POSTED IN Krig-fred, Ukraina, Virkelighetsforståelse

Russlands krigføring dreier seg ikke primært om land.

Den dreier seg om å ødelegge fiendens hær.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Vesten grip enno etter halmstrå medan Ukrainas militære situasjon blir stadig dystrare

av Larry Johnson, 7. juli, 2024

X-CIA-analytiker

Om du vil vite kva politikarane og djupstatsgjengen tenker i Washington DC, bør du lese Politico. Logikk er ikkje deira sterke side, men redaktørane har i alle fall sine blekkstenka fingrar på pulsen til det offisielle Washington, og Politico-artiklane om framtredande saker som til dømes krigen i Ukraina, presenterer stort sett eit presist bilde av dei offisielle oppfatningane i Washington.

Sjå på den siste artikkelen deira om Ukraina — Russiske troppar pressar tilbake Ukrainas underutstyrte soldatar. Fekk du med deg den sentrale kjenningsmelodien? Mangel på Vestlege militærforsyningar forklarer Ukrainas siste tilbakeslag på slagmarka.

Ukrainske styrkar trekk seg tilbake langs deler av frontlinja under heftig russisk press; Ukrainas president Volodymyr Zelenskyy gav mangelen på våpen til soldatane hans skulda for den vanskelege situasjonen.

Det vil sannsynlegvis auke presset frå Kyiv om at deira allierte skal få opp farten med våpenleveransane, under komande vekes NATO-toppmøte i Washington.

«Dette er ikkje ein låst, men ein problematisk situasjon,» sa Zelenskyy til Bloomberg på torsdag. «Eit problem kan løysast dersom det finst verkty og vilje til det. Vi har viljen, men verktya har ikkje kome. Vi har brigadar utan våpen. Vi har 14 brigadar som ikkje har dei passande våpena som det allereie er røysta om og snakka om.»

Zelensky lyg. Ukraina har ikkje 14 fullt bemanna, trente brigadar som berre står klare og ventar på å gå til aksjon, men er tvinga til å vente på at dei lova NATO-våpena skal kome fram. Sjølv om NATO-våpena kjem, er dei ukrainske brigadane truleg ikkje trente i å bruke dei. Vi snakkar ikkje om pistolar og rifler; dei våpena ukrainarane vil ha, er luftvernsystem, artilleri med rikeleg ammunisjon og missilsystem.

Artikkelforfattaren,  VERONIKA MELKOZEROVA, innrømmer motvillig at russiske luftangrep skapar store øydeleggingar blant dei ukrainske soldatane:

Den ukrainske stillinga vart ubebueleg takka vere puveriserande angrep frå russiske glidebomber, fortalde pressetenesta til Kong Danylos 24. mekaniserte brigade til POLITICO på fredag.

Veronika Melkozerova

Russarar har hamra laus med glidebomber mot ukrainske stillingar, sleppt 111 den siste dagen i tillegg til over 4000 artilleriangrep, 

rapporterte generalstaben på fredag.

Viss Chasiv Yar blir tatt, vil russiske styrkar greie å starte ein offensiv mot den neste rekka med ukrainske forsvarsstillingar som vaktar det siste fotfestet Ukraina har i Donetsk-regionen.  

Det heiter ikkje lenger «viss». Chasov Yar har blitt tatt, og ukrainarane er på vill jakt etter ein ny forsvarsposisjon for å prøve å stoppe den russiske offensiven. Ukraina står overfor eit taktisk uoverstigeleg problem. Russland angrip langs heile den 1000 kilometer lange kontaktlinja, og Ukraina har ikkje menge nok av trente soldatar til å stoppe dei. Russlands hovudfordel er luftmakta, som dei bruker til å hamre laus på ukrainske stillingar med massive glidebomber. Sjølv om Ukraina skulle mønstre tilrekkeleg mannskap til å matche dei russiske tala, så har dei ikkje noka løysing på korleis dei skal stoppe bombardmentet frå lufta mot forsvarsstillingane sine.

Frøken Melkorezova fattar ikkje dette vesentlege poenget, altså at Ukraina ikkje har nokon måte å nøytralisere angrep frå russiske fastvinge-flyfarty på. Ukrainske offisielle tenestemenn og militæroffiserar kvernar vidare på propagandaen om Russlands «treige» framgang på slagmarka. Nazar Voloshyn, ein ukrainsk talsperson for hæren, prøvde seg med denne vrien på POLITICO.

Russarar har storma Chasiv Yar i over seks månadar, og trass i tilbaketrekkinga har dei enno ikkje tatt byen, la Voloshyn til. Han sa at ukrainske troppar har førebudd forsvar på andre sida av kanalen.

Grønn anakonda (vitenskapelig navn Eunectes murinus) er en kvelerslange og hører til Boaslangenes familie (Boidae).[1] Anakondaen er verdens tyngste slange, og kan veie over 100 kg. Den blir mellom seks og ni meter lang.

Det Voloshyn ikkje innrømde, var at sjølv i dei nye «førebudde forsvarsverka» er Ukraina makteslaus med omsyn til å stoppe den russiske framrykkinga. Russland har ikkje hastverk. Dei nøyer seg med å påføre ukrainske forsvararar massive tap medan dei pressar seg framover med stor varsemd. Trass i Vestens voner, bruker ikkje Russland angrep med menneskelege bølger og risikerer massive tap blant troppane sine. Det kunne fått namnet Operasjon Anakonda. På same måten som ein gigantisk slange skvisar livet ut av byttet sitt, blir Ukraina systematisk kvelt. Vestlege reportarar nektar for det meste å akseptere den kjensgjerninga.

Omsett av Monica Sortland

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    9 juli 2024 9:50

    Lars Birkelund spår at ukrainarar snart vil hata Nato og Kiev-styret meir enn Russland:

    https://steigan.no/2024/07/krigsdagbok-del-117-29-og-30-april-2024/

    Svar
    • Fra lenken din T.S. :
      ‘Helt til nå har Stoltenberg sagt at NATO ikke er delaktig i krigen om Ukraina, noe som er en løgn fordi USA/NATO ikke tør å erklære krig, bare føre den, med ukrainske soldater. I dag sier han at 99 prosent av våpenstøtten til Kiev-regimet kommer fra Nato-land, iflg NRK. Hvis Norge hadde hatt kritiske medier hadde de ikke latt ham slippe unna med sånne sjølmotsigelser/løgner.
      Ellers innrømmer Jens nå at NATO har brutt løfter til Ukraina.
      ( – at NATO har brutt løfter til Russland vil han ikke innrømme). ‘

      Hverken USA/Nato eller Stoltenberg satte i gang denne provokasjonen til krig, og ofret ukrainske mennesker, for Ukrainas skyld.

      Som Stoltenberg og Støre sin bombing av Libya ( og tyveriet av oljen og oljeformuen/gullet deres) heller ikke var for det lybiske folkets skyld, selvfølgelig.
      Det var ferdig en fredsplan i Libya, men Stoltenberg VILLE bombe, og så bort fra dette.

      Russland ønsker krigs-slutt, – men Nato/Stoltenberg VIL krig, og lyver videre.

      Stoltenberg er fredet i norsk presse.
      Men han vil nok ikke slippe unna i all tid.
      Stakkars vesen.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

For å begrense trafikkulykker eller for å overvåke deg?

Nå kommer hastighets-begrensere i biler.

Forrige innlegg

Michael Hudson: USAs politikk har vært effektiv.

Europa er delt i to og velstandsøkningen kommer i Russland, ikke i vest.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.