segregering som tvinga arbeidarar til å ta fleire injeksjonar som ikkje fungerte og som skapte endå meir skade. Desse organisasjonane dreiv alle og pusha den falske påstanden om at covid-19-vaksinane «hindra overføring av COVID-19», og at covid-19 er «dei uvaksinerte sin pandemi». Då desse påboda vart aggressivt rulla ut, vart ingen unntak gjort for personar med naturleg immunitet på grunn av tidlegare infeksjon, eller for personar som valde naturleg eksponering slik at dei kunne opparbeide seg naturleg immunitet. Den urimelege og skadelege propagandaen vart nøye planlagt og orkestrert av Pfizer og gjort prominent i heile det amerikanske samfunnet på grunn av gjennomsyrande feigskap, og ei tilbøyelegheit hjå vitskremde «leiarar» til å viljug bøye seg for falske gudar.

Bilder m/kommentarer lagt til av redaksjonen



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 352 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Det går ikke som planlagt i Ukraina.

Nervene på høykant hos USA-eliten?

Previous Post

Ukraina er det ikke, heller ikke USA.

Kina er nå på offensiven.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.