Enden nærmar seg
Seymour Hersh kritiserer Det kvite hus si ønsketenking om Ukraina-krigen
Posta på kolozeg.org den 21/08/2023
Det har gått fleire veker sidan vi sist såg på eventyra til Biden-administrasjonens utanrikspolitiske klynge, leidd av Tony Blinken, Jake Sullivan og Victoria Nuland. Kva har denne trioen av krigshaukar drive med i sommar?
Sullivan, nasjonens sikkerheitsrådgivar, sende tidlegare denne månaden av garde ein delegasjon til det andre internasjonale freds-toppmøtet i Jeddah i Saudi-Arabia. Toppmøtet var leidd av kronprins Mohammed bin Salman, kjend som MBS, som i juni kunngjorde ei samanslåing av hans statsstøtta golf-tour med golf-touren PGA. Fire år tidlegare var MBS skulda for å ha gitt ordre til drapet og lemlestinga av journalisten Jamal Khashoggi ved det saudiske konsulatet i Istanbul, fordi han var oppfatta som illojal mot staten.



Så usannsynleg det enn måtte høyrast ut, så fann det verkeleg stad eit slikt fredstoppmøte, og stjernene der inkluderte verkeleg MBS, Sullivan og president Volodymyr Zelensky av Ukraina. Det som mangla, var ein representant frå Russland, som ikkje var inviterte til toppmøtet. Det inkluderte berre ei handfull statsleiarar frå dei under femti nasjonane som sende delegatar. Konferansen varte i to dagar, men tiltrekte seg lite internasjonal merksemd.
Reuters rapporterte at Zelensky sitt mål var å samle internasjonal støtte til «prinsippa» han ser på som grunnlaget for eit forlik om krigen, inkludert «tilbaketrekkinga av russiske troppar og returnering av alt ukrainsk territorium». Russlands formelle respons på ikkje-hendinga kom ikkje frå president Vladimir Putin, men frå viseutanriksminister Sergei Ryabkov. Han kalla toppmøtet «ein refleksjon av Vestens forsøk på å halde fram med sitt fåfengde, på førehand dømd til å mislykkast, strev» for å mobilisere det globale sør bak Zelensky.
India og Kina sende og sine delegasjonar til sesjonen, kanskje trekte til Saudi-Arabia p.g.a. deira enorme oljeressursar. Ein indisk akademisk observatør avfeia hendinga som lite meir enn «god reklame for MBS si samankallande makt innanfor den globale sør; kongeriket sin posisjon same stad, og kanskje meir avgrensa, å hjelpe amerikanske anstrengingar med å bygge konsensus ved å sørge for at Kina deltar på møtet med… Jake Sullivan i same rom.» I mellomtida, langt borte på slagmarka i Ukraina, heldt Russland fram med å hindre Zelensky sin motoffensiv. Eg spurde ein amerikansk etterretningstenestemann kvifor det var Sullivan som stod fram frå Biden-administrasjonen sin utanrikspolitiske sirkel for å leie den uvesentlege konferansen i Saudi-Arabia.



«Jeddah var Sullivans baby,» sa tenestemannen. «Han planla at det skulle vere Biden sin versjon av Versailles-freden. Den store alliansen av den frie verda som møtest i ei sigerfeiring etter den nedverdigande nedkjempinga av den avskydde fienden, for å avgjere korleis nasjonane skal forme seg for den neste generasjonen. Heider og ære. Forfremjing og gjenval. Juvelen i krona skulle vere Zelensky si oppnåing av Putins vilkårslause overgiving etter den lynraske våroffensiven. Dei planla til og med ei Nürnberg-liknande rettssak i verdsdomstolen, der Jake skulle vere vår representant. Berre enda ein tabbe, men kven tel? Førti nasjonar dukka opp, alle bortsett frå seks, som leita etter gratis mat etter Odessa-stenginga» –ein referanse til Putin si avgrensing av ukrainske kornutskiping som svar på Zelensky sine nye angrep på brua som knyt Krim til det russiske fastlandet.
Nok om Sullivan. La oss no snu oss mot Victoria Nuland, ein av arkitektane bak styrtinga av den pro-russiske regjeringai Ukraina i 2014, eit av dei amerikanske trekka som førte oss dit vi er no, sjølv om det var Putin som starta den grusomme noverande krigen [sic]. Ultra-hauken Nuland vart forfremma av Biden tidleg i sommar – trass i heftige innvendingar frå mange i utanriksdepartementet – til fungerande statssekretær. Ho har ikkje blitt formelt nominert til posten av frykt for at nominasjonen hennar ville føre til ein helvetes kamp i Senatet.



Det var Nuland som vart sendt førre veke for å sjå kva som kunne bergast etter at eit kupp førte til styrtinga av ei pro-vestleg regjering i Niger, éin av ei gruppe tidlegare franske koloniar i vest-Afrika som framleis er innanfor den franske maktsfæren. President Mohamed Bazoum, som vart demokratisk vald, vart kasta ut frå embetet av ein junta leia av leiaren forpresidentens vaktstyrke, general Abdourahmane Tsjiani. Generalen suspenderte grunnlova og fengsla potensielle politiske motstandarar. Fem andre militæroffiserar vart utnemnde til hans regjering. Alt dette genererte enorm folkeleg støtte på gatene i Niamey, Niger si hovudstad – nok støtte til å avskrekke Vestleg inngriping utanfrå.
Det var dystre rapportar i den Vestlege pressa som først såg omveltninga som ei aust vs. vest-sak: nokre av tilhengjarane av kuppet bar russiske flagg medan dei marsjerte i gatene. New York Times såg kuppet som eit slag mot den viktigaste allierte til USA i regionen, den nigerianske presidenten Bola Ahmed Tinubu, som kontrollerer store olje- og gassreservar. Tinubu trua den nye regjeringa i Niger med militæraksjon dersom dei ikkje gav makta tilbake til Bazoum. Han sette ein frist som gjekk ut utan at nokon utanforståande greip inn. Revolusjonen i Niger vart ikkje sett av dei som levde i regionen som ei aust vs. vest-sak, men som ei lenge etterlengta avvising av den langvarige franske økonomiske og politiske kontrollen. Dette er eit scenario som kan gjentakast igjen og igjen i dei franskdominerte Sahel-landa i det sub-sahariske Afrika.
…
Så Det kvite hus si håpefulle tilnærming til krigen vil halde fram som før. Men slutten nærmar seg, sjølv om vurderingane som Biden presenterer for publikum er som henta rett ut av ein teikneserie.
Les heile artikkelen på Seymour Hersh sin Substack, of abonner på den her.
Omsett og avkorta av Monica Sortland
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 491 ganger.