Har Biden no mista Saudi-Arabia?
av F. William Engdahl



6. september 2021
Den skjendige tilbaketrekkinga til USA frå Afghanistan har skote eit globalt hol i det nitide systemet for verdsdominans som USA har bygd opp etter 1945, ‘American Century’. Det har gitt eit maktvakuum som mest sannsynleg vil føre til irreversible konsekvensar. Eit påtrengande spørsmål er om Biden sine Washington-strategar – ettersom han tydelegvis ikkje har nokon politikk på det – allereie har greidd å miste støtta frå den største av USAs våpenkjøparar og strategisk allierte i regionen, Kongedømet Saudi-Arabia. Heilt sidan dei første dagane etter at Biden tok over presidentsetet seint i januar, har USA sin politikk drive det saudiske monarkiet til å gå for eit dramatisk skifte i utanrikspolitikken. Konsekvensane på lengre sikt kan bli enorme.
Allereie første veka til Biden-administrasjonen indikerte dei eit dramatisk skifte i relasjonane mellom USA og Saudi-Arabia. Dei kunngjorde at våpensalet til kongedømet skulle frysast medan dei gjekk igjennom Trump sine våpenavtalar. Deretter, seint i februar, leverte etterretningstenestene ein rapport som fordømde dei saudiske styresmaktene for drapet på den saudiske Washington Post-journalisten Adnan Khashoggi i Istanbul i oktober 2018, noko Trump-administrasjonen hadde nekta å gjere. Det vart akkompagnert med at Washington sletta den anti-saudiske jemenittiske Houti-leiarskapen frå USA si terroristliste, samstundes som dei stoppa USA si militære støtte til Saudi-Arabia i krigen deira mot Iran-støtta Houti-styrkar i Jemen – eit trekk som gav Houtiane mot til å halde fram med rakett- og droneangrep på saudiske mål.
Post-9/11 Pentagon-politikk



Washington sin geopolitiske strategi for dei to siste tiåra har vore å fyre opp under konfliktane og bringe heile Midtausten inn i kaos, som del av ein doktrine som Cheney og Rumsfeld gjekk god for etter den 11. september, 2001, iblant av George W. Bush-administrasjonen referert til som ‘the Greater Middle East’ [‘større Midtausten’, som eg har brukt å omsette det med, mrk.]. Den vart utforma av den avlidne admiral Arthur Cebrowski, direktør for Rumsfelds post-9/11 nyoppretta Kontor for styrketransformasjon (Office of Force Transformation) under forsvarsdepartementet Pentagon. Assistenten til Cebrowski, Thomas Barnett, bekreiv den nye strategien for overlagt kaos-makeri i boka si The Pentagon’s New Map : War and Peace in the Twenty-first Century, som kom ut i 2004, rett etter USA sin uprovoserte invasjon av Irak. Hugs at ingen nokon gong fann bevis for Saddams masseøydeleggingsvåpen.
Sjølv om den saudiske kronprinsen Mohammed bin Salman så langt har passa på å unngå eit brot med Washington, så har føtene hans etter Biden-regimeskiftet i januar rørt seg betydeleg. Sentralt står ei rekke hemmelege forhandlingar med den tidlegare erkefienden Iran, og den nye presidenten der. Samtalane mellom Riyad og Teheran for å utforske moglege tilnærmingar byrja i Bagdad i april.
Barnett var professor ved US Naval War College og seinare strateg for det israelske konsulentbyrået Wikistrat. Slik han skildra det, så skulle alle dei nasjonale grensene til det post-osmanske Midtausten, som europearane skar til etter Første verdskrig, inkludert Afghanistans, løysast opp. Og dagens statar skulle balkaniserast til sunnittiske, kurdiske, sjiittiske og andre etniske eller religiøse einingar for å sikre fleire tiår med kaos og ustabilitet som ville trenge eit «sterkt» US-amerikansk militært nærvær til å halde kontroll med. Dét vart dei to tiåra av katastrofal USA-okkupasjon i Afghanistan og Irak og meir. Det var eit villa kaos. Utanriksminister Condi Rice sa i 2006 at det større Midtausten, alias Nye Midtausten, ville framskaffast gjennom «konstruktivt kaos». Fordi Saudi-Arabia og andre land i regionen slo kraftig tilbake, så vart namnet gravlagt, men kaosstrategien rår framleis.
