POSTED IN Jemen, Saudi-Arabia

Saudi-Arabia:

Nye Houthi-angrep svekker monarkiet ytterligere.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Saudi-regimet balanserer på kanten av kollaps, med økonomisk krise og tilbakeslag i Jemen-krigen

av South Front, den 14. juli, 2020

Saudi-Arabia har blitt gissel av sin eigen militærkampanje i Jemen. Kongedømet lir både fordi dei ikkje greier å sigre militært i konflikten, og på grunn av tapa etter hemnaksjonane til houtiane. Samtidig kan ikkje saudi-leirane dra seg ut av konflikten og overlate leige-soldatane sine der, for dét ville underminere den allereie skakande posisjonen deira i regionen og forårsake ei brei politisk krise i Saudi-Arabia sjølv. Verknadane av ei slik krise ville bli særs øydeleggande.

Houthier er en sjia-muslimsk opprørsgruppe som opererer i Jemen. Organisasjonen kalles også «den mektige klanen» eller «Ash-Shabab al-Muminin». (Fra Wikipedia)

Dei siste åra har kongedømet gått gjennom turbulente tider på grunn av den stagnerande økonomien og den akutte maktkampen innan den saudiske eliten. I 2020, med den globale økonomiske krisa og Covid-19-utbrotet, vart situasjonen inne i Saudi-Arabia endå meir komplisert.

Den 13. juli annonserte houtiane at dei hadde gjort eit nytt kombinert rakett- og drone-angrep inne i kongedømet. I følge brigader Yahya Sari, talsmann for dei væpna styrkane til houti-regjeringa, har angrepet råka følgande mål:

  • stillingar for USA-produserte Patriot-missil-system, skjulte hangarar for krigsfly og bustadskompleks for pilotar ved Khamis Mushait;
  • militære delar av flyplassane Abha, Jizan og Najran;
  • oljeinfrastrukturen i Jizan.

I tillegg sa brigader Sari at missilar og droner råka den saudi-drivne leiren Tadawin i Jemen-provinsen Marib under møtet mellom saudi-offiserar og leiarar av saudi-støtta styrkar. Eit dusintal medlemmar av saudi-leidde styrkar vart drepne og skadde i angrepet, i følge brigader Sari.

Brigader Sari

Houtiane varsla om at dei ville halde fram med angrepa sine mot Saudi-Arabia heilt til den Saudi-leidde blokkaden av Jemen stoppa. Dette er det andre houti-angrepet mot mål inne i kongedømet på under ein månad. Den 23. juni avfyrte houti-styrkar missilar og droner mot militære mål nær den saudiske hovudstaden Riyadh.

I ein kommentar til hendinga den 13. juli, hevda det saudiske militæret at dei hadde avskore åtte droner og fire ballistiske missilar som var avfyrte mot Saudi-Arabia. Koalisjonen nektar ofte for at dei har hatt tap eller offer etter houti-angrepa og prøver å sensurere data som dukkar opp på dei sosiale media. Men resultata av dei tidlegare houti-angrepa og suksessraten til Patriot-missil-system utplasserte i Saudi-Arabia er teikn på at denne utsegna er eit vanleg forsøk på å dekke over at dei endå ein gong har mislykkast militært.

Den 1. juli annonserte Saudi-Arabia starten på ein ny fly-bombe-kampanje for å nøytralisere og øydelegge houtiane sin offensive kapasitet, først og fremst alle deira missil- og dronearsenal. Etter det har mange luftangrep råka provinsane Saada, Ma’rib, al-Jawf, Hajjah, al-Bayda og også den jemenittiske hovudstaden Sanaa. Mange av dei råka måla låg i urbane område. Saudi-koalisjonen gav ikkje ut mange detaljar om dei øydelagde måla.

Oberst Turki al-Maliki

Den 2. juli erklærte oberst Turki al-Maliki, ein talsmann for koalisjonen, at den første runden med luftangrep øydela houtiske fasilitetar for ballistiske missilar og droner, monteringsverkstadar og kommunikasjonsstasjonar. Den 3. juli annonserte koalisjonen at krigsflya deira hadde øydelagt to minelagte båtar 6 km sør for hamna Salif i provinsen al-Hudaydah.

Houtiane forkasta dei saudiske anklagene som propaganda, og hevda at dei fleste bombemåla var sivile. Brigader Sari sa at angrepa den 3. juli råka fiskebåtar og ein saltfabrikk. Angrepet på Saudi-Arabia den 13. juli styrkar versjonen om at Saudi-koalisjonen i det minste har overvurdert resultatet av bombekampanjen sin.

Samstundes har houtiane halde fram med vellykka offensive operasjonar mot saudi-støtta styrkar i provinsane Marib og al-Bayda.

I rådande omstende skapar den vidare konfliktutviklinga ein reell trussel om at kongedømets leiarskap ikkje berre vil tape kampanjen i Jemen, men også vil slite med å takle ein houti-offensiv sør i Saudi-Arabia. Eit slikt scenario kan til sist føre til at det noverande regimet i Saudi-Arabia kollapsar.

Omsett av Monica Sortland

https://www.veteranstoday.com/2020/07/14/saudi-regime-is-balancing-on-brink-of-collapse-amid-economic-crisis-and-setbacks-in-yemeni-war/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • CapitanLorenzo
    18 juli 2020 15:32

    Hvis SA kollapser vil vel det ytterlig forverre UsRaels allerede svekkede «grep» om området. I følge nettet slutter flere og fler MØ land opp rekkene omkring Iran/Russland. Kan vi se opptakten til at Usa må trekke seg fullstendig ut og overlate IsisRaEl til seg selv? Eller får man se en fullskala krig for å «tvinge» MØ tilbake i folden? Noe som mest sannsynlig ville være opptakten til WW3?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Korona

Allerede sjuke på eldrehjem dør 84 år gamle

Forrige innlegg

Det finnes vitenskapsfolk som mener noe annet:

CO2 er livets gass.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.