Fargerevolusjonane «Den arabiske våren» under Obama – som vart starta i desember 2010 med CIA og Clintons utanriksdepartement si destabilisering av Tunisia, Egypt og Libya ved hjelp av Den muslimske brorskapen sine USA-støtta nettverk – var ei vidare implementering av den nye US-amerikanske politikken for kaos og destabilisering. Så følgde USA sin proxy-invasjon av Syria og deretter den i løynd USA-støtta Houti-revolusjonen mot Jemens president Ali Abdullah Saleh i 2012.
Konflikten som pågår mellom Teheran og Riyad, har sine røter i den Cebrowski/Barnett Pentagon/CIA-strategien. Den markerte og ala fram kløfta mellom Qatar, som var for Den muslimske brorskapen, og Riyad, som var mot Den muslimske brorskapen, i 2016. Etter dét søkte Qatar støtte frå Iran og Tyrkia. Dei har merka seg den bitre proxy-krigen i Syria, mellom styrkar støtta av Saudi-Arabia versus styrkar støtta av Iran. Dei har merka seg Saudi vs Teheran proxy-krigen i Jemen, og den politisk handlingslamma situasjonen i Libanon. No verkar det saudiske regimet under MBS innlate seg på ei stor dreiing bort frå sjiitt/sunni-krigen for dominans over den islamske verda, ved å søke fred med sine fiendar, inkludert Iran.
Teheran er nøkkelen
Under Trump-administrasjonen skifta politikken frå ei slags støtte til Iran under Obama, med atomavtalen av 2015, JCPOA (Joint Comprehensive Plan of Action), over til ei einsidig Trump/Kushner-støtte til Saudi-Arabia og Israel, med oppseiing av JCPOA-avtalen og innføring av drakoniske økonomiske sanksjonar mot Teheran og andre trekk, sist med dei ugjennomtenkte Abraham-avtalane (Abraham Accords) som var retta mot Iran.



MBS og saudiarane ser tydeleg skrifta på veggen frå Washington og gjer sine trekk for å avspenne fleire konfliktsoner som har ført inn i USA-styrte blindvegar. Washington under Trump har fora MBS med ein overflod av våpen (betalt for med saudiske petrodollar) for å fyre opp under konfliktane. Det har blitt ein katastrofe for saudiarane. No når det vart klart at ein Biden-administrasjon heller ikkje vil dei vel, har MBS og saudiarane starta ei strategisk heilomvending mot å ende alle sine konfliktar innan den islamske verda. Nøkkelen til det heile er Iran.
Bakkanal-samtalar
I april starta saudiarane den første av det som no har blitt tre bilaterale forhandlingar om stabilisering av relasjonane med Iran, hemmelege bakkanal forhandlingar, først i Irak, så i Oman. Bagdad har stor interesse av ein slik fred, for USA sin politikk i Irak sidan 2003 har vore å skape kaos ved å sette ein sjiitt-majoritet opp imot ein 30% sunni-minoritet for å så borgarkrig. I juli fekk statsminister al Kadhimi ei forsikring frå Biden om å ende troppenærværet til USA i landet innan året er omme.
Bakkanalsforhandlingane mellom Teheran og Riyad skal involvere Irans haldning til Washington under Bidens Pentagon-politikk, så vel som Irans vilje til å deeskalere det militære nærværet i Syria og Jemen og Libanon. Indirekte forhandlingar mellom USA og Iran om ei gjenopptaking av atomavtalen frå 2015 vart suspenderte etter det iranske valet i juni. Iran kunngjorde også at dei var i gang med å auke produksjonen av anrika uran.
Forhandlingane mellom Saudi-Arabia og Iran har inkludert folk på høgt nivå frå begge sider, inkludert den saudiske sjefen for etterretningsdirektoratet, Khalid al-Humaidan, og Irans viseminister for det øvste nasjonale tryggingsrådet, Said Iravani. Det er rapportert om veksande protestar i Iran mot dei økonomiske kostnadane for troppar og støtte til grupper som t.d. Hizbollah i Libanon og Syria og Houtiar i Jemen. Dette, i ei tid når dei økonomiske vanskane forårsaka av USA sine sanksjonar er alvorlege, skapar eit kraftig incentiv for Teheran til å kompromisse i ei tilnærming til Riyad. Viss dét skjer, vil det bli eit kraftig slag mot USA sin regionale kaosstrategi.
Sjølv om det enno ikkje har kome til ein konkret avtale, har ei fjerde forhandling nett blitt kunngjort, noko som indikerer ein vilje til å smi eit kompromiss så snart regjeringa til den nyvalde iranske presidenten Ebrahim Raisi blir godkjend av Majlis eller parlamentet. Ein avtale vil ikkje bli lett, men begge sider skjøner at eit status quo er tap-tap.



Samtidig speler Iran under Raisi eit tøft spel med Biden-forhandlarane. Irans øvste leiar Ali Khamenei skal ha kravd at Biden-administrasjonen hevar alle sanksjonane mot Iran og kompenserer landet for all skaden dei har forårsaka, og anerkjenner Iran som ein kjernefysisk terskelstat med kapasitet til å produsere ei atombombe på kort varsel. Sanksjonane som USA sette i verk i 2018 har forårsaka ein årleg auke i matprisane på 250% og ein valuta i fritt fall ettersom statsinntektene på olje har stupt. Raisi er under enormt press på heimebane for å få endra på dette, men Bidens Washington har så langt nekta å heve sanksjonane som førehandsvilkår for å gjenoppta JCPOA-forhandlingane.
For Teheran er spørsmålet om det er betre å lite på ei tilnærming til dei Saudi-leidde arabiske sunni-Golfstatane, eller å lite på Washington som har ein vandel strødd med brotne løfte, understreka av den katastrofale tilbaketrekkinga frå Kabul.
Heilt nyleg har Teheran betra relasjonane til det afghanske Taliban, og US-amerikansk militærutstyr som Taliban har overtatt i Afghanistan skal ha blitt sett i Iran, noko som tyder på nært iransk/afghansk samarbeid som også motarbeider Washington. Samtidig har Iran fått ein avtale med Kina om eit 25-årig økonomisk, strategisk samarbeid verdt 400 milliardar dollar. Men hittil har Kina vore varsam med å yppe seg mot USA sine sanksjonar i for stor grad, og dei søker også tettare band til Saudi-Arabia, dei arabiske Golfstatane og Israel. Ei Saudi/Iran-tilnærming ville lette presset på Iran endå litt til.
Den dramatiske kollapsen til USA sitt nærvær i Afghanistan gir alle partar ei tydeleg oppfatning av at USAs institusjonelle makter i kulissane fører ein agenda for destruksjon, same kven som sit i presidentrolla, og at ein ikkje lenger kan stole på at dei vil halde løfta sine om støtte.
Implikasjonane av ein genuin avtale mellom Saudi-Arabia og Iran ville vere ei heilomvending på det geopolitiske området. I tillegg til å ende Jemen-krigen og proxy-krigen i Syria, kunne ein slik avtale også få slutt på den låste situasjonen i Libanon mellom Iran-støtta Hizbollah og store saudiske interesser der. Og det er her dei nylege våpenforhandlingane mellom Riyad og Moskva blir meir enn interessante.
Russlands sentrale rolle
I denne geopolitiske cocktailen av rivaliserande interesser blir Russlands rolle strategisk. Russland er den einaste store utlandske militærmakta som har jobba for å få stoppa dei sunni/sjiittiske proxy-krigane og skape stabilitet i Eurasia og Midtausten – ein direkte utfordring for Washington sin Cebrowski/Barnett-strategi for overlagt ustabilitet og kaos.



I april i år drog Russlands president Vladimir Putin og ein delegasjon med forretningsleiarar på eit sjeldant besøk til Riyad, Putins første på 12 år. På plakaten var det eit møte om energi-partnarskap, men i røynda var det mykje meir. Det vart meldt om avtalar til ein verdi av 2 milliardar dollar, med overeinskomster som dekka olje, romfart og satellittnavigasjon, helse, mineralressursar, turisme og luftfart. Dei to landa vart einige om å samarbeide om å stabilisere oljeprisane, eit svært steg i rett retning. Putin og MBS var tydelege på at olje og gass ville halde fram med å spele ei stor rolle i åra som kjem, eit slag i trynet på den grøne agendaen til Davos, Great Reset (den store nullstillinga). Russlands suverene velferdsfond RDIF (Russian Direct Investment Fund) opna også sitt første utlandskontor i Riyad.
Det var i seg sjølv interessant, men det faktum at det fire månadar seinare vart oppfølgd av at Saudi-Arabias viseforsvarsminister, prins Khalid bin Salman, besøkte Russland på det årlege expoet International Military Technical Forum (ARMY 2021) nær Moskva, gir også ny signifikans til veksande saudi/russiske band på eit tidspunkt når Biden & Co. «rekalibrerer» banda mellom USA og Saudi-Arabia, som utanriksdepartementet uttrykker det, kva no dét måtte bety. Khalid tweeta: «Eg underteikna ein avtale med den russiske viseforsvarsministeren, generaloberst Alexander Fomin, mellom Kongedømet og Den russiske føderasjonen, med målsetning å utvikle eit felles militært samarbeid mellom dei to landa.» Bin Salman la også til: «Traff den russiske forsvarsministeren, Sergej Sjojgu, for å utforske måtar å styrke samarbeidet på militær og forsvar, og diskuterte våre fellestiltak for bevaring av stabilitet og tryggleik i regionen». Merk at Russland dei siste åra har hatt felles militærøvingar med Iran, og også er vel skikka til å støtte ei avspenning mellom Saudi-Arabia og Iran.



Moskva-forhandlingane kom berre veker etter at Pentagon og Biden-administrasjonen annonserte at dei skulle fjerne åtte Patriot anti-missil-system frå Saudi-Arabia, Jordan, Kuwait og Irak, og i tillegg fjerne eit THAAD-system (Terminal High Altitude Area Defense) frå det saudiske kongedømet, og sette fart i tilbaketrekkinga av troppane sine frå regionen, trekk som neppe boostar tilliten til Washington som forsvarar av Saudi-Arabia. Verdas beste teknologi innan anti-missil-forsvarssystem, S-400 luftforsvarssystemet, er tilfeldigvis laga i Russland, slik også ei lang rekke med anna militært utstyr er.
Alle desse trekka til saudiarane kjem ikkje til å føre til eit brot med Washington over natta. Men det er tydeleg at det saudiske monarkiet har forstått, særleg etter Bidens abrupte overgiving av Afghanistan til Taliban, at eit framhald av den avhengigheita av USA sin sikkerheitsparaply som dei har hatt sidan 1970-talets oljesjokk, er ein svinnande illusjon. MBS skjøner klart at han har blitt lurt av både Trump og, no, Biden. Dei tektoniske platene til Midtausten og eurasisk geopolitikk skiftar, og implikasjonane er svimlande.
Omsett av Monica Sortland
http://www.williamengdahl.com/englishNEO6Sept2021.php
Knut Lindtner har lagt til bilder m/tekst
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 290 ganger.